Vandretur i Makedonia

26. september-02. oktober 2018.

Bli med på ein vandretur til den ukjende perla Makedonia midt i hjartet av Sør-Europa. Her finn du høge fjell med spektakulære vandreruter, sjarmerande, bortgøymde landsbyar, og nydeleg mat og lokalprodusert vin.
Vi startar med vandreturar i fjella rundt Skopje, der vi besøkjer grotter og køyrer båt på elva i Matka-dalen. Turen går vidare til Ohrid med sin heilt spesielle byggeskikk og eldgamle historie. Eit anna høgdepunkt blir fjellturen i Galicia nasjonalpark. Vi får også oppleve St. Naum-klosteret og dei heilage St. Naum-kjeldene med sitt lækjande, krystallklåre vatn.  - 

Status:
Fullt

Dagsprogram

Atterhald om endringar

DAG 1
Avreise frå Oslo om føremiddagen til hovudstaden Skopje. Tilknyting frå andre byar på førespurnad. Området har vore busett sidan år 4000 før Kristus og har stort sett vore under erobring sidan. Her har romarar, grekarar, bysantinarar, bulgararar, serbarar og ottomanarar med fleire styrt over området under ulike tidsepokar.
Etter eit stort jordskjelv i 1963 vart store delar av byen bygd opp igjen i gamal stil. Eit av paradoksa i Skopje er at det som ser gamalt ut er nytt, og det som ser nytt ut er gamalt.
Buss til hotellet i Skopje, og på vegen dit fortel guiden oss om historia til byen
Middag i restauranten på hotellet.  (M)

DAG 2
Etter ein god frukost på hotellet vert det vandretur på Vodno-fjellet. Turen går frå midt på fjellet til toppen Krstovar (1066 m.o.h.), og herifrå fortset vi mot Matkadalen og får ei spektakulær utsikt mot Skopje. Etter 2,5 time vandring kjem vi til Kota (1050 m.o.h.), der vi har ein kort pause før vi går nedover mot klosteret St. Nichola Shishevski. Heile denne turen tek rundt 5 timar og går i rimeleg greitt terreng.

For dei som tykkjer denne turen vert for lang, har vi ei alternativ rute som går frå midt på Vodno-fjellet, 560 m.o.h. til toppen av Krstovar som ligg 1066 m.o.h. Frå Krstovar returnerer vi til utgangspunktet og tek buss til Matkadalen, der vi møter resten av gruppa.
Vi et lunsj i ein hyggeleg restaurant som ligg særs vakkert til like med vatnet. Etter lunsj vert det båttur til Vrelo grotta som vart oppdaga i 1982, og som seiest å ha den djupaste undervassdelen på Balkan.
Buss tilbake til hotellet.
Middag og overnatting. (F/L/M)

Dag 3
Buss til Ohrid etter frukost.
Vi stoppar i Vevchani, ein liten landsby med eit autentiske miljø og gode lokale restaurantar. Byen har sitt eige lokale sjølvstyre med egne pass og ein suvenirvaluta kalla "lichnik".
Dei er også kjende for dei fantastiske Vevchani-kjeldene og Vevchani-karnevalet, ein tradisjon dei har halde i hevd i over 1300 år.
Det vert ein vandringstur som alle kan vere med på. Vi går frå Vevchani som ligg ca. 900 m.o.h. i rundt  ein time i vakkert skogsterreng til vi kjem til Jankov Kamen. Her vert det ein kort pause før vi går til Vajtos der vi vil sjå restane av ein gamal romersk veg kalla Via Egnatia før vi går vidare til St. Kliment kyrkja som ligg ca. 1300 m.o.h., før vi vender tilbake til Vevchani og et lunsj.
Etterpå vert det buss til Ohrid, der det vert tid til å rusle litt på eiga hand.
Middag og overnatting på hotellet. (F/L/M)

DAG 4
Etter ein god frukost på hotellet får vi ein guida tur i Ohrid. Når vi vandrar i dei tronge pittoreske gatene med kvitkalka hus, vil vi på nokre av dei eldste husa sjå ein heilt spesiell byggeskikk.
Byen har fleire utgravingar tidfesta til romartida og tida før romartida, og vi vil sjå eit rimeleg godt verna romersk amfiteater og ruinane av eit romersk universitet. Det kjennes som å ta eit sjumilssteg attende i tid.
Vi tek så buss til St. Naum klosteret, der vi tek lunsj på ein restaurant som ligg heilt inntil dei krystallklåre kjeldene i St. Naum. Det blir ein båttur med robåt og eigen «kaptein» innover i den vesle  innsjøen med det utruleg klåre vatnet. Vi har også ein kort stopp i eit lite kloster som har ei kjelde rennande tvers gjennom bygningen. Her skal barnlause kvinner ha komme for å drikke av kjelda og så vorte gravide.
Etter lunsj har vi tid til ein rusletur i området rundt klosteret. Her finst det mange flotte påfuglar, og er vi heldige, får vi sjå ein sjeldan albinopåfugl som held til her.
Om du går inn i sjølve klosteret,  finn du ein krypt, og om du legg øyra inntil, seiast det at du kan høyre dei dempa hjarteslaga til St. Naum. Bussen køyrer så attende til Ohrid, der vi undervegs får ein kort stopp på Museum of Bones. Tid på eiga hand før det vert middag i restauranten på hotellet. (F/L/M)

DAG 5
Buss til Galicia nasjonalpark der vi startar vandreturen. Vi går i eit område med rik vegetasjon med mange ulike plantar og krydderurter. Mange av dei er endemiske artar som berre veks her.  Denne dagen kan ein velje mellom ein litt lang og hard tur – eller eit kortare og lettare alternativ.
Den enklare turen startar frå landsbyen Velgoshti som ligg rundt 3 km frå Ohrid. Vi går ein litt ulendt veg før vi passerer ein frodig skog. Under den 4 timar lange turen vil vi sjå fem kyrker og kloster og fleire nydelege kjelder.

Den noko tyngre turen startar på rundt 1570 m.o.h. i eit skogsområde. Vi går rundt 230 høgdemeter og kjem til ein plass der vi får ein fantastisk utsikt til innsjøane Ohrid og Prespa. Vi vil etter ein kort stopp gå opp på fjelltoppen Magaro som ligg på 2242 m.o.h. Her vert det ein pause, før vi returnerer til utgangspunktet. Turen vil ta mellom 5 og 6 timar. Vi dreg så attende og møter resten av gruppa. Om veret tillèt det, har vi lunsj under open himmel og nyt god mat utandørs. (Atterhald om vêrforhold). Etter lunsj køyrer bussen oss tilbake til hotellet. Ettermiddagen på eiga hand før middag. (F/L/M)

DAG 6
Etter ein god frukost reiser vi tilbake mot Skopje via Mavrovo nasjonalpark.
Vi stoppar undervegs og besøkjer St. Jovan Bigorski-klosteret, som i følgje historia vart oppført i år 1020 av Ivan I. Debranain. Det er mest kjent for sin «iconostasis», ein vegg som er måla med ikon og kristelege symbol. Vi et lunsj på ein lokal restaurant før vi køyrer til Skopje, der vi sjekkar inn på hotellet og har fritid på eiga hand.
Vi anbefaler eit besøk til den gamle Bazar, eit distrikt med mange handverkarar som sel det dei har laga frå små bodar. I den gamle Bazar finn vi ein av verdas best verna arkitekturar i gamal ottomansk stil. Du kan og besøkje mor Theresa sitt minnesmerke, der delar av hennar relikviar er
verna. Middag på hotellet. (F/L/M)

DAG 7
Dette er siste dagen i herlege Makadonia, og vi et frukost på hotellet før bussen hentar oss og tek oss til flyplassen i Skopje for heimreise. (F)