Midtvesten - I utvandrarane sine fotefar

18. – 28. juli  2020

Historie – kultur – folkeliv

Har du drøymt om å besøkje Amerika? Bli med på ein rundtur på prærien og opplev det ekte USA. På denne turen gjennom tre statar i Midtvesten reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve store og små byar både i Minnesota, Wisconsin og Iowa og vil dessutan møte både det ”norske” og det moderne Amerika.
Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah. Emigrasjonshistorikaren Rasmus Sunde er ansvarleg for denne spennande turen. Han er spesialist på utvandringa frå Norge og har solid erfaring som turleiar til Midtvesten.  I tillegg er Maria Storevik med som reiseleiar. Ho er lektor, har fleire opphald i Midtvesten og har vore reiseleiar for Fotefar dit fleire gonger.

Pris frå:
25 950,-
Dagar:11
Flyreisa Bergen/Oslo -Minneapolis t/r med Icelandair
Busstransport på heile rundturen i USA
9 overnattingar på hotell i USA med god standard
9 frukostar
8 lunsjar/middagar som vist i programmet
Båtcruise på Mississippi
Billettar til alle felles attraksjonar
Historikaren Rasmus Sunde er ansvarleg for turopplegget og guide
Lektor Maria Storevik er også turleiar og guide
Enkeltromstillegg kr. 5950
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Laurdag 18.07
Avreise frå Bergen og Oslo via Keflavik med eit par timars stopp der og framme i Minneapolis sein ettermiddag.
Bussen vår køyrer oss den korte vegen frå flyplassen til hotellet vårt. Etter innsjekkinga vert det ”bli-kjend-kveld” der vi kan helse på kvarandre, kjøpe forfriskingar og mat.

Søndag 19.07
Om morgonen startar vi med sightseeing i Minneapolis/St. Paul. Desse byane dannar eit samla byområde med 2,5 millionar innbyggjarar, og dei fleste har skandinaviske eller tyske røter. Dennis Gimmestad med slekt frå Nordfjord vil vere guiden vår denne dagen. Han snakkar engelsk, men Maria vil omsetje.

Vi køyrer først til Minnesota State Capitol og betraktar denne ruvande og storslegne bygningen. I framgrunnen står det ein statue av Knute Nelson frå Voss. Han er den immigranten frå Noreg som har nådd lengst i politikken i USA, først som guvernør i Minnesota og i mange år som senator i Washington. Statuen er sett opp av Minnesota i takksemd for innsatsen hans for staten. Rasmus fortel om det eventyrlege livet hans. Vi stoppar også opp ved den store statuen av Leiv Eriksson. Deretter besøkjer vi Luther Seminary som er ein utdanningsinstitusjon for prestar og grunnlagd av norske immigrantar. Her ser vi på Loen-krossen før vi går til Muskego kyrkja der Rasmus orienterer. Denne kyrkja er bygd i 1844 og er den eldste norske immigrantkyrkja i Amerika.

Deretter blir vi med på norsk gudsteneste i Mindekirken med etterfølgjande kyrkjelunsj. Dette er ei av dei få kyrkjene i USA som framleis har gudsteneste på norsk. Etter opphaldet i Mindekirken held Dennis fram med guidinga, og vi får blant anna sjå nærmare på Mississippi-elva med fossar og sluser. Vi besøkjer også det verdskjende Guthrie Theatre.

Vi er tilbake på hotellet om ettermiddagen og slappar av før avreisa til Harriet Island og middagscruise med elvebåt på Mississippi. Dette er ei stor oppleving og gjerne ein kveld vi pyntar oss litt. (F,L,M)

Måndag 20.07
Etter frukost startar vi bussturen og  køyrer langs Mississippi-elva til La Crosse der det blir felles lunsj. Turen går vidare til Norskedalen, som har eit interessant ute- og innandørsmuseum. Deretter stoppar vi i den ”norske” byen Westby før vi når fram til Madison som er ”hovudstaden” i  Wisconsin med ca. 200 000 innbyggjarar. Etter vår meining er dette den vakraste byen i Midtvesten.

Vi sjekkar inn på hotellet vårt, som ligg sentralt i byen. Der skal vi bu i tre netter. Etter innsjekking får vi servert hamburgermiddag på hotellet. Etterpå kan dei som ønskjer det, vere med reiseleiarane på ein liten tur «på byen».  (F,L,M)

Tysdag 21.07
Etter frukosten går vi den korte vegen til Norwegian Genealogical Center som er den største institusjonen for norsk slektsgransking i USA. Her blir det orientering om senteret sitt arbeid. Vi gir oss god tid på senteret, og dei som er spesielt interesserte i slektsgransking, kan sjølvsagt nytte meir tid der om onsdag.

Etter besøket der køyrer bussen oss gjennom gamle norske settlement til den ”norske” småbyen Stoughton som ligg litt søraust for Madison. Først blir det lunsj på eiga hand før vi får omvising i det berømte opera-huset i byen. Deretter besøkjer vi Norwegian Heritage Center som blir kalla Livsreise. Museet fortel historia til dei norske immigrantane som slo seg ned i Wisconsin. Dette tek rundt ein time. Vi har så noko tid på eiga hand før vi møter Sons of Norway medlemmer til middag og fellesprogram med dans til slutt. Retur til Madison med bussen vår utpå kvelden. (F, M)

Onsdag 22.07
Om morgonen ruslar vi den korte vegen over gata til den vakre og mektige Capitol bygningen (hovudstatsbygningen i Wisconsin), og her får vi omvising, og Maria omset til norsk. På plassen framfor Capitol bygningen står ein statue av den legendariske norske offiseren i borgarkrigen, oberst Hans Christian Heg, og Rasmus fortel om livet hans.

På vegen vidare  kikkar vi på Monona Terrace. Dette bygningskomplekset vart teikna av den verdskjende arkitekten Frank Lloyd Wright. Vi legg opp til eit frivillig besøk på Wisconsin Historical Museum. Dette er eit svært bra og spennande museum, og vi nyttar ein god time der før vi ruslar saman med reiseleiarane ned hovudgata State Street til det flotte universitetsområdet. Her kan vi sitje ute ved innsjøen Lake Mendota, sjå på folkelivet og kosa oss. Det er tid for lunsj på eiga hand, og vi vil føreslå universitetskantina i Memorial Union Terrace.  

Ettermiddagen til fri disposisjon. Kvar onsdagskveld kl. 19.00 i juni og juli er det ein stor, gratis utekonsert ved Capitol- bygningen med Wisconsin Chamber Orchestra. Desse konsertane samlar tusenvis av tilhøyrarar og må berre opplevast. Folk tek med seg campingstolar og bord og kosar seg med medbrakt mat og drikke, men vi kan kjøpe det vi treng frå dei mange salsbuene. (F)

Torsdag 23.07
Denne dagen skal vi køyre til Decorah og ha nokre stopp undervegs. Difor startar vi frå hotellet kl. 08.00, og første stopp er på Cabela i byen Prairie du Chien. Dette er ei av verdas største sportsforretningskjede. Deretter går turen til Ferryville i Crawford County. I dette området slo mange norske emigrantar seg ned. I Utica Church møter vi fleire av norsk ætt, og her blir det lunsj med song og musikkinnslag. 

Vi reknar med å vere framme i Decorah i Iowa utpå ettermiddagen. Denne byen har ca. 8.000 innbyggjarar og er ein av dei mest ”norske” byane i heile USA. Vi tek inn på hotellet vårt der vi skal bu i to netter.

Etter litt avslapping køyrer bussen oss til sentrum av Decorah (ca. 2 km), og vi vert med på opninga av Nordic Fest ved Town Hall.  Dette er ein storslegen festival som varer i tre dagar og har eit utruleg variert program. Bussen vår går attende til hotellet kl. 22.30. Elles køyrer bussen oss frå hotellet til sentrum og tilbake fleire gonger både fredag og laurdag.  (F, L)

Fredag 24.07
Etter frukost køyrer bussen vår oss til sentrum, eller vi kan spasere dit. Alle bør ta seg tid til å sjå det norske Vestrheim-museet som er det største etniske museet i USA. Turdeltakarane har dagen til fri disposisjon for å vere med på dei mange aktivitetane under Nordic Fest og elles rusle rundt i den trivelege byen. Heile dagen er byen full av musikk, underhaldning og ulike aktivitetar med eit yrande folkeliv. Om kvelden samlast turgruppa til ein frivillig fellesmiddag på ein flott restaurant. Pris ca. 25 dollar for ein utsøkt middag. (F)

Laurdag 25.07
Tidleg om morgonen kan dei spreke og morgonfriske delta på eit stort mosjonsløp, det såkalla Elveløpet, der vi kan både gå og springe på tid. Nær tusen personar stiller til start, og mange av deltakarane våre bruker å delta. Få med deg denne opplevinga!

Frå kl. 09.30 er det stor parade i hovudgata. Dette er høgdepunktet under Nordic Fest og samlar mykje folk. Totalt reknar ein med at om lag 30.000 personar vitjar Decorah desse dagane.

Om ettermiddagen er det avreise frå Decorah til Northfield i Minnesota. Vi har ein liten stopp i byen Harmony som ligg i eit område der mange Amishfolk har slege seg ned. Dette er ei streng religiøs gruppe som utvandra frå Sveits og Tyskland på 1700-talet. Dei lever svært enkelt utan moderne hjelpemiddel. Deretter køyrer vi vidare nordover forbi Rochester til Northfield som har ca. 18.000 innbyggjarar. Her sjekkar vi inn på hotellet vårt, som ligg sentralt i den koselege byen.

Om kvelden blir det fellesmiddag. Her underheld vi kvarandre med song- og musikkinnslag, gjerne dikt og historier, og det blir kanskje ein svingom til slutt. (F, M)

Søndag  26.07
Denne morgonen køyrer vi dei få mila til Goodhue County, der så mange nordmenn slo seg ned. Her står eit farmbesøk på programmet. Den vakre Urland Church er også verdt eit besøk. Vi får orientering om kyrkja og kikkar elles på gravplassen med alle dei norske namna.

Etterpå dreg vi tilbake til Northfield og besøkjer det kjende St. Olaf College der det blir både omvising og lunsj. Byen har mange små, trivelege butikkar og fleire galleri og museum. Vi slappar av og kosar oss i småbyen denne ettermiddagen. Middag på eiga hand om kvelden, og reiseleiarane viser kor det er gode restaurantar. (F, L)

Måndag  27.07
Etter frukost køyrer vi til Minneapolis og til Mall of America, som er verdas nest største butikksenter. For dei som ikkje likar så godt å handle, finst det elles mykje å oppleve i senteret. Det er også tid for lunsj, og her kan vi velje blant mange ulike serveringsstader.

Avreise på kvelden med  Icelandair til Oslo og Bergen via Island. (F)

Tysdag 28.07
Mellomlanding og byte av fly på Keflavik. Vidare med direkte fly både til Oslo og Bergen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
18/7BergenMidtvesten - I utvandrarane sine fotefarMeir enn 826 150,-Bestill
18/7OsloMidtvesten - I utvandrarane sine fotefarMeir enn 825 950,-Bestill