Roma og Napoli med Simen Ekern og Tomas Lappalainen

21.-28. september 2018.

Historie - Kultur - Folkeliv

Velkommen med på ein innhaldsrik tur der du får oppleve både det historiske og det moderne Italia.  Vi har med oss to av dei største Italia-kjennarane i Skandinavia, Simen Ekern frå Norge og Thomas Lappalainen frå Sverige. Begge har skrive fleire bøker om Italia, og dei er med oss for å vise oss dei spennande sidene ved dette landet. I dei daglege foredraga deira får vi høyre om italiensk politikk, Mussolini og Berlusconi, mafia, Vatikanstaten, Fellini, italiensk film og mykje meir.

Dei tre første dagane bur vi i Roma, og gjer oss godt kjende i «den evige stad». Deretter går turen til nydelege Terracina ved Middelhavet, vidare til Pompeii og til slutt tre netter i Sør-Italias hovudstad, Napoli.

Vi kjem til å lære mykje om den gamle historia og den italienske samtida, men vi skal også ete og drikke godt og oppsøke dei lokale restaurantane der italienarane sjølv går. Det blir tid til å senke tempoet, vandre i gatene og sitte på ein fortauskafé med ein caffè latte eller eit glas vin og berre sjå på folkelivet og nyte atmosfæren.

Pris frå:
16 950,-
Dagar:8
Dagar 8
Flyreise Oslo/Bergen-Roma t/r
Busstransport på heile turen
Fellesutflukter som vist i programmet
Inngangsbillettar som vist i programmet
7 overnattingar
7 frukostar
6 middagar/lunsjar
Simen Ekern held daglege foredrag i Roma
Tomas Lappalainen held daglege foredrag i Napoli
Reiseleiarar frå Fotefar temareiser
Lokalguidar både i Roma og i Napoli

Enkeltromstillegg kr 4 995,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

21. sept.

Avreise frå Flesland kl. 15.00 og Gardermoen 18.00 og framme på flyplassen i Roma kl. 21.10. Buss til hotellet vårt som ligg midt i sentrum, like ved Engleborga og ikkje langt frå Peterskyrkja.

Simen Ekern blir foredragshaldaren vår i Roma. Boka hans om byen vann Brageprisen for beste sakprosabok i 2011, og forlaget skriv dette om boka: «Roma er ikke bare gammel historie, men en moderne storby med en nær fortid og en samtid som er blodig, kaotisk og forførerisk. Forfatter Simen Ekern tar leserne med på en halsbrekkende tur gjennom Romas gater, fra etterkrigstiden og fram til i dag. Vi går ned bakgaten hvor politikeren Aldo Moro ble funnet drept i bagasjerommet på en Renault 4. Vi drikker kaffe med mannen som angrer bittert på at han ble med i Røde Brigader, og treffer kvinnen med Mussolini-øredobbene. Boken handler om militante bevegelser på ytterste venstre fløy og om fascismen som ikke forsvant.

Forfatteren viser frem Federico Fellinis Roma, på jakt etter la dolce vita i dag. Vi er på taxfreehandel i Vatikanstaten for å finne balansen mellom det hellige og det syndige, og drar ut til forstedene og dens høyblokker, der det faktisk ser ut som Roma ble bygget på én dag. Roma er en annerledes fortelling om en helt spesiell by.»

 

22. sept.

Kl. 09.00-10.00 har vi foredrag med Simen Ekern på hotellet med tittelen: Roma under fascismen. Då Benito Mussolinis svartskjorter marsjerte mot Roma ein haustdag for snart 100 år sidan, starta også fascismen sin epoke i Europa. Denne formiddagen får vi høyre om korleis Mussolini brukte Roma si historie og byen sine symbol i det politiske prosjektet sitt.

Etter foredraget opplever vi byen med buss og til fots. Kl. 10.30 startar vi på ein halvdags guida busstur frå hotellet for å sjå dei aller største attraksjonane i og rundt Roma som Piazza Venezia, Kapitolhøgda, Via Fori Imperiali, Forum Romanum og Colosseum. Felles lunsj*.

Etter lunsj tek lokalguiden vår, Kirsten Jakobsen, oss med til Vatikanmuseet med dei pavelege kunstsamlingane der høgdepunktet er Det sixtinske kapell med dei fantastiske freskane til Michelangelo og dei andre kjende kunstnarane som blant anna Botticelli og Perugino. Frå museet går vi direkte til den verdsberømte Peterskyrkja der Kirsten fortel oss om historia til katedralen og om alle kunstverka der. Etter ca. 3 ½ time sluttar vi av guidinga på Petersplassen og opplever magien der. Vi går så tilbake til hotellet og slappar av, gjerne på den flotte takterrassen. Om kvelden blir det gåtur til Piazza Navona for å oppleve denne fantastiske plassen på kveldstid. Fellesmiddag på ein restaurant nær hotellet som er kjend for god lokal mat. (F/L/M) 

 

23. sept.

Foredrag med Simen Ekern kl. 09.00-10.00. Tittel: Den kalde krigens romerske mysterier: Kuppforsøk, terrorangrep, kidnappingar og lyssky forbindelsar til mafiaen. Historien om Roma i etterkrigstida er ei mørk, blodig og merkeleg forteljing om maktkamp og kynisme. Vi får høyre om terroristgrupperinga Røde Brigader, om den legendariske politikaren Aldo Moro som endte sitt liv i bagasjerommet i ein bil i sentrum av Roma, og om Giulio Andreotti – mannen som både vart kalla ”mørkets fyrste” og ”Guden Giulio” på grunn av kontaktane sine både med Italias underverden og med pavar og kardinalar.

Etter forelesinga blir det guida byvandring rundt i vakre Roma. Vi får blant anna sjå den imponerande Engleborga, vakre Piazza Navona, den berømte Trevi-fontena og det storslegne tempelet Pantheon, som blir rekna som eitt av verda sine store underverk. Lunsj på eiga hand undervegs. Reiseleiaren anbefaler gode restaurantar.

Nytt foredrag av Ekern på hotellet om ettermiddagen med tittelen Guds by: Vatikanet er ein enormt viktig del av Roma – sjølv om poeten Pier Paolo Pasolini alltid hevda at Roma eigentlig er den minst katolske byen i heile verda. Denne formiddagen får vi høyre om Vatikanet som maktsentrum i italiensk politikk, om bankskandalar, kvitvasking og helgenkåringar. Vi får også høyre om utfordringane som møter den karismatiske, men omstridte pave Frans i dag.

Middag på eiga hand denne kvelden. Reiseleiarane kjem med forslag til gode restaurantar i nærleiken av hotellet. (F)

 

24. sept.

Etter frukost får vi den siste forelesinga med Simen Ekern. Her oppsummerer han det vi har høyrt om og sett dei siste dagane. Avreise til Terracina som ligg nydeleg til ved havet halvegs ned kysten til Napoli. Felleslunch på ein hyggeleg restaurant i Terracina.

Via Appia går gjennom Terracina, og ein kan framleis sjå den gamle brulegginga gjennom torget. Denne vegen som vart bygd av keisar Claudius Appius i år 312 knytte Roma saman med Sør-Italia. Gamlebyen i Terracina ligg på ein åsrygg rett ut mot hamna, og øverst på denne høgda finn ein ruinane av det ca. 2500 år gamle Jupiter-tempelet.

Resten av dagen til å slappe av i denne vakre kystbyen. Temperaturen er fremdeles god i Middelhavet i september, så dei som vil kan ta seg eit bad om ettermiddagen. Middag på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant nede ved sjøen.

Overnatting på eit godt hotell like ved sjøen i Terracina. (F/L)

 

25. sept.

Avreise til Pompeii med buss.

Oldtidsbyen Pompeii vart bevart ved utbrotet av Vesuv i år 79. e.Kr., då den vart dekka av eit tjukt lag lava og pimpstein. I Pompeii får vi eit fantastisk innblikk i romerane sine liv slik det var i det første århundret e.Kr. Vi får sjå dei romerske bada, templa, villaene og andre bygningar som er utruleg godt bevarte. Forsteina aske laga ein kapsel også rundt menneske og dyr, og etter at lika smuldra bort, vart det hulrom som arkeologane har fylt med gips, så dei framstår akkurat slik dei var då askestraumen råka dei.

Etter at vi har gitt oss god tid i Pompeii og fått ei guida omvising i ruinane, tek bussen oss med til Napoli der vi skal bu i 3 netter. Det blir god tid til å slappe av på hotellet før vi samlast til det første foredraget til Tomas Lappalainen, som fortel levande om Napoli si spennande historie. Han har gitt ut fleire bøker om den italienske mafiaen og ei eiga bok om Napoli med tittelen Sjå Napoli, og dø. Under foredraga sine kjem han til å fortelje om dei ulike sidene ved denne mytiske byen. Slik beskriv forlaget boka hans: «Det vitala, mustiga och färgstarka Neapel finns där fortfarande som det alltid gjort, lockande och avskräckande på samma gång, omspunnet av ett säreget romantiskt skimmer. Vi reser gärna till regionen, men skyndar då snabbt förbi Neapel till destinationer som Capri, Pompeji och Amalfikusten. Under sökandet efter svar tar Tomas Lappalainen oss med exempelvis till de sjudande spanska kvarteren, som i generationer varit sinnebilden för Neapel med sina branta, smala gator. Vi tas även med på fotboll, till kryptor, kyrkogårdar och religiösa ceremonier, kringhöljda av mystik och får ta del av allt från mirakel och dödskult till mat, kärlek, konst och litteratur.»

Det første måltidet i Napoli må sjølvsagt vere ekte Napoliansk pizza, og vi har bord på ein av dei gamle, klassiske pizzarestaurantane i byen. Verdskjende Margherita vart etter sigande første gong servert i Napoli i 1889 til dronning Margherita, og fargane – den kvite bøffelmozzarellaen, den grøne basilikumen og den raude tomatsausen var meint å symbolisere det italienske flagget. Vi kosar oss utover kvelden og får med oss det yrande livet i denne vakre byen som vert kalla hovudstaden i Sør-Italia. (F/M)

 

26. sept.

Etter frukost får vi det andre foredraget frå Tomas Lappalainen. Han har også skrive bøker om den italienske mafiaen. Og i dette foredraget snakkar han om korleis denne kriminelle rørsla voks fram, og kvifor den framleis kan spele ei rolle i eit moderne land som Italia.

Etter foredraget skal vi oppleve Napoli til fots, og sjå stadene Lappalainen har fortalt om med eigne auge. Vi får sjølvsagt med oss dei mest kjente stadene som San Carlo-operaen og det kongelige slottet. Byen er fargerik og levande med ei intens Sør-Italiensk stemning, og vi kan føle forskjellen frå hovedstaden Roma. Lunsj på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein koseleg plass i gamlebyen.

Om kvelden går vi saman til ein restaurant i gangavstand frå hotellet vårt. Vi har reservert bord til alle, men kvar og ein bestiller det ein har lyst på. Reiseleiarane kjem gjerne med anbefalingar av kva ein bør prøve frå det utsøkte Napolitanske kjøkkenet. (F/M)

 

27. sept.

Etter forelesing med Tomas Lappalainen blir det ein vandretur i Napoli sin gamleby med dei typiske, pittoreske gatene. I bydelane Centro Storico og Quartieri finn vi den heilt særeigne litt røffe atmosfæren som Napoli er så kjent for - den godmodige kranglinga mellom gamle menn på kaffebar, den oppheita samtalen om lokalpolitikk eller fotball, klærne til tørk mellom husa i dei trange gatene og små restaurantar med verdas beste pizza.

Neste post på programmet er St. Elmo-slottet, som ligg på eit høgdedrag der vi kan sjå heilt til Sorrento, Ischia og Capri viss vi er heldige med været. Lunsj på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein god restaurant i gamlebyen. For dei som ikkje er leie av pizza, finst det her mange gode alternativ. Ein kan tru at pizzaen er ein tradisjonsrett i heile Italia, men den var tidlegare først og fremst ein Sør-Italiensk spesialitet. På ein nasjonal kokkekonferanse rett etter krigen kom det fram at fleire av kokkane frå Nord-Italia rett og slett ikkje hadde høyrt om pizza, og den slo ikkje gjennom i nord før i tiåra etter.

Tid på eiga hand etter lunsj. I gamlebyen er det mange småbutikkar, så nokre vil kanskje handle litt. Elles er det god tid til å slappe av på ein kafe med ein kaffi eller eit godt glas vin. Vi kan også anbefale kyrkjene Capella Sansevero og Chiesa Gesù Nuovo. Mange har også lese Elena Ferrante sine bøker om dei to venninnene Lenù og Lina og vil kanskje sjå etter stader som er omtala i bøkene.

Avslutningsmiddag på ein restaurant med godt napolitansk kjøkken i gåavstand frå hotellet. Vi kosar oss med utsøkt mat og vin, og med gode historier. (F/M)

 

28. sept.

Etter frukost tek bussen vår oss dei vel to timane frå Napoli til flyplassen utanfor Roma.

Heimreise til Norge. Flyet går kl. 13.50 og vi er framme i Oslo 17.00 og Bergen 19.25. (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
21/9StockholmRoma og Napoli
Atterhald om ledige flybillettar
416 950,-Bestill
21/9BergenRoma og Napoli
Restplasstilbod
Meir enn 817 950,-Bestill
21/9OsloRoma og Napoli
Restplasstilbod
416 950,-Bestill