Vandretur på Shetland

3.-10. august 2019

Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til på Moorfield Hotel i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøkjer dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytt til Shetlandsgjengen under krigen.
Vi legg opp til relativt korte vandreturar (ca. 2 timar) i lett terreng dei fleste dagane, med sjanse til ekstraturar for dei sprekaste.  - 

Pris frå:
16 450,-
Dagar:8
Direktefly både Bergen/Shetland t/r
Busstransport på heile turen som vist i programmet
7 frukostar
7 middagar/lunsjar
7 overnattingar på eit godt hotell
Utflukter og guiding på Shetland
Inngangsbillettar Jarlshof og dei andre attraksjonane i programmet
Turar med lokal vandreguide
Reiseleiar frå Fotefar er med på heile turen
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Laurdag 3. august
Direktefly frå Bergen til Sumburgh på Shetland. Der ventar bussen på oss og køyrer gjennom eit vakkert og skiftande landskap til den vesle bygda Brae der vi sjekkar inn på hotellet vi skal bu på under heile opphaldet på Shetland.

I løpet av dei neste dagane skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokter mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom skipa hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland. Framleis er spora etter vikingane mange på Shetland, og dette skal vi utforske både til fots og med buss dei neste dagane.

Fellesmiddag på hotellet om kvelden. (M)

Søndag 4. august
Etter ein god frukost tek bussen oss ei liten halvtime nordvestover til Eshaness. Her skal vi gå ein 2-timars tur med utgangspunkt i Eshaness fyr. Dette er ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland med høge klipper og imponerande steinformasjonar danna av havet som står hardt på her. Etter turen tek bussen oss tilbake til hotellet vårt der det er lunsj.

Etter lunsj tek vi ein liten rusletur i bygda vår, Brae. Rett overfor Brae ligg Mavi Grind, ei lita landstripe der ein på ei side har Atlanterhavet, og på den andre sida Nordsjøen.

Om ettermiddagen serverer hotellet ein ekte britisk Afternoon tea med tilhøyrande kaker og smørbrød. (ikkje inkludert). Dette mellommåltidet kan ein kjøpe seg alle ettermiddagar vi er på hotellet.

Fellesmiddag. (F,M)

Mandag 5. august
Dette er dagen då vi skal sjå og oppleve spora etter Shetlandsfarten eller The Shetland Bus som det vert kalla her. Som dei fleste kjenner til, vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert hausten 1940 for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.

Etter frukost tek bussen oss til Lunna, den første basen for Shetlandsgjengen. Her blir det ein formiddagstur på ca. 2 timar i lett terreng. Vi går i området ved Lunna Voe og passerer Lunna Kirk som er den eldste på Shetland som framleis er i bruk. Kyrkja er bygd i 1750. Her er Nils Nesse gravlagd - den første av Shetlandsgjengen som omkom.

Bussen tek oss så tilbake til lunsj på hotellet. Etter lunsj legg vi opp til at dei som vil, kan ta seg ein ekstra vandretur frå hotellet. Eller ein kan velje berre å slappe av eller ta ein rusletur i Brae eller langs stranda.

Fallesmiddag på hotellet. (F,M)

Tirsdag 6. august
Etter frukost køyrer bussen vår oss til Lerwick, der vi skal vere store delar av denne dagen. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi startar med ei kort guiding i sentrumsgatene og endar opp på Shetland Museum and Archives, som tek for seg heile historia til Shetland frå den geologiske danninga fram til i dag.

Lunsj på ein av dei mange koselege kafeane og tid etterpå til å utforske byen på eiga hand. Det er triveleg å vandre langs gatene og i hamneområdet, og her kan ein også finne gater der scener frå påskekrimen «Shetland» vart innspelte. Byen er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så det er også anledning til litt shopping. Den lokale ølsorten Valhalla og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.

Buss tilbake til hotellet vårt i Brae om ettermiddagen. Fellesmiddag. (F,M)

Onsdag 7. august
Etter ein god frukost er vi klare for dagens vandretur. Bussen tek oss først til hjarta av Shetland, til Thingwall Valley, ein viktig stad for nordmennene som slo seg ned her. Her låg tingplassen deira. På vandreturen startar vi ved Thingwall Church og etter kvart passerer vi også sjølve tingstaden, Law Taing Holm. Turen går i svak unnabakke i lett turterreng ned den grøne dalen. Vi endar opp i bygda Scalloway som var hovudbasen for Shetlandsgjengen. Her finn vi også Scalloway castle frå 1600-talet. Vi gir oss tid her og stoppar ved monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten. Vi får også med oss Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

Lunsj på eiga hand i Scalloway.

Buss tilbake til Brae om ettermiddagen og fellesmiddag på hotellet. (F,M)

Torsdag 8. august
Denne dagen skal vi forlate Mainland, som hovudøya på Shetland heiter, og ta ein ferjetur til den vesle øya Mousa. Etter frukost på hotellet tek bussen oss søraustover til Leebitton i Sandwick, og derifrå tek vi ferja til Mousa som i dag er ubebudd.

Mousa (Mosøy) og Mousa Broch (Mosøyborga) er nemnde både i Egilssoga og Orknøyingsoga. I Egilssoga står det om Bjørn Brynjolvsson frå Aurland som ville gifte seg med Tora Ladhand, systera til Tore Roaldsson i Fjordane. Verken bror hennar eller far til Bjørn ville late han gifte seg med henne, og han tok henne difor med seg og rømde frå Noreg. Dei kom ut for uroleg sjø og fekk skipet skadd ved øya Mousa, men fekk berga skipet i land. Der flytte dei inn i borga (Mousa Broch).

Om hausten kom det eit skip frå Orknøyane. Folka på skipet fortalde at kong Harald hadde sendt bod om at Bjørn skulle drepast. Bjørn og Tora gifte seg på Shetland og overvintra i Mousa Broch. Så snart våren kom og det var råd å segle, for dei nordover. Dei kom til Island og gjekk i land i Borgarfjord, der dei fekk bu på garden til Skallagrim. Med tida vart det forlik mellom Bjørn og Tore, og Bjørn og huslyden hans kunne reise heimatt til Sogn.

Vi har 2-3 timar på øya, så vi har god tid til å vandre rundt og sjå oss om. Tårnet der Bjørn og Tora overnatta står enno, og vandreturen vår på øya går sjølvsagt innom dette tårnet.

Båt tilbake til Lebitton og buss til hotellet der ein kan kjøpe seg ein sein lunsj eller Afternoon Tea. Etterpå legg vi opp til at dei som vil, kan ta seg ein ekstra vandretur frå hotellet. Eller ein kan velje berre å slappe av på hotellet eller ta ein rusletur langs stranda.

Fellesmiddag. (F,M)

Fredag 9. august
Etter frukost køyrer bussen oss sørover til berømte Jarlshof. I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein stor busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard. Vi gir oss god tid inne på området, og i besøkssenteret som har utstilt fleire av gjenstandane som er funne rundt ruinane.

Etter besøket på Jarlshof køyrer bussen den korte vegen til det historiske hotellet Sumburgh Hotel der vi kan kjøpe oss lunsj. Vi får også med oss Croft House Museum før vi dreg vidare til St. Ninian’s Isle, ei lita øy som er knytta til Mainland med ein sandbanke, ein såkalla tombolo. Øya er spesielt kjend for sølvskatten som vart funnen her i 1958. Her går vi ein rundtur på ca. 2 timar i eit opent grønt landskap og ved langstrekte sandstrender.

Buss tilbake til hotellet vårt i Brae, der det blir fellesmiddag. (F,M)

Lørdag 10. august
Dagen for heimreisa. Flyet går ikkje før utpå dagen, så vi har tid til ein lang, god frukost og kanskje ein siste rusletur i Brae før bussen tek oss til flyplassen. Direktefly til Bergen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
3/8BergenVandretur på Shetland616 450,-Bestill