I Luthers fotefar med Edvard Hoem

8.-14. april 2018.

Historie og kultur.

Med atterhald om endringar.

I 2017 vart 500-årsjubileet for reformasjonen markert. Forfattaren Edvard Hoem har interessert seg for Martin Luther og skrive om livet hans. Vi i Fotefar er så heldige at vi har fått denne dugande kåsøren og eksperten på temaet til å føre oss i Luthers fotefar. Turen går gjennom ein av dei vakraste delane av Tyskland, og vi besøkjer blant anna Berlin, Eisleben, Mansfeld, Eisenach, Erfurt, Halle, Leipzig, Torgau og Wittenberg. Vi opnar kvar dag med kåseri der Hoem fortel om livet til Luther, kva som skjedde under reformasjonen og korleis den har påverka Europa fram til i dag. J.S. Bach budde i denne regionen, og både Telemann og Händel vart fødde her. Vi satsar også på å få med oss ein klassisk konsert av høg kvalitet på turen.

Status:
Fullt

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Dag 1 – søndag 8. april
Fly frå Oslo kl. 12.15, og vi er framme i Berlin kl. 13.50. Tilknyting frå andre byar på forespørsel. Kjøp mat på flyet, eller ta med niste, for første samla måltid blir middag kl. 20.00.
Etter innsjekking på hotellet får vi to timar guida gåtur med reiseleiar og historikar Rasmus Sunde for å bli kjende med storbyen Berlin. Om kvelden går vi frå hotellet til middag* på den trivelege restauranten Zur Gerichtslaube som ligg i Nikolaiviertel. Dette er eit av dei eldste områda i Berlin som ligg rundt Nikolaikyrkja frå ca. 1250. Her finn vi tronge smug, bakgater, restaurantar og små, koselege butikkar. Området vart restaurert til Aust-Berlin si feiring av byen sitt 700-årsjubileum i 1987. På restauranten får vi eit lokale for oss sjølve.

Dag 2 – måndag 9. april
Vi startar dagen med frukost og deretter kåseri på hotellet med Edvard Hoem frå klokka 8.30 – 9.15 før vi kl. 9.30 dreg sørover med buss. Ca. kl. 12.30 har vi første stopp i Eisleben. Her blir det ein guida spasertur gjennom den vakre historiske byen, og vi får sjå husa der Martin Luther vart fødd og døydde. I Eisleben set vi av tid til lunsj på eiga hand.
Kl. 15.00 køyrer vi den korte vegen til Mansfeld der Luther voks opp og gjekk på skule. 
Kl. 16.00 dreg vi vidare til Eisenach der Martin Luther budde frå 1498–1501 då han gjekk på latinskule der. Vi sjekkar inn på Hotel Glockenhof ca. kl. 17.30. Om kvelden blir det middag på eiga hand. Denne kan ein kjøpe på hotellet eller på ein av dei mange koselege restaurantane i nærleiken som reiseleiarane kan vise dykk. Dei går frå hotellet kl. 19.30.

Dag 3 – tysdag 10. april
Etter frukost blir det som vanleg foredrag på hotellet med Edvard Hoem kl. 8.30–9.15. Så sjekkar vi ut av hotellet og set bagasjen i bussen.
Kl. 9.45 tek reiseleiarane oss med på ein spasertur i denne sjarmerande byen som var fødebyen til J.S Bach. Vi ser Bachhaus før vi går vidare til Lutherhaus, eit seingotisk bindingsverkshus. For dei som ønskjer det, vert det også tid til eit besøk i Georgenkirche der Luther heldt preiker. Heile spaserturen er på 700 meter.
Kl. 11.30 tek bussen oss opp til borga Wartburg. Hit drog Luther då han vart erklært fredlaus av riksdagen i Worms i mai 1521, og her omsette han det nye testamentet frå gresk til tysk. Også Johann Wolfgang von Goethe held til her ein periode på slutten av 1700-talet. Kl. 12.00 får vi guida omvising på borga. Etter omvisinga kan ein kjøpe lunsj oppe på borga.
Kl. 13.45. går bussen vidare til Erfurt. Luther kom til Erfurt i 1502 for å studere, men klarte ikkje å fullføre studia då han i 1505, under eit lynnedslag heime i Mansfeld,  fekk kallet til å bli munk. Han melde seg så til teneste som munkelærling i Augustinerklosteret i Erfurt, avla endeleg munkeløfte i 1506 og vart ordinert som prest i Marienkirche i 1507. Vi besøkjer Augustinerklosteret og Marienkirche (no Erfurter Dom) og får ei omvising i pittoreske Erfurt med sine vakre bindingsverkshus.
Kl. 17.00 går bussen til Halle der vi sjekkar inn på det flotte hotellet, Dorint Charlottenhof, der vi skal bu i tre netter. Om kvelden tek vi middag på eiga hand – anten på hotellet eller med ein av reiseleiarane på ein koseleg restaurant i byen.

Dag 4 – onsdag 11. april
Etter ein god frukost blir det som vanleg foredrag med Edvard Hoem klokka 8.30 – 9.15. Kl. 10.00 startar vi med ei guida byvandring i Halle. Vi besøkjer m.a. Marktkirche der det er høve til å sjå Luthers dødsmaske. I denne kyrkja heldt og Luther preiker. Elles er byen m.a. kjend for «Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg» og Francke-stiftinga som vi kikkar på under vandringa vår. Etter byvandringa blir det lunsj på eiga hand. Resten av dagen er til eigen disposisjon. Av mykje som er verdt å sjå, tipsar vi om Händel-huset (Händel var fødd i Halle i 1685), Moritzburg kunstmuseum og Beatles-museet.
Om kvelden blir det middag på eiga hand, anten på hotellet eller reiseleiarane kan vise koselege restaurantar i byen. Dei går frå hotellet kl. 19.30.

Dag 5 – torsdag 12. april
Etter frukost og foredrag med Edvard Hoem kl. 8.30–9.15, køyrer bussen oss til Torgau der vi får ei omvising i gamlebyen. Torgau var ein av dei viktige byane for Luther i Sachsen. Her heldt han tallause møte og tok viktige avgjerder i arbeidet med reformasjonen. Han samarbeidde med protestantiske fyrstar som støtta han, og her følte han at han fekk åndsfridom.  Byen vart difor det politiske sentrum for reformasjonen.
I 1552 reiste Luthers enkje, Katharina von Bora, til Torgau for å unngå pesten som hadde brote ut i Wittenberg. Ved ei ulykke braut ho bekkenet og døydde i Torgau 20. august 1552. Huset der ho døydde, er i dag museum, og ho er gravlagd i Mariakyrkja. Desse attraksjonane får vi med oss før vi tek lunsj på eiga hand.
Kl. 13.30 reiser vi vidare til Leipzig. Det er ikkje berre Luther som har sett sitt preg på denne gamle metropolen. Byen har i mange hundreår vore eit kultursentrum og J.S. Bach arbeidde her store delar av livet sitt. Vi ser blant anna det gamle rådhuset på torget, som er eit av dei vakraste tyske eksempla på renessansestilen frå det 16. hundreåret. Vidare får vi med oss Nikolaikyrkja, der det vart halde fredsbønner i 1989 ved murens fall, konserthuset, det vakre operahuset og kunstmuseet som husar verk frå gamle tyske og nederlandske målarar. Vi besøkjer og den lutheranske Thomaskyrkja,  der Luther tala ved innføringa av reformasjonen i 1539. Her var Johann Sebastian Bach musikalsk leiar og dirigent for det verdskjende Thomanerkoret som har eksistert sidan 1212.
Kl. 18.00 vert det middag* på Ratskeller i Neues Rathaus. Denne erstattar besøk på byggerimuseet i Torgau som tidlegare stod i programmet. Kl. 20 går bussen tilbake til Halle.

Dag 6 – fredag 13. april
Frukost og det daglege kåseriet til Hoem 8.30 – 9.15. Denne dagen skal vi til Wittenberg, eit av dei viktigaste sentra for tysk politikk, kunst og kultur i det sekstande hundreåret. Reformasjonen starta her i 1517 då Luther slo opp dei 95 tesane sine på døra til Slottskyrkja. Her  hadde Luther nokre av dei viktigaste åra i livet sitt, og det er i denne byen han er gravlagd. Både huset til Luther, Bykyrkja og Slottskyrkja er oppførte på UNESCO si liste over verdskulturarv.
Kl. 11.00 blir det omvising på det imponerande museet Lutherhaus der Luther og familien budde frå 1508–1546. Deretter tek vi lunsj i nærleiken på eiga hand, før vi sjekkar inn på hotellet Best Western Stadtpalais Wittenberg.
Kl. 15.00 får vi ein guida spasertur der vi m.a. ser Bykyrkja og Slottskyrkja med Luthers grav. Deretter blir det litt tid på eiga hand før vi har avslutningsmiddag* på hotellet kl. 19.30.

Dag 7 – laurdag 14. april
Frukost og så det siste kåseriet av Hoem kl. 8.00–8.30. Kl. 8.45 går bussen frå hotellet til Schönefeld flyplass. Flyet til Oslo går kl. 12.20, og vi er framme kl. 14.00.