Vandring på Gran Canaria

23. – 30. november  2018.

Vandreturar på nordsida og det indre av øya

Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? På denne turen får vi oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på nordsida og i innlandet av øya. Her er det et godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap, men også i høgfjellet med fantastisk utsikt. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen og bur på spesielt utvalde hotell undervegs. Det blir fotturar kvar dag med guide, men med ein fridag på det flotte spa-hotellet Roca Negra. Turen har moderat nivå og passar for dei som er vande med å gå på turar både i flatare område og i fjellet. Gode sko med solide solar er nødvendig, og stavar kan vere ei god støtte nedover. 

Pris frå:
15 950,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo – Las Palmas
Busstransport og guiding på heile turen.
7 overnattingar på svært gode hotell.
7 frukostar
4 middagar som vist i programmet.
Vinsmaking, prøvesmaking av ost, tropiske frukter og anna
Reiseleiar frå Fotefar på heile turen
Lokal guide på vandreturane
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om små endringar

Fredag 23.11        Utreise
Avreise frå Bergen kl. 15.00 med stopp i Oslo og avreise derifrå kl. 17.30 med direkte fly til Gran Canaria og framme kl. 22.15 (Utreise frå andre byar ved førespurnad).
Møt opp minst 2 timer før avgang, innsjekking og sikkerheitskontroll kan ta tid. Reiseleiar Bjørn Sørheim frå Fotefar Temareiser vil møte dykk ved Meeting Point  i avgangshallen på Flesland frå ca. kl.12:30, der han står med skilt merka «FOTEFAR TEMAREISER». Ver venleg å ikkje sjekke inn før de har møtt representanten frå Fotefar! De med utreise frå Gardermoen sjekkar inn på eiga hand og møter reiseleiar ved «gaten».

Flyet er framme i Las Palmas kl. 22:15. Der vil vi bli tekne imot av turoperatør Eduardo i Human Tours. Frå flyplassen tek bussen vår oss opp til den pittoreske fjell-landsbyen Santa Brigida, ca. 17 km frå Las Palmas, der vi er framme ca. 23.15. Der skal vi bu i tre netter på Hotel Esquela Santa Brigida, som ligg fint til med flott utsikt.

Laurdag 24.11     Caldera de Bandama
Etter ein god frukost startar vi dagen kl. 09.30 med informasjonsmøte på hotellet om turopplegget og blir kjende med reiseleiar, den lokale guiden og kvarandre.
Kl. 10.30 blir det ein kort busstur frå hotellet til Caserio de Bandama. Vi startar turen med å gå rundt kanten der vi vil ha eit vakkert utsyn ned i Calderaen (gryta). Den delen av turen tek om lag to timar, og vi vil få informasjon om bakgrunnshistoria til dette naturfenomenet. Vi skal deretter gå ned i det berømte Bandama krateret (Caldera de Bandama) som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria på 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studere dette krateret. Turen er på 6,6 km og har ein høgdeskilnad på totalt 500 meter, både ned og opp. Det er litt bratt ned til krateret, og det ligg små runde partiklar i stien, så det kan vere litt glatt. Dei som ikkje vil gå ned i sjølve krateret, kan snu på halvegen. Likevel får dei eit godt inntrykk av sjølve krateret. Etter turen går vi innom uterestauranten på Golf-klubben og kompenserer for væsketapet med ei forfrisking. Buss tilbake til hotellet ca. kl. 15.30.

Kl. 19:00 busstransport (10 min) til fellesmiddag* på den på den svært gode restauranten, Casa Martell. Kl. 22:00 vert det buss tilbake til hotellet.

Søndag 25.11 Pico de Las Nieves – Degollada de Cruz Grande
Kl. 09:00 tek bussen oss frå hotellet oppover i dei vakre dalføra til Pico de Las Nieves, den høgste fjelltoppen (1949 m.o.h.) og det geografiske senteret på øya. På vegen opnar ei fantastisk panoramautsikt seg til Caldera de Tejeda. Vi får også med oss ei slåande utsikt til vulkanfjella Roque Nublo og Roque Bentayga og dei sjarmerande gamle landsbyane Tejeda og Artenara. Tejeda er omringa av 1000 m høge klipper og er kåra til ein av dei vakraste landsbyane i Spania. Turen opp tek om lag ein time.
Vi vandrar så vidare på «The Silver Path», ein steinsett sti som går frå den vakre furuskogen Los Llanos de La Pez til San Bartolome de Tirajana. Turen endar opp i Degollada de Cruz Grande. Dette er rekna som «turen over alle turar» på øya, og her får vi verkeleg sjå det autentiske Gran Canaria! Heile turen er på 8,5 km, og vi reknar ca. 4-5 timar vandring. Vi skal ned 763 meter og 94 meter opp. Turen er litt krevjande med noko nedstigning, men vegen og stiane er flotte, spesielt siste delen som slyngjer seg nedover på same måte som den kjende Vindhellavegen i Lærdal.

Middag på eiga hand om kvelden, men vi vil foreslå middag på restauranten Bentayga som ligg rett ned frå hotellet vårt. Vi kan gjerne møtast i baren der ca. kl. 19.00.

Måndag 26.11 Cruz de Tejeda - Artenara
Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet, og kl. 09.00 køyrer bussen oss frå hotellet til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 8,4 km, er moderat tung og tek om lag 5 timar. Det er stigning på 408 meter og 670 meter ned. Vi går oppover gjennom furuskog til kanten av vulkankrateret Caldera de Tejeda og får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet i Gran Canaria. Det er skildra av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk, landskap som er stivna etter ein storm, alt dette på grunn av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Vi går på kanten av krateret, og det er bratt skråning på utsida av stien. Deltakarar med høgdeskrekk må gå lengst frå kanten, eller dei kan vere med bussen til Artenara, som er ein vakker landsby.

Vel framme i Artenara, kan vi kjøpe forfriskingar på ein koseleg kafe der.
Bussen køyrer oss til det herlege hotellet Roca Negra, som har stort symjebasseng og spa-avdeling og ligg fint til med utsikt over Atlanterhavet. Vi reknar med å vere framme om lag kl. 16:00.

Fellesmiddag* på hotellet kl. 19.00.

Tysdag 27.11 Dette er fridagen vår!
Denne dagen har vi fri og kan slappe av på hotellet og nyte spa-delen og symjebassenget der og elles vandre i den koselege småbyen Agaete og kikke på folkelivet. Kanskje du har lyst å handle litt? Det er også gode turstiar langs Atlanterhavet, så om ein vil, kan ein få rikeleg med trim denne dagen og. Lunsj* på hotellet.

Om kvelden middag på eiga hand, men reiseleiaren legg opp til at vi går samla frå hotellet kl. 19.00 til den svært koselege restauranten El Capita, som serverer sjømat eller andre rettar. Pris for stor middag 20 Euro.

Onsdag 28.11 San Pedro (Agaete dalen)
Kl. 09:00 tek bussen oss til San Pedro landsbyen. Vi startar turen relativt flatt, men etter kvart blir det mykje motebakkar, men vi går i roleg tempo med fleire kvilepausar. Etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg nedanfor. Vi får også sjå det imponerande synet av Roque Faneque, den høgaste sjøklippa i Europa og den 7. høgste i verda! Denne vandreturen går så nedover langs stiar som kryssar eit vilt og vakkert landskap, lune fureskogar og til slutt på ein sti som slyngjer seg nedover ein fjellrygg til Agaete.  Turen er moderat tung, og vi vandrar ca. 8 km med 500 meter i høgde oppover og 700 nedover. Vi går heilt tilbake til hotellet, men på vegen stoppar vi for ei god forfrisking.

Middag* på hotellet.

Torsdag 29.11 Fagagesto – El Sao – El Hornillo – San Pedro
Avreise kl. 09:00 frå hotellet til Fagagesto. Buss ca. ein time. Turen startar frå Fagagesto ned ein spektakulær ravine til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkanboble og endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der alle bustadene er grevne ut av det vulkanske fjellet, går vi vidare til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av Agaete-dalen. Her besøkjer vi Los Berrazales vinkjellar og smake på den gode lokale vinen, den kjende geitosten og får ein kaffikopp frå kaffibønner produsert her. Turen denne dagen er på 4,5 time og er på 8,5 km i relativt lett terreng, men med ein god del bratte parti nedover. Det er 200 meter stigning og 600 meter nedover. Tilbake til hotellet ca. kl. 17:00.

Avslutningsmiddag* kl. 19.30 på hotellet.

Fredag 30.11 Heimatt
Etter ein tidleg frukost køyrer bussen oss frå hotellet kl. 07:00 til flyplassen i Las Palmas med avreise derifrå kl. 09:55. Flyet er framme i Oslo kl. 16.35, og dei som skal til Bergen byter fly der og er framme kl. 18:35.

Måltida som er merka med *, er inkluderte i prisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/11BergenVandretur på Gran CanariaFullbooka, venteliste16 950,-Book på venteliste
23/11OsloVandretur på Gran CanariaMeir enn 815 950,-Bestill