I Luthers fotefar med Edvard Hoem

23.-29. april 2019.

Historie og kultur.


I 2017 vart 500-årsjubileet for reformasjonen markert. Forfattaren Edvard Hoem har interessert seg for Martin Luther og skrive om livet hans. Vi i Fotefar er så heldige at vi har fått denne dugande kåsøren og eksperten på temaet til å
føre oss i Luthers fotefar. Turen går gjennom ein av dei vakraste delane av Tyskland, og vi besøkjer blant anna Berlin, Eisleben, Mansfeld, Eisenach, Erfurt, Halle, Leipzig, Torgau og Wittenberg. Vi opnar kvar dag med kåseri der Hoem fortel om livet til Luther, kva som skjedde under reformasjonen og korleis den har påverka Europa fram til i dag. J.S. Bach budde i denne regionen, og både Telemann og Händel vart fødde her. Vi satsar også på å få med oss ein klassisk konsert av høg kvalitet på turen.

Pris frå:
15 950,-
Dagar:7
Flyreisa Oslo-Berlin t/r
Tillegg for fly frå Bergen
All busstransport på turen
6 overnattingar på gode og sentrale hotell
6 kåseri med Edvard Hoem om Martin Luther og reformasjonen
Historikar Rasmus Sunde fortel frå tysk historie
Reiseleiarar Lars Nes og Rasmus Sunde frå Fotefar
Guding i bussen og i byane av reiseleiarane, også lokale guidar
Inngangsbillettar til alle felles attraksjonar i programmet
6 frukostar
3 middagar merkt med * er inkludert
2 middagar og 2 lunsjar for dei som ved påmeldinga bestiller og betaler måltidspakke

Tillegg for enkeltrom kr 2950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Historie, kultur og musikk

Med atterhald om endringar

Dag 1 – tysdag 23.april
Fly med Norwegian frå Bergen kl. 09.20 via Oslo med avreise frå Gardermoen kl. 12.15, og vi er framme i Berlin kl. 13.50.
Avreise med bussen vår frå flyplassen ca. kl. 14.30. På køyreturen vil Edvard Hoem halde opningsforedraget sitt om Martin Luther. Rasmus vil i tillegg ta føre seg ein del av forelesinga si med tema: Frå Luther til Hitler. Innimellom fortel Lars litt om Bach, og vi får høyre litt av musikken hans. Ca. kl. 17.00 reknar vi med å vere framme i Eisleben, byen der Luther både vart fødd og døydde.
Etter innsjekkinga på det gode hotellet vårt, slappar vi litt av før det blir fellesmiddag* der kl. 19.00. Denne kvelden kosar vi oss på hotellet og blir kjende med kvarandre.

Dag 2 – onsdag 24.april
Vi startar dagen med frukost og deretter kåseri på hotellet med Edvard Hoem klokka 08.30–09.15. Etterpå sjekkar vi ut av hotellet, set bagasjen i bussen før reiseleiarane tek gruppa med på ein liten vandretur i den vakre, historiske byen. Vi går først til huset der Luther vart fødd 10. november 1483. Huset er i dag eit museum. Deretter ruslar vi til St. Petri-Pauli-Kirche der Luther vart døypt dagen etter fødselen. Vi ser også huset der han døydde 14. februar 1546, og til slutt kikkar vi på Andreas-Kirche.

Kl. 12.30 er det tid for lunsj, og dei som har bestilt og betalt ekstra måltidspakke, går saman med Rasmus til den gode restauranten Grafenresidenz. Dei andre et lunsj på eiga hand, men Lars hjelper til med å finne høvelege stader. Ordninga med måltidspakke fungerte godt i fjor. Mange ønskjer å gå til «duk og dekka bord» utan å vente for lenge på maten, medan andre tykkjer det er spennande å finne stader å ete sjølve. Dessutan blir gruppene som skal serverast mindre ved denne delinga.

Kl. 14.00 køyrer bussen oss den korte vegen til Mansfeld der Luther voks opp og gjekk på skule. I denne vesle, sjarmerande byen budde foreldra til Luther mesteparten av liva sine. I tilknyting til huset der Luther voks opp, er det eit godt museum som handlar om barndommen hans og skuletida hans i byen. Til slutt får vi med oss eit besøk i Stadskirche St. Georg.

Kl. 16. køyrer vi sørover til Eisenach. Undervegs vil Rasmus fortelje litt meir frå tysk historie. I byen Eisenach budde Martin Luther i åra 1498–1501 då han gjekk på latinskule der. Seinare skildra han tida der som dei aller beste åra i livet sitt.

Vi sjekkar inn på eit koseleg hotell, og om kvelden kl. 19.30 blir det middag der for dei som har bestilt måltidspakke. Dei utan dette tilbodet går frå hotellet kl. 19.15 saman med Lars og et middag på ein eller fleire av dei trivelege restaurantane i byen.

Dag 3 – torsdag 25. april
Etter frukost blir det som vanleg foredrag på hotellet med Edvard Hoem kl. 8.30–9.15. Så sjekkar vi ut av hotellet og set bagasjen i bussen.
Kl. 9.30 tek reiseleiarane gruppa med på ein spasertur i denne sjarmerande byen som var fødebyen til Johan Sebastian Bach. Først vandrar vi til Georgenkirche der Luther heldt preiker. Så besøkjer vi Lutherhaus, eit seingotisk bindingsverkshus. På museet går vi for oss sjølve, men det har gode illustrasjonar og tekst både på engelsk og tysk. Deretter ruslar vi eit kort stykke vidare, og kl. 11.00 viser ein lokal guide oss Bachhaus, og vedkomande held ein minikonsert med musikk av Back på gamle instrument. Kl. 11.45-12.45 blir det lunsj på eiga hand.

Kl. 12.45 tek bussen oss opp til borga Wartburg der det vert ei spennande omvising på ein time. Hit drog Luther då han vart erklært fredlaus av riksdagen i Worms i mai 1521, og her omsette han Det nye testamentet frå gresk til tysk. Også Johann Wolfgang von Goethe held til her ein periode på slutten av 1700-talet.
Kl. 14.45 går bussen vidare til Erfurt. Luther kom til denne byen i 1502 for å studere, men klarte ikkje å fullføre studia då han i 1505, under eit lynnedslag heime i Mansfeld, fekk kallet til å bli munk. Han melde seg så til teneste som munkelærling i Augustinerklosteret i Erfurt, avla endeleg munkeløfte i 1506 og vart ordinert som prest i Marienkirche i 1507.

Vel framme i Erfurt sjekkar vi in på eit sentralt og godt hotell og får tid til ein rusletur rundt om i den pittoreske byen med sine vakre bindingsverkhus og eit besøk i Marienkirche (no Erfurter Dom).
Om kvelden blir det middag på hotellet for dei som har bestilt måltidspakke. Dei utan dette tilbodet går saman med Lars og et middag på ein eller fleire av dei trivelege restaurantane i byen.
Dette kan også vere ein kveld som gir høve til musikkopplevingar.

Dag 4 – fredag 26. april
Kl. 08.30 - 09.15 foredrag av Edvard Hoem. Deretter sjekkar vi ut frå hotellet og set bagasjen i bussen.
Kl. 9.45 går vi til  Augustinerklosteret og klosterkyrkja. Her tek ein lokal guide gruppa vår med på ei omvising.
Kl. 11.30 går bussen til Halle der vi sjekkar inn på eit flott hotellet som ligg midt i byen. Der skal vi bu i to netter. Vel framme på hotellet blir det lunsj for dei med måltidspakke, medan Lars og resten går til ein restaurant i nærområdet.
Deretter blir det byvandring i Halle med reiseleiarane. Vi besøkjer mellom anna Marktkirche der det er høve til å sjå Luthers dødsmaske. I denne kyrkja heldt også Luther preiker. Elles er byen kjend for «Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg» og Francke-stiftinga som vi kikkar på under vandringa vår.
Kl. 19.30: Fellesmiddag* på hotellet.

Dag 5 – laurdag 27. april
Etter frukost og foredrag med Edvard Hoem kl. 08.30 – 9.15 kan deltakarane oppleve Halle på eiga hand. Reiseleiarane vil gi råd om besøk på Händel-huset (Händel var fødd i Halle i 1685), Moritzburg kunstmuseum og Beatles-museet. Lunsj på eiga hand. Kanskje fleire vil nytte sjansen til litt handel.
Etter lunsj kl. 13.00 køyrer bussen til storbyen Leipzig der ein dugande lokal guide gjennom tre timar viser oss byen.
Det er ikkje berre Luther som har sett sitt preg på denne gamle metropolen. Byen har i mange hundreår vore eit kultursentrum og Johan Sebastian Bach arbeidde her store delar av livet sitt. På den guida gåturen får vi blant anna med oss det gamle rådhuset på torget, som er eit av dei vakraste tyske eksempla på renessansestilen frå det 16. hundreåret. Vidare går vi til Nikolaikyrkja, der det vart halde fredsbønner i 1989 ved murens fall, så ruslar vi til det kjende konserthuset, det vakre operahuset og kunstmuseet som husar verk frå gamle tyske og nederlandske målarar. Vi besøkjer også den lutheranske Thomaskyrkja, der Luther tala ved innføringa av reformasjonen i 1539. Her var Johann Sebastian Bach musikalsk leiar og dirigent for det verdskjende Thomanerkoret som har eksistert sidan 1212.

Kl. 17.00 vert det middag på eiga hand.
Leipzig har eit rikt musikkliv. I god tid på førehand vil vi sende ut informasjon om dei ulike musikktilboda i byen denne kvelden. Buss tilbake til Halle etter musikkopplevingane.

Dag 6 – søndag 28. april
Frukost og det daglege kåseriet til Hoem 8.30 – 9.15 før vi kl. 09.45 set oss i bussen på veg til Wittenberg. Denne byen var eit av dei viktigaste sentra for tysk politikk, kunst og kultur i det sekstande hundreåret. Reformasjonen starta her i 1517 då Luther (kanskje) slo opp dei 95 tesane sine på døra til Slottskyrkja. Her hadde Luther nokre av dei viktigaste åra i livet sitt, og det er i denne byen han er gravlagd. Både huset til Luther, Bykyrkja og Slottskyrkja er oppførte på UNESCO si liste over verdskulturarv.

Når vi kjem fram til Wittenberg, set vi bagasjen vår inn på hotellet vårt som ligg heilt sentralt til.
Kl. 11.00 besøkjer vi det imponerande museet Lutherhaus der Luther og familien budde i åra 1508–1546. Dette museet er svært bra med rike illustrasjonar og god teksting på engelsk og tysk. Deretter tek vi lunsj på eiga hand før vi kl. 15.00 samlast att og går til Bykyrkja og så til Slottskyrkja der døra er dekorert med dei 95 tesane. I denne kyrkja finn vi grava til Luther. Deretter blir det litt tid på eiga hand før vi har avslutningsmiddag* på hotellet kl. 19.30 med det hotellet kallar Luther-måltid.

Dag 7 – måndag 30. april
Frukost og så det siste kåseriet av Hoem kl. 08.30 – 09.15. Avreise til Berlin kl. 11.00, så vi har tid til ein liten tur i byen før bussen køyrer til Schönefeld flyplass i Berlin.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/4OsloI Luthers fotefarMeir enn 815 950,-Bestill