Den grøne øya Irland og Nord-Irland

11. - 18. juni 2019.

Bli med til på ein rundtur på den grøne øya! Her blir du møtt av frodige dalar, storslegne slott, pittoreske landsbyar, stille innsjøar og ein vakker kyst.  Vi reiser til Dublin, Belfast, Derry og Galway, og vi får sjå både store attraksjonar som Book of Kells,  Guinness-bryggeriet, Old Bushmills Distillery og Titanic-museet i tillegg til mindre kjende stader på den irske landsbygda. Musikken har ein sterk plass i den irske folkesjela, og vi får med oss både konsert i Dublin og irsk tradisjonsmusikk på dei mange små, koselege pubane i Galway. Mange måltid er inkluderte i turprisen, så her får du mykje for pengane!

Pris frå:
15 990,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur
Busstransport og guiding på heile turen.
7 overnattingar på 3-4-stjerners hotell
7 frukostar
7 middagar som vist i programmet.
Sightseeing i Dublin og Belfast
Billettar til museum og attraksjonar i følgje programmet.
Reiseleiar frå Fotefar på heile turen
I tillegg blir det med ein norsktalande lokalguide på heile turen.
Enkeltromstillegg kr 3.450
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Tysdag 11. juni
Avreise frå Bergen og Oslo om føremiddagen til Dublin. På flyplassen ventar den norsktalande guiden vår på oss, og ho blir med på heile turen saman med reiseleiaren frå Fotefar temareiser. Det første døgnet skal vi vere i Dublin. Byen er sjarmerande og kjend for kultur og spesielt litteratur med berømte forfattarar som Oscar Wilde, Samuel Beckett, W.B. Yeats og James Joyce.
Vi startar turen vår med ein sightseeingtur i bysentrum der vi blant anna besøkjer O’Connell Street, Dublin sin Champs-Élysées, parlamentet Leinster House og vakre Phoenix Park som er ein av Europas største byparkar.
Det neste på programmet er besøk til ein annan irsk institusjon – det historiske Guinness-bryggeriet (mot tillegg). Ein del av dei gamle bryggerihusa frå 1902 er gjort om til besøkssenter, og her får vi lære om bryggeriet si historie og om sjølve bryggjeprosessen. Etterpå får vi sjølvsagt smake på det karakteristiske mørke ølet, som er kjent over heile verda.

Eit av høgdepunkta for mange kjem nok alt første dagen med velkomstmiddag, irsk folkemusikk med riverdance og anna tradisjonell dans på The Merry Ploughboys. Denne musikkpuben er eigd av musikarane og dansarane, og den har vore ein institusjon for irsk folkemusikk i fleire tiår. Her kosar vi oss utover kvelden og nyt den gode musikken.

Overnatting på hotell i utkanten av Dublin. (F/M)

Onsdag 12. juni
Etter ein god frukost forlèt vi Dublin og set kurs for Nord-Irland. På veg nordover får vi oppleve det grøne bølgjande landskapet som Irland er så kjend for, og som lokkar til seg turistar frå heile verda. Denne dagen skal vi få sjå nokre av dei mest kjende minnesmerka frå tidleg irsk historie, som også har vore viktige symbol for irane under frigjeringa frå England.
Vi stoppar først på Hill of Tara. På denne åsen låg kongsgarden til dei gamle keltarane, og den vart rekna som hovudsetet til kongane heilt fram til 1100-talet. Her har ein funne ei bygdeborg, fleire gravstader, eit fort, ein festsal og ein bautastein der keltarane sine kongar etter segna vart krona. Under det irske opprøret i 1798 danna medlemmer av United Irishmen ein leir på åsen, men britiske troppar gjekk til åtak og slo dei 26. mai 1798.

Vidare nordover blir det stopp ved to eldre gravplassar, Brú na Bóinne og Newgrange (På Unesco si verdsarvliste) med gravkammer og spor av busetnad 5000-6000 år tilbake i tid. Arkeologar har funne ut at ved vintersolkverv 21.-22. desember fell solstrålane inn i grava. Dette gjer gravkammeret til verdas eldste kjende solobservatorium. På besøkssenteret for gravplassane blir det sjanse for å kjøpe seg lunsj.

Bussen tek oss så vidare nordover inn i Nord-Irland og til den vesle småbyen Armagh (14 000 innbyggjarar), som gjennom historia har vore den kyrkjelege hovudstaden for heile øya. Byen har eit koseleg sentrum som det er lett å finne fram i, og byen er kjend for heile to storslegne katedralar. Etter innsjekking på hotellet og litt avslapping på rommet, samlast vi i møterommet på hotellet for eit kort infomøte for å bli kjende med turopplegget og med kvarandre. Fellesmiddag på hotellet. (F/M)

Torsdag 13. juni
Denne dagen blir det rundtur i Belfast. Etter ein ekte irsk frukost på hotellet tek bussen oss med på sightseeing til dei mest kjende attraksjonane i den nord-irske hovudstaden. Turen går først til Queen’s University, Samson og Goliat-kranene (gigantiske heisekraner som har blitt turistattraksjonar) i tillegg til bydelane Cathedral Quater og Queen’s Quater. Vi besøkjer elles dei kjende veggmåleria frå The Troubles. Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/ lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første rekke var ein politisk strid om nasjonalitet, på same tid har sterke religiøse undertonar. Vi får sjå veggmåleria både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road.

Turen går vidare til det fantastiske opplevingssenteret, Titanic Belfast (mot tillegg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og på opplevingssenteret med ni etasjar får vi ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får ein kjensla av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi får også gå gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen, og elles sjå mange andre gjenstandar frå skipet.

Bussen vår tek oss tilbake til hotellet vårt der det blir fellesmiddag. (F/M)

Fredag 14. juni
Etter ein god irsk frukost tek bussen oss heilt nord i Nord-Irland til Giant's Causeway, eit område på Antrim-kysten med sekskanta basaltsøyler. Dette er den einaste staden i Nord-Irland på Unesco si verdsarvliste, og det er eit svært vakkert område. Fenomenet er eit resultat av eit underjordisk vulkanutbrot for 60 millionar år sidan. Utbrotet strekte seg nordover til Skottland, der ein finn att liknande formasjonar på øya Staffa. I følgje irske segner er steinsøylene laga av ei irsk kjempe som ville byggje ei bru til Skottland for å slåst mot kjempa som rådde over Skottland.
Det neste på programmet er eit besøk til whiskey-produsenten Old Bushmill’s Distillery, som er den eldste i Irland. Destilleriet ligg fint til i den vesle bygda Bushmill med berre 1500 innbyggjarar. Vi får sjå heile prosessen frå kjeldevatn og korn til dei tre brenningane som skal til før whiskeyen blir lagd i eiketønner. Vinmonopolet omtalar Bushmill’s whiskey slik: Fyldige og fruktige aromaer med smak av tørka frukt og eit hint av krydder. Her er det godt høve til å kjøpe med seg ei flaske frå utsalet etter omvisinga.

Bussen tek oss så vidare til Derry, der vi skal overnatte. Fellesmiddag på hotellet. Byen Derry er den nest største i Nord-Irland med 88 000 innbyggjarar, og den ligg rett ved grensa til Irland. Her finst det fleire pubar med tradisjonell irsk folkemusikk, så dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein av desse. (F/M)

Laurdag 15. juni
Vi startar dagen med ein gåtur på bymurane i Derry, dei einaste historiske bymurane i Irland og Nord-Irland som framleis er intakte. Desse murane vart bygde på 1600-talet og går ca. 1,5 kilometer rundt gamlebyen. Her får ein eit godt oversyn over denne vakre byen, der dei fleste gatene og husa skriv seg frå renessansen.
Denne dagen skal vi på dagstur inn i Irland før vi returnerer til hotellet vårt i Derry. Bussen tek oss først med til byen Letterkenny og bukta Drongawn Lough som er det nærmaste vi kjem i Irland til ein norsk fjord. Vi køyrer vidare til Glenveagh National Park, der vi skal stoppe ved storslegne Glenveagh Castle. Her får vi eit glimt av overklasselivet på 17-1800-talet. Under omvisinga i hovudhuset kan vi drøyme oss tilbake til ei tid og eit samfunn som frå tv-serien Downtown Abby. Rundt slottet ligg det ein nydeleg hage med ein eigen rådyrflokk, så her kan vi rusle rundt og sjå etter dei elegante dyra. Slottet har vore ein populær destinasjon også i førre hundreåret, og Hollywood-stjerner som Marilyn Monroe, Clark Gable, Charlie Chaplin og Greta Garbo har budd her.

Vi returnerer til hotellet vårt i Derry, og etter ein god kvil på rommet møtest vi i restauranten til fellesmiddag. (F/M)

Søndag 16. juni
Etter ein god frukost går turen sørover langs den røffe vestkysten til Galway. Vi besøkjer først Belleek China Factory grunnlagd i 1857. På midten av 1800-talet oppdaga ein at jorda og leira i området hadde perfekt samansetning av mineral for å lage førsteklasses porselen, og ein fekk inn engelske ekspertar for å starte fabrikken. Porselen frå Bellek er kjend for å ha ein spesiell perleglans, og dei eksporterte servise og anna til heile det britiske imperiet. Dei har også vore leverandør til det britiske kongehuset. Vi får omvising i dei gamle produksjonslokala, får lære om korleis dei laga porselenet og om historia til fabrikken. Etterpå kan vi ta ein kopp te i det tradisjonelle tehuset, der alt servise sjølvsagt er laga på fabrikken. Her er det også mogeleg å kjøpe porselen som er produsert på fabrikken.
Turen går så vidare til det nasjonale folkemuseet - National Museum of Country Life i Turlough - nær byen Castlebar. Her får vi oppleve og lære mykje om livet til irane på landsbygda frå den store irske hungersnauda rundt 1850 og heilt fram til 1950-talet. Dette er eit museum med mykje interessant å sjå både innan- og utandørs, og vi gir oss god tid her. Lunsj på den koselege kafeen på museet. Den har vunne prisar for den gode heimelaga irske maten sin, så her får vi eit ekte irsk måltid.

Vi dreg så sørover til Galway. Dette er Irlands fjerde største by og har i fleire hundreår vore ein viktig handelsby. I mellomalderen vart byen styrt av eit oligarki av fjorten handelsfamiliar (12 av normannisk opphav og to av irsk opphav). Desse vart kalla «stammene av Galway». Byen var på den tida den største irske hamna som dreiv handel med Spania og Frankrike. Christopher Columbus vitja byen, truleg på veg til Island eller Færøyane, og medan han var i Galway, skreiv han i margen i ei av bøkene sine at han hadde funne prov på land bortanfor Atlanterhavet.
Galway er også spesielt kjend for tradisjonell irsk musikk. Her er fleire skular og lærestader som lærer nye generasjonar irsk folkemusikk, og på pubane i byen finn vi irsk musikk overalt. Mange vil nok vere med reiseleiarane «ut på livet» denne kvelden. Pubane The Crane Bar på Sea Road, Tigh Neachtáin på Quay Street og Róisín Dubh på Dominic Street er kjende for å ha noko av den beste irske livemusikken i heile landet, så vi satsar på å få med oss ein av dei.

Fellesmiddag på hotellet før evt. pubrunde. (F/M)

Måndag 17. juni
Etter frukost tek bussen oss mot aust, tvers over øya til Dublin. Der skal vi oppleve ein av landet sine største attraksjonar - verdskjende Trinity College med utrulege Book of Kells. Denne boka er ei bibelhandskrift frå 800-talet med svært vakre, ornamenterte illustrasjonar av menneske, dyr og plantar. Boka er skriven på kalveskinnspergament, og denne irske nasjonalskatten er ein av dei viktigaste kjeldene våre til keltisk kunst. Arbeidet med boka starta på 800-talet av munkar i Iona, men etter vikingåtak mot klosteret vart boka flytta til Kells.
 Etter museumsbesøket tek bussen oss med til eit av restaurantstøka i Dublin der vi tek oss god tid til lunsj. Om ettermiddagen blir det tid til å handle litt, eller kanskje få med seg eit museum eller ei kunstutstilling. Vi kan anbefale The Little Museum of Dublin for dei historieinteresserte, eller Dublin’s Writers Museum for dei som er glade i litteratur. Eller ein kan kose seg med ein kaffikopp på ein av dei mange utekafeane eller ein øl på ein typisk irsk pub.

Avslutningsmiddag på hotellet. (F/M)

Tysdag 18. juni
Dette er den siste dagen i vakre Irland, og etter frukost blir det avreise frå hotellet om føremiddagen til flyplassen i Dublin. (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
11/6BergenIrland og Nord-IrlandMeir enn 815 990,-Bestill
11/6OsloIrland og Nord-IrlandMeir enn 815 990,-Bestill