Smaken av Toscana -Trøffel og Chianti

Med Anniken England og Ove Svendsen
8.-12. november  2019.

Velkommen med på ei reise til vakre Toscana. Her får vi oppleve ein fantastisk trøffelfestival, utsøkt Chianti, lokale rettar og gode ostar. Området er spesielt kjent for nydeleg mat og drikke, så her kan vi verkeleg leve det gode liv. Vi bur i landsbyen San Miniato midt under den årlege trøffelfestivalen, der vi får smake på alt det beste regionen har å by på. Anniken England og Ove Svendsen blir med på turen og viser oss det beste frå Chianti, både i glaset og på tallerkenen. Anniken står bak selskapa Druefin og Tre løk og en Franskmann. Ove er både kokk og sommelier, har vore med og starta to vinbarar og vart kåra til «Beste smakar» av Norsk Sommelier-utdannelse i 2016.

Status:
Fullt

Dagsprogram

Med atterhald om endringar.

Fredag 08.11
Avreise frå Gardermoen med Norwegian kl. 07.40 og framme i Pisa kl. 12.25. Bussen vår tek oss inn til sentrum av Pisa der det blir tid til både lunsj, Det skeive tårnet og andre delar av bysentrumet. Om kvelden kjem vi fram til den idylliske byen San Miniato i Toscana. Vi sjekkar inn på det 4-stjerners hotellet vårt  der vi skal bu på heile turen. Fotefar har brukt dette typisk toscanske hotellet i mange år, og vi likar oss spesielt godt her. Fellesmiddag på hotellet. Her får vi smake på trøffel for første gong på turen. Denne helga vert ein av Toscanas største trøffelfestivalar arrangert i byen, og festivalen held til rett utanfor dørene til hotellet. Verdas største kvite trøffel 2520 gram vart funnen her i 1954 og gitt i gåve til president Eisenhower.

San Miniato er også ein Slow City med vekt på Slow Food – lokal mat laga med tradisjonelle oppskrifter, så her får vi smake på ekte toscanske matrettar med lang historie i regionen. (F/M)

Laurdag 09.11
Denne dagen skal vi bli kjende med San Miniato. Byen har berre 5000 innbyggjarar, så det er oversiktleg og lett å finne fram. Vi startar frå hotellet etter frukost kl. 09.00 og kler oss for vandring med gode sko. Først blir det guiding rundt om i byen, og deretter ein lett gåtur i skogen og markene rett utanfor bymurane. På vegen går vi forbi klosteret i byen, som Frans av Assisi la ned grunnsteinen til. Frå det høgste punktet i byen får vi også utsyn over den gamle pilgrimsvegen til Roma, Via Francigena.

Etterpå får vi god tid til å rusle rundt på trøffelfestivalen. Skogane rundt San Miniato har ideelle vekstvilkår for kvit trøffel, og byen er berømt for dette. I marknadsbodene rundt om i byen finn ein ikkje berre trøffel, men alle slags lokale matvarer, så her kan ein kjøpe med seg ost, skinke og brød, og ete lunsj utandørs. Ein kan også kjøpe med seg eit vinglas for nokre få euro, som ein kan bruke til å smake vin frå dei mange vinbodane. Vi har god tid til å rusle rundt i den pittoreske byen og sjå på folkelivet. Vinkjennarane våre Anniken og Ove fortel oss om vinane vi smakar på og kva mat dei passar til. Vi anbefalar middag på ein av pop-up-restaurantane som det er mange av på festivalområdet. (F)

Søndag 10.11
Denne morgonen gir vi oss god tid med frukosten. Det er den siste dagen av trøffelfestivalen, og vi anbefaler at ein tek seg god tid til å sjå på alle bodene i dei smale gatene. Mange boder har smaksprøvar, så ein kan teste ut kvaliteten før ein kjøper med seg noko heim. UItanfor festivalområdet finst det også ein liten butikk som lagar sine eigne sjokoladar og kaker etter tradisjonelle toscanske oppskrifter. Her har dei laga nydelege søtsaker etter dei same oppskriftene i fem generasjonar. Eit britisk turselskap sender grupper eins ærend til San Miniato for å gå innom her, så den vesle butikken har nesten vorte ein attraksjon. Innehavaren, Paolo, snakkar godt engelsk og har også eit godt utval av lokale variantar av den søte dessertvinen, Vin Santo.

Lunsj på eiga hand. Vi anbefaler å kjøpe noko godt frå festivalbodene.

Om ettermiddagen slappar vi av og kosar oss i San Miniato og på trøffelfestivalen. Reiseleiarane kan anbefale produkt ein kan kjøpe med seg. Mange av salsbodene kan vakumpakke matvarer, så her har ein god sjanse til å få med seg delikatesser heim. Trøffelolje og pecorino-ost kan anbefalast.
Om kvelden middag på eiga hand. San Miniato har mange innbydande restaurantar, og fleire vil gjerne vere med reiseleiarane på ein koseleg restaurant like ved hotellet. (F)

Måndag 11.11
Etter frukost tek vi bussen på heildagstur til Greve i hjartet av Chianti. Her blir det besøk hjå en vinprodusent med vinsmaking som er spesielt utvalde av Anniken og Ove. Bussturen dit tek ein god time, og på vegen fortel Anniken om kva som kjenneteiknar gode Chianti-vinar og området dei er dyrka i. Deretter blir det lunsj på restauranten til slaktaren Dario Cecchini (med i tv-programmet Truls a la Hellstrøm). For dei som ynskjer, blir det også tid til ein rusletur rundt i vetle Panzano etter lunch. 

Når vi er ferdige med dagen, tek bussen oss tilbake til San Miniato. Seinare denne siste kvelden blir det fellesmiddag på hotellet vårt. Her får vi eit eige rom for oss sjølve med fantastisk utsikt over Arno-dalen. (F,L,M)

Tysdag 12.11
Etter ein god frukost på hotellet tek bussen oss kl. 09.30 frå San Miniato til flyplassen i Pisa. Avreise kl. 13.00, og vi er i Oslo kl. 17.50. (F)