Vandretur i Andalucia

29. april – 6. mai 2018.

Bli med Fotefar på vandring i Sierra Nevada på stiar gått opp av fønikerar, romarar og maurerar frå svært gamal tid. Her finn du gamle ruinar frå romartida side om side med kvitkalka murhus i små landsbyklynger spreidd rundt i fjellsidene.

Livet i dei avsidesliggande landsbyane i Alpujarra er tradisjonelt, der mykje av arbeidet på gardane og i husa vert utført med metodar som har endra seg lite gjennom tida. Muldyr og oksar er vande til å arbeide på markene og i stallen finn du vanlegvis ein gris. Den mest kjende er den svarte Iberico-grisen som har eikenøtter som favorittmat og som endar opp som ein av verdas beste spekeskinker og pølser. Om hausten vert det laga kvalitetsvin som vert lagra i lokale bodegaer. Den har ein rik, mørk farge og kraftig smak – ideelt ved sida av den lokale Iberia-skinka og heimelaga oliven. Desse og mange andre lokale delikatesser og vinar får vi også servert på dei små lokale restaurantane, fleire av dei anbefalt i Michelinguiden.

I 4 dagar oppheld vi oss i vakre Alpujarra der vi går gjennom eit variert terreng gjennom skyggefulle skogholt, langs elvar, terasserte beitemarker og steinete stiar med utsikt til dei snødekte toppane i Sierra Nevada. Vi besøkjer fleire av landsbyane og får oppleve kvardagslivet der undervegs i vandringane våre. Dei fleste turane er i lett til middels lett terreng og varar 3-4 timar. Det er også mogleg å velja noko tyngre og lengre turar for dei som ynskjer det.

Etter nokre dagar i fjella reiser vi vidare til kystbyen Almuñècar, bygd av romerane og fønikarane i 1. hundreåret før Kristus. Dette er ein moderne kystby med ei fin blanding av fastbuande og turistar. Her finn du vakre kyrkjer og parkar, ei romersk/maurisk borg og fleire romerske ruiner, i tillegg til gode badestrender og eit vell av restaurantar og butikkar. Rundt byen er det mange gode vandrestiar i klippelandskapet. Det vert også høve til å vere med på turar til berømte Caminito del Rey og Alhambra-palasset.  - 

Pris frå:
13 950,-
Dagar:8
4 netter på godt 3* hotell i Alpujarra med basseng
3 netter på 4* hotell i Almuñecar med basseng og spa-avdeling
7 frukostar
4 middagar med vin og vatn
3 pikniklunsjar i Alpujarra
Eigen reiseleiar frå Fotefar
Lokal transport i Alpujarras
Transfer til/frå Málaga flyplass, Alpujarra, Almuñecar

Enkeltromstillegg. kr 2950.-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Dag 1 - Ankomst
Avreise frå Oslo (andre byar mot tillegg) klokka 11:35 med ankomst til Malaga flyplass klokka 15:40. Bussen køyrer oss til Alpujarra fjella og det koselege hotellet vårt.

Sierra Nevada er den høgaste fjellkjeda på den iberiske halvøya, med mange toppar over 3000 meter, den høgaste er nær 3500 meter. Sierra Nevada betyr snødekte fjell, og store delar av året er det snø på toppane, men i sørhellingane skin sola, og det er varmt og grøderikt. Området heiter La Alpujarra, «høge beite», og her finn ein over 80 små pittoreske landsbyar. Dette relativt ukjende området har eit av Europas vakraste landskap, med utsikter som tek pusten frå deg og ein fascinerande flora og fauna. Pinjeskogane i dei høgste fjellsidene vekslar med kastanje-, valnøtt- og kirsebærtre før ein lenger nede i lia møter gardar med oliven- og vinproduksjon, appelsin, sitroner og granatepler i dalane nedanfor. Frå snøen på toppane like til Middelhavet er det panoramautsikt i alle retningar frå Veleta-toppane og Mulhacèn, den høgaste toppen i Sierra Nevada, til byane ved det turkisblåe Middelhavet nedanfor fjella. Ved solnedgang på klåre dagar ser du Rif-fjella i Marokko på andre sida av Middelhavet.
Middag på hotellet. (M)

Dag 2 – Alpujarra
Etter ein god frukost vandrar vi frå landsbyen vår opp i ein vakker dal som ligg om lag 1.700 m.o.h. Denne rundturen tek oss til ei flott elv med små basseng og ei vakker kløft. Vi går gjennom eit variert terreng gjennom skyggefulle skogholt, langs elvar, terasserte beitemarker og steinete stiar med utsikt til dei snødekte toppane i Sierra Nevada. Kanskje møter vi nokre ville fjellgeiter på turen, eller ser ørn eller gribb som det er ein del av i området? Dei høge fjella har sin eigen venleik; vill og barsk om vinteren, for så å vakne til liv om våren med herlege lukter av ville urter og ei sky av små fargerike blomster, mange av dei heilt særeigne for Sierra Nevada. Vi et pikniklunsj ved elva, og har med badekle så vi får oss ein forfriskande dukkert i elvekulpen før vi går vidare heim til landsbyen vår. Overnatting i Alpujarras. Lett tur på 3-4 timar inklusiv lunsj og bading. (F, L)

Dag 3 – Alpujarra
Etter frukost der vi får servert lokale skinker, ostar og frukter, går vi nedover dalen til ein liten kvit landsby. Derifrå vandrar vi i eit fascinerande landskap gjennom ein dyrka elvedal som fører oss til ein anna kvit landsby som klamrar seg til åsane. Alle stader høyrer du lyden av vatn i bekkar, fossefall, vatningskanalar og brønnar. Undervegs kan vi plukke bær, neter og urter som tidlegare var viktig mat her. Esel og muldyr er framleis i bruk på gardane, og på turane våre møter vi gjetarar med sauer og geiter som beiter i dalsidene.

Vi et pikniklunsj på eit platå med utsikt over heile dalen før vi held turen vår. Her kan ein velje mellom to alternativ med ulik lengde og grad av utfordring. Her kan vi oppleve gamle romerske bad, ein gamal jerngruveby og nokre fine forfriskande elvebasseng. For dei som ynskjer ein tyngre tur går stien i bratte slyng opp ei bratt fjellside til ein romersk ruin med utsyn over heile dalen og fjella rundt. Til slutt møtest alle på ein fin liten restaurant med balkong med utsikt over dalen og nyt lokale forfriskingar før bussen tek oss attende til landsbyen vår. Moderat tur på 3-4 timar inklusiv lunsj og bading. Overnatting i Alpujarras. (F, L)

Dag 4 - Alpujarra
Frukost og avreise til den høgastliggjande byen i Andalucia, Trevelez, der vi skal gå gjennom den vakre dalen langs ei av dei lokale aureelvane, gjennom ein skog av korkeik og forbi gamle gardshus og olivenlunder. På turen er det høve til å plukke ulike sortar bær og frukt. På slutten av turen vil vi smake litt god vin og lokal skinke og ost. Moderat tur på 3-4 timar inklusiv lunsj og bading. Overnatting i Alpujarras. (F/lett L)

Dag 5 - Almuñecar
Etter frukost på hotellet og utsjekking, reiser vi gjennom det vakre landskapet i Alpujarra og Granada til hotellet vårt i Almuñêcar. Dette hotellet ligg like ved stranda og har både utandørsbasseng og spa-avdeling med jacuzzi, massasje med meir. Vi sjekkar inn på hotellet vårt før vi går ein tur i skulpturparken i byen. Det vert høve til å besøke San Miguel borga, bygd av romerane i 1. århundre før Kristus.  Elles blir det tid på eiga hand til bad og avslapping, utforske Almuñêcar, handle, sitje på kaffebar og elles nyte livet. Overnatting i Almuñecar. (F, M)

Dag 6 - Almuñecar
Frukost på hotellet. Dagen på eiga hand i Almuñecar med sol, bad, shopping eller kultur. Overnatting i Almuñecar. (F, M)

Denne dagen er det mogeleg å velje ein tur til Caminito del Rey (mot tillegg), ei spektakulær vandrerute langs ei elvekløft om lag 2 timar køyring inn i fjella frå Almuñêcar. Dette er ein gangveg på om lag 4 km som bolta fast i dei bratte veggane i kløfta El Chorro. Namnet Camino del Rey «kongens vandringsveg» kjem av at Kong Alfonso XIII gjekk denne vegen. Den vart bygd som anleggsveg ved bygginga av kraftanlegga i området og vart seinare ein populær tursti, men etter år med manglande vedlikehald og ulukker vart den stengd. Etter at vegen vart opprusta og reopna i 2015, har dette vorte ei spektakulær og populær vandrerute for mange. Du får fantastisk utsikt på turen gjennom elvekløfta i tillegg til å sjå eit vell av blomar, liljer, spesielle tre og eit rikt fugleliv. Blant anna er dette tilhaldsstad for mange artar av gribb. Når turen er gjennomført (du kan ikkje snu og gå tilbake), kan vi kjøpe lunsj og forfriskingar og kanskje ta eit bad i elva før bussen køyrer oss attende til Almuñecar.

Stien er godt sikra, men nokså luftig, og ein kryssar over elvekløfta på ei hengebru med metallgitter. Turen er difor valfri for dei som eventuelt slit med høgdeskrekk.

Dag 7 - Almuñecar
Vi et ein god frukost på hotellet. For dei som ikkje vel tur til Alhambra (sjå nedanfor) kan ein delta på ein liten vandretur på om lag 2 timar + tid for lunsj i kystområdet rundt Almuñecar. Turen går mest nedover, gjennom eit luftig landskap med vakker utsikt over Middelhavet. Rundt oss er det kryddervokster, blomar og pinjetre som luktar herleg, og det er stor moglegheit for at vi får sjå ville geiter, fleire typar rovfuglar og kanskje også eit villsvin? Vi endar opp på ei lita «paradisstrand» mellom klippane med ein ypparleg lunsjrestaurant der vi sit på stranda og ser utover havet medan vi et tapas og kanskje nyt eit glas sangria? Buss attende til hotellet etter lunsj. Avslutningsmiddag på ein god restaurant ved hotellet. (F, M)

Denne dagen er det mogleg å velje ein tur til Alhambra, det fantastiske maurarpalasset i Granada (mot tillegg). Palasset og festningsanlegget med dei fantastiske hagane rundt vart bygd på 1300-talet av maurarane, dei arabiske erobrarane av det som er dagens Granada. Det er på Unesco si verdsarvliste, og er rekna som ein av dei største turistattraksjonane i Spania og det mest fullstendige dømet på maurisk kunst frå denne perioden.

Dag 8 - Avreise
Vi et ein god frukost på hotellet før vi køyrer til flyplassen i Malaga. Flyet vårt til Oslo har avgang klokka 15:10 og er framme i Oslo klokka 19.10. Tilknyting til andre byar i Norge mot tillegg. (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
29/4OsloVandretur i AndaluciaFullbooka, venteliste13 950,-Book på venteliste