Vandretur på den greske øya Ikaria

17. – 24. september 2019. 

Øya Ikaria i Hellas har ein særskilt posisjon når det gjeld livskvalitet og helse. Øya er ei av fem stader i verda der folk lever ekstraordinært lenge og er ei såkalla «Blue Zone». På denne vakre øya heilt aust i Egeerhavet finn du eit landskap som tek pusten frå deg. Samstundes vil du oppleve ei ro og ei livsglede som du knapt finn andre stader i verda. Fokuset er naturopplevingar, god mat og drikke, folkeliv, lokale kulturopplevingar og sosialt samvær.

Vi bur i ein liten landsby, Nas, på pensjonatet til Thea og Ilias, som er det sosiale sentrumet i landsbyen. Her bur vi enkelt, men godt, og fleire av vandreturane har utgangspunkt herifrå. Vi et lokal mat frå eigen gard, og får sjanse til å vere med Ilias på garden og plukke frukt, grønsaker og urter og sjå korleis dei små gardane på øya vert drivne. Thea lærer oss å lage eit gresk måltid med råvarene vi har sanka inn. Kvar dag har vi vandreturar/fjellturar av lett til moderat tyngde.  Ein av kveldane får vi vere med på ein panygiria, ein tradisjonell dansefest som er svært populær blant innbuarane på øya.

Denne turen er ein av favorittane våre. Dette ein tur med relativt få deltakarar, så gå ikkje glipp av sjansen til å komme utanfor allfarveg i Hellas.  

Pris frå:
15 950,-
Dagar:8
Fly t/r Oslo-Athen og Athen-Ikaria
7 netter på pensjonat i Nas, Ikaria, med utsikt
Busstransport på Ikaria
7 frukostar
5 middagar
1 lunsj
Vandreturar på Ikaria med lokalkjend og kunnskapsrik guide
Lokal kulturkveld med musikk og dans
Gardsbesøk
Besøk på vingard med vinsmaking og snacks
Vi lærer å lage greske spesialitetar på Thea sitt kjøkken
Te og "Loukomades" i klosteret Theoktistis
Reiseleiar frå Fotefar

Enkeltromstillegg kr 1950,-
Minimum tal deltakarar er 12 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar i programmet.

Tirsdag 17. september. Oslo – Athen- Ikaria
Vi reiser med fly frå Gardermoen tidleg om morgonen og kjem til Athen midt på dagen. Etter eit par timar tek vi fly vidare til Ikaria, og vi er framme på vakre Ikaria tidleg om ettermiddagen. Dette er ei øy med lite utbygd transportnett til omverda, og det er ofte vanskeleg å komme seg dit frå Norge med så kort reisetid! På den vesle flyplassen på Ikaria møter vi Thea som helsar oss hjarteleg velkomne til øya. Det første som møter oss er små krokete vegar med ei fantastisk utsikt over Egeerhavet, og vi køyrer vekselvis gjennom små pittoreske landsbyar, i fjellandskap og langs strendene ved kysten. Om lag halvvegs stoppar vi i den vesle byen Evdilos for å strekke på beina, få oss litt forfriskingar og ta ut pengar.
Når vi kjem til Nas, helsar vi på Ilias, mannen til Thea, og sjekkar inn på romma våre på dei ulike pensjonata i Nas. Nas er ei lita bygd, så det er ingen store avstander mellom pensjonata. Vi møtest så til middag, som er laga av lokale råvarer servert på store fat slik at alle får smake på dei ulike lokale greske delikatessene. Er veret slik det brukar å vere i september, får vi ete ute på terrassen under taket av vindruer og med fantastisk utsikt over månelyset i Egeerhavet. (M)

Onsdag 18. september. Nas
Etter ein god frukost dreg vi ut til garden til Thea og Ilias for å plukke lokal frukt, bær, grønsaker og urter, og vi får høve til å vere med og lage eit godt gresk måltid som vi skal ete til lunsj. Dei som ynskjer det, kan vere med på ein vandretur i fjella bak garden til Ilias etter lunsj, eller ein kan bruke ettermiddagen på stranda for sol og bading. Om kvelden kan ein ete middag på ein av dei fire gode tavernaene i landsbyen. Vi kan spesielt tilrå Anna sin fiskemat. Ho held til i nabohuset til pensjonatet til Thea og er berømt for sin gode fiskemat.
(F, L)

Torsdag 19. september. Chalares – Agios Dimitrios - Nas
Etter ein god frukost med eigenproduserte egg, yoghurt, ikaria-honning, heimelaga syltetøy, ost, kaffi og te av ville urter byrjar vi ein ny og spennande dag. Denne dagen tek Ilias oss med på vandring i Chalares-dalen, ein vill og vakker elvedal som leiar opp til det sosiale sentrumet på denne delen av øya, landsbyen Agios Dimitrios/Christos, der vi stoppar for lunsj. Denne turen tek om lag 3 timar på god sti i opp langs sida i elvedalen. Det er nokså bratt stigning frå Nas og opp til toppen, derifrå flatt og fint inn til Agios Dimitrios/Christos. Derifrå tek vi buss vidare opp i fjellet til landsbyen Prophet Ilias for å besøkje vingarden Afianes. Vertskapet her vil vise oss rundt på vingarden, og vi får smaksprøver på dei ulike lokale vinane og vite meir om vinlaging på Ikaria. Vi går så attende til Nas, badar og slappar av før vi et middag hos Thea. (F, M)

Fredag 20. september. Nas/Armenistis
Vi et Thea sin gode frukost når vi vaknar, og har så heile dagen til sol og bad, utforske Nas og Armenistis, og kanskje også vesle Agios Dimitrios ein frisk gåtur unna. Eller kanskje berre nyte ei god bok på verandaen? Vi møtest til middag hos Thea om kvelden og utvekslar erfaringar med dagen. Restauranten til Thea er kjent på Ikaria som tilhaldsstad for dei lokale innbuarane på øya, men også for tilreisande kunstnarar, musikarar og frie sjeler frå alle verdenshjørner som vil vekk frå dei tradisjonelle turiststadene og oppleve noko heilt anna. Her finn dei eit fellesskap og ei ro som ein sjeldan finn andre stader. Thea og Ilias tek i mot alle med opne armar og varme og fortel gjerne om øya og den heilt særskilde statusen som Blue Zone. Dei fem stadene i verda som har fått merkelappen Blue Zone er stader der innbuarane lever mykje lenger enn andre stader. Det vert forska på årsaka til dette, og resultata av dette skal vi også fortelje om undervegs på denne turen.  (F, M)

Laurdag 21. september. Nas - Magganitis
Etter å ha slappa av med ein god frukost hos Thea med vid utsikt over Egeerhavet, dreg vi med buss opp til startpunktet for dagens vandretur. Vi tar med oss lunsjpakkar frå Thea før bussen køyrer oss midt inn på øya. Her vandrar vi først gjennom ein svært gamal skog (segna seier at dette er ein magisk stad) før vi går over eit fjellpass til landsbyen Magganitis på sørsida av øya. Dette er ein spektakulær tur på mange måtar, både på grunn av utsikta og den vakre naturen langs ruta, og den sjarmerande landsbyen vi endar opp i. Turen tek 4-5 timar og det er ei nedstiging på 600 høgdemeter på steinete sti. Stien kan verke noko luftigare enn den verkeleg er, og utsikta er fantastisk! Når vi kjem fram, er det høve til eit forfriskande bad og lunsj på ein av dei små sjarmerande tavernaene i Magganitis. Transport attende til Nas for middag hos Thea. (F, M)

Søndag 22. september. Nas – Theoktistis - Armenistis
Etter den gode frukosten på terrassen til Thea, skal vi gå til eit svært gamalt kloster, Theoktistis. Dette ligg oppe i fjella på øya, som faktisk har dei mest fruktbare områda. Mesteparten av det som vert dyrka på øya, og dei fleste av dei 8.536 innbuarar på Ikaria, held til oppe i fjella. Dette skuldast at vinterklimaet her er mildare og mindre vêrhardt enn nede ved kysten, og om sommaren er det meir nattedogg og fukt for å gje nok væte til avlingane. Vi skal besøkje klosterbygningane og den vesle kyrkja som ligg under ein stor steinheller. Her får vi også servert loukoumades (greske smoltringar) med ikaria-honning og kanel, ei lokal delikatesse! På veg tilbake stoppar vi i den vesle byen Armenistis, som ligg 3,5 km frå Nas. Her er det flotte kvite sandstrender og sjarmerande små butikkar og kafear der vi kan ete lunsj. Middag på eiga hand enten i Armenistis eller på ein av dei koselege tavernaene i Nas. (F, lokomades)

Måndag 23. september. Nas - Koskina
Vi held fram utforskinga vår av øya, og etter frukost denne dagen dreg vi på vandring til Kosikia. Her finn vi borga Koskina på toppen av ein klippetopp med ei fantastisk utsikt over øya og havet utanfor. Borga er frå 10. hundreåret e.kr. og er bygd i bysantinsk stil. Den vart bygd for å verne folket på Ikaria mot angrep frå sjørøvarar og andre fiendar. Inne i borga finn vi ei kyrkje, St. George Dorganas. Turen opp til borga er middels tung og tek om lag to timar, men den storslegne utsikta er verdt turen opp. Når vi kjem ned frå fjellet, et vi lunsj i ein landsby like ved, før vi returnerer til Nas for avslutningsmiddag hos Thea. (F, M)

Tysdag 24. september. Nas – Athen - Oslo
Etter ei heilt spesiell veke hjå Thea skal vi seie farvel etter frukost og ta eit siste bad, før vi dreg attende til flyplassen og Athen på tidleg ettermiddag. Vi hentar bagasjen vår i Athen og sjekkar så inn på kveldsflyet som går direkte til Oslo. Ankomst Oslo seint om kvelden. (F)

Ikaria er ei øy som er heilt annleis enn kva vi er vande med når det gjeld tempo, tidsforståing og nøyaktighet. Dette er også antatt å vere ei av årsakene til at befolkninga på øya lever så mykje lenger enn gjennomsnittet elles i Hellas og Europa. Vi er på besøk i denne kulturen, og skal vi ha fullt utbytte av opplevinga krev det at vi tilpassar oss det tempoet og rytmen ein finn i dette levesettet. Vær også obs på at standarden er enkel, men med romslige og godt utstyrte rom. Dette er også noko av sjarmen. Ein bør også vere førebudd på at det kan bli endringar i rekkefølga i programmet og vandreruter av omsyn til til dømes værforhold, lokale tilhøve og forma til gruppa.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
17/9OsloVandretur på IkariaMeir enn 815 950,-Bestill