Island med Sylfest Lomheim

30. april – 5. mai 2020

Historie – kultur – litteratur

På denne turen står historie, natur, kultur og folkeliv i fokus. Reykjavik er basen vår, og vi blir kjende med denne moderne byen som blir rekna som verdas minste metropol. På programmet står besøk i nasjonalparken Thingvellir, det imponerande fossefallet Gullfoss, dei sprutande kjeldene ved Geysir og det gamle bispesetet Skalholt. Vi skal også nordover til Borgarfjordur, der høvdingen og den kjende sagaskalden Egil Skallagrimsson budde. Vi får sjølvsagt med oss eit besøk på Reykholt. Der budde Snorre Sturlason, som blant anna skreiv Heimskringla. På turen opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya, men også store og velstelte gardar. Det er også ei stor oppleving å bade i det varme vatnet i Den Blå Lagune.

Vi er så heldige å få med oss den kjende språkmannen Sylfest Lomheim som reiseleiar og guide.

Pris frå:
17 975,-
Dagar:6
Fly Bergen/Oslo - Keflavik t/r (tilknyting frå andre byar på forespørsel ved bestilling)
All busstransport og utflukter i følgje programmet
5 overnattingar på 4-stjerners hotell, like utafor sentrum av Reykjavik
5 frukostar
4 middagar
2 lunsjar
Inngangsbillettar til museet på Borgarnes, Landnåmsmuseet
Inngangsbillettar til Snorrastofa på Reykholt
Inngangsbillettar til The Settlement Exhibition
Inngangsbillettar til Landnåmsmuseet i Reykjavik
Spennande kåseri av Geir Waage om sogeskrivaren Snorre Sturlason og samtida hans
Møte med forfattaren Einar Mar Gudmundsson
Sylfest Lomheim som fagguide og reiseleiar saman med Arne Sunde

Ikkje inkludert:
Enkeltromstillegg, Kr. 2 950,-
Måltid som ikkje er beskreve i programmet
Drikke til maten

Minimum tal deltakarar er 20 personar
Maksimum tal deltakarar er 50 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Torsdag 30. april
Utreise frå Bergen og Oslo torsdag morgon.

På veg til Reykjavik besøkjer vi først den populære turistattraksjonen Den blå lagune. Dei som ønskjer det, kan nyte det varme vatnet der. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk på området. Elles er det tid for lunsj på eiga hand her.

Deretter køyrer vi gjennom sentrum av Reykjavik, for å få eit overblikk over byen. Vi stoppar ved Höfði-huset, der Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttest i oktober 1986. Dette møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga av den kalde krigen.

Til slutt tek bussen oss med til Icelandair Hotel Natura, der vi skal bu i fem netter. Om kvelden samlast vi til velkomstmiddag der.
(M)

Fredag 1. mai
Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes som har eit svært bra museum om landnåmstida og om skalden og høvdingen Egil Skallagrimson. Deretter køyrer vi til Borgarfjordur, besøkjer ei lita kyrkje og ser området der Egil Skallagrimson hadde garden sin. Vi dreg vidare i retning av Reykholt, og på Fossatun får vi servert lunsj med kjøtsuppe, brød, kaffi og kake.

På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin og skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane der. Her er det eit interessant museum – Snorrastofa - som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held presten på Reykholt, Geir Waage, eit interessant kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar.
På denne dagsturen får vi sjå eit skiftande landskap med gode gardsbruk og vakker natur med fjordar og fjell.

Denne kvelden er det middag på eiga hand, og reiseleiarane gir råd om gode restaurantar.
(F, L)

Laurdag 2. mai
Denne morgonen besøkjer vi det vakre konserthuset Harpa. Derifrå går vi den korte vegen til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord og var den første landnåmsmannen på Island i år 874. Vi dreg vidare til den ruvande Hallgrimskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står det ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding, er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange koselege restaurantane i sentrum.

Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil kanskje berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet. 

Om kvelden blir det avreise frå hotellet til Restaurant  Reykjavik. Før middagen der (evt. ein annan dag) får vi møte den islandske forfattaren Einar Mar Gudmundsson. Han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen Universets engler. Romanen Sinnets Gitter kom i norsk utgåve i 2011. Dersom nokon kjøper med seg ei av bøkene hans, kan ein få ei signert helsing frå forfattaren.

På Restaurant Reykjavik blir det servert ein stor islandsk buffétmiddag i eit eige rom berre for gruppa vår. Her kosar vi oss med god mat og underheld kvarandre med allsong og gode historier. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
(F, M)

Søndag 3. mai
Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Thingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til dei eventyrlege, sprutande kjeldene ved Geysir og til det storslegne fossefallet Gullfoss. Her blir det også ein god lunsj. Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skalholt som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. Til slutt er vi innom jordbruksbyen Selfoss.

Tilbake på hotellet slappar vi av før vi om kvelden samlast til middag på hotellet.
(F, L, M)

Måndag 4. mai
Etter frukost blir det buss frå hotellet til sentrum. Denne dagen skal vi oppleve bykjerna i Reykjavik. Vi får med oss besøk i Alltinget, museet The Settlement Exhibition, 871 + /-2, Domkyrkja og Rådhuset. Etter lunsj på eiga hand går vi samla til Sagamuseet som presenterer landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå måte.

Resten av dagen til eigen disposisjon, men etter avtale kan dei historieinteresserte følgje reiseleiarane til Islands Nasjonalmuseum.

Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet.
(F, M)

Tysdag 5. mai
Etter frukost køyrer bussen frå hotellet til flyplassen. Direktefly til Oslo og fly vidare til Bergen.
(F)

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
30/4OsloIsland med Sylfest Lomheim317 975,-Bestill
30/4BergenIsland med Sylfest Lomheim617 975,-Bestill