Vandretur på Gran Canaria

8. – 15. februar  2020

spektakulære vandreturar på det indre av øya

Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? På denne turen får vi oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen. Her er det eit godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen og bur på to utvalde fire stjernes hotell. Det blir ein kviledag på det flotte spa-hotellet i Agaete, men elles fotturar kvar dag med norsk guide. Turen passar for dei som er vande med å gå noko på turar og i fjellet.  

Pris frå:
15 950,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo
Tilknyting frå andre byar på førespurnad ved bestilling
Busstransport og guiding på heile turen
7 overnattingar på svært gode hotell
7 frukostar
4 middagar som vist i programmet
Smaking av vin, ost, tropiske frukter og anna
Rasmus Sunde er reiseleiar frå Fotefar på heile turen
Norsk lokalguide på vandreturane

Ikkje inkludert:
Tips
Drikke
Måltid utanom programmet
Aktivitetar merka "mot tillegg" i programmet

Minimum antal deltakarar: 10
Maksimum antal deltakarar: 20
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om små endringar

Laurdag 8. februar
Avreise laurdag 8. februar med direktefly både frå Oslo og Bergen så lenge det er plass. Tilknyting eller direktefly frå andre byar (for eksempel Bergen) på førespurnad ved bestilling. Flya er framme i Las Palmas om ettermiddagen.
Bussen vår tek oss opp til den pittoreske fjell-landsbyen Santa Brigida, ca. 17 km frå Las Palmas. Der skal vi bu i tre netter på eit fire stjerners hotell, som ligg fint til i eit frodig område med flott utsikt.
Etter innsjekkinga og litt avslapping blir det kl. 19.00 kort busstransport til velkomstmiddag med vin på den berømte restauranten Casa Martell.
(M)

Søndag 9. februar - Caldera de Bandama
Etter ein god frukost startar vi dagen med eit informasjonsmøte på hotellet om turopplegget. Deretter blir det ein kort busstur til Caserio de Bandama. Vi startar turen med å gå rundt kanten der vi vil få eit utruleg flott utsyn ned i Calderaen (gryta). Den delen av turen tek om lag to timar, og vi vil få informasjon om bakgrunnshistoria til dette naturfenomenet.

Etter ein god stopp skal vi gå ned i det berømte Bandama krateret (Caldera de Bandama) som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria på 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studere dette krateret. Turen er på 6,6 km og har ein høgdeskilnad på totalt 500 meter, både ned og opp. Det er litt bratt ned til krateret, og det kan ligge små runde partiklar i stien, så det kan vere litt glatt. Vi anbefaler at deltakarane tek med stavar på turen. Til slutt går vi innom ein uterestaurant og kompenserer for væsketapet med ei forfrisking. Buss tilbake til hotellet ca. kl. 15.30.

Middag på eiga hand om kvelden, men vi vil foreslå middag på ein koselege restaurant som ligg rett ned frå hotellet vårt. Vi kan gjerne møtast i baren der før middagen.
(F)

Måndag 10. februar - Pico de Las Nieves – Degollada de Cruz Grande
Kl. 09.00 tek bussen oss frå hotellet oppover i dei vakre dalføra til Pico de Las Nieves, den høgste fjelltoppen (1949 m.o.h.) og det geografiske senteret på øya. På vegen opnar ei fantastisk panoramautsikt seg til Caldera de Tejeda. Vi får også med oss ei slåande utsikt til vulkanfjella Roque Nublo og Roque Bentayga og dei sjarmerande gamle landsbyane Tejeda og Artenara. Tejeda er omringa av 1000 m høge klipper og er kåra til ein av dei vakraste landsbyane i Spania. Turen opp tek om lag ein time.
Vi vandrar så vidare på «The Silver Path», ein steinsett sti som går frå den vakre furuskogen Los Llanos de La Pez til San Bartolome de Tirajana. Turen endar opp i Degollada de Cruz Grande. Dette er rekna som «turen over alle turar» på øya, og her får vi verkeleg sjå det autentiske Gran Canaria! Heile turen er på 8,5 km, og vi reknar ca. 4-5 timar vandring. Vi skal ned 763 meter og 94 meter opp. Turen er litt krevjande med noko nedstigning, men vegen og stiane er flotte, spesielt siste delen som slyngjer seg nedover på same måte som den kjende Vindhellavegen i Lærdal.

Ca. kl. 16.00 køyrer bussen oss tilbake til hotellet vårt i Santa Brigida. Middag på eiga hand, men vi anbefaler at vi et på hotellet vårt denne kvelden.
(F)

Tysdag 11. februar - Cruz de Tejeda – Artenara
Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet, og kl. 09.00 køyrer bussen oss frå hotellet til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 8,4 km, er moderat tung og tek om lag 5 timar. Det er stigning på 408 meter og 670 meter ned. Vi går oppover gjennom furuskog til kanten av vulkankrateret Caldera de Tejeda og får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet i Gran Canaria. Det er skildra av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk, «landskap som er stivna etter ein storm», alt dette på grunn av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Vi går på kanten av krateret, og det er bratt skråning på utsida av stien. Deltakarar med høgdeskrekk må gå lengst frå kanten, så går det bra.
Vel framme i Artenara, kan vi kjøpe forfriskingar på ein koseleg kafe der. Bussen køyrer oss til det herlege hotellet vårt med 4 stjerner, som har stort symjebasseng og spa-avdeling og ligg fint til med utsikt over Atlanterhavet. Vi reknar med å vere framme om lag kl. 16.30.

Fellesmiddag på hotellet kl. 19.00.
(F, M)

Onsdag 12. februar - Dette er fridagen vår!
Denne dagen har vi fri og kan slappe av på hotellet og nyte spa-delen og symjebassenget der og elles vandre i den koselege småbyen Agaete og kikke på folkelivet. Kanskje du har lyst å handle litt? Det er også gode turstiar langs Atlanterhavet, så om ein vil, kan ein få rikeleg med trim denne dagen og. Lunsj på eiga hand i byen eller på hotellet.

Om kvelden middag på eiga hand, men reiseleiaren legg opp til at vi går samla frå hotellet kl. 19.00 til den svært koselege restauranten El Capita, som serverer sjømat eller andre rettar. 
(F)

Torsdag 13. februar - San Pedro (Agaete dalen)
Denne morgonen tek bussen oss kl. 09.00 til San Pedro landsbyen. Vi startar turen relativt flatt, men etter kvart blir det mykje motebakkar. Vi går i roleg tempo med fleire kvilepausar. Etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg nedanfor. Vi får også sjå det imponerande synet av Roque Faneque, den høgaste sjøklippa i Europa og den 7. høgste i verda! Denne vandreturen går så nedover langs stiar som kryssar eit vilt og vakkert landskap, lune fureskogar og til slutt på ein sti som slyngjer seg nedover ein fjellrygg til Agaete.  Turen er moderat tung, og vi vandrar ca. 8 km med 500 meter i høgde oppover og 700 nedover. Vi går heilt tilbake til hotellet, men på vegen stoppar vi for ei god forfrisking.

Fellesmiddag på hotellet kl. 19.00.
(F, M)

Fredag 14. februar - Fagagesto – El Sao – El Hornillo – San Pedro
Avreise kl. 09.00 frå hotellet med buss til Fagagesto, som tar ca. ein time. Turen startar frå Fagagesto og ned ein spektakulær ravine til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkanboble og endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der alle bustadene er gravne ut av det vulkanske fjellet, går vi vidare til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av Agaete-dalen. Her besøkjer vi Los Berrazales vinkjellar og smakar på den gode lokale vinen, den kjende geitosten og får ein kaffikopp frå kaffibønner produsert der. Turen denne dagen er på 4,5 time og er på 8,5 km i relativt lett terreng, men med ein god del bratte parti nedover. Det er 200 meter stigning og 600 meter nedover. Tilbake til hotellet med buss ca. kl. 17.00.

Avslutningsmiddag kl. 19.00 på hotellet.
(F, M)

Laurdag 16. februar - Retur til Norge
Frukost frå kl. 07.30 og på morgonen køyrer bussen oss til Las Palmas, som er hovudstaden og ligg ca. 40 min med buss frå Agaete. Der legg vi opp til litt guiding, men elles disponerer vi tida sjølve og kan rusle rundt i gamlebyen eller gå på shopping.

Det er kort veg frå byen til flyplassen. Avreise med bussen frå Las Palmas til flyplassen tidleg ettermiddag, og med direktefly til Oslo er me framme på kvelden.

Retur til Bergen og andre byar må avtalast ved påmelding.
(F)

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
8/2OsloVandretur på Gran Canaria
Tilknyting eller direktefly frå andre byar, på førespurnad.
715 950,-Bestill