New York og Washington med Eva Bratholm

28. september – 6. oktober 2018.

Historie – politikk – kultur

Bli med på ein fantastisk tur til verdsmetropolen New York og til vakre Washington. Vi startar reisa vår i kulturbyen New York, The Big Apple, byen som aldri søv. Her får vi oppleve alle dei store attraksjonane på Manhattan som blant anna Ellis Island og Fridomsgudinna og Ground Zero. Vi tek pulsen på innbyggjarane i New York på undergrunnsbana, i gater og parkar og galleri og museum. Vi vandrar over Brooklyn bridge, og Eva Bratholm viser oss sitt Brooklyn. I tillegg blir det jazzkveld i bohemske Greenwich Village og sjanse til å få med seg eit show på verdskjende Broadway. I hovudstaden, Washington, er vi midt i verdas politiske sentrum, og her opplever vi Det kvite hus, Kongressen, John F. Kennedy si grav, Vietnam-minnesmerket, museum og mykje anna. Eva Bratholm er reiseleiar, ho har tidlegare vore korrespondent både i New York og Washington og har skrive fleire bøker om området. Med seg har ho ektemannen Joar Hoel Larsen som har lang fartstid som USA-kjennar og politisk journalist. Han er ikkje guide, men det skulle ikkje forundre oss om han har ein kommentar eller to på lager.

Status:
Fullt

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 28. september
Vi  flyr med Icelandair frå Oslo kl. 14.35 (tilknyting frå andre byar mot tillegg), og er framme på John F. Kennedy flyplassen i New York kl. 19.00 om kvelden (lokal tid). På bussturen inn til Manhattan får vi sjå New York sin imponerande og verdskjende skyline. Vi bur på Marriott New York Downtown like ved Ground Zero. Der tek Eva Bratholm mot oss, ved ankomst.

Laurdag 29. september
Etter frukost blir det velkomstmøte med kåseri av Eva Bratholm på hotellet klokka 09.00-10.00. Deretter er vi klare for guida busstur på Manhattan med Eva  med innlagd stopp undervegs, blant anna med vandring i parken High-Line, bygd opp på ei godslinje over gatenivå, og ein tur gjennom Central Park med innlagd lunsjstopp*. Vi får med oss Manhattan frå botn til topp, vi snur i Harlem før vi returnerer til hotellet. Det er då tid for avslapping eller å utforske nærområdet på eiga hand. Vi kan anbefale ein rusletur på den vakre promenaden langs Hudson River, som ligg like ved hotellet eller ein rusletur i Wall Street eller litt shopping på Broadway.

Om kvelden legg vi opp til at dei som ønskjer det, kan få med seg eit show på verdskjende Broadway, operaførestelling på storslegne Metropolitan Opera eller konsertbillettar til legendariske Carnegie Hall. Billettar til arrangementa må ein bestille sjølv, eller ta kontakt med oss for hjelp. Oversikt over arrangement, online billettbestilling og kva arrangement reiseleiarane vil velje vert sendt ut om lag 2 månader før avreise. Avreise frå hotellet ca 18.30, konsert/musikal startar som regel klokka 20.00.

Søndag 30. september
Vi startar dagen på konferanserommet på hotellet kl. 09.00 med at Eva Bratholm fortel korleis det var å bu og arbeide i New York. Vi går så bort til 9/11 Memorial (Ground Zero), og Eva fortel om denne fryktelege hendinga som fekk så store konsekvensar over heile verda. Etterpå går vi frå hotellet ned til Battery Park på tuppen av Manhattan, og derifrå tek vi ferja til Ellis Island, ferjeavgang kl. 12.00.  Denne øya var innfallsporten til mange av nordmennene som utvandra til Amerika. Her er det i dag eit svært godt museum, og utsikta inn mot dei enorme skyskraparane på Manhattan er imponerande. Ferja går også forbi Fridomsgudinna, og dette er ein fin sjanse til å få eit godt foto av denne verdskjende attraksjonen. Resten av dagen til eigen disposisjon. Vi kan anbefale fleire flotte kunstmuseum og galleri, American Native History Museum rett ved hotellet, og elles mange sjansar til å handle i nærområdet eller på store varemagasin som Macy’s og Bloomingdales. Rett ved hotellet vårt ligg også Century 21, ei kjend outlet-butikkjede med berømte merkevarer til reduserte prisar. Fellesmiddag* kl. 18.00 på ein restaurant i gåavstand til hotellet.

For dei som ynskjer enno ei musikkoppleving kan vi anbefale å bestille ein jazz-tur i Harlem. Her vil jazzguiden vår Gordon ta oss rundt i Harlem på små og intime musikkbarar som vi aldri kunne finne på eiga hand. Han har ein uttømmeleg kunnskap om jazz som han deler raust, og vi får uforgløymelege musikkopplevingar. Gå på www.bigapplejazz.com, velg "Book a tour" og dato 30. september. Turen heiter Harlem Juke Joint tour og kostar 99$ for ein kveld inklusiv transport. 

Måndag 1. oktober
Vi startar denne dagen kl. 09.00 med eit foredrag av Eva Bratholm om Brooklyn. Deretter går vi til Brooklyn Bridge (ca. 2,5 km tur, men dei som vil, kan ta metro eller drosje) og over denne berømte brua til bydelen Brooklyn. Frå brua får vi fantastisk utsikt mot Manhattan, så her kan ein ta gode foto. På andre sida av brua møter bussen oss, og vi får ein guida tur i Eva Bratholms Brooklyn, der vi vekslar mellom buss og vandring i dei koselege gatene med «brownstone» hus i denne bydelen. Vi får ein stor og kraftig lunsj* i DUMBO-området like ved Brooklyn Heights, før vi tek metroen heim til hotellet. Eva Bratholm har skrive bok om Brooklyn, så dette kan vere fin litteratur før reisa.

Litt utpå ettermiddagen kjem vi tilbake til hotellet vårt på Manhattan. Denne kvelden kan dei som ønskjer det, bli med til Greenwich Village der vi får høyre ekte New York jazz på ein av dei mange kjende jazzklubbane i denne bydelen. Vi reiser med metro frå hotellet ca. kl. 18.30, og møter der jazzguiden Gordon som tek oss med til ein av dei små og eksotiske jazzklubbane i denne berømte bydelen. Der får vi høyre ekte New York jazz og smake nokre av byens kjende forfriskingar. Dei som ønskjer å ete middag, bør gjere dette før avreise frå hotellet.

Tysdag 2. oktober
Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet, og deretter vert det avreise til Washington frå hotellet kl. 11. Bussturen tek ca. 4 timar, og Eva Bratholm vil fortelje litt om ulike tema på vegen. Vi har også ein lunsjstopp midtvegs på ei av dei velkjende vegkroene langs Interstate - motorvegen. Hotellet vårt i Washington ligg i den nordaustlege delen av Washington, ein hyggeleg bydel med blant anna Union Market, kafear og restaurantar og fleire parkar. Her får vi tid til å slappe av på rommet før vi har kåseri på konferanserommet på hotellet kl. 17.00, og deretter fellesmiddag* i ein restaurant ved hotellet.

Onsdag 3. oktober
Dette er dagen for sightseeing i Washington. Vi startar kl. 9.00 med vandretur i National Mall området med blant anna Capitol, Lincoln Monumentet, Korea-monumentet og Vietnam-monumentet. Vi besøkjer Arlington æreskyrkjegard med gravplassen til John F. Kennedy, og vi får elles med oss Jefferson Memorial, Det kvite hus og Kongressen. Om kvelden vert det middag på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein god restaurant i området rundt hotellet.

Torsdag 4. oktober
Vi møtest på konferanserommet i hotellet kl. 09.00 – 10.00 der Eva Bratholm fortel om byen og erfaringane sine som korrespondentar. Etterpå besøkjer vi det imponerande nasjonale museumskomplekset The Smithsonian Museums. Her er det eit titals nasjonale museum samla på eit relativt lite område. Dette området er så stort og innhaldsrikt at det er vanskeleg å nå over alt. Vi deler oss difor i fleire grupper utifrå kva ein ønskjer å sjå. Vi kan anbefale American History Museum, Air & Space Museum med romskip og fly, American Art Museum og American Native Museum med indianarane si historie. Etter lunsj (ikkje inkludert)  i museumskafeane kan dei som ønskjer det, gå vidare på eiga hand. Ein kan også ta ein rusletur i sentrum av det som mange tykkjer er den grønaste og vakraste byen i USA, og fleire vil kanskje nytte sjansen til å besøkje Georgetown med fine handlegater, eller vandre langs den flotte promenaden langs elva Potomac (transport nødvendig attende til hotellet). Avslutningsmiddag* kl. 19.00 på ein restaurant i nærleiken av hotellet.

Fredag 5. oktober
Vi får tid til ein dag i sentrum og lunsj på eiga hand før bussen tek oss frå hotellet til flyplassen om ettermiddagen. Fleire vil kanskje nytte dei siste timane til litt shopping i sentrum eller bruke meir tid på National Mall. Reiseleiarane kan i så fall vise kor det er gode handlegater og tipse om bygg og monument som det kan vere kjekt å utforske nærare. Avreise frå Washington kl. 16.30. Flyet går frå Washington Dulles airport kl. 20.30.

Laurdag 6. oktober
På grunn av tidsforskjellen på seks timar er vi ikkje heime i Norge før dagen etter, mellomlanding i Reykjavik. Framme i Oslo kl. 12.25.

*måltid merka med stjerne er inkludert i prisen. Drikke er ikkje inkludert.