Rocking London

60- og 70-talsrocken.

25.–29. september 2019.

Dette er den ultimate turen for alle som er interesserte i 60- og 70-tallsmusikk. Dagane startar med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Rolling Stones, Beatles, Kinks, Pink Floyd, Jimi Hendrix, David Bowie, Bob Dylan og fleire av dei utallige andre musikarane som har budd i London. Vi besøkjer sjølvsagt Abbey Road med den berømte fotgjengarovergangen, og får oppleve stemninga i Soho og Denmark Street. Det blir lunsj både på Hard Rock Cafe og på Bill Wyman’s Sticky Fingers i tillegg til omvising på Royal Albert Hall og Handel Hendrix House.

For mange vil nok høgdepunktet vere besøket på legendariske The Troubadour, der det blir ein konsert berre for oss med eit fantastiske tribute-band som tek oss tilbake til Rocking London på 60- og 70-talet. Velkommen med på ein unik tur stappfull av store musikkopplevingar!

Pris frå:
15 950,-
Dagar:5
Flyreise Oslo/Bergen-London t/r
Kåseria av Bård Ose i eige konferanserom på hotellet
Buss tur/retur flyplass i London
Guida turar til fots i London sentrum med lokal rockeguide
Guida turar med buss med lokal rockeguide i sentrum
4-stjerners hotell midt i sentrum
4 frukostar
Lunsj på Bill Wyman’s Sticky Fingers
Lunsj på Hard Rock Cafe
Omvising på «The Vault», Hard Rock Cafe-museet
Omvising i Royal Albert Hall
Omvising i Handel Hendrix House
Busstur til Abbey Road
Reiseleiar frå Fotefar temareiser
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

Onsdag 25.09
Avreise frå Bergen kl. 09.20 (direktefly, Norwegian) og Oslo kl. 07.20 (direktefly, Norwegian). På flyplassen i London møter den lokale rockeguiden vår oss og tek oss med på ein guiderunde i London sentrum. Vi sjekkar så inn på Millennium Gloucester Hotel (4 stjerner) ikkje langt frå Hyde Park sentralt i London. Etter at vi har slappa av litt på hotellet, vert det kåseri av Bård Ose om bakgrunnen for London-musikken på 60- og 70-talet og om kvifor byen er like viktig for utviklinga av rocken som musikkbyane i USA. Bård har blant anna skrive bøker om VinskvettenThe BeatlesThe Rolling Stones og vore medforfattar av Norsk pop & rock leksikon. Han er ein av programleiarane for radioprogramma P.I.L.S og Radio Rock som går på NRK P1, samt programleiar for Ren 60 og Gammelnorsk på NRK P1+.

Etter kåseriet blir det god tid til å slappe av på hotellet før middag. Vi har reservert plass til alle på hotellrestauranten, og ein bestiller det ein vil frå a la carte-menyen (ikkje inkludert). Vi bur midt i sentrum med mange kafear og pubar i gangavstand frå hotellet, så vi legg opp til at ein kan bli med reiseleiarane på ein typisk engelsk pub etter middag viss ein har lyst til det.

Torsdag 26.09
Vi startar dagen med ein ekte engelsk frukost på hotellet. Etterpå møtest vi i konferanserommet kl. 9.30 for å høyre dagens kåseri frå Bård Ose. Her gir han oss bakgrunnen og historia til det vi skal sjå på den guida turen seinare på dagen. Dei som har vore med på Beatles-turen til Bård veit at han er ein fantastisk forteljar og at latteren sit laust under desse morgonkåseria. Avreise med buss frå hotellet rett etterpå. Med oss har vi den faste lokale musikkguiden vår, Adam. Han har vore musikkguide i London i mange år og krydrar guidinga med små historiar og anekdotar. Kanskje tek han også med gitaren og spelar litt for oss.

Første stopp på bussturen blir legendariske Abbey Road Studio med fotgjengarfeltet utanfor som The Beatles gjorde verdberømt med cover-bildet på den siste studioplata si. Neste stopp blir Denmark Street som var sentral i britisk populærmusikk i mange tiår med både musikkforlag, studio, musikkforretningar og musikklubbar. Mange av Londons mest kjende musikarar øvde og gjorde sine første innspelingar her som Kinks, The Rolling Stones, The Small Faces, David Bowie (som til og med budde her i ein campingbil ei stund) og The Sex Pistols. Både Eric Clapton, Jeff Beck and Pete Townshend kjøpte gitarane sine frå musikkforretningen, Rhodes Music. På vegen vidare frå Denmark Street køyrer vi forbi mange av London sine store attraksjonar, og vi tek ein kort stopp ved Houses of Parliament.

Det vert felleslunsj på Hard Rock Cafe, der vi får ei privat omvising i «The Vault», museet deira, med utstilling av gjenstandar frå rockens historie. Dette er den første, originale Hard Rock Cafe-en, og den aller første gjenstanden i den utruleg store samlinga deira heng framleis her: ein Red Fender Lead II gitar som Eric Clapton donerte i 1979.

Bussen tek oss tilbake til hotellet om ettermiddagen, og vi får nokre timar til å slappe av på hotellet før middag. Her er det også tid til byvandring på eiga hand for dei som ønskjer det, eller kanskje litt shopping. Hotellet vårt ligg ikkje langt frå gode shoppinggater, og det er også tid til å utforske Oxford Street for den som ønskjer det.

Middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiaren til ein koseleg restaurant rett ved hotellet. Etter middag kan ein bli med reiseleiarane ut på byen til ein stad med god live musikk. Vi anbefaler The Blues Kitchen i Camden. Der er det som regel live soul-musikk på torsdagar. (F,L)

Fredag 27.09
Etter ein god frukost samlast vi kl. 09.30 i konferanserommet på hotellet og høyrer Bård Ose fortelje anekdotar om band og musikarar frå 60- og 70-talets London. Han har store kunnskapar og tek gjerne imot ønskje frå salen om kva han skal fortelje om. Etter kåseriet hentar bussen oss på hotellet og tek oss med til bydelen Soho som er svært viktig for musikkscenen i London. Det var i denne delen av byen ein fann det som vart kalla Europas første rockeklubb The 2i’s Coffee Bar . Kafeen vart opna i 1956, og det var her skiffle-musikken fekk sitt gjennombrot i England. Skiffle kan seiast å vere ein forløpar til rockemusikken, og på denne vesle kafeen slo både Tommy Steele og Cliff Richard gjennom.

Ein annan sentral plass vi får høyre om på guidinga i Soho er The Marquee Club der The Rolling Stones, Led Zeppelin, The Who, Yes, Jethro Tull, Pink Floyd, David Bowie, Fleetwood Mac og Jimmy Hendrix spelte. Vi går også bortom verdsberømte Ronnie Scott’s Jazz Club og Trident Studios der The Beatles, Queen, Elton John og mange av dei andre har spelt inn musikk.

Det blir så felleslunsj på Bill Wyman’s Sticky Fingers.

Etter lunsj blir vi henta av ein heilt spesiell buss: The Swinging 60s Bus! (Ikkje inkludert, bookast som tillegg ved bestilling. 950 kroner inkludert buss, guiding, omvising på Royal Albert Hall, billettar til Hendrix Museum og konsert på The Troubadour) Dette er ein ekte, raud dobbeldekkar frå 60-talet med stor stemning og tidstypisk musikk på høgtalarane. Vi anbefaler alle å velje dette tillegget til turen. Bussen tek oss med på ein humørfull rundtur i sentrale London, og første stopp blir legendariske Royal Albert Hall, der vi får ei privat omvising med fokus på 60-talsmusikken. Deretter går turen til Hendrix-museet før bussen tek oss vidare forbi Kings Road med sine berømte platestudio som Swan Song Records, eigd av Led Zeppelin. Vi kjem så til The Troubadour, ein av dei siste attlevande sentrale musikk-kafeane i det som vart kalla  The British Folk Revival. Her spelte Bob Dylan, Paul Simon, Joni Mitchell, Jimmy Page, Robert Plant og ein haug andre av dei store. Det som er utruleg med denne konsertstaden, er at det meste av interiøret er uforandra, så her kan ein verkeleg drøyme seg tilbake til Swinging London på 60- og 70-talet. Vi får servert litt lett barsnacks (nøtter, chips etc) før det blir ein 30 min. lang konsert med ein glimrande Jimi Hendrix Tribute Act. Etter konserten kan dei som vil, ete middag på The Troubadour og få med seg neste band som spelar. (F,L)

Laurdag 28.09
Vi startar dagen med ein god engelsk frukost og kl. 09.30 blir det foredrag med Bård Ose i konferanserommet om London-musikken.

Denne formiddagen kan ein velje sjølv kva ein vil gjere. Mange vil nok kanskje handle litt på Oxford Street eller i Regent Street. Viss veret er fint, kan vi også anbefale ein rusletur i Hyde Park som ligg like ved hotellet. Hop-on-hop-off-bussane som går gjennom heile London sentrum kan også vere eit alternativ. Elles har byen noko for ei kvar interesse, og reiseleiarane kjem til å sette opp ei oversikt over mogelege aktivitetar når det nærmar seg avreise. Sannsynlegvis kjem ein av reiseleiarane til å ta med dei som vil på fotballkamp (ein betaler sjølve). Det kan vere vanskeleg å få tak i billettar til toppkampane i Premier League, men lag som Fulham (med Stefan Johansen i stallen) eller Crystal Palace (med Alexander Sørloth) er det ofte ledige plassar til, og ein slepp også å kjøpe billettar på førehand til desse laga sine kampar.

Reiseleiarane kan også hjelpe til med billettar til musikalar eller liknande viss nokon er interesserte i det. Per i dag er desse nokre av musikalane med musikktema: Thriller, Motown, 9 to 5 – Dolly Parton, The Tina Turner Musical og School of Rock.

Før middag møtest vi i hotellbaren for ein kopp kaffi eller ein pint. Vi har reservert plass på hotellrestauranten, og alle bestiller det dei vil frå a la carte-menyen (ikkje inkludert).
Vi sjekkar også om det er noko bra livemusikk på ein av pubane ved hotellet. (F)

Søndag 29.09
Etter frukost har vi god tid til å nyte formiddagen i London. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til lunsj på ein koseleg restaurant rett ved hotellet. Bill Wyman’s Sticky Fingers ligg heller ikkje så langt unna, så det er mogeleg å gå tilbake dit viss ein likte seg der.

Avreise frå hotellet til flyplassen kl. 16.30. På veg ut til flyplassen oppsummerer Bård Ose kva vi har sett og høyrt om på turen. Direktefly med Norwegian til Bergen kl. 20.35 (framme i Bergen kl. 23.45) og direktefly med Norwegian til Oslo kl. 20.50 (framme i Oslo kl. 23.40). (F)

(Symbolforklaring: F=Frukost, L=Lunsj, M=Middag)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
25/9BergenRocking London 60- og 70-talsrocken215 950,-Bestill
25/9OsloRocking London 60- og 70-talsrockenFullbooka, venteliste15 950,-Book på venteliste