Med Sylfest Lomheim på olsokfeiring til Færøyane

26. - 31. juli 2019.

Historie – språk – kultur. 

Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Eit høgdepunkt for mange er båtturen til dei stupbratte klippane og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Men landet med knapt 50 000 innbyggjarar har ikkje berre den særeigne natur å by på. Her møter vi opne og hyggelege folk med ei spennande historie og eit rikt kulturliv.

Den aller største hendinga gjennom året her er Ólavsøka i siste veka i juli. Det er ein stor folkefest med feiringa av nasjonaldagen den 29. juli. Tórshavn har ca. 18 000 innbyggjarar, men under Ólavsøka, som eigentleg betyr vakenatt, blir folketalet dobla. Færøyingane har lagt nasjonaldagen sin til Olsok, og den er til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad 29. juli 1030. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Noreg, då det lenge var ein del av Noregsvelde. Kong Sverre vaks opp her, og vi besøkjer garden han kom ifrå, Kirkjubøur.
Vi i Fotefar har for lenge sidan sikra oss både flybillettar og hotellrom og er glade for å kunne tilby kundane våre denne eineståande opplevinga.

Reiseleiarane er Sylfest Lomheim og Arne Sunde.

Pris frå:
17 950,-
Dagar:7
Flyreise Bergen – Færøyane t/r
Utflukter og inngangsbillettar i følgje programmet
5 overnattingar med frukost på sentralt og godt hotell
2 middagar, 1 lunsj og ein servering med kaffi og kaker
Dugande lokal guide som snakkar skandinavisk
Sylfest Lomheim og Arne Sunde er reiseleiarar
Enkeltromstillegg, Kr. 2 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 26. juli
Avreise frå Bergen kl. 10.00 med Atlantic Airways via København og framme på Vága flóghavn på Færøyane kl. 13.40 lokal tid (vi stiller klokka ein time tilbake). Bussen vår køyrer oss gjennom eit vakkert landskap  inn til Tórshavn, og reiseleiarane fortel litt om historia og samfunnet til dette fasinerande øysamfunnet. Vi sjekkar inn på  Hotel Hafnia, som ligg midt i sentrum. Deretter er det tid for lunsj på eiga hand.
Kl. 16.00 møtest vi i resepsjonen på hotellet. Reiseleiarane tek gruppa med på ein vandretur rundt om i den spesielle og spennande hovudstaden på Færøyane som har ca. 18 000 innbyggjarar.

Kl. 19.00 blir det fellesmiddag* i ein eigen sal på Hotel Hafnia der vi blir betre kjende med kvarandre. Etterpå må vi berre ut for å oppleva den festkledde hovudstaden i samband med Olsokfeiringa. Dette er den aller største festen i året for færøyingane, og dei feirar heile veka.

Laurdag 27. juli
Denne morgonen startar vi på ein tur med spennande opplevingar til eineståande attraksjonar rundt om på Steymoy. Bussen vår køyrer frå hotellet kl. 09.00, og målet  for denne utflukta er bygda Vestmanna med båttur til dei utrulege fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippane og inn i grotter, og dette trur vi vert eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek 2 timar, og vi er tilbake i Torshavn ca. kl. 13.00. Då er det tid til lunsj på eiga hand og ettermiddagen elles til eigen disposisjon.

Denne kvelden er det middag på eiga hand, og vi skal prøva å få med oss opningskonserten som innleiar Ólavsøka. Etterpå må vi ut i byen for å ta del i den livlege feiringa. Det er berre breie smil og lettliva menneske å sjå, og vi nordmenn har alltid vore populære gjester på Færøyane.

Søndag 28. juli
Etter frukost startar vi kl. 09.00 med ein kort busstur til Kirkjubøur der vi får lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson og servert kaffi og kaker*. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her vaks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus- katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg Kongsgården som har tilhøyrt den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha kome frå Kaupanger i Sogn.

Etter vi er tilbake til Torshavn ca. kl. 12.00, er det tid for lunsj på eiga hand før vi blir med på den offisielle opninga av Ólavsøka som startar kl. 14.00 med skrúðgonga eller prosesjonen. Dette er ikkje berre startskotet til den største feiringa på Færøyane, men også ei rituell handling med lang tradisjon. Først i toget kjem ein mann ridande med Merkið – det færøyske flagget, og deretter følgjer musikkorps, byrådsmedlemmer, idrettsfolk og hestar gjennom hovudgata. Folk samlar seg framfor Lagtinget, og ein utvald person held talen som innleiar den store nasjonale festen. Det er eit yrande liv med fullt av folk i gatene.

Denne ettermiddagen samlar tusenvis av folk seg for å sjå på kapproinga ved hamna. Dette er ein av dei aller største attraksjonane under Ólavsøka. Vi seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men færøyingane er fødde med årer i hendene.
Middag på eiga hand, men ein bør bestilla bord på førehand. Om kvelden er vi ute på byen og tek del i det spennande folkelivet og dei mange aktivitetane.

Måndag 29. juli
Om føremiddagen på sjølve nasjonaldagen er opninga av Lagtinget etter sommarferien den viktigaste posten på programmet. Der held lagmannen (statsministaren) ein tale som politikarane har høve til å kommentera i dei etterfølgjande dagane. Før sjølve opninga er det ein seremoni som startar kl. 11.00 med ein prosesjon frå Lagtinget til gudsteneste i Domkyrkja. Fremst i følgjet finn vi lagmannen og biskopen, og deretter kjem prestar og politikarar på rekke og rad. Ein slik dag er kyrkja stappande full av folk.
Etter gudstenesta går dei same folka i prosesjon til Lagtingshuset og møter folkemengda der. Det blir innslag av klassisk musikk og korsong før oppføringa av Olavsøka Kantate, komponert Sunnleif Rasmussen. Han byggjer verket sitt på historia til færøysk musikk, folketonar, salmar og heilt moderne musikk.

Om ettermiddagen kan ein sjølv velja ut kva du vil ta del i. Det er mykje å oppleve alle desse dagane som tivoli, hesteløp, dans, mange musikk tilbod og kunstutstillingar. 29. juli er den største festdagen under Olavøka. Mange stiller i fargerike bunadene, og folk dansar dei tradisjonelle ringdansane, som vi også kan ta del i. Ein av dei mest populære er «Ormurin Langi» med åtti vers. Kvadet handlar om «Ormen Lange», langskipet til Olav Trygvason, og slaget ved Svolder.

Lunsj og middag på eiga hand, og kvelden og folkelivet må berre opplevast.

Tysdag 30. juli
Vi startar om morgonen på ein ugløymande guida busstur i eit fantastisk landskap. Turen går via Eysturoy til Klaksvík på Borðoy. På denne strekninga vil vi kunne sjå det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er mest 900 høgt. Klaksvík er den nest største byen på Færøyane. Ute i havet kan vi betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin. Vi får også med oss bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv, som har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. Her blir det servert lunsj* på det koselege hotellet Gjáargarður. 

Til slutt køyrer vi til Kalsoy for å sjå ein fantastisk skulptur på stranda der av kópakónan (selkvinna). Vi dreg gjennom vakre bygder og passerer stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.

Kl. 19.00 avslutningsmiddag* på Hotel Hafnia i eit eige rom berre for gruppa vår. Vi kosar oss med allsong leia av Sylfest Lomheim og elles med gode historier fortalt av Arne Sunde. Vi oppfordrar deltakarane til å koma med bidrag.

Onsdag 31. juli
Dette er dagen for heimreisa, og vi gjev oss god tid med frukosten. Kl. 09.30 køyrer bussen vår frå hotellet, og vi legg inn eit par timar besøk på Nasjonalmuseet (Føroya Fornminnisavn), som viser mykje flott historie frå folkelivet på Færøyane. På flyplassen har vi tid til å kjøpa noko å eta før avreisa til Bergen.

*Måltid som er inkluderte i turprisen

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
26/7BergenFærøyane med Sylfest LomheimMeir enn 817 950,-Bestill