Sør-Frankrike med Tove Bakke, med vandreturar

04.-09. oktober 2019.

Bli med på ein aktiv tur til sjarmerande Sør-Frankrike. Vi bur i eit heilt spesielt hotell i nydelege, vesle Castigno, og vi legg opp til vandreturar og to utfluktar til byane Pézenas og Carcassonne. Det blir både fotturar for dei sprekaste og kortare turar for dei som vil ta det meir med ro, så her kan ein velje. Dette er eit av dei mest interessante områda i Frankrike både når det gjeld vin- og matkultur, og vi får smake både på heimelaga mat frå småskala jordbruk og vin frå lokale vinprodusentar som Cabrières, Saint-Chinian og Faugères. I tillegg kan ein bli med på aktivitetar i landsbyen vår, som sykling, riding, matlagingskurs, brødbakekurs, urteplukking og vinsmaking. Omsettar Tove Bakke er med som reiseleiar og held kåseri om fransk kultur, språk og litteratur. 

Pris frå:
15 950,-
Dagar:6
Flyreisa Oslo – Barcelona t/r.
Busstransport og guiding på heile turen.
5 overnattingar på 4 stjerners hotellandsby.
5 frukostar
2 middagar
2 lunsjar inkludert
(1 lunsj inkluderer vinsmaking)
Dagsutflukt til Pézenas
Dagsutflukt til Carcassonne
Vandreturar med lokal guide
Billettar til museum og attraksjonar
Tove Bakke er reiseleiar og held daglege kåseri
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser

Tillegg for enkeltrom: 2950,-

Minimum tal deltakarar: 20
Bestill reise

Dagsprogram

Dag 1 – Fredag 4.oktober
Avreise frå Oslo Gardermoen kl. 06.45 til Barcelona. Tilknyting frå andre byar til Oslo på førespurnad. Vi kjem fram til Barcelona klokka 10.05. Bussen vår hentar oss på flyplassen og tek oss med til Village Castigno, om lag 3 og ein halv times køyretur.

I Castigno skal vi bu i fem netter på ein heilt spesiell overnattingsstad. Ein del av ein landsby og eit slott er gjort om til eit luksuriøst landsbyhotell, og her er det både oppvarma symjebasseng, kunstgalleri og eigenprodusert økologisk raudvin. Landsbyen vår ligg fint til ein god halvtime frå kysten midt i dei beste vinområda i
Languedoc. Det er ikkje daglegvare-butikk i byen, så vi stoppar på vegen frå Barcelona for å kjøpe med oss noko snacks og drikke til de fyrste dagane. Vi tilrår å ha med seg eiga drikkeflaske som kan fyllast på før vandreturar og utfluktar, i tillegg til at vi kjøper med oss drikke når vi er på by-utfluktane.
Når vi kjem fram til den vetle landsbyen møtast vi i huset Maison d’Amis for eit lite velkomstmøte, så er det tid for å pakke ut og sjå seg litt om i landsbyen før vi møtast til velkomstmiddag på kvelden. (L,M)

Dag 2 – Laurdag 5.oktober
Etter ein tidleg frukost set vi oss på bussen til byen Pézenas. Forfattaren Molière budde her i periodar, og den vesle byen (8000 innb,) er framleis kjend som kunst og litteraturby med fleire museum og kunstgalleri. Denne morgonen er det marknad i byen, og vi bruker tida til å sjå på dei mange krambuene og småbutikkane i sentrum. Markedet er kåra til det beste i Languedoc-regionen, og har også utvikla et organisk «Farmers Market». Her er det mange gardbrukarar som sel lokal mat, så vi satsar på å kjøpe med oss noko å ete ute i det fri, eller ein kan ete lunsj på ein av dei små koselege restaurantane. Vi kjøper også med oss vin, ost og andre godbitar som vi kan smake på heime i landsbyen.

På slutten av 1200-talet kom arabarane med dei første silkeormane til området rund Pézenas, og spesielt på 1700- og 1800-talet var det gode pengar å tene. Det var tradisjonelt  protestantiske familiar som var silkeprodusentar. På det meste vart det laga 5000 tonn råsilke i Frankrike og 350 000 menneske arbeidde i produksjonen av dette verdfulle stoffet. Og i Pézenas er det framleis eit silkeveveri.
Buss tilbake til Castigno om ettermiddagen. Før middag får vi det første av Tove Bakke sine kåseri, og dagens tema er: Om litt av kvart i Languedocs kulturhistorie. Dette vil bli arrangert i huset Maison d’Amis, der mange av romma våre er. Her har vi eiget fellesområde, kjøken og kjellarstove. Etter dette møtast vi til middag på ein av dei gode restaurantane i landsbyen. (F)

Dag 3 – Søndag 6.oktober
Vi samlast til felles frukost i den sjarmerande restauranten Le Petit Table. Etter frukost møtast vi i landsbyen for vår første vandretur. Vi skal gå ruta «Les Bousigues», som er cirka 1 mil til saman. Her får vi med oss ein lokal guide som stoppar undervegs for å fortelje om diverse plantar, urter og bær i området. Kanskje vi også får med oss noko vi kan ta med heim?

På slutten av turen får vi servert lunsj ute i det fri blant vinmarkene (med atterhald om gode vêrforhold, kan bli servert innandørs). Her får vi smake lokale matvarer og økologisk vin produsert i Castigno.

Før middag får vi eit kåseri av Tove Bakke, og dagens tema er: Om erkefranske saker og ting og kunsten å få dei over til norske lesarar, med utgangspunkt i Anna Gavaldas forfattarskap. Middag på ein av restaurantane om kvelden. (F)

Dag 4 – Måndag 7.oktober
Vi startar dagen med ein god frukost. Denne dagen skal vi på heildagsutflukt til vakre Carcassonne og bussturen dit tek ein god time. Byen er av mange rekna som den best bevarte middelalderbyen i Europa og er eit imponerande syn med sine intakte bymurar. På turen dit fortel Tove om sør-fransk kultur og historie, og om kva som gjer at Carcassonne har spelt ei så viktig rolle i regionen. Vi startar med ein times guiding, før vi tek oss god tid til å rusle rundt i dei gamle gatene. Dei som vil kan besøkje skule-museet i byen (inkludert), der ein kan sjå korleis skulen i byen så ut frå 1800-1960.
Vi samlast til felles lunsj på den franske tapas-restauranten L’escargot. Her har dei også et godt utval av regionale vinar ein kan prøve.

Carcassonne har ei lang historie, og her har det vore busetnad sidan 3500 år f. Kr. og byen har stått imot angrep både frå arabarane og Karl den store. På byrjinga av 1200-talet var byen kontrollert av Katarane, som vart sett på som kjettarar av den katolske kyrkja, og i 1209 vart byen beleira og 400 katarar vart drepne. Historia til katarane og bygningane etter dei, er det som gjer Languedoc annleis enn andre regionar i Frankrike. Eit anna historisk særmerke for området er den såkalla «Bal Trad», stemningsfull tradisjonsmusikk. Trubadur-songen oppstod i dette området på 1100-1200-talet, og mange meiner at ordet trubadur kjem frå det provençalske verbet «trobar», som betyr «komponere» eller «finne opp».

Tilbake i Castigno er det klart for kåseri av Tove Bakke. Dagens tema er: Om fransk språk og språk i Frankrike. Etterpå møtest vi til middag på ein av dei gode restaurantane i landsbyen. (F,L)

Dag 5 – Tirsdag 8.oktober
Vi møtast til frukost, og har dagen til å gå ei ekstra vandrerute for dei som ønskjer det. Ein kan óg velje om ein vil vere med på ein av aktivitetane i landsbyen som sykling, riding, kokkekurs eller plukking av urter. Det finst også forskjellige typar vinsmaking ein kan vere med på, eller kanskje det passar med ein massasjetime? Bassenget utanfor Maison D’Amis er også til disposisjon.

Avskjedsmiddag på ein av dei gode restaurantane i landsbyen. (F, M)

Dag 6 – Onsdag 9.oktober
Etter ein tidleg frukost går bussen vår kl. 07:00 til Barcelona flyplass. På bussturen tar Tove Bakke ei oppsummering av kva vi har sett og gjort i løpet av veka. Avreise frå flyplassen kl. 13:05 og framme i Oslo kl. 16:30. Tilknyting frå Oslo til andre byar på førespurnad.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
4/10OsloSør-Frankrike med Tove BakkeMeir enn 815 950,-Bestill