Cruise i Vesterled med Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad

17. - 24. august 2019
Historie – kultur – natur

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad held daglege foredrag på skipet. Dei vil fortelje om vikinghistoria og øyane si tilknyting til Norge gjennom tidene, både kulturelt og språkleg. I tillegg vil dei fortelje om dei norske spora på øyane i dag. Turen går først til Edinburgh der vi bur ei natt. Vi er i byen den berømte festivalmånaden, der vi blant anna kan få sjansen til å oppleve Military Tattoo! Den 18. august går vi ombord i skipet vårt i Rosyth. Vi seglar først til Kirkwall på Orknøyane, deretter til Lerwick på Shetland og så til Torshavn på Færøyane før skipet set kurs sørover mot Rosyth i Skottland igjen. Dette blir ei oppleving for livet!

Pris frå:
20 950,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo (tilknyting på førespurnad, mot tillegg)
2 overnattingar i Edinburgh
Busstransport (jfr. programmet)
Velkomstmåltid og avslutningsmiddag
6 overnattingar på cruiseskipet Marco Polo i innvendig lugar
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset ekskl. drikkevarer
Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad held førelesingar
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser er med på heile cruiset
Enkeltromstillegg, Kr 6 500,- innvendig lugar, utvendig lugar kr 10 300,-

Ikkje inkludert:
Tips £7 per person per dag
Billettar Military Tattoo
Måltid utover det som inngår i programmet
Drikke

Opsjon: Billettar til Military Tattoo den 23.8.:
Seksjon 2-5/12-15 kr 850
Seksjon 6-7/10-11 kr 1.180
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar.

Dag 1 - Laurdag 17. august
Fly til Edinburgh frå Oslo. Bussen vår tek oss så frå flyplassen til hotellet vårt i Edinburgh. Her skal vi bruke ettermiddagen på å oppleve det yrande folkelivet i byen under den berømte festivalmånaden. Den mest kjende festivalen er nok Royal Edinburgh Military Tattoo, også omtala som «The World’s Greatest show».

Det er høve til å kjøpe seg billettar til Military Tattoo førestilling den 23. august kl. 21.00 då vi returnerer frå cruiset.

Elles er også Edinburgh International festival (musikk, dans og show), Edinburg Fringe festival (teater) og Edinburgh International Book festival populære festivalar som pågår i byen desse dagane.

Om kvelden vert det velkomstmiddag på ein god restaurant i byen. (M)

Dag 2 - Søndag 18. august
Etter ein god frukost sjekkar vi ut av hotellet, og bussen vår køyrer oss til Rosyth, som er havneområdet i Edinburgh. Her skal vi mønstre på skipet vårt – Marco Polo om lag klokka 13.00. Den britiske avisa The Telegraph skriv følgjande om båten: «Eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som kan tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære». Skipet tek til saman 800 personar og er kjend for å liggje stødig og godt i sjøen. Skipet lettar anker kl. 16.00 og startar seglasen mot Orknøyane. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. (F,L,M)

Før middag møtest vi for å høyre Sylfest Lomheim/Torgrim Titlestad sitt første kåseri. Vi har eit eige lokale på skipet for desse kåseria. I forelesingane kjem desse to til å veksle på å fortelje om norsk vikinghistorie og dei kulturelle og språklege spora etter nordmennene i Vesterled. Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i vesterled. Svenskane drog i austerled over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie.
På begynnelsen av 800-talet segla vestlendingar, som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, vidare sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire småriker i Irland.

Denne første kvelden og natta til sjøs går med til å segle nordover mot Orknøyane, så vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre.
Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen.

Dag 3 - Måndag 19. august
Når vi vaknar neste morgon, seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Kl. 08.00 om morgonen legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kl. 23.00 i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli på ei ekstra utflukt (mot tillegg) til dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.
Vi mønstrar på igjen om kvelden, og etter foredrag og middag set skipet kursen mot nord i retning Shetland.

Dag 4 - Tysdag 20. august
Neste morgon kjem vi til Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Her har vi tid i land til kl. 17.00. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (program kjem nokre veker før avreise, ikkje inkludert i turprisen), vere med reiseleiarane på rusletur rundt til dei viktigaste attraksjonane eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt shopping. 
Vi legg opp til ei forelesing også denne dagen, enten på båten eller i land. Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland, og førelesarane vil snakke om dette. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane. Denne delen av krigshistoria vil førelesarane ha med i kåseriet sitt denne dagen.

Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 17.00 og seglar nordover mot Færøyane. Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest vi til fellesmiddag på restauranten om bord. Vi har ein eigen seksjon for gruppa vår i restauranten kvar dag. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.

Dag 5 – Onsdag 21. august
Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. 

Vi kjem fram til hovudstaden på Færøyane om morgonen kl 09.00, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten frå frukostbordet. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen.

Skipet ligg i Torshavn fram til klokka 20.00, og vi får først ein times omvising i denne sjarmerande byen. Etterpå anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. (Ein kan også bli med på ekstra-ekskursjon sett opp av cruise-selskapet mot tillegg i pris.) Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.

Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.

Etter middag i restauranten og føredrag set skipet kurs mot sør i retning Skottland.

Dag 6 – Torsdag 22. august
Denne dagen er vi på sjøen heile tida og vi legg opp til eitt foredrag av Sylfest Lomheim etter frukost og eitt med Torgrim Titlestad på ettermiddagen. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar både på øyane og på det skotske høglandet. Og førelesarane våre har gitt oss den historiske bakgrunnen til desse samfunna. I dei siste føredraga vil Lomheim og Titlestad samle trådane frå dagane før. 
Vi seglar ned den skotske austkysten dette døgnet, så det er ein fin sjanse å få med seg det varierande landskapet langs kysten viss vi kjem nær nok land. Vi kan elles anbefale symjebassenget, eller nokre av dei andre aktivitetane om bord. Meir informasjon om desse tilboda kjem seinare. Marco Polo er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.

Dag 7 - Fredag 23. august
I løpet av natta har vi segla heilt til det skotske fastlandet og ankra i Rosyth ved Edinburgh. Bussen vår hentar oss og vi dreg til hotellet vårt ved Edinburgh. Der har vi heile dagen til rådvelde til å oppleve folkelivet i byen. Tidleg kveld vert det føredrag og avskjedsmiddag på ein av byens gode restaurantar, og dei som ynskjer det, kan vere med på Military Tattoo på esplanaden ved Edinburgh Castle klokka 21.00 (mot tillegg, sjå opsjon for billettar ved bestilling). Kvar dag i tre veker i august er det om lag 1000 aktørar i militære korps som marsjerer og spelar på esplanaden framfør Edinburgh Castle. Det er flest skotske og britiske deltakarar, men aktørar frå opp til 30 ulike land deltek. Eit fast innslag er «The Massed Pipes and Drums», eit gigantisk 100-manns sekkepipe- og trommekorps sett saman av ulike militære eller halvmilitære avdelingar, som til full jubel frå publikum marsjerar opp og ned esplanaden. Eit anna nummer som har vore med sidan starten er «The Lone Piper», ein einsleg sekkepipeblåsar som står på slottsmuren og spelar ei hymne ut over byen. Dei som har delteke på denne festivalen ser på dette som ei stor oppleving.

Dag 8 - Laurdag 24. august
Det er tid for heimreise, og etter frukost sjekkar vi ut av hotellet og bussen vår tek oss til flyplassen for avreise heim til Norge. Flytider kjem seinare.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
17/8OsloCruise i Vesterled august 2019Meir enn 820 950,-Bestill