I vikingane sine fotefar med Torgrim Titlestad og Rasmus Sunde

25. september - 1. oktober 2019.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert Torgrim Titlestad. Han er ein glimrande førelesar og vil gje oss eit historisk innblikk i vikingtida, om landnåmet og dei norske spora på øyane i vest.
Vi startar med fly om ettermiddagen til Aberdeen. Neste dag køyrer bussen oss heilt på nordspissen av Skottland der vi overnattar. Undervegs kåserer Titlestad, og vi får ein god stopp i den sjarmerande byen Inverness for lunsj og litt shopping. Dagen etter tek vi ferje over til Orknøyane der vi skal vere i to dagar. Der får vi med oss dei verdskjende steinalderminna Scara Brae og fleire andre attraksjonar. I hovudstaden Kirkwall blir det byvandring og eit sjeldan spennande seminar med flotte musikkinnslag i den imponerande St. Magnus-katedralen.
Overnatting på cruiseferje til Shetland der vi blant mykje anna besøkjer dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og elles Scalloway museum som har ei eiga avdeling om Shetlandsfarten under krigen. Til slutt tek vi båten tilbake til det skotske fastlandet og Aberdeen, der vi stoppar eit døger før heimreisa.

Pris frå:
18 490,-
Dagar:7
Flyreisa Oslo – Aberdeen t/r
Busstransport på heile turen som vist i programmet
6 frukostar
4 middagar
2 overnatting på ferje i innvendige 2-manns lugarar, ekstra kostnad for utvendig lugar
2 overnattingar i Aberdeen
1 overnatting i Thurso (Scrabster)
1 overnatting i Kirkwall

Kåseri av vikingeksperten, professor Torgrim Titlestad på heile turen
Sightseeing og lokal guiding i Aberdeen og på bussen
Seminar og musikkframføringar i St. Magnus-katedralen i Kirkwall
Utflukter og lokal guide på Orknøyane med inngangsbillettar til
o Skara Brae
o Stones of Stennes
o Ring of Brodgar
o Skaill House
o Churchill Barriers
o Italian Chapel
o Scapa Flow

Utflukter og lokal guide på Shetland med inngangsbillettar til
o Jarlshof
o Scalloway Museum
o Scalloway Castle

Historikar Rasmus Sunde er reiseleiar frå Fotefar
Ikkje inkludert:
Enkeltromstillegg kr 2950,-
Tillegg for utvendig lugar kr 400,-
Minimum tal deltakarar er 20 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om små endringar

Onsdag 25. september
Om ettermiddagen avreise med fly frå Oslo kl. 15.10 til Aberdeen og er framme kl. 17.25. Flyet frå Trondheim går kl. 15.25 og er framme kl. 17.15. Tilknyting frå andre byar på førespurnad.
Aberdeen er Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Den er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er også oljebyen i Skottland, men har også fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra.
Bussen vår køyrer oss til hotellet der vi slappar av før vi møtest til fellesmiddag på hotellet om kvelden. (M)

Torsdag 26. september
Etter ein god frukost på hotellet får vi det første kåseriet av professor Titlestad. Han vil opne med å fortelje om Harald Hårfagre og rikssamlinga. På bussturen denne dagen skal vi oppleve eit variert og spennande landskap i Nord-Skottland. Til saman har vi knappe 5 timar køyretid med buss denne dagen, men vi får ein god stopp i den vakre byen Inverness for lunsj på eiga hand og litt shopping. På bussturen til byen Thurso heilt på nordspissen av Skottland vil Titlestad fortelje vidare om sambandet mellom øyane i vest og Norge i mellomalderen.
Vel framme sjekkar vi inn på hotellet vårt og får også tid til ein rusletur før middag på eiga hand i den sjarmerande byen. (F)

Fredag 27. september
Etter frukost tek vi kl. 08.45 ferja over til Stromness på Orknøyane. Denne ferjeturen på 1 ½ time med utsikt til grøne øyar og imponerande klipper, vert av mange sett på som den vakraste delen av Skottland. Det er også her Atlanterhavet møter Nordsjøen.
Om lag 70 øyar utgjer Orknøyane som har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

I Stromness møter den lokale guiden oss, og vi får ein heildags busstur rundt om til dei største attraksjonane på Orknøyane. Først og fremst er dette dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle. Busetjinga på Scara Brae består av åtte steinhus som var i bruk mellom 3180 og 2500 f.Kr. Husa er bygde i ei klynge, og på det meste budde det 50 til 100 personar her.

Sidan det er så godt bevart, har Skara Brae vorte omtala som «Skottlands Pompeii». Som Jarlshof på Shetland var det stormar som bles vekk sand og jordsmonn og avdekka bygningane, først i 1850 og så i 1924. Nettopp fordi husa har vore gravlagde i sand, har dei halde seg svært intakte. Elles får vi med oss Ring of Brodgar, SkaillHouse, Churchill Barriers, Itanian Chapel og Scapa Flow på busturen denne dagen. Det blir lagt inn tid for lunsj på eiga hand.

Etter den guida turen sjekkar vi inn på hotellet vårt og slappar av før det blir middagen på ein restaurant i byen.

Om kvelden går vi til «Wrigley and The Reel» som ligg like ved St. Magnus-katedralen. Dette er ein heilt spesiell konsertstad med topp tradisjonell musikk frå Orknøyane. Den har nettopp vorte nominert til beste konsertstad for tradisjonsmusikk i heile Skottland og vert driven av musikarsøstrene Jennifer og Hazel Wrigley. Dette er også ein skule for tradisjonsmusikken på desse øyane, og den er såleis viktig for bevaringa av denne musikken.

Kanskje er det livekonsert denne kvelden, og då vil vi setje av plassar til gruppa vår. På restauranten kan vi smake på det lokale ølet frå Orkney Brewery eller på ein av dei lokale whisky-merka frå Orknøyane: Highland Park eller Scapa. Denne kvelden kosar vi oss med ekte reel frå øyane. (F,M)

Laurdag 28. september
Etter ein god skotsk frukost tek den lokale guiden oss med på ein vandretur rundt om i vakre Kirkwall, som er hovudstaden på Orknøyane.
Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen og er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.

Kl. 16.30 er gruppa vår invitert til å delta på det store seminaret i St. Magnus-katedralen rundt den nye utgjevinga av Flatøyboka som viser Orknøyane si viktige rolle i Norgessamveldet. Denne mellomalderboka blir sett på som endå meir påliteleg enn Snorre si Heimskringle. Innleiarar på seminaret er dei aller fremste fagpersonane på mellomalderen og vikingtida.

Det vil bli elles musikalske innslag av høg kvalitet og korsong. Dei norske ambassadørane i London og Dublin og den islandske ambassadøren i London er med på dette eineståande opplegget.

Middag på eiga hand om kvelden, og reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar. Bussen vår køyrer oss til den store ferja som tek oss over til Shetland kl. 23.45. Der har vi bestilt lugarar. (F)

Søndag 29. september
Når vi vaknar denne morgonen, køyrer ferja inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. På veg inn gjennom skjergarden et vi ein god skotsk frukost før vi går i land. Der ventar den lokale guiden på oss, og bussen køyrer oss gjennom eit vakkert og skiftande  landskap til ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof.  I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein stor busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokter mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.

Etter besøket på Jarlshof køyrer bussen den korte vegen til det historiske hotellet Sumburgh der ein kan kjøpe seg kaffi/te og kjeks. Vi får også med oss Croft House Museum (ein godt bevart husmannsplass) før vi dreg  vidare til Scalloway. På denne bussturen fortel Titlestad om norsk motstandskamp under krigen. Vel framme i den vesle byen er det først tid for lunsj på eiga hand. Deretter stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet her under krigen. Så skal vi gje oss god tid på Scalloway museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten under andre verdskrigen. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg. Etter museumsbesøket kikkar vi på Scalloway Castle før bussen køyrer oss tilbake til Lerwick der det om ettermiddagen vert høve til eit besøk på det innhaldsrike og spennande Shetland Museum.

Bussen vår hentar oss der kl. 18.00 og køyrer den korte vegen til ferjekaien der vi går om bord i Hjaltland. Vi sjekkar inn på lugarane våre på den store ferja som skal ta oss til Aberdeen. Om bord er det lugarar i ulike kategoriar, restaurantar og butikkar. Vi får utlevert middag- og frukostbillettar, og vi kan ete når tid det passar oss. Det er likevel koseleg å vere samla under middagen, så vi foreslår at vi møtest i restauranten ca. kl. 19.30. Om kvelden kan vi nyte ein vakker solnedgang om veret er fint. (F, M).

Måndag 30. september
Etter frukost på båten går vi i land og får vi ein 3-timars guida busstur rundt om i byen med norske Elma. Fram til kl. 16.30 disponerer vi tida på eiga hand med å ete lunsj og rusle rundt i bykjernen. Vi anbefaler eit besøk på Maritime Museum, Shiprow og/eller Art Centre, 33 King Street.
Frå kl. 15.00 kan vi sjekke inn på hotellet der vi kl. 16.30 får det siste kåseriet av Titlestad på turen. Her vil han gje ei oppsummering av kåseria sine og vise det nære sambandet mellom Norge og øyane i vest i mellomalderen.

Om kvelden avslutningsmiddag på hotellet vårt. (F, M)

Tysdag 1. oktober
Denne morgonen blir det tidleg frukost før bussen køyrer oss til flyplassen. Flyet til Oslo, går kl. 09.55 og er framme kl. 12.25. Flyet til Trondheim går kl. 09.55 via Oslo. Avreise Oslo kl. 13.25 og er framme i Trondheim kl. 14.20.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
25/9OsloI vikingane sine fotefar med Torgrim Titlestad og Rasmus SundeFullbooka, venteliste18 490,-Book på venteliste