Normandie med Sylfest Lomheim

24. mai – 31. mai  2019.

Historie – kultur – folkeliv.

Ønskjer du å prøve ein annleis ferietur? Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølgje? Då kan ei temareisa til frodige og vakre Normandie vere midt i blinken for deg.
For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord. Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrigen med D-dagen vil du høyre mykje om.

På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrigen. Turen blir avslutta i Paris, og på den siste ettermiddagen får vi gjennom ein guida busstur og nokre få stopp med oss dei viktigaste attraksjonane i byen.

 Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen Sylfest Lomheim som den eine reiseleiaren og guiden. Han kjenner Normandie godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Den andre reiseleiaraen er historikaren Rasmus Sunde.

Pris frå:
16 450,-
Dagar:8
Flyreise Oslo/Bergen-Paris t/r
All busstransport og fellesutflukter som vist i programmet
Inngangsbillettar til musea med Bayeux-teppet og hagen til Claude Monet
7 hotellovernattingar på sentrale, gode hotell
7 frukostar
5 middagar
Professor Sylfest Lomheim er med som guide, kåsør og reiseleiar
I tillegg er historikar Rasmus Sunde frå Fotefar med som guide og reiseleiar
Enkeltromstillegg, Kr. 3 495,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 24.05
Avreise med Norwegian frå Bergen kl. 06.40 via Oslo og møt opp kl. 05.00. Reiseleiarar Rasmus Sunde vil stå ved Meeting Point i avgangshallen frå kl. 04.50 med ein plakat merka: FOTEFAR TEMAREISER. Ver venleg å ikkje sjekke inn før de har møtt reiseleiarane og fått referansenummer. På Gardermoen vil reiseleiar Sylfest Lomheim stå ved Meeting Point der i avgangshallen frå ca. kl. 06.30. Flyet er framme på flyplassen Charles de Gaulle i Paris kl. 11. 05, og vi reiser vidare med bussen vår så snart vi har fått bagasjen.

På vegen til Rouen fortel reiseleiarane Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde om Normandie generelt og om historia og språket til denne regionen med sterke røter til Noreg og vikingane. Vi får ein god stopp i den vesle byen Giverny og besøkjer den berømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Her gir vi oss god tid og besøkjer elles heimen hans, der vi kan sjå mange av kunstverka hans. Etterpå kan vi kose oss og ete lunsj på ein av dei trivelege restaurantane i byen. Avreise kl. 16.00 til Rouen, som er hovudstaden i Normandie. Vel framme i byen sjekkar vi inn på Hotel Mercure Rouen Centre Cathedral, 7 rue Croix de Fer.

Kvelden blir  avslutta med fellesmiddag* kl. 19.30 på restauranten Bar des Fleurs (36, place des Carmes) der vi får eit eige lokale berre for reisegruppa. Restauranten ligg like ved hotellet vårt, og vi går frå hotellet til restauranten kl. 19.15. Her kosar vi oss med god mat og drikke, allsong under leiing av Sylfest og elles oppfordrar vi deltakarane til å kome med gode historier. (M)

Laurdag 25.05
Vi bruker heile dagen i Rouen og startar kl. 09.00 med ei historisk vandring der vi deler reisegruppa i to. Få byar kan vise til ei så spennande historie som Rouen. For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Noreg grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Men mange historikarar meiner at Gange-Rolv var son til Ragnvald Mørejarl. Under guideturen ruslar vi rundt om i Gamlebyen som er som eit stort utadørs museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorten verdskjend sidan han målte katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv og andre vikinghertugar. Elles skal vi sjølvsagt sjå statuen av Gange-Rolv eller Rollo.

Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømd for kjetteri i 1431 og brend levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Denne kyrkja kikkar vi på før vi  går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekkje og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen. Lunsj på eiga hand.
Resten av ettermiddagen til fri disposisjon. Rouen kan elles by på fleire interessante museum, spesielt eit smijernsmuseum som held til i ei kyrkje frå 1400-talet. Vi kan også føreslå Musée des Beaux-Arts som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. Elles kan vi nemne Musée de la Ceramique – keramikkmuseet.

Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønskjer det, kan gå saman med reiseleiarane til gode restaurantar.

Søndag 26.05
Avreise frå hotellet kl. 08.30. Normandie har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Vi køyrer først ut til kysten med besøk i Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar, blant anna fødebyen til komponisten Erik Sate. Her og deler vi reisegruppa i to, og reiseleiarane viser dei største attraksjonane. Særleg er kyrkja Sainte-Catherine verdt eit besøk. Det er ei imponerande trekyrkje frå 1400-talet som er bygd som to skip snudd opp ned. Elles gir vi oss god tid i byen, ruslar rundt i dei idylliske smågatene og et gjerne lunsj på ein av dei mange trivelege restaurantane ved hamna.

Kl. 13.30 dreg vi vidare til Caen som var residensbyen til Vilhelm Erobraren. Caen er ein av byane i Frankrike som vart mest bomba og øydelagd under krigen. Få av dei gamle bygningane stod att etter krigen, men i sentrum finn vi to markante monument frå Vilhelm si tid, nemleg  restane av borga hans og den flotte katedralen Abbaye aux Hommes. Elles er byen nydeleg restaurert med vakker arkitektur og koselege gågater.
Vi legg opp til eit besøk på det store krigsmuseet Caen Mémorial for dei som ønskjer det (pris ca. 9 euro). Dette er eit veldig bra museum om 2. verdskrigen, men også om 1.verdskrigen og Den kalde krigen. I tillegg får vi kl. 17.00 sjå ein film på 25 min. som handlar om invasjonen i Normandie. Mottoet for museet er: Aldri meir krig! I Caen deler vi reisegruppa der dei som ønskjer å sjå krigsmuseet, blir med Rasmus. Andre i turgruppa vil kanskje heller sjå borga til Vilhelm og elles rusle rundt i byen saman med Sylfest.

Etter besøket i Caen køyrer vi kl. 17.30 frå museet via sentrum av Caen til byen Bayeux som er ein idyllisk småby med ca. 15.000 innbyggjarar. Vi sjekkar inn på Novotel Hotel, 117 Rue Saint Patrice, der vi skal bu i fire netter. Kl. 19.30 blir det fellesmiddag* på hotellet. Gruppa har eige rom for middagane, og vi legg vekt på at vi skal kunne underhalda kvarandre med song, gode historier og vitsar. Sylfest har med gitaren sin og leiar allsongen. (F,M)

Måndag 27.05
Denne dagen skal vi vere i Bayeux, og dette er ein by med mykje historie. Bayeux var svært sentral i vikingtida, og her snakka dei truleg det felles norrøne språket aller lengst. Son til Gange-Rolv, Vilhelm Langspjut, som Snorre Sturlason kalla han, var fødd her. På vandreturen deler vi reisegruppa i to, startar ved hotellet kl. 09.00 og går først til den lokale marknaden og ser på det yrande folkelivet. Etterpå vandrar vi vidare gjennom dei små gatene til de Gaulle-plassen. Det var nettopp her Charles de Gaulle kom tilbake frå England i juni 1944 og proklamerte det frie Frankrike. Like i nærleiken finn vi den storslegne og vakre domkyrkja Notre Dame.

Etter å ha sett og høyrt om katedralen, er det tid for lunsj på eiga hand før vi møtes att ved hovudinngangen til katedralen for å gå vidare til museet der vi finn det verdsberømte Bayeux-teppet. Dette meisterverket skildrar Vilhelm Erobraren si hærtaking av England frå planlegginga til det avgjerande slaget og hyllinga som konge over England. Det var halvbror av Vilhelm, biskop Odo av Bayeux, som ville dekorere den nybygde domkyrkja i Bayeux med eit veggteppe. Han fekk ei gruppe fengsla anglosaksarar til å brodere sjølve linteppet som har 56 ulike scener, er 70 meter langt og ein halv meter breitt. Museet har elles ei stor samling gjenstandar og illustrasjonar frå vikingriket i Normandie. Vi får også sjå ein film om historia til Bayeux-teppet.
Ettermiddagen til fri disposisjon, men Bayeux har mange museum, og for dei historieinteresserte kan vi nemne Musée Mémorial de la Bataille de Normandie (Minnemuseet for slaget om Normandie) og Mémorial du Général de Gaulle.

Om kvelden kl. 19.00 er det felles middag* på den koselege lokale restauranten, L’Assiette Normande, som ligg like ved katedralen. (F,M)

Tysdag  28.05
Heile denne dagen nyttar vi på minnesmerka frå invasjonen i Normandie. Vi startar kl. 08.30 frå hotellet i Bayeux og køyrer nordover til landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Første stopp er Pegasus Brigde like nord for Caen. Deretter stoppar vi i den vesle byen Hermanville-sur-Meir, der vi finn Orlogsgasten. Denne statuen er eit minnesmerke over nordmenn som fall i Normandie under krigen. Derifrå køyrer vi langs landgangsstranda til Arromanches. Her kan dei som vil, sjå ein 360 graders film frå D-dagen og elles besøkje Landgangsmuseet. Ein kan også berre rusle rundt i den vesle byen, og tida er også inne for  lunsj på eiga hand. Til slutt køyrer vi langs stranda til Omaha der dei hardaste kampane rasa på D-dagen. Her stoppar vi på den amerikanske krigskyrkjegarden før vi køyrer vidare til Pointe du Hoc der tyskarane hadde sterke kystartilleristillingar. Før vi returnerer til Bayeux, køyrer vi innom den tyske krigskyrkjegarden.

Om kvelden middag på eiga hand. Reiseleiarane gir råd om fleire gode alternativ.

Onsdag  29.05
Kl. 08.30 startar vi på heildagstur til Mont St. Michel. Dette klosterkomplekset med kyrkja og klosteret på toppen av den vesle, pyramideliknande øya må berre opplevast. I Berlitz Store Reiseguider om Frankrike står følgjande: Uansett trosretning bør man en eller annen gang ta en pilegrimsferd til denne kristendommens høyborg.

Tidlegare kunne ein berre gå tørrskodd til øya ved fjære sjø, men no er det bygd veg. Vi gir oss god tid her. Dei fleste i gruppa vil gjerne få med seg klosteret og kyrkja på toppen av øya (inngangspengar ca. 7 euro), og kl. 12.15 er det messe i klosterkyrkja. Andre i gruppa vil kanskje berre rusle rundt på eiga hand. Her er det mange småbutikkar, museum og restaurantar i dei tronge gågatene, og vi tek lunsj på eiga hand.
Avreise frå Mont St. Michel kl. 15.00, og vi er tilbake til Bayeux ca. kl. 17.00.

Felles middag* kl. 19.00 på hotellet. (F,M)

Torsdag 30.05
Etter frukost blir det avreise med kurs for Paris. På bussturen vil reiseleiarane fortelje fragment av fransk historie, politikk og ymse institusjonar.
I verdsbyen Paris blir det guida busstur med Sylfest for å sjå dei største attraksjonane som blant anna Eiffeltårnet, Louvre, Invalidedomen, Triumfbogen og Champs-Élysées. Vi har lang stopp i sjarmerande i Latinerkvarteret og deler turgruppa i to for lunsj på ein dei mange fortausrestaurantane. Etter lunsjen går gruppene den korte vegen for å sjå ei av verdas vakraste kyrkje, nemleg Notre Dame katedralen. Det blir også litt tid til å rusle rundt i det spennande området for å sjå på det pulserande folkelivet. Ut på ettermiddagen blir det vidare guiding med buss rundt om i Paris før vi køyrer til det gode hotellet vårt, Mercure Paris CDG Airport, Roissypole Ouest og sjekkar inn ca. kl. 17.00. Kl. 19.00 blir det avslutningsmiddag* på hotellet. (F,M)

Fredag 31.05
Hotellet ligg på flyplassen, og minibussar frå hotellet køyrer oss til flyplassen. Avreise med flyet vårt kl. 11.45, og vi er framme i Oslo kl. 14.05. Fly vidare til Bergen kl. 15.40 og framme kl. 16.35.

* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
24/5BergenNormandie med Sylfest LomheimMeir enn 816 450,-Bestill
24/5OsloNormandie med Sylfest LomheimMeir enn 816 450,-Bestill