Island med Sylfest Lomheim

3.–8. mai  2019.

Historie – kultur – litteratur.

På denne turen står historie, natur, kultur og folkeliv i fokus. Vi bur i Reykjavik og blir kjende med denne moderne byen som blir rekna som verdas minste metropol. Vi besøkjer nasjonalparken Thingvellir, det imponerande fossefallet Gullfoss, dei eventyrlege sprutande kjeldene ved Geysir og det gamle bispesetet Skalholt. Vi skal også nordover til Borgarfjordur, der høvdingen og den kjende sagaskalden Egil Skallagrimsson budde. Vi får sjølvsagt med oss eit besøk på Reykholt. Det var garden til Snorre Sturlason som blant anna skreiv Heimskringla. På turen opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya,  men også store og velstelte gardar. Det er også ei stor oppleving å bade i dei varme kjeldene i populære Blå Lagune.

Vi er så heldige å få med oss den kjende språkmannen Sylfest Lomheim som reiseleiar og guide.

Pris frå:
16 975,-
Dagar:6
Fly Bergen/Oslo - Keflavik t/r (tilknyting mot tillegg i bestilling)
All busstransport og utflukter i følgje programmet
5 overnattingar og 5 frukostar på Icelandair Hotel Natura – 4 stjerner
3 middagar, 1 kveldsbuffé og 2 lunsjar
Inngangsbillettar til museet på Borgarnes, Landnåmsmuseet, 871 + /-2 og Snorrastofa på Reykholt
Spennande kåseri av Geir Waage om sogeskrivaren Snorre Sturlason og samtida hans
Møte med forfattaren Einar Mar Gudmundsson
Sylfest Lomheim og Arne Sunde er reiseleiarar og guidar på heile turen
Enkeltromstillegg, Kr. 2 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag  3. mai

Utreise frå Bergen og Oslo (direktefly) tidleg på ettermiddagen.

På veg til Reykjavik besøkjer vi først den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønskjer det, kan nyte ein herleg dukkert og symjetur i dei varme kjeldene. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk på området.

Deretter køyrer vi gjennom sentrum av Reykjavik før vi stoppar ved Höfði-huset, der Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttes i oktober 1986. Dette møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga av den kalde krigen.

Til slutt tek bussen oss med til Icelandair Hotel Natura (4 -stjerners), der vi skal bu i fem netter. Om kvelden samlast vi til velkomstmiddag på hotellet.

(M)

Laurdag 4. mai

Denne morgonen køyrer bussen oss til sentrum (knapt 2 km). Der besøkjer vi det imponerande konserthuset Harpa. Derifrå går vi den korte vegen til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord og var den første landnåmsmannen på Island i år 874. Vi dreg vidare til den særmerkte og ruvande Hallgrimskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står det ein stor statue av Leif Eiriksson som oppdaga Amerika. Dette er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding, er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange innbydande restaurantane i sentrum.

Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med imponerande høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet. 

Om kvelden blir det avreise frå hotellet til Restaurant  Reykjavik. Før middagen der (evt. ein annan dag) får vi møte den islandske forfattaren Einar Mar Gudmundsson. Han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen Universets engler. Romanen Sinnets Gitter kom i norsk utgåve i 2011. Dersom nokon kjøper med seg ei av bøkene hans, kan ein få ei signert helsing frå forfattaren.

På restauranten blir det servert ein stor islandsk buffétmiddag i eit eige rom berre for gruppa vår. Her kosar vi oss med god mat og underheld kvarandre med allsong og gode historier. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag. 

 (F, M)

Søndag 5. mai

Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Thingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir og til det vakre og imponerande fossefallet Gullfoss. Her blir det også ein god lunsj. Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skalholt som har ei særs spanande historie og ei vakker kyrkje. Til slutt stoppar vi i jordbruksbyen Selfoss.

Tilbake på hotellet slappar vi av før vi om kvelden samlast til middag på hotellet.

(F, L, M) 

Mandag 6. mai

Etter frukost blir det buss frå hotellet til sentrum. Denne dagen skal vi oppleve bykjernen i Reykjavik. Vi får med oss besøk i Alltinget, museet The Settlement Exhibition, 871 + /-2, Domkyrkja og Rådhuset. Etter lunsj på eiga hand går vi samla til Sagamuseet som handlar om landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå god måte.

Resten av dagen til eigen disposisjon, men etter avtale kan dei historieinteresserte kl. 15.30 følgje reiseleiarane til Islands Nasjonalmuseum.

Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gi råd om gode restaurantar.

(F)

Tysdag 7. mai

Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes som har eit svært bra museum om landnåmstida og om skalden og høvdingen Egil Skallagrimson. Deretter køyrer vi til Borgarfjordur, besøkjer ei lita kyrkje og ser garden til Egil Skallagrimson. Vi dreg vidare i retning av Reykholt, og på Fosstun får vi servert lunsj med lammekjøtsuppe, brød, kaffi og kake.

På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin og skreiv fleire av sagaene og Heimskringla, soga om dei norske kongane. Her er det eit interessant museum – Snorrastofa - som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held presten på Reykholt, Geir Waage, eit historisk kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar.

På denne dagsturen får vi sjå eit skiftande landskap med gode gardsbruk og vakker natur med fjordar og fjell.

Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet.

(F, L, M)

Onsdag 8. mai

Etter ein tidleg frukost køyrer bussen frå hotellet til flyplassen. Direktefly til Oslo og Bergen på morgonen.

(F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
3/5BergenIsland med Sylfest LomheimMeir enn 816 975,-Bestill
3/5OsloIsland med Sylfest LomheimMeir enn 816 975,-Bestill