USA Vestkyst; California, Nevada og Arizona med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

28. september – 10. oktober

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen tek oss med på draumereisa til California, Nevada og Arizona – 2 fantastiske veker fullspekka med opplevingar med eit program som inkluderer svært mykje! Undervegs får du kåseri og guiding frå to av Norges mest kunnskapsrike USA-korrespondentar. Dei auser av sin historiske, kulturelle og politiske kunnskap om områda vi er i, krydra med morosame historier og interessante anekdotar om smått og stort.

Vi startar i ein av USAs vakraste byar, San Francisco med Golden Gate, fangeøya Alcatraz, kabelvogner, båttur i San Francisco bay, China Town, og ein smak av hippiehistoria til byen. Vi fortset med vinhistorie og -smaking med eit sus av «Falcon Crest» i Sonoma Valley, får eit innblikk i Silicon Valley før vi besøkjer Salinas - småbyen der John Steinbeck vart fødd. Vi får late dagar i Monterey med sitt berømte akvarium og gyldne strender, og nyt solnedgang og middag i den idylliske kunstnarkolonien Carmel, der Clint Eastwood var borgarmeister. Highway one (også kalla Big Sur), den spektakulære og verdskjende kyststrekninga langs Stillehavet, får vi studere på nært hald. Hearst Castle, det næraste vi kjem eit slott i USA er også eit «must» på vegen sørover i California. På vegen vår til Los Angeles køyrer vi gjennom dei pittoreske landsbyane skildra i filmen Sideways, før vi kjem til dei berømte byane Santa Barbara, Ventura, Malibu og Santa Monica. Vi endar så opp på strandhotellet vårt på Venice Beach. Her skal vi bu i 3 netter og får rikeleg anledning til å sjekke ut «Muscle Beach», the Boardwalk og tid til sol og bad på dei berømte strendene, og ikkje minst oppleve glitter og glamour i Hollywood og storbylivet i Los Angeles. Ingen kan besøkje denne byen utan å vandre langs Hollywood walk of fame, og vi får omvising på Kodak-teateret der Oscar-showet finn stad kvart år. Ein kan også oppleve The Studio Tour i Universal filmstudio eller speide etter kjendisar på ein guida busstur rundt i Beverly Hills. Ferda går så gjennom ørkenlandskapet i Nevada, og reisa vert avslutta i maksimalistiske Las Vegas. Her kan ein velje mellom ein spektakulær tur til Grand Canyon i Arizona, eller å utforske Las Vegas med sine berømte bygningar og kasino. Vi torer å påstå at du på denne turen får utruleg mykje for pengane!

Pris frå:
39 950,-
Dagar:12
Flyreisa direkte frå Oslo til San Francisco med retur frå Las Vegas (via Los Angeles eller London)
Busstransport og guiding på heile turen.
8 overnattingar på 4-stjerners hotell i storbyane
3 overnattingar på 4-stjerners hotell i småbyar
4 tre retters middagar og 3 store lunsjar
8 frukostar
Billettar til vinmuseum i Sonoma Valley
Vinsmaking i Sonoma Valley
Billettar til båttur i San Francisco Bay
Billett til Alcatraz
Hippie-sightseeing i Haight-Ashbury med Eva og Joar
Billettar til Steinbeck museum
Billettar til Pebble Beach på 17-mile scenic drive
Billettar til Hearst Castle
Billettar til Kodak Theatre (staden for Oscar-utdeling)
Besøk på Santa Monica Pier
Sightseeing i San Francisco og Los Angeles

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er guidar på heile turen og vekslar mellom kåseri i morgonmøter og
guiding/kåseri undervegs på bussturane
Toril og Rolf Partenyi er reiseleiar frå Fotefar temareiser

Enkeltromstillegg kr 11 450,-
Minimum antal deltakarar 25
Frist for påmelding 40 dagar før avreise

Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar.

Laurdag 28. september
Avreise frå Gardermoen kl. 15.50 med direktefly (tilknyting frå andre flyplassar etter førespurnad). Vi landar i San Francisco klokken 17.15 lokal tid, og etter gjennomgang av passkontroll og henting av bagasje køyrer bussen vår oss til hotellet i San Francisco, og på vegen får vi kanskje sjå den fantastiske solnedgangen over Golden Gate Bridge. Med ni timar tidsforskjell tek vi det med ro på hotellet, sjekkar inn og et velkomstmiddag på ein restaurant like ved hotellet, slik at vegen er kort til rommet og ei god natt søvn. (M)

Søndag 29. september
Etter velkomstmøtet om morgonen kl. 08.30 – 09.30 med Eva og Joar skal vi på vinsmaking i Sonoma Valley med eit snev av Falcon Crest. Vi køyrer gjennom San Francisco sentrum og over Golden Gate, og tek den obligatoriske stoppen på nordsida av brua. Utsikta mot byen er fantastisk, så dette er staden for å ta flotte bilete av San Francisco. Vi fortset til Napa Valley og Sonoma der vi besøkjer nokre av USA sine beste vinprodusentar. Det finst 400 av dei i desse dalføra, og oktober med drueinnhaustinga er månaden då grunnlaget vert lagt for produksjon av dei berømte Napa-vinane. Etter vinsmaking og omvising et vi lunsj på vingarden før vi køyrer til idylliske og eksklusive Sausalito i Marine County med kjempeutsikt til San Francisco på andre sida av sjøen. Der har vi tid til å rusle litt i byen, shoppe litt eller berre nyte bylivet fram til vi tek ferja attende til Fishermans Wharf. Bussen hentar oss her, og dei som ynskjer det kan vere med på ein sightseeing i San Francisco og opp på høgda Twin Peaks med flott utsikt over byen, San Francisco-bukta og Golden gate. Resten av ettermiddagen på eiga hand. Dei som ynskjer det kan vere med reiseleiarane ut og ete middag. (L)

Mandag 30. september
Dagen startar med kåseri av Eva og Joar, deretter køyrer bussen ned til Fishermans Wharf, der vi har billettar til ferja ut til Alcatraz kl. 10.30.Alcatraz - berre namnet er nok til å få frysningar! Den vesle klippa ligg midt i San Francisco Bay og har vore fengsel i snart 200 år. Først for desertørar under borgarkrigen, deretter for indianarar som ikkje ville "siviliserast". Men i 1934 vart det gjort om til eit fluktsikkert fengsel for FBI sine mest ettersøkte kjeltringar. Gangsterkongen Al Capone var ein av dei innsette som gjorde sitt til å gi Alcatraz høgstatus. Det tek ein liten halvtime med båt til den berykta anstalten som i dag er eit godt besøkt og svært spesielt museum. "Lydshowet" med gamle fangar på tape, med dører som slamrar og nøklar som raslar, gjev eit autentisk bilete av livet på øya. Ettermiddagen er fri til eigne utflukter. Køyr gjerne med ein av byen sine berømte kabelvogner - TheCable Car - eller ta ein taxi med den mest krunglete og krokete gate i verda, nemleg Lombard Street. Ta ein antikk-trikk til verdas homsehovudstad Castro, eller du kan bli med oss på ein hippie-sightseeing i Haight-Ashbury - distriktet der hippierørsla vart fødd på 60-tallet. Eller kanskje eksotiske Chinatown med sitt yrande liv og spennande lukter er meir forlokkande? Om kvelden er det middag på eiga hand enten på den gode restauranten på hotellet eller på ein av dei mange restaurantane i nærleiken av hotellet (t.d. Market Street Grill, Sam’s Diner, The Perennial etc.) Reiseleiarane er med for dei som ynskjer det.

Tysdag 01. oktober
Etter ein god frukost startar vi på turen sørover, gjennom Silicon Valley med alle dot.com hovudkvartera og stoppar i Salinas der Nobelprisvinnaren i litteratur John Steinbeck (1902-1968) vart fødd. Barndomsheimen hans står der enno, men det er det storslagne National Steinbeck Center som fortener eit besøk. Få stader i USA vert landet si nyare historie oppsummert på ein så visuell og interessant måte. Hovudverket "Vredens druer" står sentralt, både boka og filmen - og den sosiale røyndomen som førde til at boka vert skriven. Etter denne litterære historietimen køyrer vi ned til Monterey, kjend for sin Jazz Festival og sine kunstnarar. Mange av John Steinbecks romanar handlar om livet i Monterey, og når vi er framme i Monterey sjekkar vi inn på hotellet vi skal bu på, der vi slappar av på hotellet eller ruslar rundt i byen. Dette er ein idyllisk liten by, med ei flott strand midt i byen, eit eige «Fishermans Wharf» der du har god utsikt til sjøløvene, og eit godt utval av butikkar og severdigheter. Middag på eiga hand, enten på hotellet eller til dømes nede på Fishermans Wharf. (F)

Onsdag 02. oktober
Dette er ein dag til å slappe av og utforske Monterey og den idylliske kunstnarkolonien Carmel. Vi anbefalar eit besøk på det verdsberømte akvariet i Monterey, ein av USA sine mest kjende attraksjonar som er ei stor oppleving. Ein tur til Cannery Row frå Steinbeck sine romanar er også hyggeleg, med sine mange små og koselege butikkar og kafear. Stranda er innbydande for sol og bad, og hotellet tilbyr også spa-behandlingar som ein kan bestille ved innsjekking (mot tillegg). Klokka 17 tek vi turen til den vesle nabobyen Carmel, og vi skal køyre langs den 17-mile lange Scenic Drive ut mot Stillehavet med utsikt til vakre strender og Stillehavet. Her var filmlegenda Clint Eastwood borgermester frå 1986-88, og vi skal ete middag kl. 19.30 på Hogs Breath Inn, restauranten som Clint sjølv ein gong eigde! Etter middag køyrer bussen oss attende til hotellet i Monterey (ca. 15 min køyring). (F, M)

Torsdag 03. oktober
Vi nyt den gode frukosten på hotellet før vi dreg vidare sørover California kl. 09.00. Ferda går langs Highway 1, også kalla «Big Sur», noko også mange amerikanarar drøymer om å få oppleve, dei kallar den gjerne den vakraste bilturen i USA. Vi opplever ein Stillehavskyst som er så urørt og vill - utan reklameskilt - at ein vanskeleg kan tru at dette er California! Undervegs får vi flott utsikt til eit vilt og vakkert landskap med strender og klipper der bølgene frå Stillehavet bryt mot land, elefantselar varmar seg i sola, ørn og kondor sirklar over dei bratte fjellsidene langs vegen. Første mål denne dagen er Hearst Castle i San Simeon. Dette "slottet i øydemarka" høyrde til den eksentriske, men styrtrike avismagnaten William Randolph Hearst, ofte nemnd som modell for"Citizen Kane". På 20- og 30-tallet festa USA sine A-kjendisar, mellom greske søyler og mauriske buer på Hearst Castle, Hollywood-kjendisar og Washington-politikarar i skjønn foreining. Vi får ei omvising på Hearst Castle. Vi køyrer vidare langs kysten på Highway 1 og passerer blant anna «Morro Rock», eit historisk landemerke i California forma for om lag 23 millionar år sidan. Morro Rock var ein gong eit navigasjonsmerke for sjøfolk, ettersom steinen stig 175 meter opp frå bakken. Den har også vorte kalla «Stillehavets Gibraltar». Endestoppen denne dagen er Solvang, ein "dansk" by med bindingsverkshus og Den Lille Havfrue - i innlandsdalen Santa Ynez. Solvang har helde på dei danske tradisjonane både når det gjeld språk og arkitektur. Til dømes finn du vindmøller i alle slags størrelsar rundt om i landsbyen. Her skal vi overnatte og vi får fellesmiddag på hotellet om kvelden. Byen er opplyst av tre kledde med lyslenker, så det er hyggeleg å ta ein rusletur rundt i byen etter at det er vorte mørkt. (F, M)

Fredag 04. oktober
Etter frukost tek vi oss tid til å gå litt rundt i Solvang før vi fortset vidare nedover vestkysten. Vi køyrer gjennom små landsbyar og kjende vindistrikt. Det var i dette området den Oscar-nominerte filmen "Sideways" vart laga om utdrikkingslag og vinkonsum. Vi besøkjer små vinbutikkar i Los Olivos før vi set kursen for Santa Barbara, der vi et lunsj på ein restaurant ved hamna. Målet vårt denne dagen er Los Angeles, undervegs passerer vi kjendisbyar som Ventura og Malibu før vi avsluttar dagen på legendariske Santa Monica Pier - kjend frå bl.a. TV-serien Pacific Blue - der Route 66 sluttar og californiarane likar å "henge". Vi sjekkar så inn på hotellet vårt på Venice Beach, det ligg like vedstranda og har ein berømt takbar med utsikt over Venice Beach/Muscle Beach og Stillehavet. Her vert det middag på eiga hand. Dei som ynskjer det kan vere med reiseleiarane ut og ete. (F, L)

Laurdag 05. oktober
Dette er dagen for glitter og glamour i Hollywood med stikkord som Graumans Chinese Theatre og Hollywood Walk of Fame! Vi besøkjer Kodak-teateret der Oscar-showet vert arrangert kvart år, ei oppleving der ein kan verte «star-struck» av mindre! Etter frukost og morgonmøte frå klokka 08.30 til 9.30 startar vi på køyreturen inn til Los Angeles som er ein by med mykje trafikk og store avstander. Når vi har parkert startar vi med å gå langs Hollywood Walk of Fame ned til Kodak-teateret, der vi får omvising. Etter omvisinga er det tid til lunsj på eiga hand, før vi deler oss i grupper som skal henhaldsvis besøkje Universal studios*, reise på sightseeing i Beverly Hills*, eller bli med reiseleiaren på metroen downtown LA for ein guida vandreturpå om lag 1,5 time. Der vil vi sjå Walt Disney Concert Hall, City Hall med utsiktsplattform på toppen, LA museum of modern art, Museum of Contemporary art, Angels Stairway, Bradbury building (LA’s eldste bygning), Grand Park, Dorothy Chandler Pavillion og Grand Central Market. Kvelden på eiga hand ved hotellet vårt som ligg fint til ved Venice Beach. Her kan vi nyte vakre omgjevnader ved stranda og Venice Canals og studere posørar på Muscle Beach som er der berre for å bli beundra! Ikkje nokon annan stad i USA er det så mange amatørunderhaldarar og gateartistar, sannseiarar og spåkoner, muskelspelarar og kroppsbyggarar, fakirar og flanørar som på Venice Beach. Stranda er rein og vakker, palmane imponerande og havet er innbydande, men mest av alt er "the Boardwalk" ei oppleving. Sjølve "gågata" på stranda medjoggarar og syklistar, rulleskøytefantastar og hundeluftarar, og ikkje minst nysgjerrige turistar er eit syn verdt. (F)

Søndag 06. oktober
Etter frukost og morgonmøte frå kl 09.00 til 10.00 har vi dagen til eigen disposisjon. Venice Beach er perfekt for sol og bad, ein lang vandretur langs stranda, shopping i ein av dei mange små butikkane over stranda, eller ein vandring langs Venice Canals. Dette er eit nettverk av kanalar, omkransa av koselige hus, som utgjer ei lita oase i en by full av liv og røre, og ei ypperleg rute for ein stille morgon-eller ettermiddagstur. Ein har også sjansen til å ta ein drosje inn til Hollywood eller downtown LA, og gjerne besøke Gettymuseet, LA Moma, The Broad (alle museum for moderne kunst), eller besøkje fleire filmrelaterte destinasjonar. (F)

Måndag 07. oktober
Etter ein god frukost på hotellet går turen til Las Vegas klokka 09.00 via Mojave National Preserve. Her får vi verkeleg sjå California frå fleire sider, både det vidstrakte bylandskapet i Los Angeles, fjella bak byen, og det spesielle landskapet i den vakre Mojave-ørkenen. Vi får fleire høve til å strekkje på beina, blant anna med ein matstopp i Barstow som ligg på Route 66. Om ettermiddagen kjem vi fram til hotellet vårt, Tuscany Suites & Casino, i Las Vegas og et ein sein lunsj/tidleg middag før vi brukar kvelden på å ta inn alle inntrykka frå dette maksimalismens mekka, også kalla Sin City. Det vert hevda at Las Vegas er så opplyst at det er den einaste byen på jorda som kan sjåast frå månen. Om kvelden vert det tid til å utforske berømte «The Strip», hovudgata i byen med mykje liv og røre, posørar og musikantar, omkransa av hotell som ser ut som pyramidar, slott og palass. Det er også mogleg å kjøpe seg billettar til ein kulturell førestilling som musikal, konsert eller liknande. (F, L eller M).

Tysdag 08. oktober
Denne dagen kan du velje mellom å utforske byen Las Vegas med sine kasino og mange kopibygningar av t.d. Cæsar sitt palass, Eiffeltårnet, Empire State Building, Chrysler Building, Kheopspyramiden og Fridomsgudinna, eller ein dagstur til Grand Canyon enten med buss* eller helikopter*. Grand Canyon er ei enorm kløft i det nordlege Arizona som ligg om lag 2 timars køyring frå Las Vegas. Dette er ein av USAs største turistattraksjonar, og den vart skapt av Coloradoelva gjennom fleire millionar år. Grand Canyon er om lag 446 km lang, varierer i breidde frå 0,5 til 29 km, og spenner over 1600 m frå topp til botn, så dette er verkeleg eit spektakulært syn. Bussturen tek om lag 3 timar, med innlagt stopp ved Hoover Dam. På vegen passerer vi fleire indianerreservat og sjølve Grand Canyon reservatet er drive av indianerstamma Hualapai. Dette er eit større område ved vestkanten av Grand Canyon. Vi vert køyrt rundt på området, og får besøkje ein replika av ein westernby, utsiktspunktet Guano point der vi et ein enkel lunsj ute, og sjølve attraksjonen Grand Canyon Skywalk, der vi går ut på ei glasplattform som heng 700 meter over botnen på kløfta. Her vert det også høve til å kjøpe souvenirar, bøker og bilete. Alternativet til buss er å sjå dette fantastiske landskapet frå lufta i helikopter. Her kan ein velje mellom helikoptertur med landing i botnen av kløfta med champagnelunsj, eller med ein kort båttur. Alle er attende i Las Vegas om ettermiddagen. Vi får så litt tid til å slappe av eller utforske litt rundt hotellet før det vert avslutningsmiddag på hotellet. For dei som ønskjer det, kan vi fortsetje kvelden på eit av dei mange kasinoa i byen og sjå på korleis livet som «gamblar» artar seg. (F, M)

Onsdag 09. oktober
Utsjekk kl 11.00, vi oppbevarar bagasjen på hotellet og brukar dagen på å utforske Las Vegas eller slappe av ved bassenget fram til vi reiser med bussen ut til flyplassen klokka 19.00. Fly heim til Norge frå Las Vegas kl. 21.30 med British Airways via London Heathrow. (F)

Torsdag 10. oktober
Ankomst Oslo neste kveld kl 20.50. 

Drikke er ikkje inkludert i måltida.

Aktivitetar merka med * er mot tillegg, du kan velje dette i bestillingsprosessen.

Sjå informasjon om innreisebestemmelser på www.regjeringen.no
 

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
28/9OsloUSA Vestkyst; California, Nevada og ArizonaMeir enn 839 950,-Bestill