Cruise i Vesterled med Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad

2. - 10. juli 2019

Velkommen med på ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Vi startar med fly frå Oslo om morgonen og dreg så til Edinburgh der vi overnattar på hotell før vi går om bord i cruiseskipet i Dundee i Skottland. Deretter går ferda til Lerwick på Shetland, vidare til Kollafjørdur på Færøyane, Kirkwall på Orknøyane, og til Isle of Skye i Hebridane. Skipet set så kurs vestover til Belfast i Nord-Irland før vi avsluttar cruiset i Liverpool.
Undervegs blir det kåseri av Sylfest Lomheim om dei språklege og kulturelle fellestrekka vi har med samfunna vest i havet. På turen får vi eit historisk innblikk i stadene vi besøkjer og om landnåmet og dei norske spora på øyane. For mange har det vore ein mangeårig draum å besøkje dette området, og det er difor ein av dei mest populære turane våre! Vi har også med oss reiseleiar frå Fotefar.

Pris frå:
20 950,-
Dagar:9
Flyreisa tur/retur Oslo
1 overnatting i Edinburgh
1 overnatting i Liverpool
Busstransport (jfr. programmet)
Velkomst- og avslutningsmiddag
6 overnattingar på cruiseskipet Magellan i innvendig lugar
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset
Sylfest Lomheim er med på heile cruiset
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser er med på heile cruiset
Enkeltromstillegg, Kr 6 850,-
NB! Tips ikkje inkludert, £ 7 per person per dag

NB! Cruiset er kun for vaksne, det er ikkje tilgjenge for born under 16 år.
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar.

Dag 1 – Tirsdag 2.juli
Avreise frå Oslo på føremiddagen, og vi er framme i Glasgow tidleg om ettermiddagen (tid kjem).

Bussen vår køyrer oss til hotellet i Edinburgh (1 ½ times køyring) for innsjekking før det blir velkomstmøte og middag. (L,M)

Dag 2 - Onsdag 3.juli
Frukost på hotellet før bussen køyrer oss til hamna i Dundee (ca. 1 time), der vi går om bord og sjekkar inn. Båten går frå Dundee kl. 16.00, og vi må vere ute i god tid.

Resten av denne dagen går med til å segle nordover mot Shetland, så vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre.
Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. (F,L,M)

Dag 3 - Torsdag 4.juli
Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar –  ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Her har vi god tid i land fram til kl. 19.00. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av bussekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (program kjem nokre veker før avreise, ikkje inkludert i turprisen), vere med reiseleiarane på rusletur rundt til dei viktigaste attraksjonane i byen eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også høve til litt shopping. 

Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokter mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom den til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst, og Harald annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Noreg har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde komme over med. Ein del av desse skøytene vart no leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av turane..

Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 19.00 og seglar sørover. Vi møtest til fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår.  (F,L,M)

Dag 4 - Fredag 5.juli
Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Noreg og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Om føremiddagen seglar vi inn til tettstaden Kollafjørdur, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne og dramatiske kysten. Kollafjørdur ligg søraust på Streymoy, den største øya på  Færøyane. Her bur det knappe 800 innbyggarar, men busetnaden er spreidd på 10 kilometer langs fjorden. Bygda har god fiskerihavn og fleire fiskefabrikker. Kvart tredje år i byrjinga av juli arrangerer Kollafjørdur ein byfest som samlar mange gjester, og som går under namnet  Sundalagsstevna. Tettstaden ligg om lag 25 km frå Torshavn og høyrer til Torshavnar kommune. I Kollafjørdur kan vi blant anna sjå den flotte trekyrkja Kollafjardar frå 1837..

I seinmiddelalderen hadde bygda ein lokal tingstad som vart kalla for Vårting.Vi må også nemne at her budde bonden Jens Djurhuus som dikta kvadet om Olav Tryggvason og skipet hans Ormen Lange. Framleis syng og dansar folk på Færøyane tradisjonsrike ringdansar. Ein av dei mest populære er nettopp «Ormurin Langi» med åttisju vers. Kvadet handlar om Ormen Lange, langskipet til Olav Trygvason, og slaget ved Svolder.

Vi har god tid til å rusle rundt på eiga hand i den koselege tettstaden, og vi finn gjerne ein «stamkafe» der vi kan møte reiseleiarane eller andre i gruppa denne dagen. Båten går vidare kl. 18:30, og vi møtest som vanleg til middag på restauranten om bord. (F,L,M)

Dag 5 - Lørdag 6.juli
Denne morgonen seglar vi stille inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Kl. 09.30 om morgonen legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kl. 19.00 i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli med på ei ekstra utflukt (mot tillegg) til dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.

Vi mønstrar på igjen, og skipet set kursen i retning det skotske fastlandet. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe av, kose seg og nyte ferien. Om kvelden møtest vi som vanleg i restauranten til fellesmiddag. Viss vi får fint vêr, kan vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø. (F,L,M)

Dag 6 - Søndag 7.juli
Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet sørover mellom Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til  Norðreyjar eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder utlendingane sine øyar, og viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.

Landskapet blir meir gjestmildt dess lengre sør vi kjem, og når vi er ferdige med frukosten, har vi ankra opp i pittoreske Portree, hovudstaden på Isle of Skye i dei indre Hebridane. Den vesle byen med berre ca. 2000 innbyggjarar ligg fint til mellom klipper i ei naturleg hamn på austsida av øya. Vi får omvising i denne vakre småbyen, kjend for sine pastellmåla murhus, og det blir god tid til å rusle rundt på eiga hand. Kanskje fleire vil smake på den lokalproduserte whiskyen, som øya er så kjend for.

Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til The Skye Heritage Center, der ein kan kjøpe med seg handlaga produkt frå Isle of Skye og Hebridane.

Det første dokumenterte åtaket frå norske vikingar på Skye var i år 794. Frå slutten av 800-talet kom mange norske innflyttarar, og dei gifte seg ofte med lokale skotske kvinner. Men norrønt språk var likevel truleg dominerande. Då ein norsk høvding vart drepen i 1098, invaderte Magnus Berrføtt øya. Det skotske kongedømet prøvde stadig å trenge inn og dominere dei norrøne områda ytst mot Atlanterhavet, noko dei først makta i 1266 etter at kong Håkon Håkonsson døydde.

Det er også mogeleg å vere med på ekskursjonar arrangerte av cruiseselskapet innover på øya (ikkje inkludert). Vi er attende i båten i god tid før avgang klokka 20.00. (F,L,M)

Dag 7 - Mandag 8.juli
Skipet seglar inn mot austkysten av Nord-Irland, og vi får auga på to store, gulmåla kraner kalt Samson and Goliath. Disse landemerka er ei påminning om skipsbyggingsindustrien som sette Nord-Irlands hovudstad på kartet.

Vi går i land i Belfast kl. 08.00. Eit høgdepunkt som ein absolutt bør få med seg, er eit besøk på det fantastiske opplevingssenteret Titanic Belfast (mot tillegg). Det verdskjende skipet vart bygd her i Belfast, og opplevingssenteret med ni etasjar gir oss ei sterk oppleving av skipet og den lagnadstunge overfarten til Amerika. Heile interiøret med salongar og ballsalar er rekonstruerte i full storleik, så her får vi ei kjensle av å vere med på overfarten for over 100 år sidan. Vi får også gå gjennom dei same portane som passasjerane gjekk gjennom den gongen og elles sjå mange andre gjenstandar frå skipet.

Elles har Belfast ei lang og dramatisk historie. Ei norrmannisk borg vart reist så tidleg som i 1177, men først i 1613 fekk Belfast bystatus, og frå då av kom det mange skottar og waliserar dit. Mot slutten av 1600-talet og ut på 1700-talet innvandra det nokså mange franske hugenottar. Dei sette i gang med linindustri, og etter kvart vart Belfast ein viktig industriby med særleg skipsindustri frå 1700-talet. Då Irland vart delt i 1920, vart Belfast hovudstad i Nord-Irland.

Vi kjenner alle til konflikten mellom katolikkane/nasjonalistane og protestantane/ lojalistane. Det som kjenneteiknar denne konflikten, er at det som i første rekke var ein politisk strid om nasjonalitet også har sterke religiøse undertonar. For å unngå open strid, oppretta ein sperringar mellom bydelane der dei to gruppene budde. Vi kan sjå veggmåleria både i katolske Falls Road og protestantiske Shankill Road. Etter at IRA gjekk med på våpenkvile midt på 90-talet, har byen stått fram som eit trygt og spennande reisemål.

Ein bør gjerne utforske byen på eiga hand, og då kan ein kan ta ein tur til Donegall-kvartalet, som er eit landemerke i Belfast. Her finn vi mange, flotte bygningar i viktoriansk stil,  og det spesielle rådhuset dominerer her. I tillegg er operahuset ein av dei største attraksjonane i byen. Ein kan også gå ein runde i sentrum for å sjå bydelane Cathedral Quarter og Queen’s quarter. Belfast har 286.000 innbuarar og er den største byen i Irland etter Dublin.

Skipet går vidare kl.18.00, og vi må vere om bord i god tid før avreise.  (F,L,M)

Dag 8 - Tirsdag 9.juli
Vi seglar forbi Isle of Man, og under frukosten kan vi følgje innseglinga mot munninga av elva Mersey og hamna i Liverpool. Vi går i land kl. 09.30, og bussen vår køyrer oss til hotellet for innsjekking.

Deretter har ein god tid i sentrum for lunsj og litt spasering i gatene. Nokre vil kanskje også besøkje det berømte Beatlesmuseet. Der kan du høyre om heile Beatles si historie, frå før dei slo gjennom til tida etter gruppa vart oppløyst. Museet ligg dessutan ved hamneområdet Albert Dock som er blitt eit av dei vakraste strøka i Liverpool etter storstila restaurering. Her er det også mange restaurantar og barar.

Om kvelden går vi samla frå hotellet til avslutningsmiddag*.  (F,M)

Dag 9 - Onsdag 10.juli
Bussen vår køyrer oss frå hotellet til flyplassen. Avreise frå Liverpool til Gardermoen midt på dagen (tid kjem).

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
2/7OsloCruise i Vesterled juli 2019Fullbooka, venteliste20 950,-Book på venteliste