Magiske Sør-Afrika med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

11. – 23. mars  2020.
Bli med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen til Sør-Afrika og Cape Town!

I provinsen Western Cape finn vi det største etniske og kulturelle mangfaldet i heile Afrika. Her møtest Europa, Asia og Afrika også den dag i dag, slik det har vore i mange hundre år gjennom handel, slavehandel, skipsfart og europeisk kolonisering. Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen tek oss med til dette fascinerande området og me besøkjer stader der historia har utfolda seg og møter menneske som bur her no.

Vi får oppleve Cape Town og Table Mountain, og ein kan også velje å delta på turar til townships i byen. På Kapp det gode håp kan vi sjå utover havet frå Afrikas sydlegaste punkt, og få vårt første møte med pingvinar i vill tilstand.

I fire dagar skal vi på tur inn i landet til Drakenbergfjella der vi bur to netter på ein sjarmerande økologisk gjestegard med vinproduksjon, og vi dreg på safari i Iverdoorn Game reserve der vi får sjå the Big 5 og mange fleire eksotiske dyr i vill tilstand. Vi skal også på ekskursjon der vi får lære om Sanfolket sin kultur, og Robben Island, øya der Nelson Mandela var fange, er sjølvsagt på programmet.

Eva Bratholm er tidlegare utenriksreportar og jobbar i dag i Norad, der ho har vore på mange reiser i Afrika i samband med bistand. Joar Hoel Larsen er godt kjend i Afrika gjennom alle sine reportasjereiser til dette kontinentet for NRK. Begge har studert afrikansk historie, og vil gjennom forelesingar om historie, politikk og kultur gje oss eit mangefasettert bilete av dette vakre og spennande landet.

Kultur, natur, historie og møter med menneske står i fokus. Vi kan love dykk opplevingar til glede og ettertanke i dette gjestfrie og naturskjønne landet. Når det er mogleg, samarbeider me med små lokale og «sosialt ansvarlige» partnarar, slik at våre kjøp av tenester skal komme lokale bedrifter og/eller lokalsamfunnet til gode

Pris frå:
29 950,-
Dagar:12
Flyreisa Oslo –Cape Town t/r med British Airways.
Busstransport på heile turen.
7 overnattingar på 4 stjerners hotell i Cape Town.
2 overnattingar på Fynbos Estate gjestegard/vingard.
1 overnatting på Inverdoorn game reserve.
10 frukostar.
7 lunsjar/middagar som vist i programmet.
Sightseeing i og omkring Cape Town.
Safari i Iverdoorn Game Reserve.
Besøk på Sanfolket sitt kultursenter.
Vinsmaking på vingardar i området.
Besøk på Kapp det gode håp.
Besøk på Robben Island.
Billett med gondolbana til Table Mountain.
Billettar til alle felles attraksjonar.
Daglege foredrag med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen.
Reiseleiar frå Fotefar og Sue Kleyn frå Sør-Afrika er turleiarar og guidar på heile turen.

Ikkje inkludert:
Tilknyting til andre byar i Norge
Tips
Drikke
Måltid utover det som står i programmet
Enkeltromstillegg 3950,-
Minimum tal deltakarar er 20 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om små endringar

Dag 1 - 11. mars: Oslo - Istanbul - Cape Town
Avreise frå Oslo på ettermiddagen med tilknyting frå Bergen. Det blir mellomlanding i Istanbul før vi byrjar på flyreisa over det afrikanske kontinentet til Cape Town.

Dag 2 - 12. mars: Cape Town Seapoint
Vi er framme i Cape Town til sol og sommar tirsdag morgon. På flyplassen ventar vår lokale guide og sjåfør, som køyrer oss til hotellet vårt. Dei første timane i Cape Town nyttar vi til ein sightseeing gjennom byen og til felleslunsj.  Etter lunsj sjekkar vi inn på hotellet, og slappar av på rommet eller ved bassenget fram til velkomstmøte og felles velkomstmiddag på hotellrestauranten. (L, M)      

Dag 3 - 13. mars: Cape Town - Chapmans drive - Kapp det gode håp - Simonstown - Boulder Beach - Cape Town
Etter ein god frukost på hotellet står bussen klar for å ta oss med ein heildagstur til Kapp det gode håp - Cape of Good Hope, Cape Point Nature Reserve og Cape Point. Turen går via den 9 km lange, ville og naturskjønne Chapman’s Peak Drive, kystvegen med 114 svingar og storslegen utsikt. På programmet står ein god lunsj på sjømatrestauranten Black Marlin, besøk på ein strutsefarm og i pingvinlandsbyen Boulder's Beach ved Simon's Town.

Vi er attende på hotellet om ettermiddagen, vi får så eit foredrag av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen før middag på eiga hand. Dei som ønskjer det, kan følgje reiseleiarane til ein hyggeleg restaurant. (F, L)

 Dag 4 - 14. mars: Cape Town - Robben Island - Cape Town
I dag står den tidlegare fangeøya Robben Island på programmet. Etter frukost og foredrag av Eva og Joar går bussen  frå hotellet til Waterfront. Derifrå går båten ut til Robben Island og er attende i byen på tidleg ettermiddag. Resten av dagen til eigen disposisjon. Vi foreslår lunsj på ein av dei mange restaurantane på Waterfront. (F)

Dag 5 - 15. mars: Cape Town 
Etter frukost møtest vi i grupperommet, der Eva og Joar fortset sitt foredrag om Cape Town og om historie, kultur og samfunnsforhold i Sør-Afrika. Deretter skal vi ta bussen til foten av Table Mountain viss veret tillèt det. Ikkje sjeldan ligg det ein tåkedis, populært kalla «table cloth», rundt dette berømte fjellet som kan stengje for utsikta. Lunsj på eiga hand og ettermiddagen til fri disposisjon; sjå forslag til aktivitetar nedanfor.
Om kvelden kan dei som ønskjer det ete middag saman med reiseleiarane på ein hyggeleg restaurant i området, eller ein kan ete på eiga hand. (F)

Av aktivitetar denne dagen i Cape Town er det mykje å velje i:
Kva med ein flott sightseeing med «Hop on-Hop off» busstur i Cape Town og områda rundt? 
For dei som vil shoppe og sjå på folkelivet, er Green Market Square midt i byen eit must! Her er eit yrande folkeliv, gatekonsertar, mange salsbuer med billige og flotte produkt frå heile Afrika og koselege fortauskafear. For dei som vil nyte ein betre lunsj på ein av dei mange uterestaurantane, og dessutan få med ei gratis danseoppvising eller ein jazzkonsert frå utandørs-scena på kjøpet, er meir luksuriøse Waterfront verdt eit besøk. Slår du deg ned ved eit av kafeborda langs sjøkanten, kan du rekne med å få selskap av flokkar med sel som leikar seg i hamnebassenget like nedanfor eller ligg og solar seg på ei av flytebryggene, heilt upåverka av alle turistane. I området rundt Waterfront finn du også ein stor innandørs marknad med mange flotte afrikanske varer. Eit besøk på Two Ocean’s Aquarium i same området er og ei stor oppleving. Company’s Garden, ei oase av venleik og ro midt i byen, ikkje langt frå Green Market, bør ein også prøve få med seg. Her er kafear, springvatnanlegg, vakre plantar og skyggefulle tre, spretne ekorn og gode benkar å sitje på. På 1600-tallet vart Company’s Garden etablert som frukt- og grønsakdepot for flåten til Det Nederlandske Ostindiske Kompani.
I same område finn vi South African Museum (historie, kultur, dyreliv), South African National Gallery (masker, fotografiar, skulpturar, maleri frå dei fleste av dei elleve nasjonalgruppene i Sør-Afrika) og South African Jewish Museum som alle er verdt eit besøk. Vil ein lære meir om Cape Towns si nære fortid, er eit besøk på District Six-museet i sentrum svært interessant. Her får du historia til den multietniske og kreative bydelen District Six, som var ein torn i augene på apartheidregimet. Mellom 1966 og 1982 vart bydelen totalt øydelagd av bulldosarar og innbyggjarane tvangsflytta. Og kva med eit besøk til Kirstenbosch Gardens som rangerer høgt på UNESCO si liste over verneverdige område? Denne store, vakre botaniske hagen like utanfor by-kjerna er dessutan eit hyggeleg mål for ein betre lunsj på ein av uterestaurantane.

Dag 6 - 16. mars: Cape Town - Western Cape - !Khwa TTu - Malmesbury - Fynbos
Etter frukost og dagens frokostmøte med Eva og Joar startar vi på ein fire dagars tur med tre overnattingar i provinsen Western Cape. Første reisemål er !Khwa Tuu, eit kultur- og dokumentasjonssenter via til sanfolket (også kalt bushmen, buskmenn), urfolket i det sørlege Afrika. San-senteret ligg inne i bushen på vestkysten av Atlanterhavet. Her blir vi med på ein guida tur i felten med store sjansar til å sjå sebra, struts, springbok, det heilage dyret eland og anna vilt som streifar rundt i området.

På feltturen demonstrerer sanfolket sine 20.000 år gamle metodar som jegerar og viltsporarar. Vi lærer om sanfolket si historie, kultur og tradisjonar og deira livsvilkår som urfolk i dag. Senteret har også eit foto- og dokumentasjonssenter av høg kvalitet. Lunsj ute i hagen, viss veret tillet det eller i den hyggelege restauranten inne på senteret.

I handverksbutikken kan ein kjøpe tekstilar, kjøkkensaker og andre suvenirar.

Ut på ettermiddagen takkar vi for oss på  !Khwa Tuu og reiser søraustover gjennom landsbyar, vinmarker og jordbruksområde til vindistriktet Swartland.

Reisemålet vårt er Fynbos Estate, ein sjarmerande økologisk vin- og olivenfarm omgjeven av høge fjell i eit vakkert naturområde, veleigna for kortare og lengre fjellturar. Ekteparet Diana og Johan, tidlegare universitetstilsette frå Cape Town, har drive gjestegard med økologisk jordbruk på Fynbos Estate dei siste atten åra. Vi skal bu der i to netter, ete god lokal mat og sjølvsagt smake på huset sine utmerka vinar. Her kan de også kjøpe med dykk raudvin, portvin (anbefalast!) og andre produkt heim til Noreg.

På vingarden slappar vi litt av før vinsmaking og felles middag ute på terrassen om kvelden. Ved middagen vil vertskapet fortelje oss historia til garden dei bur på, om folka som helt til her før og som bur her no.(F,L,M)

Dag 7 - 17. mars: Fynbos
Vi et ein god frukost, og Eva og Joar held eit morgonmøte i restauranten, der vi er dei einaste gjestane. Vi brukar elles heile dagen på Fynbos, der vi enten kan slappe av ved bassenget, rusle rundt på garden og sjå på vinproduksjon/olivenproduksjon, eller få oss ein spennande guida vandretur opp i dei vakre Dragon-ridge fjella rundt Fynbos. På Fynbos får du verkeleg kjensla av å vere på ein afrikansk farm som i Karen Blixen’s «Mitt afrika». Å sitje og nyte dei fredelege og vakre omgjevnadene på verandaen med ei god bok, eller sitje i mjuke kveldar og lytte til lyden av Afrika i måneskinnet er ei fantastisk oppleving i seg sjølv. Om kvelden kan vi nyte eit klassisk sørafrikansk «braai»,  grillmåltid ute på terrassen. (F,L,M)

Dag 8 - 18. mars: Fynbos - Ceres - Inverdoorn Game Reserve
Etter en god frukost tek vi avskjed med Fynbos Estate og køyrer til Iverdoorn Game Reserve i det naturskjønne Ceres, der vi skal på safari i bushen og sjå The Big 5: Løve, elefant, bøffel, leopard og nashorn, dei fem villdyra som er sett på som mest vanskeleg og farleg å jakte på i Afrika. I tillegg kan vi få sjå sebra, sjiraff, antilope, flodhest, elefant og mange andre afrikanske dyr. Vi skal overnatte i Inverdoorn Lodge, der vi bur i komfortable lodges (gjestehus). Vi startar med lunsj under trea på gardsplassen på Inverdoorn, og så skal vi ut på safari.
 
Når vi er attende etter ein spennande og opplevingsrik tur i jeepane saman med guidane våre, slappar vi litt av på romma eller ved bassenget og tar oss gjerne eit bad, før vi får ein aperitiff og middag under den vakre stjernehimmelen. Det blir også sjanse til å samlast til ei forfrisking rundt eit stort bål på bålplassen på området, og kanskje til litt song og gode samtalar rundt bålet? (F,L,M)
 
Dag 9 - 19. mars: Inverdoorn Game Reserve - Franschoek/Laurensford - Cape Town
Etter ei god natts søvn i gjestehusa kan ein stå tidleg opp (ved soloppgang) og bli med ut på «morning drive», ein morgonsafari der vi ofte får sjå enno fleire artar av dyr enn når vi har dagsafari. Vi et så ein god engelsk frukost før vi sjekkar ut kl. 10.30. Bussen tek oss med gjennom fleire naturreservat ned til Franschhoek og den fruktbare Franschhoekdalen. Den er også opphavleg kjend som ”Olifants Hoek” (”Elefanthjørnet” på afrikaans), etter elefantflokkane som streifa rundt i området før i tida. Dette er midt i hjarta av sørafrikanske The Winelands.
 
I  Franschhoek besøkjer vi vingarden Laurensford, som har ei svært interessant historie. Vi får smake på eit utval av sørafrikanske vinar som er kjende for sin høge kvalitet og er etterspurd over heile verda. På vingarden blir det også  lunsj før vi dreg tilbake over fjellpass og langs velstelte frukthagar og flotte vinmarker til vi igjen nærmar oss storbyen Cape Town og dei fattige forstadane, sokalla township. Vi reknar med å vere på hotellet ca. kl. 17- 18. (F, L)

Dag 10 - 20. mars: Cape Town - Langa - Gugulethu - Cape Town
Etter frukost på hotellet og dagens frukostmøte med Eva og Joar kan deltakarane bli med på valfri tur til dei fattige buområda – townshipane – i Cape Town. Dette tilbodet er ikkje inkludert i turprisen, ein bør melde seg på ved bestilling for å vere sikra å få vere med då det er begrensa tal plassar på denne aktiviteten.
Vi blir henta på hotellet av Laura Ndukwana, guide og kafeeigar i Gugulethu township. Laura og medarbeidarane hennar tek oss med på ei guida omvising, kalla The Township Worship, African Style i townshipa Langa og Gugulethu. Vi rundar av med lunsjbuffet på ein hyggeleg kafè i Guguletu. Under lunsjen lyttar vi til musikk frå unge songtalent i townshipen. Vi er attende på hotellet ut på ettermiddagen.
 
For dei som ikkje er med på township-turen denne dagen, kan vi anbefale ein tur til Slave Lodge, slavemuseet og den fargerike, muslimske bydelen Bo Kaap. Her kan ein få med seg historia til hundretusenvis av slavar som vart henta frå blant anna Indonesia, Malaysia og Madagaskar, og korleis dei vart behandla i Sør-Afrika, og etter kvart skapte den særeigne kulturblandinga som Cape Town er prega av.
Resten av dagen til eigen disposisjon. Om kvelden er det middag på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein hyggeleg restaurant i nærområdet. (F)
 
Dag 11 - 21. mars: Cape Town
Etter frukost møtest vi i grupperommet, der Eva og Joar fortset sitt foredrag om Cape Town og om historie, kultur og samfunnsforhold i Sør-Afrika. Denne dagen blir det tid på eiga hand, og vi vil anbefale å bruke dagen i Kirstenbosch Gardens eller kanskje ein tur på stranda i Camps Bay?
 
Dette er den siste kvelden vår i Cape Town, og vi held avskjedsmiddagen på ein musikkrestaurant som er den beste staden for levande musikk i Cape Town. Her et vi eit ekte afrikansk måltid, akkompagnert av svingande rytme frå veletablerte, så vel som unge, lovande artistar frå hele Sør-Afrika. (F,M)
 
Dag 12 - 22. mars: Cape Town - Istanbul - Oslo
Dette er siste dagen i Cape Town for denne gongen. Etter frukost og morgonmøte med Eva og Joar sjekkar vi ut av hotellet. Bagasjen kan verte ståande fram til avreise til flyplassen kl. 16.30. Tida fram til dette er til eigen disposisjon.
 
Denne dagen er siste sjanse for dei som enno ikkje har fått med seg alt dei har lyst til. Eller ein ynskjer å shoppe, vil slappe av ved symjebassenget eller på ein uterestaurant og samle dei siste inntrykka frå Sør-Afrika før avreise. Vi kan elles føreslå eit besøk til storslagne Mount Nelson Hotel som ligg i sentrum nær Company’s Garden, ca. 15-20 min. med taxi frå hotellet vårt. Hotellet er eit kompleks av vakre, historiske bygningar, restaurantar og kafear inne i ein staseleg park. Her kan du nyte det fine veret, ete lunsj eller drikke ein kopp kaffi eller eit glas vin i dei svale hagane eller på ein av terrassane.
 
Sjå elles mange forslag til aktivitetar under Dag 4.
 
Avreise på ettermiddagen frå Cape Town, med mellomlanding i Istanbul. (F)
 
Dag 13 - 23. mars: Oslo
Sidan vi har fly heim om kvelden, er vi ikkje attende i Noreg før neste dag.
 
* Drikke er ikkje inkludert

** NB! På 4-dagarsturen inn i «bushen» kan ein ikkje rekne med same forhold som på hotellet vårt. Vi bur på ein sjarmerande, økologisk gard, og siste natta i gjestehus på ein safari-lodge, noko som vil gje oss ein ekstra dimensjon i forhold til å oppleve det autentiske Sør-Afrika. Husa/romma vi skal bu i på Fynbos er store bu-einingar der ein må rekne med å dele hus med fleire andre desse to nettene. På Inverdoorn er det avgrensa tal på rom, slik at det for dei som elles har enkeltrom kan verte aktuelt  å dele rom med ein anna person denne natta. Enkeltromstillegg vert redusert med 30 % for dei som deler rom med andre.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
11/3OsloSør-AfrikaMeir enn 829 950,-Bestill