Vandretur på paradisøya Madeira

30.10-07.11. 2018

Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Uansett kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer.
Vandreturane langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Dei er relativt lette, og vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap. Elles skal vi kose oss med nydeleg mat og god vin, og hotellet vårt med fire stjerner har mange flotte fasilitetar.
Funchal står i dag fram som ein svært moderne og spennande by, medan jordbruket framleis blir dyrka etter tradisjonelle metodar. Hakke og ljå er dei vanligaste reiskapane, og generasjonar har dyrka vin og bananar på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene

Pris frå:
13 975,-
Dagar:9
Flyreise Oslo - Madeira t/r (Mogeleg tilknyting frå andre byar mot tillegg i pris)
All busstransport, guiding og fellesutflukter som vist i programmet
8 overnattingar på 4* hotell
8 frukostar
9 middagar/lunsjar
Kulturkveld med musikk, song og folkedans
Prøvesmaking av vin, ost, tropiske frukter og anna
Norsktalande, lokal guide på Madeira
2 reiseleiarar frå Fotefar Temareiser
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Tysdag 30. oktober: Frå Norge til Madeira
Avreise frå Oslo kl. 12.50, mellomlanding i Lisboa og framme på Madeira kl. 18.40. På førespurnad er det mogeleg å reise frå andre byar. På flyplassen blir vi møtt av den lokale guiden Alina som snakkar flytande norsk. Ho vil vere guiden vår gjennom heile veka. Bussen vår køyrer oss inn til Funchal, og vi sjekkar inn på hotellet (4*) vårt, der vi skal bu under heile opphaldet. Det ligg sentralt til med ein vakker hage og to symjebasseng. Alle romma har suite med ein ekstra salong.
Etter innsjekkinga får servert ein god middag* på hotellet.

Onsdag 31. oktober: Besøk i Funchal.
Etter frukost skal vi gjere oss kjende i den fargerike hovudstaden på Madeira, Funchal. Guiden Alina tek oss med på ei byvandring til fots. Denne utflukta vil gi eit godt grunnlag for å utforske byen seinare på eiga hand.
Vi startar med eit besøk i den vakre katedralen frå 1514 med namnet Sé.  Arkitekturen er ei blanding av hispano-arabisk og gotisk-romanske linjer.
I den fargerike marknadshallen kan vi beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fanga i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle "Espada-fisken» den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt ete under opphaldet.

Vi går vidare til ein broderifabrikk, der vi får omvising og ser på kva utruleg arbeid som ligg bak dei vakre broderia som byen er berømt for.
Til slutt på vandreturen besøkjer vi eit madeiravinhus, der vi får lære om historia til denne vinen og korleis den blir produsert og lagra. Her får vi sjølvsagt ei smaksprøve.
Lunsj på eiga hand, men Alina viser oss restaurantar der turgruppa kan sitje nokså samla og kose seg.

Resten av dagen til eigen disposisjon, men vi kan anbefale besøk i dei to frodige byhagane med eksotiske blomster, plantar og tre.
Middag* på hotellet om kvelden.

Torsdag 1.november: Til fots på levadaen Vale Paraiso og utflukt til Monte.
Vatningsvegane, levadaane, er eit særpreg for Madeira. Fra gammel tid har ein gjennom dette kanalsystemet ført vatn rundt om på øya.
Bussen køyrer oss frå hotellet kl. 08.30, og vandreturen denne dagen går gjennom den grøne Paradisdalen med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar. Langs turen vil vi oppleve forskjellige lukter som av Eucalyptus, Gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre, og det er flott å oppleve den rike floraen og det spesielle landskapet. Dette er ein lett vandretur på ca. 4 km, og etter ein velfortent pause og forfrisking på ein lokal kafe, dreg vi til Monte, fjellet som ligg rett over for Funchal.
Frå Monte nyt ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira. Vi kikkar på den vakre katedralen der Karl I, den siste keisaren av Austerrike/Ungarn, ligg i jarnkiste. På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned igjen dei bratte bakkane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstyttingar, og dei blir styrde av to menn – carreiros – som er kledde i kvite kler og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned att frå Monte. Vi er tilbake til hotellet ca. kl. 13.30, og då er det tid for lunsj*.

Denne ettermiddagen kan vi nyte fasilitetane på hotellet og/eller ta ein tur inn til gamlebyen i Funchal.
Middag på eiga hand denne kvelden, men reiseleiarane gir råd om koselege restaurantar.

Fredag 2. november: Levada Do Norte og Camara de Lobos
Vandringa denne dagen startar tidleg med buss frå hotellet kl. 08.00 og går på den lengste vatningskanalen på øya med vakker utsikt over sørvest kysten. Dette er ein moderat tur på ca. 2 ½ time i roleg gange.
Bussen hentar oss, og turen held fram til Camara de Lobos i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike, små fiskebåtar. Om natta legg fiskerne ut for å fange den populære Espada-fisken og andre fiskeslag. I denne byen kan vi nyte ein lett lunsj og deretter utforske byen litt på eiga hand. Tilbake til hotellet ca. kl. 15.30.
Middag* på hotellet om kvelden.

Laurdag 3. november: Levadaen Lombo dos Marinheiros
Vi startar frå hotellet kl. 08.00. Denne turen langs levadaen er særleg sjarmerande og inneheld ei blanding av lokal flora og fauna og vakker utsikt som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Etter fotturen på ca. 3 timar køyrer bussen oss til ein kjend sukkerrøyrfabrikk før vi tek lunsj* i byen Calheta. Vi er tilbake til hotellet vårt ca. kl. 17.00.
Denne kvelden skal vi oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke! Her blir vi servert ein tre-rettars middag* der hovudretten er dei berømte grillspyda på ca. ein meter! Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar som fado og lokale dansar. Dei dyktige dansarne er i alle aldrar og vil gjerne at vi blir med i dansen!

Søndag 4. november. Busstur til ville, vakre, vestre Madeira

Denne dagen skal vi utforske den ville, vakre og vestre delen av Madeira og startar frå hotellet kl. 08.30. Vi dreg langs bananplantasjane og vingardane på sørkysten fram til den berømte klippa, Cabo Girão. Klippa har eit loddrett stup på 580 meter rett ned i havet og er med dette verdas tredje høgste. Her ser vi på utsikta før vi held fram utflukta vår til Ribeira Brava, ein pittoresk kystby der vi får tid til ein spasertur, kikke på fiskebåtane og ta ein kopp kaffe eller eit glas vin. Deretter dreg vi videre oppover mot fjellområdet Encumeada med vakker og skiftane natur og med flott panorama mot Atlanterhavet.

Gjennom grøne skogar går turen vidare til São Vicente ved nordkysten. Vi tek ein liten spasertur i byen og får med oss eit lite besøk i den vakre kyrkja. Deretter følgjer vi kystlinja vidare med ei praktfull utsikt over Atlanterhavet til vi når Porto Moniz. Denne byen er kjend for det naturlege havbassenget, som er forma av stivnet lava. Her skal vi nyte ein 3-rettars lunsj*. Deretter blir det tid til å utforske byen litt på eiga hand.

Om ettermiddagen på veg tilbake til Funchal, set vi først kursen mot Paul da Serra, eit 1400 m høgt platå med fantastisk utsikt. Bussen køyrer så vidare nedover mot kysten til Ponta do Sol og  Ribeira Brava og tek så motorvegen til Funchal.
På denne turen vil guiden fortelje litt om historia til Madeira i tillegg til alt det spennande vi ser undervegs.
Tilbake til hotellet slappar vi av og kosar oss før vi får samlast til middag* der.

Måndag 5. november. Fridag eller valfrie alternativ:
Alternativ 1   Lavadaen do Rei
 (Kongens Levada)
Dette er ein heildagstur på ca.4 ½ time i roleg gange med gode pausar og piknik. Vi går gjennom dei vakre dalane i São Jorge i dei mest grøderike områda på heile øya. Dette skuldast regnskogen, og vi opplever ei mengd med urter og plantar som blir nytta innan medisinen. Det mest spektakulære er når vi går bak eit fossefall og kjem fram til ein nærmast paradisisk stad som er så vakker at den mest tek pusten frå folk flest.

Alternativ 2   Båttur med Nau Santa Maria Colombo 
Båttur med ein tru kopi av Christopher Columbus sitt skip Santa Maria. Denne kopien vart bygd ferdig i 1998 i fiskebyen Camara de Lobos. Sidan då har tusenvis av folk opplevd denne «historiske» seglturen langs sørkysten. Då er det lett å drøyme seg tilbake til slutten av 1400-talet og førestille seg korleis Columbus og mennene hans hadde det på veg til ukjende farvatn. Turen tek ca.3 timar.

Lunsj og middag på eiga hand, og ettermiddagen til eigen disposisjon.

Tysdag 6. november             Fridag med eige opplegg
Dette er ein dag ein har heilt til eigen aktivitet. Vi kan foreslå at ein nyttar deler av dagen på dei flotte fasilitetane på hotellet, og gamlebyen i Funchal er verkeleg ei nydeleg perle. Reiseleiarane hjelper til med opplegga, og det er sikkert fleire som kan tenkje seg ein siste vandretur på øya.

Avslutningsmiddag* på hotellet om kvelden.

Onsdag 7. november
Retur til Norge

Etter frukost blir det buss frå hotellet til flyplassen med avreise der kl. 10.30 via Lisboa og framme i Oslo kl. 18.05.

Måltid som er inkluderte*

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
30/10OsloParadisøya MadeiraMeir enn 813 975,-Bestill