Vandretur i Sør-Frankrike

25.-30. oktober 2018.

Bli med på ein aktiv tur til sjarmerande Sør-Frankrike. Vi bur i eit heilt spesielt hotell i nydelege, vesle Castigno, og vi legg opp til valfrie vandreturar kvar dag. Det blir både fotturar for dei sprekaste og kortare turar for dei som vil ta det meir med ro, så her kan ein velje.Dette er eit av dei mest interessante områda i Frankrike både når det gjeld vin- og matkultur, og vi får smake både på heimelaga mat frå småskala jordbruk og vin frå lokale vinprodusentar som Cabrières, Saint-Chinian og Faugères. I tillegg kan ein bli med på ei mengd aktivitetar i landsbyen vår, som sykling, riding, matlagingskurs, brødbakekurs, urteplukking og vinsmaking. Oversettar Tove Bakke er med som reiseleiar og held kåseri om fransk kultur, språk og litteratur.

Pris frå:
14 950,-
Dagar:6
Flyreisa Oslo – Montpellier t/r.
Busstransport og guiding på heile turen.
5 overnattingar på 4 stjerners hotellandsby.
5 frukostar, 2 middagar og 2 lunsjar inkludert
Billettar til museum og attraksjonar
Tove Bakke er reiseleiar og kåsør
Reiseleiar frå Fotefar temareiser

Enkeltromstillegg. Kr 2750,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Dag 1
Avreise frå Oslo Gardermoen kl. 12.30 til Montpellier, med mellomlanding i Paris. Vi kjem fram til Montpellier klokka 20.05. Bussen vår hentar oss på flyplassen og tek oss med til Village Castigno, der skal vi bu i fem netter på ein heilt spesiell overnattingsstad. Ein del av ein landsby og eit slott er gjort om til eit luksuriøst landsbyhotell, og her er det både oppvarma symjebasseng, kunstgalleri og eigenprodusert økologisk raudvin. Landsbyen vår ligg fint til ein god halvtime frå kysten midt i dei beste vinområdene i Languedoc.

Dag 2
Heile formiddagen i landsbyen. Vi blir kjent med Castigno og blir servert piknik-lunsj ute i det fri i vinmarkene rundt landsbyen. Her får vi smake lokale matvarer og økologisk vin produsert i Castigno. God tid til å rusle rundt i landsbyen og kose seg  med ein cafe au lait eller eit glas vin på kafe, bli kjend med dei tronge gatene i den vesle byen, eller ta eit bad i symjebassenget. Om ettermiddagen blir det ein 2 timars vandretur i åsane med olivenlundar og vinranker  rundt Castigno. Dei som vil, kan også gå ein litt lengre tur. Velkomstmiddag på ein av dei gode restaurantane i landsbyen. Før middag får vi det første av Tove Bakke sine kåseri, og dagens tema er: Om litt av kvart i Languedocs kulturhistorie. (F,L,M)

Dag 3
Etter frukost set vi oss på bussen til byen Pézenas. Forfattaren Molière budde her i periodar, og den vesle byen (8000 innb,) er framleis kjend som kunst og litteraturby med fleire museum og kunstgalleri. Denne morgonen er det marknad i byen, og vi bruker tida til å sjå på dei mange bodene og småbutikkane i sentrum. På marknaden er det mange gardbrukarar som sel lokal mat, så vi satsar på å kjøpe med oss noko og ete ute i det fri.

På slutten av 1200-talet kom arabarane med dei første silkeormane til området rund Pézenas, og spesielt på 1700- og 1800-talet var det gode pengar å tene. Det var tradisjonelt  protestantiske familiar som var silkeprodusentar. På det meste vart det laga 5000 tonn råsilke i Frankrike og 350 000 menneske arbeidde i produksjonen av dette verdfulle stoffet. Og i Pézenas er det framleis eit silkeveveri.

Buss tilbake til Castigno om ettermiddagen. Før middag blir det vandretur i vakre omgjevnader mellom skyggefulle tre i åssidene ved landsbyen. (F)

Dag 4
Etter ein lang, god frukost er vi klare for dagens vandretur i skogane og åsane rundt Castigno.
Vi legg opp til ei lengre rute for dei som er interesserte i det. Lunsj på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein av restaurantane som høyrer til landsbyhotellet.

Om ettermiddagen kan ein velje om ein vil vere med på ein av aktivitetane i landsbyen som keramikkurs, urtekurs eller sykkeltur med el-sykkel. Det er også mogeleg å vere med reiseleiarane på ein liten vandretur i nærområda rundt landsbyen. Kåseri av Tove Bakke før middag, og dagens tema er: Om erkefranske saker og ting og kunsten å få dei over til norske lesarar, med utgangspunkt i Anna Gavaldas forfattarskap.

Dei som vil kan møtast på hotellrestauranten for middag om kvelden. (F)

Dag 5
Vi startar dagen med ein god frukost ute i hotellhagen. Denne dagen skal vi på heildagsutflukt til vakre Carcassonne og bussturen dit tek ein god time. Byen er av mange rekna som den best bevarte middelalderbyen i Europa og er eit imponerande syn med sine intakte bymurar. På turen dit fortel reiseleiarane om sør-fransk kultur og historie, og om kva som gjer at Carcassonne har spelt ei så viktig rolle i regionen. Vi tek oss god tid til å rusle rundt i dei gamle gatene, og møtest til lunsj på hovudtorget i byen.

Carcassonne har ei lang historie, og her har det vore busetnad sidan 3500 år f. Kr., og byen har stått imot angrep både frå arabarane og Karl den store. På byrjinga av 1200-talet var byen kontrollert av Katarane, som vart sett på som kjettarar av den katolske kyrkja, og i 1209 vart byen beleira og 400 katarar vart drepne. Historia til katarane og bygningane etter er av det som gjer Languedoc annleis enn andre regionar i Frankrike. Eit anna historisk særmerke for området er den såkalla «Bal Trad», stemningsfull tradisjonsmusikk. Trubadur-songen oppstod i dette området på 1100-1200-talet, og mange meiner at ordet trubadur kjem frå det provençalske verbet «trobar», som betyr «komponere» eller «finne opp».

Avskjedsmiddag på hotellet. (F,L,M)

Dag 6
Vi et ein god frukost, og så er det klart for den siste vandreturen i området rundt Castigno. Etter lunsj på landsbyrestauranten er vi klare for eit nytt kåseri av Tove Bakke. Dagens tema er: Om fransk språk og språk i Frankrike.

Buss til Montpellier flyplass kl. 14.00 og avreise derifrå kl. 17.45. Vi er framme i Oslo kl. 22.20. (Mellomlanding i Amsterdam.) (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
25/10OsloVandretur i Sør-Frankrike
Tilknyting frå andre byar, på førespurnad.
Meir enn 814 950,-Bestill