Yogacruise i Adriaterhavet med Vibeke Klemetsen

2. - 9. juni 2018

Vi gjentek suksessen med cruise i Adriaterhavet. Vi startar i Split der går vi ombord i cruiseskipet som skal ta oss med rundt på øyane på Dalmatia-kysten ned mot Dubrovnik. Denne kysten er noko av det vakraste ein finn i Europa med skogkledde åsar, vakre fossefall, dramatiske klippeøyar, krystallklart vatn og pittoreske småbyar. Vi startar dagane med yogaøkt med den kjende yogainstruktøren Vibeke Klemetsen på soldekket og stoppar kvar dag i idylliske småbyar på dei ulike øyane. Om kveldane vert det økter med yoga, meditasjon og levesett/kosthaldsråd leia av Vibeke. Med god mat og drikke om bord og herlege bad i Europas reinaste og klåraste sjøvatn, trur me at dette skal bli sommarens beste oppleving!

Pris frå:
16 950,-
Dagar:8
Fly tur/retur Oslo – Split/Dubrovnik
Transfer frå og til flyplass
Opphald om bord på cruiseskipet Meridijan som har 18 kabinar, restaurant og soldekk, twin-lugar med ko-auge nedre dekk.
Guiding på øyane/i byane
Velkomstdrink
Frukost og lunsj alle dagar på cruiset
Ettermiddags-te/kaffi og kaker
4 middagar
2 vassflasker kvar dag om bord
2 handdukar pr person, skifte av handkle/sengetøy 1 gong undervegs
Yogainstruktør Vibeke Klemetsen med på cruiset
Reiseleiar frå Fotefar
Aktivitetar undervegs på cruiset jf. program
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Laurdag 2. Juni:  Oslo - Split
Avreise frå Oslo med SAS (SK 1471) klokka 15.10 via København. Vi er framme i Split klokka 20.10. Bussen hentar oss og køyrer oss til havna i Split, der vi sjekkar inn på lugarane våre i skipet Meridijan og får felles middag om bord. (M)

Søndag 3. Juni: Split - Bol (Brac) – Stari Grad (Hvar)
Etter morgonyoga med Vibeke køyrer båten til Bol på øya Brac. Denne byen er kjend for stranda Slatni Rat med si heilt spesielle form som eit gyllent horn ut i sjøen. Stranda skiftar form etter vær og vind, og det er flotte moglegheiter for symjing og snorkling i den krystallklare sjøen. Bol er også ein sjarmerande liten by. Med åra har det vorte meir turistar der, men likevel har byen klart å halde på noko av sjela si med dei gamle gråsteinsbygningane og den fine hamnepromenaden. Etter lunsj om bord dreg vi vidare til byen Stari Grad på øya Hvar, den kroatiske øya som har mest sol. Vi får ei kort guiding i byen før vi utforskar byen vidare på eiga hand. Stari Grad er den eldste byen i Kroatia, grunnlagt av grekarane i 384 f.k. Gamle hus med tronge gater og små torg ber bodskap om den eldgamle historia til byen og samansmeltinga av gresk, italiensk, ottomansk og jugoslavisk kultur. Det er ikkje utan grunn at denne byen er komen på Unesco si verdsarvliste! Om kvelden et vi middag på eiga hand i byen eller du fylgjer reiseleiaren. Her er det mange sjarmerande restaurantar og tavernaer å velje mellom i kort avstand frå båten, som ligg over natta i Stari Grad. (F,L)

Måndag 4. Juni: Stari Grad – Hvar by (Hvar)
Etter yogaøkt med Vibeke og frukost reiser vi vidare til Hvar by, ein favorittdestinasjon for kjendisar frå heile verda. Dette er ein vakker og litt utradisjonell kroatisk småby med eit flott handletilbod. Her kan du finne alt frå dei mest populære designmerka til lokalt handverk, krydder og interiør. Det betyr også at vi møter ein del andre turistar medan vi ruslar rundt i byen. Etter nokre timar her dreg vi vidare til den vesle øygruppa Paklinski i nærleiken av Hvar medan vi et lunsj om bord. Her vert det tid til symjing og utforsking av øyane som ser ut som små smaragdar i det klåre havet. Og kanskje finn du deg di eiga vesle urørte strand? Om kvelden reiser vi attende til Hvar by og får ein guida tur i byen. Vi får sjå den kjende Renessansekatedralen, det eldste offentlege teater i Europa grunnlagt i 1612, eit relativt godt bevart fransiskanerkloster, og vi får sjå kniplingsproduksjonen til benediktiner-nonnene, helde i hevd sidan 1826. Vi besøkjer også den spanske borga høgt over byen, med ei imponerande utsikt over Hvar. Middag på eiga hand, eller du kan fylgje reiseleiarane til ein av dei gode restaurantane i byen. Båten overnattar i Hvar by. (F, L)

Tysdag 5. Juni: Hvar – Den blå grotte – Vis
Tidleg om morgonen forlet vi Hvar i retning øya Bisevo. Undervegs vert det yoga på soldekket med Vibeke og sidan frukost. I dag skal vi besøkje Den blå grotte, eit imponerande naturfenomen (værforbehold). I grotta ser du ein eterisk intens sølvblå farge som vert skapt av sola som skin inn gjennom hol i taket på grotta og vert reflektert attende frå den kvite sanden på botnen av sjøen i grotta. Dette gjev ein overjordisk sakral stemning som verkeleg er verd å oppleve. Vi dreg så vidare til øya Vis medan vi et lunsj om bord og solar oss på soldekket. Vis har ei strategisk plassering ytterst på den Dalmatiske kysten, og er den øya som ligg nærast den italienske kysten. Havna her var strategisk av den grunn svært godt strategisk plassert, og har difor ikkje vore tilgjengeleg for ålmenta før nyleg. På grunn av den isolerte plasseringa og lite turisme, har Vis ein heilt spesiell sjarm og autentitet – for mange akkurat det ein ynskjer å oppleve når ein besøkjer middelhavsøyar. Vi besøkjer den nordre delen av øya, like ved antikke Issa by. Her kan ein besøkje det romerske badepalasset, bymuseet eller berre vandre gjennom gatene for å nyte det rustikke kroatiske kystmiljøet. Middag på eiga hand eller saman med reiseleiarane i byen. (F, L)

Onsdag 6. Juni: Vis – Korcula
Yogaøkt på soldekket med Vibeke, sidan frukost medan vi køyrer mot øya Korcula, plassen der eventyraren og oppdagaren Marco Polo var fødd. Omgjeven av solide middelaldermurar ser Korcula ut som ein miniatyr av Dubrovnik når vi kjem inn mot øya frå sjøen. Byen har fleire legender, eventyr og monument enn du kan finne nokon annan stad i dette øyriket. Vi får ein guida tur gjennom dei spennande gatene i byen, som er bygd opp etter forma på eit fiskeskjelett. Om kvelden vert det anledning til å dra opp i fjella og får smake lokal vin og mat i ein av dei små bygdene inne på øya Korcula. For dei som er interessert er det også rike moglegheiter for å ta eit glas vin og more seg på ein av dei mange restaurantane og barane i byen. Overnatting i Korcula hamn. (F, L, M)

Torsdag 7. Juni: Korcula – Mljet – Sipan
Yogaøkt med Vibeke for dei morgonfriske og frukost, medan vi reiser vidare til øya Mljet – ei av dei grønaste øyane i Adriaterhavet. På den vestlege delen av øya finn vi ein nasjonalpark med to salt-innsjøar knytt saman med ein kanal ut til sjøen. Vi får ein tur i robåtar ut til øya Sta Maria i den største innsjøen, der vi finn ei gamal kyrkje og eit kloster. Det er også lov å sykle, padle kano eller symje i innsjøen. Etter lunsj fortset vi til Sipan, ein del av Elaphite øyane nær Dubrovnik. Her finn vi små fiskarlandsbyar som vi kan utforske. Om kvelden er det Captains Dinner om bord, og her er det anledning til hyggelig samvær, historier, sang og mimring frå turen. (F, L, M)

Fredag 8. Juni: Sipan – Dubrovnik
Tidleg om morgonen køyrer me mot endestoppen vår – vakre Dubrovnik, medan vi et frukost. Vi får lunsj om bord undervegs og badestopp før vi kjem til Dubrovnik. Her får vi guiding i byen. Vi får sjå den vakre verdsarvlista gamlebyen med den imponerande bymuren rundt. Sidan vi er litt utanfor høgsesongen vil ein oppleve ei herleg atmosfære mellom historiske byggverk bevart etter alle krigane som har vore i området. Her finn vi tronge smug og bakgater, gamle restaurantar og små, koselege butikkar. I det heile er dette eit av dei mest sjarmerande strøka i Dubrovnik. Vi kan også anbefale å ta taubana frå gamlebyen og opp til platået bak byen. Utsikten frå Dubrovnik sitt svar på Fløybanen er fantastisk, og på toppen er det restaurant, så ein kan slappe av med ein kopp kaffi eller ete ein god lunsj før ein tek turen ned att. Om kvelden vert det avslutningsmiddag på ein koseleg restaurant i Dubrovnik. (F, M, L)

Laurdag 9. Juni: Dubrovnik – Norge
Etter tidleg frukost sjekkar vi ut frå båten og dreg til flyplassen der flyet vårt har avgang klokka 09.35 direkte til Oslo, framme klokka 12.35.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
2/6OsloYogacruise i KroatiaMeir enn 816 950,-Bestill