Smaken av Toscana

15.-21. november  2018.

Velkommen med på ei reise til vakre Toscana, der vi får oppleve ein fantastisk trøffelfestival, lokal drikke, heimelaga sjokolade og gode ostar. Området er spesielt kjent for nydeleg mat, så her kan vi verkeleg leve det gode liv. Vi bur i landsbyen San Miniato og legg opp til fleire vandreturar i olivenlundane rundt byen.
Sommelier Anniken England blir med på turen og viser oss dei beste raude og kvite frå Chianti. I tillegg får vi med oss kunstbyane Firenze og Roma.

Pris frå:
12 950,-
Dagar:7
7 dagar
Flyreise Oslo-Roma t/r
All busstransport som vist i programmet
1 overnatting på hotell i Roma
5 overnattingar på hotell i San Miniato i Toscana
6 frukostar
3 middagar og 1 lunsj
Besøk på vingard og prøvesmaking
Rasmus Sunde er reiseleiarar frå Fotefar temareiser
Sommelier Anniken England er med som fagperson på italiensk vin
Heildagsutflukt til Firenze
Guida rundtur i Roma

Tillegg:
Enkeltrom kr 2.985
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Torsdag   15.11
Avreise frå Gardermoen med Norwegian kl. 19.50 og framme på flyplassen i Roma kl. 23.00. Temperaturen er vanlegvis god i november, så vi ventar godt ver på turen. Buss til hotellet vårt Hotel Pace Helvezia som ligg svært sentralt til i Roma sentrum.  

Fredag  16.11
Etter frukost blir det ein gåtur med Roma-guide Kirsten Jakobsen. Vi får sjå dei aller største attraksjonane i og rundt Roma - som Piazza Venezia, Kapitolhøgda, Via Fori Imperiali, Forum Romanum, Colosseum, Panteon og Trevi-fontena. Etterpå blir det ein enkel lunsj på hotellet før bussen tek oss nordover mot Toscana i eit variert landskap. Om kvelden kjem vi fram til den idylliske byen San Miniato i Toscana. Vi sjekkar inn på Palazzo Miravalle (http://www.hotelmiravallesanminiato.it/) der vi skal bu i fire netter. Fotefar har brukt dette typisk toscanske hotellet i mange år, og vi likar oss spesielt godt her. Fellesmiddag på hotellet. Her får vi smake på trøffel for første gong på turen. Denne helga vert det arrangert ein av Toscanas største trøffelfestivalar i byen, og festivalen held til rett utanfor dørene til hotellet. Verdas største kvite trøffel 2520 gram vart funnen her i 1954 og gitt i gåve til president Eisenhower.

San Miniato er også ein Slow City med vekt på Slow Food – lokal mat laga med tradisjonelle oppskrifter, så her får vi smake på ekte toscanske matrettar med lang historie i regionen. (F/L/M)

Laurdag   17.11
Denne dagen skal vi bli kjende med San Miniato. Byen har berre 5000 innbyggjarar, så her er det oversiktleg og lett å finne fram. Vi startar frå hotellet etter frukost og kler oss for vandring med gode sko. Først blir det guiding rundt om i byen, og deretter ein lett gåtur i skogen og markene rett utanfor bymurane. På vegen går vi forbi klosteret i byen, som Frans av Assisi la ned grunnsteinen til. Frå det høgste punktet i byen får vi også utsyn over den gamle pilgrimsvegen til Roma, Via Francigena.

Etterpå får vi god tid til å rusle rundt på trøffelfestivalen. Skogane rundt San Miniato har ideelle vekstvilkår for kvit trøffel, og byen er berømt for dette. I marknadsbodene rundt om i byen finn ein ikkje berre trøffel, men alle slags lokale matvarer, så vi satsar på å kjøpe med oss ost, skinke og brød, og ete lunsj utandørs. Ein kan også kjøpe med seg eit vinglas for nokre få euro, som ein kan bruke til å smake vin frå dei mange vingbodene. (Ein betaler berre for vinglaset, ikkje for kvar gong ein smakar vin.)
Vi har god tid til å rusle rundt i den pittoreske byen og sjå på folkelivet.

Tidleg om kvelden møtest vi på Piazza Dante, og bussen vår køyrer oss til den vakre vingarden Montalto for omvising, vinsmaking og middag. Vingarden ligg praktfullt til oppe på ei høgde og har vore i slekta i generasjonar. Her kan vi også kjøpe med oss vin og olivenolje. Sommelieren vår Anniken England fortel oss om vinane vi smakar og kva mat dei passar til. Anniken driv vinbloggen Druefin og held også vinkurs og importerer gourmetmat til Norge. (F/M)

Søndag   18.11
Denne morgonen gir vi oss god tid med frukosten. Deretter kan dei som vil, vere med på ein vandretur på ca. ein time i dei vakre åsane utanfor byen. Her går vi i olivenlundar og får fin utsikt tilbake mot byen San Miniato. På vegen kjem vi forbi ein liten butikk som lagar sine eigne sjokoladar og kaker etter tradisjonelle toscanske oppskrifter ( https://www.ilcantucciodifederigo.com/).
Her har dei laga nydelege søtsaker etter dei same oppskriftene i fem generasjonar. Eit britisk turselskap sender grupper eins ærend til San Miniato for å gå innom her, så den vesle butikken har nesten vorte ein attraksjon. Innehavaren, Paolo, snakkar godt engelsk og har også eit godt utval av lokale variantar av den søte dessertvinen, Vin Santo.

Om ettermiddagen slappar vi av og kosar oss i San Miniato og på trøffelfestivalen. Reiseleiarane kan anbefale produkt ein kan kjøpe med seg. Mange av salsbodene kan vakumpakke matvarer, så her har ein ein god sjanse til å få med seg delikatesser heim. Trøffelolje og pecorino-ost kan anbefalast.

Om kvelden middag på eiga hand. San Miniato har mange innbydande restaurantar, og fleire vil gjerne vere med reiseleiarane på ein koseleg restaurant like ved hotellet. (F)

Måndag    19.11
Etter frukost kan dei som vil (mot tillegg), vere med på ein heildagstur til nydelege Greve i hjartet av Chianti. Her blir det heile to vinsmakingar frå vingardar spesielt utvalde av sommelier Anniken England. Bussturen dit tek ein god time, og på vegen fortel Anniken om kva som kjenneteiknar gode Chianti-vinar og området dei er dyrka i. På den eine vingarden får vi lunsj i det fri, viss veret tillet det.

Det blir også god tid til å utforske byen Greve. Vi kan anbefale Antica Macelleria Falorni, berømt for spekematen og pølsene sine. Elles er byen kjend for butikkar med fletta korger og anna handverk, så her kan ein gjere eit godt kjøp. Vi kan også anbefale eit glas vin eller ein caffè latte på dei mange utekafeane på piazzaen midt i sentrum.

Buss tilbake til San Miniato tidleg om kvelden. Middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein god restaurant kjend for både trøffelrettar og anna tradisjonell, toscansk mat. (F)

Tysdag  20.11
Heildagstur til Firenze som er den største renessanse- og kunstbyen i Italia. Her blir det guiding av svenske Bodil som viser oss  rundt i byen og fortel om dei imponerande attraksjonane. Vi får med oss Duomo, den praktfulle katedralen og Ponte Vecchio, den mest berømte brua over elva Arno. Uffizi er eit av største kunstgalleria i verda, og mange av dei mest kjende måleria og skulpturane finn vi her. Denne kunstopplevinga bør du gjerne få med deg. Elles har Firenze eit yrande gateliv og ein stor marknad – særleg med skinnvarer.

 Lunsj på eiga hand i Firenze. Buss tilbake til San Miniato. Om kvelden fellesmiddag* på hotellet vårt. Her får vi eit eige rom for oss sjølve med fantastisk utsikt over Arno-dalen. (F/M)

Onsdag 21.11
Etter ein tidleg frukost tek bussen oss til flyplassen Fiumicino i Roma. Avreise derifrå kl. 15.55, og vi er i Oslo kl. 19.05. (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
15/11OsloSmaken av Toscana
Lesartur for abonnentar av Sogn Avis.
312 950,-Bestill
15/11OsloSmaken av Toscana313 950,-Bestill