Busstur til Stockholm og Tallinn

21.-26. juni  2018.

Velkomen med på busstur til jonsokfeiringa i Tallinn med stopp i Stockholm undervegs. Dette er ein tur med mykje song, musikk og dans. Vi får også med oss ein del historie. I Sovjet-tida var Estland nærmast stengd for vanlege turistar, og vi visste lite om denne delen av Europa. Etter at landet fekk attende sjølvstyret sitt i 1991, har det på mange område gjennomgått ei rivande utvikling. I dag er gamlebyen i Tallinn blant ein av dei best verna og vakraste mellomalderbyane i Nord-Europa. Historikar Rasmus Sunde er reiseleiar, og han fortel levande om historia til Baltikum på bussen.

Høgdepunktet på turen blir nok jonsokfeiringa med mykje dans og musikk i eit nydeleg parkområde utanfor Tallinn. Dette er ei heilt spesiell oppleving, som ein absolutt bør få med seg når ein er i Estland.  

 

Status:
Fullt

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

Torsdag 21.06
Avreise med turbussen til Slinde transport frå Sogndal skysstasjon kl. 08.55 med korrespondanse med offentlege bussar frå Vik 07.15, Hella 07.55, (ferje frå Dragsvik kl. 07.40), Luster 07.15, Gaupne 07.50 og Hafslo 08.20. Ved Håbakken i Lærdal er det samband med buss frå Bergen kl. 06.35, Voss 08.30 og Aurland 09.50. Turen går frå Håbakken kl. 10.15 til Gol ca. kl, 12.00 og med stopp for lunsj ca. kl. 13.00. På turen legg vi opp til ein del allsong, og så lyttar vi til vakker musikk.

Innsjekking på hotellet Gustav Frøding i Karlstad. Middag* og underhaldning. Hotellet har eit godt dansegolv, og vi avsluttar kvelden med dans.

Fredag 22.06
Etter ein god frukost køyrer vi til sentrum av Karlstad og stoppar ved fredsmonumentet på Stora Torget. Statuen der er reist i 1955 av folket i Värmland til minne om den fredelege unionsoppløysinga mellom Noreg og Sverige i 1905. På fundamentet kan vi lese følgjande tankevekkjande ord: Fejd føder folkhat. Fred fræmjar folkforståelse. Rasmus fortel elles litt om forhandlingane som gjekk føre seg nettopp der.

På bussturen til Stockholm blir det song og musikk, og Rasmus vil fortelje litt frå historiebøkene. Stopp undervegs for ein kaffikopp. I Stockholm parkerer vi ved slottet i Gamla Stan. Her blir det tid til å rusle rundt i den vakre byen. Lunsj på eiga hand. Dei som ønskjer det, kan gå saman med Rasmus til Sveavegen for å sjå staden der Olaf Palme vart drepen i februar 1986.
Kl. 18.00 avreise frå Stockholm med ei av dei luksuriøse ferjene som går til Tallinn. Overnatting i 2-sengslugarar, og noko billigare om 3 eller 4 personar deler ein lugar. Denne ferja har alt ein turist kan ønskje seg og må berre opplevast. Her er mange restaurantar og barar, spelekasino, underhaldning og dans. Stor buffémiddag for dei som betaler ekstra for det ved påmeldinga. Elles kan ein kjøpe seg billig middagsmat på kafeen om bord.

Laurdag 23.06
 Om morgonen er det stor bufféfrukost for dei som betaler ekstra for det ved påmeldinga. Elles kan ein kjøpe seg billig frukost på kafeen om bord.
Kl. 10.15 er vi framme i Tallinn som er hovudstaden i Estland med ca. 400 000 innbyggjarar. Eva Türk tek oss med på ein guida busstur rundt om i Tallinn for å bli kjende med dei største attraksjonane. Vi vitjar blant anna Kadriorgparken med slottet som Peter den store let byggje til tsarinna Katarina og den store songarfestivalplassen Lauluväljak som har hatt så mykje å seie for fridomskjensla til estlendarane. Eva snakkar norsk og er ein sjeldan flink guide.
Lunsj på eiga hand på Rådhusplassen før bussen køyrer oss til hotellet vårt Tallinn Express, som ligg like i nærleiken av gamlebyen. Der skal vi bu ei natt.

 Kl. 18.00 tek bussen oss til friluftsmuseet Vabaöhumuuseumi Rocca al Mare som ligg vakkert til i utkanten av Tallinn. Museet har ei rekkje gamle bygningar som er flytta hit frå landsbygda slik at vi får eit godt bilete av korleis vanlege folk i Estland har levd opp gjennom historia. Her skal vi feire jonsokkvelden med bål, underhaldning, song, folkedans og dans for alle, slik tradisjonen er i Estland. Vi kan love at dette blir eit av høgdepunkta på turen.

Søndag 24.06
Denne dagen har vi eit nokså fritt opplegg, men vi foreslår at vi nyttar tida i  gamlebyen som stort sett er bilfri. Her finn vi mange historiske minnesmerke frå Hansabyen si stordomstid på 13-1400-talet: Ein nær intakt bymur med vakttårn, fleire kyrkjer og elles mange flotte byggverk med spanande arkitektur. Rådhuset er majestetisk og er det eldste i Nord-Europa. På den store Rådhusplassen er det mange koselege kafear, og her kan vi nyte ei forfrisking og sjå på folkelivet. På plassen er det ofte musikk og underhaldning av ymse slag.

Avstandane er små, og det er lett å orientere seg ut frå Rådhusplassen. Dei historieinteresserte kan følgje Rasmus til museet Kiek in de Kök og vidare til Eesti Lähimineviku Okupatsioonide Muuseum, som tyder Museum for den siste okkupasjonen av Estland. Vi kan elles nytte tida til å stikke innom nokre av dei mange galleria eller rusle rundt på marknadsplassen, der dei har eit stort utval av billige strikkevarer og handarbeid.

Kl. 17.30 avreise med ferja tilbake til Stockholm. Om kvelden same opplegget som den 22.06.

Måndag 25.06
Same opplegg som om morgonen den 23.06. Kl. 10.00 er vi framme i Stockholm. Denne dagen har vi god tid og stoppar i byen til kl. 15.30. Vi legg opp til eit besøk på den mest populære attraksjonen i Skandinavia, nemleg Vasamuseet. Skipet sank på hamna i Stockholm i 1628 og låg på havbotn til vraket vart berga i 1961. Pris NOK 185 for transport dit, inngangsbillett og guiding. Lunsj på eiga hand før vi køyrer vestover til Karlstad.

Avslapping på hotellet Gustav Frøding før det om kvelden blir avslutningsmiddag* med underhaldning og dans.

Tysdag 26.06
Etter ein god frukost på hotellet er vi klare for den siste etappen på turen tilbake via Oslo og Hallingdal til Sogndal. Stopp for lunsj undervegs. Korrespondanse vidare til Voss og Bergen frå Håbakken, og til Luster. Balestrand og Vik frå Sogndal.

Måltida merka med * er inkluderte i prisen (ikkje drikke til maten).