Vandretur på den greske øya Ikaria

8. – 16. mai 2019. 

Øya Ikaria i Hellas har ein særskilt posisjon når det gjeld livskvalitet og helse. Øya er ei av fem stader i verda der folk lever ekstraordinært lenge og er ei såkalla «Blue Zone». På denne vakre øya heilt aust i Egeerhavet finn du eit landskap som tek pusten frå deg. Samstundes vil du oppleve ei ro og ei livsglede som du knapt finn andre stader i verda. Fokuset er naturopplevingar, god mat og drikke, folkeliv, lokale kulturopplevingar og sosialt samvær.

Vi bur i ein liten landsby, Nas, på pensjonatet til Thea og Ilias, som er det sosiale sentrumet i landsbyen. Her bur vi enkelt, men godt, og fleire av vandreturane har utgangspunkt herifrå. Vi et lokal mat frå eigen gard, og får sjanse til å vere med Ilias på garden og plukke frukt, grønsaker og urter og sjå korleis dei små gardane på øya vert drivne. Thea lærer oss å lage eit gresk måltid med råvarene vi har sanka inn. Kvar dag har vi vandreturar av lett til moderat tyngde.  Ein av kveldane får vi vere med på ein panagiria, ein tradisjonell dansefest som er svært populær blant innbuarane på øya.

Denne turen er ein av favorittane våre i 2019. Dette ein tur med relativt få deltakarar, så gå ikkje glipp av sjansen til å komme utanfor allfarveg i Hellas.  

Pris frå:
14 950,-
Dagar:9
Fly t/r Oslo-Athen og Athen-Ikaria
7 netter på pensjonat i Nas, Ikaria, med utsikt
1 natt på hotell i Athen
8 frukostar
6 middagar
1 lunsj
Guida omvising i gamlebyen i Athen
Guida vandreturar kvar dag på Ikaria
Lokal kulturkveld med musikk og dans
Reiseleiar frå Fotefar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Onsdag 8.mai. Oslo - Ikaria
Vi reiser med direktefly frå Gardermoen kl. 07.30 til Athen, og så vidare med innanlandsfly i Hellas til Ikaria.På den vesle flyplassen på Ikaria møter vi Thea som helsar oss hjarteleg velkomne til øya. Det første som møter oss er små krokete vegar med ei fantastisk utsikt over Egeerhavet, og vi køyrer vekselvis gjennom små pittoreske landsbyar, i fjellandskap og langs strendene ved kysten. Om lag halvvegs stoppar vi i den vesle byen Evdilos for å strekke på beina, få oss litt forfriskingar og ta ut pengar.Når vi kjem til Nas, helsar vi på Ilias, mannen til Thea, og sjekkar inn på romma våre på dei ulike pensjonata i Nas. Nas er ei lita bygd, så det er ingen store avstander mellom pensjonata. Vi møtest så til middag, som er laga av lokale råvarer servert på store fat slik at alle får smake på dei ulike lokale greske delikatessene. Er veret slik det brukar å vere i mai, får vi ete ute på terrassen under taket av vindruer og med fantastisk utsikt over månelyset i Egeerhavet. (F, M)

Torsdag 9. mai. Nas 
Etter frukost dreg vi ut til garden til Thea og Ilias for å plukke lokal frukt, bær, grønsaker og urter, og vi får høve til å vere med og lage eit godt gresk måltid som vi skal ete til lunsj. Vi tek ein liten vandring i fjella bak garden til Ilias for å få ein forsmak på terreng og vanskelegheitsgrad på turane. Etter lunsj kan ein bruke ettermiddagen på stranda for sol og bading. Om kvelden kan ein ete middag på ein av dei fire gode tavernaene i landsbyen. Vi kan spesielt tilrå Anna sin fiskemat. Ho held til i nabohuset til pensjonatet til Thea og er berømt for sin gode fiskemat. (F, L)

Fredag 10. mai. Nas - Chalares – Agios Dimitrios - Nas
Etter ein god frukost med eigenproduserte egg, yoghurt, ikaria-honning, heimelaga syltetøy, ost, kaffi og te av ville urter byrjar vi ein ny og spennande dag. Denne dagen tek vandreguiden Dimitrios oss med på ein tur i Chalares-dalen, ein vill og vakker elvedal som leiar opp til det sosiale sentrumet på denne delen av øya, landsbyen Agios Dimitrios, der vi stoppar for lunsj. Derifrå vert vi køyrt vidare opp i fjella til landsbyen Prophet Ilias for å besøkje vingarden Afianes. Vertskapet her vil vise oss rundt på vingarden, og vi får smaksprøver på dei ulike lokale vinane og vite meir om vinlaging på Ikaria. Buss attende til Nas, badar og slappar av før vi et middag hos Thea.
Restauranten til Thea er kjent på Ikaria som tilhaldsstad for dei lokale innbuarane på øya, men også for tilreisande kunstnarar, musikarar og frie sjeler frå alle verdenshjørne som vil vekk frå dei tradisjonelle turiststadene og oppleve noko heilt anna. Her finn dei eit fellesskap og ei ro som ein sjeldan finn andre stader. Thea og Ilias tek i mot alle med opne armar og varme og fortel gjerne om øya og den heilt særskilde statusen som Blue Zone. Dei fem stadene i verda som har fått merkelappen Blue Zone er stader der innbuarane lever mykje lenger enn andre stader. Det vert forska på årsaka til dette, og resultata av dette skal vi også fortelje om undervegs på denne turen. (F, M)
Turen denne dagen er vanskelegheitsgrad 2, det vil seie middels tung tur med ein god del stigning på relativt god sti. Varighet om lag 3 timar på sjølve vandringa med innlagde pauser.

Laurdag 11. mai. Nas - Magganitis
Etter å ha slappa av med ein god frukost ute i hagen til Thea med vid utsikt over Egeerhavet, dreg vi med buss opp til startpunktet for dagens vandretur. Vi vandrar gjennom ein svært gamal skog (segna seier at dette er ein magisk stad) før vi går over eit fjellpass til landsbyen Magganitis på sørsida av øya. Dette er ein spektakulær tur på mange måtar, både på grunn av utsikta og den vakre naturen langs ruta, og den sjarmerande landsbyen vi endar opp i. Turen tek om lag tre timar, og det er noko bratt nedstiging på steinete sti, og det er luftig utsikt. Når vi kjem fram, er det høve til eit forfriskande bad og lunsj på ein av dei små sjarmerande tavernaene i Magganitis. Transport attende til Nas for middag hos Thea. (F, M)

Søndag 12. mai. Nas/Armenistis
Etter fleire dagar med vandringar tek vi ein dag kvile der ein kan nyte sol og bad, ein tur til småbyen Armenistis med eit lite tal butikkar og kafear, eller vandringar i nærområdet ved Nas. Eller kanskje ein berre har lyst å ligge på terrassen med den fantastiske utsikta til Nas-bukta og lese ei god bok og slappe av? Middag på ein av dei hyggelege tavernaene i bygda, eller i Armenistis. (F)

Måndag 13. mai. Nas - Koskina
Vi held fram utforskinga vår av øya, og etter frukost denne dagen dreg vi på vandring til Kosikia. Her finn vi borga Koskina på toppen av ein klippetopp med ei fantastisk utsikt over øya og havet utanfor. Borga er frå 10. hundreåret e.kr. og er bygd i bysantinsk stil. Den vart bygd for å verne folket på Ikaria mot angrep frå sjørøvarar og andre fiendar. Inne i borga finn vi ei kyrkje, St. George Dorganas. Turen opp til borga er middels tung og tek om lag to timar, men den storslegne utsikta er verdt turen opp. Når vi kjem ned frå fjellet, et vi lunsj i ein landsby like ved, før vi returnerer til Nas for middag. (F, M)

Tysdag 14. mai. Nas – Theoktistis – Armenistis
Etter den gode frukosten på terrassen til Thea, skal vi gå til eit svært gamalt kloster, Theoktistis. Dette ligg oppe i fjella på øya, som faktisk har dei mest fruktbare områda. Mesteparten av det som vert dyrka på øya, og dei fleste av dei 8.536 innbuarar på Ikaria, held til oppe i fjella. Dette skuldast at vinterklimaet her er mildare og mindre vêrhardt enn nede ved kysten, og om sommaren er det meir nattedogg og fukt for å gje nok væte til avlingane. Det er framleis munkar ved klosteret, og vi skal besøkje den vesle kyrkja som ligg under ein stor steinheller. Her får vi også servert loukoumades (greske smoltringar) med ikaria-honning og kanel, ei lokal delikatesse!

Om kvelden skal vi på landsbyfest i Agios Isideros, ein såkalla Panagiria. Dette er svært populært blant gamal og ung på Ikaria, og vi skal ete typisk landsbymat på langbord; kokt geitekjøtt, grilla svinekjøtt, gresk salat og sjølvsagt Ikariansk heimelaga vin. Alle dansar ringdansar, og landsbybefolkninga lærer oss (med stort tålmod) korleis vi skal utføre dansen, som er til levande Ikariansk panagiria-orkester. Dette er eit stort høgdepunkt for mange! Buss heim til Nas utpå kvelden. (F, landsbymåltid).

Onsdag 15. mai. Nas – Athen
Etter ei heilt spesiell veke hjå Thea skal vi seie farvel etter frukost og ta eit siste bad, før vi dreg attende til flyplassen og Athen på tidleg ettermiddag.  Flyet går kl. 14.25 og kjem til Athen kl. 15.20. Herifrå køyrer bussen vår oss til hotellet vårt Athenaeum Grand, før vi går ut i gamlebyen i Athen for avskjedsmiddag. (F, M)

Torsdag 16. mai. Nas – Athen
Etter ein god frukost sjekkar vi ut frå hotellet, og bussen hentar oss klokka 10.00. Vi får ei guida omvising som endar opp på Akropolis og det nye museet der. Gjennom berre to generasjonar frå 447 og fram til 404 f.Kr., vart dette til ein by av tempel på Akropolis-høgda. Vi får kunnskap om historia og korleis desse underverka vart til. Her vart gudane til grekarane tilbedne og feira, ofte på svært livleg vis. Eit av høgdepunkta for mange er også å sjå detaljane i Parthenon-frisen på nært hald i museet samstundes som ein har direkte utsikt til Parthenon-tempelet oppe på Akropolis. Vi et lunsj i gamlebyen, og får litt tid til å sjå i butikkar og oppleve bydelen før bussen tek oss ut til flyplassen klokka 15.00. Direktefly til Oslo klokka 19.05, framme i Oslo kl 22.05. (F)

*Drikke er ikkje inkludert

Ikaria er ei øy som er heilt annleis enn kva vi er vande med når det gjeld tempo, tidsforståing og nøyaktighet. Dette er også antatt å vere ei av årsakene til at befolkninga på øya lever så mykje lenger enn gjennomsnittet elles i Hellas og Europa. Vi er på besøk i denne kulturen, og skal vi ha fullt utbytte av opplevinga krev det at vi tilpassar oss det tempoet og rytmen ein finn i dette levesettet. Vær også obs på at standarden er enkel, men med romslige rom med utsikt. Dette er også noko av sjarmen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
8/5OsloVandretur på IkariaMeir enn 814 950,-Bestill