Vandretur på den greske øya Ikaria

18. – 25. september. 

Øya Ikaria i Hellas har ein særskilt posisjon når det gjeld livskvalitet og helse. Øya er ei av fem stader i verda der folk lever ekstraordinært lenge og er ei såkalla «Blue Zone». På denne vakre øya heilt aust i Egeerhavet finn du eit landskap som tek pusten frå deg. Samstundes vil du oppleve ei ro og ei livsglede som du knapt finn andre stader i verda. Fokuset er naturopplevingar, god mat og drikke, folkeliv, lokale kulturopplevingar og sosialt samvær.

Vi bur i ein liten landsby, Nas, på pensjonatet til Thea og Ilias, som er det sosiale sentrumet i landsbyen. Her bur vi enkelt, men godt, og fleire av vandreturane har utgangspunkt herifrå. Vi et lokal mat frå eigen gard, og får sjanse til å vere med Ilias på garden og plukke frukt, grønsaker og urter og sjå korleis dei små gardane på øya vert drivne. Thea lærer oss å lage eit gresk måltid med råvarene vi har sanka inn. Kvar dag har vi vandreturar av lett til moderat tyngde.  Ein av kveldane får vi vere med på ein panygiria, ein tradisjonell dansefest som er svært populær blant innbuarane på øya.

Denne turen er ein av favorittane våre i 2018. Dette ein tur med relativt få deltakarar, så gå ikkje glipp av sjansen til å komme utanfor allfarveg i Hellas.  

Pris frå:
14 950,-
Dagar:8
Fly t/r Oslo-Athen og Athen-Ikaria
1 natt på hotell i Athen
6 netter på pensjonat i Nas, Ikaria, med utsikt
7 frukostar
6 middagar
1 lunsj
Guida omvising i gamlebyen i Athen
Guida vandreturar kvar dag på Ikaria
Lokal kulturkveld med musikk og dans
Reiseleiar frå Fotefar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Dag 1
Vi reiser med direktefly frå Gardermoen om ettermiddagen og kjem til Athen tidleg om kvelden. Innsjekking på hotellet vårt i Plaka, før vi går ut i gamlebyen i Athen for ein sein middag. (M)

Dag 2
Etter ein god frukost får vi ei guida omvising i om lag tre timar som endar opp på Akropolis og det nye museet der. Gjennom berre to generasjonar frå 447 og fram til 404 f.Kr., vart dette til ein by av tempel på Akropolis-høgda. Vi får kunnskap om historia og korleis desse underverka vart til. Her vart gudane til grekarane tilbedne og feira, ofte på svært livleg vis. Eit av høgdepunkta for mange er også å sjå detaljane i Parthenon-frisen på nært hald i museet samstundes som ein har direkte utsikt til Parthenon-tempelet oppe på Akropolis.

Vi sjekkar så ut frå hotellet og dreg til flyplassen der flyet vårt tek oss til øya Ikaria. På den vesle flyplassen her møter vi Thea som helsar oss hjarteleg velkomne til øya. Det første som møter oss er små krokete vegar med ei fantastisk utsikt over Egeerhavet, og vi køyrer vekselvis gjennom små pittoreske landsbyar, i fjellandskap og langs strendene ved kysten. Om lag halvvegs stoppar vi i den vesle byen Evdilos for å strekke på beina, få oss litt forfriskingar og ta ut pengar.

Når vi kjem til Nas, sjekkar vi inn på romma våre og møtest til middag, som er laga av lokale råvarer servert på store fat slik at alle får smake på dei ulike lokale greske delikatessene. Er veret slik det brukar å vere i september, får vi ete ute på terrassen under taket av vindruer og med fantastisk utsikt over månelyset i Egeerhavet. (F, M)

Dag 3
Etter ein god frukost med eigenproduserte egg, yoghurt, ikaria-honning, heimelaga syltetøy, ost, kaffi og te av ville urter byrjar vi ein ny og spennande dag. Denne dagen skal vi vandre i Chalares-dalen, ein vill og vakker elvedal som leiar opp til det sosiale sentrumet på denne delen av øya, landsbyen Agios Dimitrios, der vi stoppar for lunsj. Derifrå går vi vidare opp i fjellet til landsbyen Prophet Ilias for å besøkje vingarden Afianes. Vertskapet her vil vise oss rundt på vingarden, og vi får smaksprøver på dei ulike lokale vinane og vite meir om vinlaging på Ikaria. Vi går så attende til Nas, badar og slappar av før vi et middag hos Thea.

Thea’s Inn er kjent på Ikaria som tilhaldsstad for dei lokale innbuarane på øya, men også for tilreisande kunstnarar, musikarar og frie sjeler frå alle verdenshjørner som vil vekk frå dei tradisjonelle turiststadene og oppleve noko heilt anna. Her finn dei eit fellesskap og ei ro som ein sjeldan finn andre stader. Thea og Ilias tek i mot alle med opne armar og varme og fortel gjerne om øya og den heilt særskilde statusen som Blue Zone. Dei fem stadene i verda som har fått merkelappen Blue Zone er stader der innbuarane lever mykje lenger enn andre stader. Det vert forska på årsaka til dette, og resultata av dette skal vi også fortelje om undervegs på denne turen. (F, M)

Dag 4
Etter frukost dreg vi ut til garden til Ilias for å plukke lokal frukt, bær, grønsaker og urter, og vi får høve til å vere med og lage eit godt gresk måltid som vi skal ete til lunsj. Dei som ynskjer det, kan vere med på ein vandretur i fjella bak garden til Ilias etter lunsj, eller ein kan bruke ettermiddagen på stranda for sol og bading. Om kvelden kan ein ete middag på ein av dei fire gode tavernaene i landsbyen. Vi kan spesielt tilrå Anna sin fiskemat. Ho held til i nabohuset til pensjonatet til Thea og er berømt for sin gode fiskemat. (F, L)

Dag 5
Etter å ha slappa av med ein god frukost ute i hagen til Thea med vid utsikt over Egeerhavet, dreg vi med buss opp til startpunktet for dagens vandretur. Vi vandrar gjennom ein svært gamal skog (segna seier at dette er ein magisk stad) før vi går over eit fjellpass til landsbyen Magganitis på sørsida av øya. Dette er ein spektakulær tur på mange måtar, både på grunn av utsikta og den vakre naturen langs ruta, og den sjarmerande landsbyen vi endar opp i. Turen tek om lag tre timar og er forholdsvis lett, men med noko nedstiging på steinete sti. Når vi kjem fram, er det høve til eit forfriskande bad og lunsj på ein av dei små sjarmerande tavernaene i Magganitis. Transport attende til Nas for middag hos Thea. (F, M)

Dag 6
Vi held fram utforskinga vår av øya, og etter frukost denne dagen dreg vi på vandring til Kosikia. Her finn vi borga Koskina på toppen av ein klippetopp med ei fantastisk utsikt over øya og havet utanfor. Borga er frå 10. hundreåret e.kr. og er bygd i bysantinsk stil. Den vart bygd for å verne folket på Ikaria mot angrep frå sjørøvarar og andre fiendar. Inne i borga finn vi ei kyrkje, St. George Dorganas. Turen opp til borga er middels tung og tek om lag to timar, men den storslegne utsikta er verdt turen opp. Når vi kjem ned frå fjellet, et vi lunsj i ein landsby like ved, før vi returnerer til Nas for middag. (F, M)

Dag 7
Etter den gode frukosten på terrassen til Thea, skal vi gå til eit svært gamalt kloster, Theoktistis. Dette ligg oppe i fjella på øya, som faktisk har dei mest fruktbare områda. Mesteparten av det som vert dyrka på øya, og dei fleste av dei 8.536 innbuarar på Ikaria, held til oppe i fjella. Dette skuldast at vinterklimaet her er mildare og mindre vêrhardt enn nede ved kysten, og om sommaren er det meir nattedogg og fukt for å gje nok væte til avlingane. Det er framleis munkar ved klosteret, og vi skal besøkje den vesle kyrkja som ligg under ein stor steinheller. Her får vi også servert loukoumades (greske smoltringar) med ikaria-honning og kanel, ei lokal delikatesse! På veg tilbake stoppar vi I den vesle byen Armenistis, som ligg 3,5 km frå Nas. Her er det flotte kvite sandstrender og sjarmerande små butikkar og kafear der vi kan ete lunsj. Vi spaserer så heim til Thea til avslutningsmiddag. (F, M)

Dag 8
Etter ei heilt spesiell veke hjå Thea skal vi seie farvel etter frukost og ta eit siste bad, før vi dreg attende til flyplassen og Athen. Når vi kjem til Athen, sjekkar vi inn på kveldsflyet som går direkte til Oslo.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
18/9OsloVandretur på Ikaria614 950,-Bestill