Med Edvard Hoem til Berlin

23.–27. april 2020

Litteratur - Historie – Kultur – Musikk

Berlin blir av mange rekna som den mest spennande storbyen i Europa. Dette er lett å skjøne for byen har ei svært interessant historie og eit rikt kultur- og musikkliv.

Vi er så heldige å ha med forfattaren Edvard Hoem på turen. Han er ein av dei aller fremste forfattarane i Norge i dag, og i tillegg er han ein sjeldan god formidlar. Hoem vil dagleg ta for seg emne frå sitt eige forfattarskap som Mors og fars historie, Bror din på prærien og Med Bjørnson i Europa. I tillegg vil han kåsere om diktaren Nordahl Grieg som omkom i eit fly over Berlin under krigen. Nordahl Grieg som diktar, kommunist og antifascist.
Den siste dagen vil Hoem snakke om den store tyske dramatikaren Bertolt Brecht med foredraget Det gode mennesket frå Sezuan.

På turen vil vi elles gjennom guiding fokusere på keisartida, nazismen og 2. verdskrigen i tillegg til den kalde krigen med Checkpoint Charlie. Vi organiserer besøk til kunst- og historiske museum, og elles legg vi opp til å få med oss konsert- og teateropplevingar.

Rasmus Sunde, som er historikar, er guide på vandreturane i Berlin, og Lars Nes, som har musikkbakgrunn, tek seg av musikkopplegga på turen.

Pris frå:
14 950,-
Dagar:5
Flyreise Oslo - Berlin t/r, tilknyting frå andre byar på førespurnad ved bestilling
Busstransport i følgje programmet
Guiding både på bussturane og på byvandringa i Berlin
Sightseeing til Potsdamer Platz, Siegessaule, Tiergarten, Kurfürstendamm, Alexanderplatz, Unter den Linden, Brandenburger Tor, Bundestag, Holocaust Memorial, Berlinmuren, Checkpoint Charlie, Museumsinsel,
Berliner Dom
Båttur på elva Spree
Middag, konsert og sightseeing på barokkslottet Charlottenburg
4 overnattingar på sentralt og godt hotell
4 frukostar
3 middagar (inkludert Charlottenburg)
5 foredrag av Edvard Hoem
Rasmus Sunde og Lars Nes er guidar og reiseleiarar frå Fotefar Temareiser

Ikkje inkludert:
Tips
Drikke
Måltid utanom programmet
Aktivitetar merka "mot tillegg" i programmet

Minimum antal deltakarar: 20
Maksimum antal deltakarar: 48
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Torsdag 23.04
Avreise frå Oslo midt på dagen med mogeleg tilknyting frå andre byar mot tillegg (be oss om tilbod). Flyet frå Oslo til Berlin er framme tidleg om ettermiddagen.

I Berlin blir det først to timars guida busstur rundt for å bli litt kjende med storbyen. Vi ser m.a. West Side Gallery, den moderne Potsdamer  Platz, den høge Siegessaule (sigersøyla) i Tiergarten, den travle Kurfürstendamm med Keisar Wilhelms minnekyrkje, Alexanderplatz og andre attraksjonar.

Etter rundturen i Berlin sjekkar vi inn på hotellet vårt, som ligg sentralt til i byen. Vi slappar litt av før vi samlast i førelesingssalen på hotellet og får det første kåseriet av Edvard Hoem.
Dagens tema: Mors og fars historie
Romanen er basert på verkelege personar og hendingar. Faren vart gift med ei ung kvinne som hadde fått barn med ein tysk soldat mot slutten av krigen. Dette er ein svært kritikarrost roman.

Deretter blir det fellesmiddag på hotellet. (M)

Fredag   24.04
Etter ein god frukost startar vi dagen med ein ny forelesing med Edvard Hoem.
Dagens tema: Bror din på prærien
Foredraget omhandlar ikkje berre  romanen med same namn, men alle tre bøkene til Hoem som fortel om slekta hans som drog over havet og slo seg ned i Amerika og Canada. Desse bøkene blir karakteriserte som meisterverk.

Etter foredraget blir det historisk byvandring med historikaren Rasmus Sunde. Vi går samla frå hotellet langs hovudgata Unter den Linden med stopp på Pariser Platz og Brandenburger Tor. Denne porten betyr like mykje for berlinarane som Triumfbogen for parisarane. På rundturen ser vi Riksdagsbygningen der den tyske nasjonalforsamlinga (Bundestag) held til, Holocaust Memorial, den opne plassen over bunkeren til Hitler, hovudkvartalet til SS og Gørings Luftwaffe og restane av Berlinmuren med Checkpoint Charlie. Undervegs tek vi ein god stopp for lunsj.

Om kvelden blir det fellesmiddag på ein god restaurant.  Der får vi eit lokale for oss sjølve og kan underhalde kvarandre med diktlesing, historier og elles allsong med gitarakkompagnement av Lars Nes. (F,M)

Laurdag  25.04
Etter frukost blir det nytt kåseri med Edvard Hoem.
Dagens tema: Med Bjørnstjerne Bjørnson i Europa
Hoem har som kjent skrive ein stor biografi om diktaren som i periodar oppheldt seg i utlandet. Kva inspirasjon gav desse opphalda diktaren og samfunnsmennesket Bjørnson?

Også denne dagen blir det byvandring med Rasmus. Vegen er ikkje lang til Museuminsel med dei imponerande musea som Pergamon, Alte Museum, Nationalgalerie, Bode-Museum og Deutsches Historisches Museum. Vi ser på dei ruvande bygningane, men det blir det opp til kvar og ein kor mykje tid ein seinare vil bruke på musea.

På Museuminsel ligg også Berliner Dom. Det er den største og flottaste kyrkja i byen, og vi gjev oss god tid inne i denne vakre kyrkja. Er vi heldige, får vi med oss litt orgelmusikk.

Etterpå legg reiseleiarane opp til ein båttur på elva Spree. Det blir elles høve til å besøke DDR-museet og det berømte TV-tårnet. Elles er dagen til eigen disposisjon.  

Om kvelden inviterer vi til konsert eller teater. Kva førestelling det blir, kjem vi attende til, når speleplanane er klare i Berlin. (F)

Søndag 26.04
Dagens tema: Nordahl Grieg som diktar, kommunist og antifascist.
Grieg var ein av dei mest markante diktarane i Noreg i si samtid. I tillegg var han ein politisk aktivist. Han døydde under dramatiske omstende då bombeflyet han var om bord i, vart skote ned over Berlin i 1943.

Etter foredraget til Edvard Hoem disponerer vi dagen sjølve. Vi legg opp til eit besøk for å sjå minnesmerket over Nordahl Grieg. I tillegg kan dei historieinteresserte vere med Rasmus til det svært gode Deusches Historisches Museum og elles til museet Willy Brandt Forum. Elles vil vi føreslå besøk på eitt eller fleire av dei verdskjende kunstmuseuma på Museuminsel saman med Lars.

Ettermiddagen til fri disposisjon, og lunsj på eiga hand. Berlin har eit mangfald innan musikktilbod, og denne dagen kan det vere mogeleg å oppleve ein flott konsert. Lars undersøkjer tilboda og gir råd på førehand. Om kvelden vert det avskjedsmiddag på ein god restaurant i nærleiken av hotellet. Her får vi rom for oss sjølve, og det vert høve til ulike bidrag og allsong. (F, M)

Måndag 27.04
Dagens tema: Bertolt Brecht og Det gode mennesket frå Sezuan.
Hoem vil denne siste dagen ta for seg Bertolt Brecht som vert rekna som den fremste tyske dramatikaren. Han skreiv elles poesi og arbeidde mykje som regissør og teaterinnovatør. Politisk var han sosialradikal og under den kalde krigen slo han seg ned i DDR. Edvard Hoem er godt kjend med litteraturen til Brecht og har omsett  fleire av verka hans som Det gode mennesket frå Sezuan frå tysk til nynorsk.

Deretter blir det noko tid på eiga hand og ein tidleg lunsj før bussen vår køyrer oss til flyplassen. Alle reiser med same fly til Oslo, og derifrå vidare med tilknyting til Bergen og dei andre byane. (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/4OsloMed Edvard Hoem til BerlinMeir enn 814 950,-Bestill