Cruise i Adriaterhavet med vandreturar

8.–15. september 2018.

Velkommen med på cruise i Adriaterhavet! Vi startar i Split der går vi ombord i cruiseskipet som skal ta oss med rundt på øyane i Kværner-bukta mot Opatija. Denne kysten er noko av det vakraste ein finn i Europa med skogkledde åsar, vakre fossefall, krystallklart vatn og pittoreske småbyar. Vi stoppar kvar dag på dei ulike øyane og legg opp til valfrie vandreturar. Med god mat og drikke om bord og herlege bad i Europas reinaste og klåraste sjøvatn, trur vi at dette skal bli haustens beste oppleving!

Pris frå:
13 950,-
Dagar:8
Fly tur/retur Oslo – Split/Venezia
Transfer frå og til flyplass
Opphald om bord på cruiseskipet Vapor som har 18 kabinar, restaurant og soldekk, twin-lugar med ko-auge nedre dekk.
Guiding på øyane/i byane
Velkomstdrink
Frukost og lunsj alle dagar på cruiset
Ettermiddags-te/kaffi og kaker
4 middagar
2 vassflasker kvar dag om bord
2 handdukar pr. person, skifte av handkle/sengetøy 1 gong undervegs
Reiseleiar frå Fotefar
Aktivitetar undervegs på cruiset jf. program
Tilknyting frå andre byar, på førespurnad.
Bestill reise

Dagsprogram

Laurdag 8. september:  Oslo – Split – Trogir
Avreise frå Oslo med Norwegian (DY1990) klokka 07.10 direkte til Split der vi er framme klokka 10.00. Bussen hentar oss og køyrer oss til hamna i Split, der vi sjekkar inn på lugarane våre i skipet Vapor. Klokka 13.00 set vi kursen mot det som vert kalla «Vesle Venezia», eller den flytande museumsbyen Trogir. Plassert på ei lita øy, som er knytt til fastlandet og Ciovo-halvøya med to bruer, er byen Trogir ein magisk plass med sjarmerande små tavernaer og restaurantar. Vi får ein guida tur i den vesle byen, og så blir det tid til å bade og rusle rundt i byen. Velkomstdrink og velkomstmiddag om bord i båten som overnattar i Trogir. (L, M)

Søndag 9. september: Trogir – Promosten
Etter frukost køyrer båten til Primošten, ein typisk liten kystby i Dalmatia. Legenda seier at når Gud skapte jorda trengte han pause frå det harde arbeidet den sjuande dagen. Då skapte han Primošten for dette formålet. I dag er denne byen velkjend for sine kvalitetsvinar og er ein favorittdestinasjon for dei som vil nyte hav, sol og pittoreske omgjevnader. Vi et lunsj om bord undervegs, får ettermiddagen i Promosten med tid til vandretur og bad. Middag på eiga hand (eller saman med reiseleiar) i Promosten. (F,L)

Måndag 10. september: Promosten – Krk-fossane
Etter frukost og morgonbad dreg båten vidare, og vi får sjå den flotte Krka River Canyon. Vi et lunsj ombord og får så ein guida vandretur i Kornati nasjonalpark med svært vakker natur og fossefall, og ein svært rik flora og fauna. Nasjonalparken består av 89 øyar, holmar og skjer. Om ettermiddagen kjem vi til Vodice, ein av Kroatia sine livlegaste småbyar. Her er det eit yrande liv på både dag- og kveldstid. Vi et middag (på eiga hand eller saman med reiseleiar) i Vodice, der båten skal ligge over natta. (F, L)

Tysdag 11. september: Vodice – Kornati/Zadar
Tidleg om morgonen forlet vi nasjonalparken Kornati medan vi et frukost. Vi stoppar så i den delen av nasjonalparken som ligg på fastlandet. Her kan dei som vil, vere med på ein vandretur i nydeleg landskap forbi ruinane av eit gamalt Illyrisk fort og  gamle romerske villaer. Vi får også sjå korallrev som rekk ned til 100 meter djupne i sjøen.

Etter vandreturen et vi lunsj ombord og fortset så til Zadar. Denne byen var i mange hundreår hovudstaden i Dalmatia og er den eldste universitetsbyen i Kroatia. Her blir det ein guida rundtur.  Hovudattraksjonane er blant mykje anna det romerske Forum Romanum, St Donat-kyrkja frå 800-talet og dei mektige bymurane frå 1500-talet. Byen er også kjend for den unike «Sea organ», og lysinstallasjonen «Greeting to the sun». Middag på eiga hand eller med reiseleiarane. (F, L)

Onsdag 12. september: Zadar – Rab
Vi et frukost medan vi køyrer mot øya Rab. Denne vakre øya vert på folkemunne kalla «Island of love». Her finn vi flotte tårn, kyrkjer og palass og antikke fasadar langs brusteinslagde gater. Vi får omvising, og guiden vår fortel om historia til byen. Etterpå kan vi gå på kafé og smake på den berømte kaka, «Rapska Torta. Vi tek også ein vandretur (for dei som ønskjer det) til høgdedraget Kamenjak for å sjå på den vakre kroatiske solnedgangen. Middag på eiga hand i landsbyen. Overalt i dei smale smuga og på dei små torga finn vi målarar og artistar som viser fram arbeidet sitt. Dei sit her til langt på kveld, så det blir gode mogelegheiter til å gjere ein handel både før og etter middag. Båten ligg i Rab til neste morgon. (F, L)

Torsdag 13. september: Rab – Krk
Målet denne dagen er den største av dei kroatiske øyane, Krk. Frukost undervegs, og på båtturen vert det ein badestopp i det krystallklare Adriaterhavet. Kroatia er kjent for å ha Europas reinaste kyst , så dette er ei flott oppleving! Øya Krk er svært variert med pittoreske landsbyar, vakre grøne vandrestiar, eventyrlege klippeformasjonar, små holmar og skjær og hundrevis av bortgøymde vikar og badestrender. Vi får omvising i landsbyen der båten legg til, og elles kan vi nyte eit herleg kroatisk måltid på ein av dei mange kafeane og restaurantane i byen. Om kvelden er det Captains Dinner om bord, og her er det anledning til hyggeleg samvær, historier, song og mimring frå turen. (F, L, M)

Fredag 14. september: Krk – Opatija
Tidleg om morgonen køyrer me mot Opatija. Vi får flott utsyn mot den kjende Opatija rivieraen på vegen. Om ettermiddagen ankrar vi opp på endestoppet vårt, byen Opatija på Kværnerhalvøya. Vi tek ei byvandring langs Franz Joseph promenaden til Lungo Mare, der vi finn mange kafear og restaurantar, eller vi tek ei lengre vandring til nabolandsbyen Volosko, velkjend for sine fantastiske sjømatrestaurantar. Om kvelden får vi avskjedsmiddag om bord i båten.  (F, M, L)

Laurdag 15. september: Opatija – Norge
Etter ein tidleg frukost sjekkar vi ut frå båten og dreg til flyplassen i Venezia, ein tur på om lag 3 timar. Flyet vårt går derifrå direkte til Oslo klokka 14.00, framme klokka 16.40. (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
8/9OsloCruise i KroatiaMeir enn 813 950,-Bestill