Påskecruise Sør-England, Wales, Irland og Isle of Scilly

17. - 24. april 2019

Velkommen med på ein spennande tur til dei britiske øyane. Turen går først til vakre Torquay i Sør-England, der vi skal bu i to netter. Her går vi i Agatha Christie sine fotefar, og det blir også ei utflukt til landskapet frå Sherlock Holmes si bok «Hunden frå Baskerville».Vi lettar anker frå Bristol, og første stopp på cruiset blir Cork i Irland. Vi seglar så vidare til Isle of Scilly, denne eksotiske vesle øygruppa ute i det keltiske havet som ikkje så mange har opplevd. Skipet set deretter kurs austover til Cardiff, hovudstaden i Wales, der vi bur i to netter. Sist, men ikkje minst, blir det ein tur til imponerande Stonehenge, som av mange blir rekna som eit av verdas underverk.

Pris frå:
17 950,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo (tilknyting på førespurnad, mot tillegg)
2 overnattingar i Torquay
3 overnattingar på cruiseskipet Marco Polo i innvendig lugar Premium
2 overnattingar i Cardiff
Sightseeing i Agatha Christie og Sherlock Holmes sine fotefar
Guida tur til Stonehenge
Busstransport (jfr. programmet)
Velkomstmåltid og avslutningsmiddag
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset ekskl. drikkevarer
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser er med på heile cruiset
Enkeltromstillegg, Kr 3 950,- i utvendig lugar.
Bestill reise

Dagsprogram

Dag 1 - Onsdag 17. april
Fly til London frå Oslo kl. 13.15, ankomst London Heathrow kl. 14.35. Bussen vår tek oss så frå flyplassen til hotellet vårt til kystbyen Torquay i Devon, nesten heilt sørvest i England. Om kvelden vert det velkomstmiddag på ein god restaurant i byen. (M)

Dag 2 - Torsdag 18. april
Etter ein god frukost er vi klare for å utforske Torquay, som allereie i viktoriansk tid var ein populær ferieby for britane. Agatha Christie var fødd i Torquay og budde store delar av livet her. Fleire av dei berømte krimromanane hennar har også handling frå byen. Lokalguiden vår viser oss fleire landemerke som er med i bøkene eller var sentrale i livet hennar, som The Imperial Hotel, Princess Gardens, Torre Abbey og The Grand Hotel, der Agatha Christie budde på bryllaupsreisa si. På Torquay museum kan vi gå inn i stova og kontoret som vart brukt i filminga av Poirot-serien, og stokken til den berømte detektiven er også lånt ut til museet. Vidare får vi sjå originalmanus frå Agatha Christie sitt forfattarskap, og også kjolar som Miss Marple brukte i den kjende tv-serien.

Det blir erkebritisk lunsj på ein restaurant i Agatha Christies ånd.  

Etter lunsj tek bussen oss nordover frå kysten, og innover det grøne landskapet i Devon. Vi køyrer først forbi små idylliske landsbyar, fine hagar og karakteristiske steingjerde før landskapet endrar seg når vi nærmar oss Dartmoor National Park. Her får vi sjå det aude myrlandskapet som er miljøet for Hunden frå Baskerville av Arthur Conan Doyle. I krimromanen må Sherlock Holmes forlate kontoret sitt i Baker Street i London for å oppklare mysteriet som tilsynelatande involverer ein gigantisk farleg hund i dette tåkefulle høglandet. Conan Doyle fekk inspirasjon til boka frå ein myte om ein «Black Dog». Den svarte hunden er sentral i urgamle keltiske segn. I desse segna er den større enn ein vanleg hund og har store, skinnande auge. Svarthundane held i følgje mytane ofte til der gamle ferdselsvegar møtest, eller ved avrettingsstader.

Vi forlet myrlandskapet i Dartmoor nasjonalpark, og bussen tek oss tilbake til hotellet i Torquay, der det vert fellesmiddag. (F, L, M)

Dag 3 - Fredag 19. april
Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet, og bussen vår køyrer oss nordover til hamnebyen Bristol. Her blir det først lunsj på eiga hand før vi mønstrar på skipet vårt – Marco Polo. Den britiske avisa The Telegraph skriv følgjande om båten: «Eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som kan tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære». Skipet tek til saman 800 personar og er kjend for å liggje stødig og godt i sjøen.

Vi lettar anker kl. 18.00. Denne første kvelden og natta til sjøs går med til å segle vestover mot Cork i Irland, så vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre. Skipet set først kursen ut Bristolkanalen, og vi har då Wales på høgre side og grevskapet Somerset i England på venstre. Etter kvart kjem vi ut i det keltiske havet og har St. George-kanalen nord for oss.

Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest til fellesmiddag på restauranten om bord. Vi har ein eigen seksjon for gruppa vår i restauranten kvar dag. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. (F,M)

Dag 4 - Laurdag 20. april
Neste morgon seglar vi inn mot hamna til Cork, Ringaskiddy. Bussen vår tek oss så dei få kilometerane til sentrum av Cork. Byen er på storleik med Trondheim, og ligg ved elva Lee. Cork blir ofte kalla den verkelege hovudstaden i Irland, sidan den var så sentral under frigjeringa frå England. Frå 800-talet, og i fleire hundre år, var Cork også ein viktig handelsstad for vikingane. Nyleg vart det gjort utgravingar ved området der det er planlagt eit vikingsenter, med mange spennande funn.

Vi har heile dagen i Cork, så vi har god tid til å bli kjende med byen. Cruiseselskapet tilbyr guiding i byen og ekskursjonar i nærområdet (ikkje inkluderte). Desse vert lagde ut ca. 8 veker før avreise, og dei kan bestillast då. Elles er det god anledning til litt shopping eller sightseeing på eiga hand.

Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Isle of Scilly. (F, L, M)

Dag 5 – Søndag 21. april
Kl. 08.00 denne morgonen er vi framme ved St. Mary’s, den største av Scilly-øyane. Desse øyane med sine krittkvite sandstrender og behagelege klima langt ute i det keltiske havet er heilt spesielle både når det gjeld natur og historie.

Det er ikkje mange nordmenn som reiser til Scilly-øyane no til dags, men Syllingane, som dei heitte på norrønt, var velkjende for nordbuarar i vikingtida. I følgje Snorre møtte Olav Tryggvason i år 986 ein spåmann der: «Då Olav Tryggvason låg ved Syllingane, fekk han høyre at det var ein spåmann der på øya som kunne sjå ting som skulle hende, og mange meinte at det gjekk ofte som han sa.» Spåmannen sa til Olav: «Du skal bli ein stor konge og utrette store ting. Du skal omvende mange menneske til trua og dåpen, og med dette skal du hjelpe både deg sjølv og mange andre. Og for at du ikkje skal tvile på svaret mitt, så kan du ta dette til merke: Når du kjem til skipa dine, skal du møte svik og flokkar mot deg, og det skal bli kamp, og du kjem til å miste folk; sjøl skal du bli såra og halde på å døy av såret, du skal bli båren på skjold om bord i skipet. Men av dette såret skal du bli bra igjen innan sju dagar, og like etter skal du la deg døype.»

Cruiseselskapet tilbyr guiding i byen og ekskursjonar på hovudøya og ei av dei mindre øyane (ikkje inkluderte). Desse vert lagde ut ca. 8 veker før avreise, og dei kan bestillast då.

Vi møtes i restauranten om bord der vi har ein eigen seksjon, og skipet lettar anker og tek til på ferda nordaustover mot Cardiff i Wales. (F, L, M)

Dag 6 – Måndag 22. april
På veg inn langs sørkysten av Wales passerer vi først Swansea før vi kjem til hovudstaden, Cardiff, der vi ankrar opp kl. 10.00.

Bussen vår tek oss så til hotellet vårt i Cardiff sentrum. Her skal vi bu i to netter.

Lunsj på eiga hand, men dei som vil kan ete med reiseleiarane på hotellrestauranten. Etter lunsj blir det ein guida gåtur rundt i sentrum. Cardiff har vore ein av dei viktigaste hamnebyane i Storbritannia i fleire hundreår, og framleis dominerer dei store hamneområda sørsida av byen. Den norske sjømannskyrkja i byen er no nedlagd, men fungerer som kunstsenter. Den kjende forfattaren, Roald Dahl, er døpt i denne kyrkja.

Om kvelden vert det middag på eiga hand, men dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant i gåavstand frå hotellet. (F)

Dag 7 - Tysdag 23. april
Heil dag på eiga hand i byen. Ein kan velje om ein vil utforske historiske Cardiff, med det berømte Cardiff Castle som høgdepunkt, eller ein kan bruke tida i handlegatene Queen Street og St. Mary Street. Det er også mange kafear og typiske pubar i sentrum.

Dei som vil, møter reiseleiarane til lunsj på ein restaurant ved shoppingområdet. Om ettermiddagen legg vi opp til ei kulturell oppleving, ein konsert eller liknande (ikkje inkludert). Både nasjonalfilharmonien og nasjonalballetten i Wales held til her, og i tillegg er det både irsk og walisisk folkemusikk på pubane. Om kvelden møtest vi i hotellrestauranten til fellesmiddag. (F, M)

Dag 8 - Onsdag 24. april
Det er tid for heimreise, og etter frukost sjekkar vi ut av hotellet og bussen vår tek oss  austover mot London. På vegen gir vi oss god tid på fantastiske Stonehenge. Vi får ein guide berre for gruppa vår, og det vert også god tid til å utforske på eiga hand. Dette er ei heilt spesiell oppleving som alle absolutt burde få med seg ein gong i livet. Og dei som har sett dei imponerande steinformasjonane ein gong, vil gjerne tilbake. Lunsj på eiga hand på besøkssenteret ved Stonehenge. (F)

Buss til flyplassen for avreise heim til Norge. Fly til Oslo (SAS) kl 17.30, ankomst Oslo 20.40. Tilknyting vidare til andre byar på førespurnad (mot tillegg).

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
17/4OsloPåskecruise Sør-England, Wales, Irland og Isle of ScillyMeir enn 817 950,-Bestill