Cruise i Vesterled med Tore Skeie

13. - 20. mai 2020

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Tore Skeie held daglege foredrag på skipet. Han vil fortelje om vikinghistoria og øyane si tilknyting til Norge gjennom tidene. I tillegg vil vi sjå dei norske spora på øyane i dag. Turen går først til Newcastle i England der vi bur ei natt. Der skal vi også mønstre på skipet. Vi seglar først til Dundee i Skottland, til Kirkwall på Orknøyane, deretter til Lerwick på Shetland og så til Torshavn på Færøyane før skipet set kurs sørover mot Newcastle igjen. For mange har det vore ein mangeårig draum å besøkje dette området, og det er difor ein av dei mest populære turane våre! Dette blir ei oppleving for livet!

Pris frå:
20 950,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo (tilknyting på førespurnad, mot tillegg)
1 overnatting i Newcastle.
Busstransport (jfr. programmet).
Velkomstmåltid og avslutningsmiddag
6 overnattingar på cruiseskipet Magellan i innvendig lugar.
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet.
Heilpensjon på cruiset ekskl. drikkevarer.
Tore Skeie sine førelesingar på skipet.
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser er med på heile cruiset.

Ikkje inkludert:
Tillegg for enkeltrom kr 4.790,-
Tips £7 per person per dag.
Ekskursjonar.
Måltid utover det som inngår i programmet.
Drikke.

Minimum tal deltakarar er 30.
Maksimum tal deltakarar er 130.
NB! Cruiset er kun for vaksne, det er ikkje tilgjenge for born under 16 år.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar i programmet.

Dag 1 -Onsdag 13. mai
Fly til Newcastle frå Oslo. Bussen vår tek oss så frå flyplassen til hotellet vårt i Newcastle. Her skal vi bruke ettermiddagen på å oppleve det yrande folkelivet i byen.

Om kvelden vert det velkomstmiddag på ein god restaurant i byen. (M)

Dag 2 - Torsdag 14. mai
Etter ein god frukost er det klart for Tore Skeie sitt første kåseri. I forelesingane kjem han til å fortelje om å fortelje om norsk vikinghistorie og bøkene sine om denne perioden.

Derettert blir det ein guida busstur i Newcastle, før ein får litt tid på eiga hand i sentrum. Om ettermiddagen tek bussen oss til hamna i Newcastle og ombordstiging på cruiseskipet - Magellan. Dette er eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som verkeleg kan tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving. Skipet lettar anker kl. 20.00 og startar seglasen mot Dundee i Skottland. Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen. (F,M)

Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i vesterled. Svenskane drog i austerled over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie.

På begynnelsen av 800-talet segla vestlendingar, som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, vidare sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire småriker i Irland.
Denne første kvelden og natta til sjøs går med til å segle nordover mot Skottland, så vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre.
Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen.

Dag 3 - Fredag 15. mai
Etter frukost får vi ein heil dag i land i Dundee, Skottlands fjerde største by med ca. 150 000 innbyggjarar. Byen kom på 10-på-topp-lista i Lonely Planet si kåring av beste reisemål i Europa, så her er det mykje å sjå og oppleve.
Ein kan enten bruke tida i land til litt shopping eller vere med på ein av ekskursjonane tilbydd av cruiseselskapet (ikkje inkludert). Fullstendig program vert ikkje lagt ut før nærare inn mot avgang, og det inkluderer besøk på Glamis Castle, barndomsheimen til dronningmora (Dronning Elizabeth av Storbritannia) og settingen for kongendrapet i Shakespears Macbeth. Andre utflukter ein kan få med seg er blant anna tur til den vakre universitetsbyen St. Andrews, omvising i Storbritannias største bunkers og skuta som Kaptein Scott brukte på seglasen sin til Sørpolen.
For dei som vil trimme litt kan vi anbefale ein gåtur opp til byfjellet, Dundee Law, som ligg 174 meter over havet.
Skipet ligg til hamn i Dundee kl. 08.30 – kl. 22.30 (påstigning tidlegare), men dei som vil kan ete lunsj på skipet og slappe av der på ettermiddagen.
(F,L,M)

Dag 4 - Laurdag 16. mai
Mens vi et frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Det blir foredrag av Tore Skeie etter frukost. Vi har eit eige lokale på skipet for desse kåseria.
Kl. 12.00 legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kvelden i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli på ei ekstra utflukt (mot tillegg) til dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.
Vi mønstrar på igjen om kvelden, og etter middag set skipet kursen mot nord i retning Shetland.
(F,L,M)

Dag 5 – Søndag 17. mai
Neste morgon, på sjølvaste 17. mai, kjem vi til Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Her har vi tid i land til kl. 17.00. Det er 17. maitog i Lerwick kvart år, og dei som vil, kan vere med reiseleiarane og gå i toget om føremiddagen. Hugs å pakke med norsk flagg i kofferten!

Vi legg også opp til ei forelesing av Tore Skeie denne dagen, enten på båten eller i land. Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland, og førelesarane vil snakke om dette. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 17.00 og seglar nordover mot Færøyane. Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest vi til fellesmiddag på restauranten om bord. Vi har ein eigen seksjon for gruppa vår i restauranten kvar dag. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.
(F,L,M)

Dag 6 – Mandag 18. mai
Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. 

Vi kjem fram til hovudstaden på Færøyane om morgonen kl 09.00, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten frå frukostbordet. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen.
Skipet ligg i Torshavn fram til klokka 18.00, og vi får først ein times omvising i denne sjarmerande byen. Etterpå anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. (Ein kan også bli med på ekstra-ekskursjon sett opp av cruise-selskapet mot tillegg i pris.) Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.
Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.

Etter middag i restauranten set skipet kurs mot sør i retning Skottland og austkysten av Nord-England.
(F,L,M)

Dag 7 - Tysdag 19. mai
Denne dagen er vi på sjøen heile tida og vi legg opp til eitt foredrag av Tore Skeie etter frukost. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar både på øyane og på det skotske høglandet. Og Tore Skeie har gitt oss den historiske bakgrunnen til desse samfunna. I dei siste føredraga vil han samle trådane frå dagane før.  
Vi seglar ned den skotske austkysten dette døgnet, så det er ein fin sjanse å få med seg det varierande landskapet langs kysten viss vi kjem nær nok land. Vi kan elles anbefale symjebassenget, eller nokre av dei mange aktivitetane om bord. Meir informasjon om desse tilboda kjem seinare. Magellan er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.
(F,L,M)

Dag 8 - Onsdag 20. mai
Det er tid for heimreise, og etter frukost sjekkar vi ut av hotellet og bussen vår tek oss til flyplassen for avreise heim til Norge. Flytider kjem seinare.
(F)

(F=Frukost,L=Lunsj,M=Middag)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
13/5OsloCruise i Vesterled mai 2020Fullbooka, venteliste20 950,-Book på venteliste