Med Sylfest Lomheim på olsokfeiring til Færøyane

27. - 31. juli 2020.

Historie – språk – kultur. 

Eit besøk til Færøyane er ei fantastisk oppleving. Eit høgdepunkt for mange er båtturen til dei stupbratte klippane og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Landet med knapt 50 000 innbyggjarar har også meir enn særeigen natur å by på. Det færøyske folket er opne og hyggelege, og dei har ei spennande historie og eit rikt kulturliv.
Den aller største hendinga gjennom året her er Ólavsøka i siste veka i juli. Det er ein stor folkefest med feiringa av nasjonaldagen den 29. juli. Tórshavn har ca. 18 000 innbyggjarar, men under Ólavsøka, som eigentleg betyr vakenatt, blir folketalet dobla. Færøyingane har lagt nasjonaldagen sin til Olsok, og den er til minne om Heilag Olav som fall på Stiklestad 29. juli 1030. Historia til Færøyane er sterkt knytt til Norge, då det lenge var ein del av Norgessamvelde. Kong Sverre vaks opp her, og vi besøkjer garden han kom ifrå, Kirkjubøur.
Vi i Fotefar har sikra oss hotellrom og er glade for å kunne tilby kundane våre denne eineståande opplevinga også i 2020.

Pris frå:
17 950,-
Dagar:5
Flyreise Bergen – Færøyane t/r
Utflukter og inngangsbillettar i følgje programmet
4 overnattingar med frukost på sentralt og godt hotell
2 middagar, 1 lunsj og ein servering med kaffi og kaker
Dugande lokal guide som snakkar skandinavisk
Sylfest Lomheim som fagguide, samt 2 reiseleiarar

Ikkje inkludert:
Tilknyting til andre byar i Norge
Enkeltromstillegg kr 2.950
Måltid utover det som står i programmet
Tips
Drikke
Minimum tal deltakarar er 25 personar
Maksimum tal deltakarar er 55 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

Måndag 27. juli
Avreise frå Oslo, Bergen og Trondheim om morgonen, med mellomlanding i Københamn. Bussen vår hentar oss på flyplassen, og køyrer oss gjennom eit vakkert landskap. Reiseleiarane fortel litt om historia og samfunnet til dette fascinerande øysamfunnet. Så kjem vi til Torshavn, den spesielle hovudstaden på Færøyane med ca. 18 000 innbyggjarar.

Vi skal bu på Hotel Brandan, som ligg litt utanfor sentrum. Vi går rett til middag når vi kjem til hotellet, også sjekker vi inn etter dette.
(M)

Tysdag 28. juli
Denne morgonen startar vi på ein tur med spennande opplevinger til eineståande attraksjonar rundt om på Streymoy. Målet for denne utflukta er bygda Vestmanna, med båttur til dei utrulege fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippane og inn i grotter, og dette trur vi vert eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek 2 timar, og vi dreg tilbake til Torshavn etter dette.

Etter lunsj på eiga hand, blir vi med på den offisielle opninga av Olavsøka, som startar utpå dagen med skrúðgonga eller prosesjonen. Dette er ikkje berre startskotet til den største feiringa på Færøyane, men også ei rituell handling med lang tradisjon. Først i toget kjem ein mann ridande med Merkið – det færøyske flagget, og deretter følger musikkorps, byrådsmedlemmer, idrettsfolk og hestar gjennom hovudgata. Folk samlar seg framfor Lagtinget, og ein utvald person held talen som innleiar den store nasjonale festen. Det er eit yrande liv med fullt av folk i gatene.

Denne ettermiddagen samlar folk seg for å sjå på kapproinga ved hamna. Dette er ein av dei aller største attraksjonane under Ólavsøka. Vi seier at nordmenn er fødde med ski på beina, men færøyingane er fødde med årer i hendene.

Middag på eiga hand, men reiseleiarane har reservert bord på ein restaurant, dersom de vil vere med dei ut å ete. Om kvelden er vi ute på byen, tek del i det spennande folkelivet og den livlege feiringa. Det er berre breie smil og lettliva menneske å sjå, og vi nordmenn har alltid vore populære gjester på Færøyane.
(F)

Onsdag 29. juli
Om føremiddagen på sjølve nasjonaldagen er opninga av Lagtinget etter sommarferien den viktigaste posten på programmet. Der held lagmannen (statsministaren) ein tale som politikarane har høve til å kommentera i dei etterfølgjande dagane. Før sjølve opninga er det ein seremoni som startar kl. 11.00 med ein prosesjon frå Lagtinget til gudsteneste i Domkyrkja. Fremst i følgjet finn vi lagmannen og biskopen, og deretter kjem prestar og politikarar på rekke og rad.

Etter gudstenesta går dei same folka i prosesjon til Lagtingshuset og møter folkemengda der. Det blir innslag av klassisk musikk og korsong før oppføringa av Olavsøka Kantate, komponert av Sunnleif Rasmussen. Han byggjer verket sitt på historia til færøysk musikk, folketonar, salmar og heilt moderne musikk.

Etter lunsj på eiga hand dreg vi på utflukt til Kirkjubøur. Der får vi lokal guiding av sjølve «kongsbonden» Jóannes Patursson og servert kaffi og kaker. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her vaks kong Sverre opp og gjekk på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus- katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg Kongsgården som har høyrt til den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha kome frå Kaupanger i Sogn. Ein kan velje å gå turen over fjellet tilbake til Torshavn, eller sitje på med bussen.

Middag på eiga hand, men reiseleiarane reserverer bord på ein restaurant på førehand, dersom ein vil bli med dei.
(F, kaffi/kaker)

Torsdag 30. juli
Vi startar om morgonen på ein ugløymande guida busstur i eit fantastisk landskap. Turen går via Eysturoy til Klaksvík på Borðoy. På denne strekninga vil vi kunne sjå det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er mest 900 m høgt. Klaksvík er den nest største byen på Færøyane. Ute i havet kan vi betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin. Vi får også med oss bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv, som har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. Her blir det servert lunsj på det koselege hotellet Gjáargarður. 

Vi dreg gjennom vakre bygder og passerer stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei imponerande glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.

På kvelden er det avslutningsmiddag på hotellet vårt i eit eige rom berre for gruppa vår. Vi kosar oss med allsong leia av Sylfest Lomheim og elles med gode historier, kor vi oppfordrar deltakarane til å koma med bidrag.
(F, L, M)

Fredag 31. juli
Dette er dagen for heimreisa. Vi et ein tidleg frukost før bussen kjem å hentar oss, og køyrer oss til flyplassen. Fly til Oslo, Bergen og Trondheim, via Københamn.
(F)

 

Teiknforklaring måltid inkludert:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
27/7BergenFærøyane med Sylfest Lomheim117 950,-Bestill
27/7OsloFærøyane med Sylfest Lomheim118 950,-Bestill