Cruise i Hardangerfjorden, Sognefjorden, Orknøyane, Shetland og Hebridane

Cruise
Hardangerfjorden, Sognefjorden, Orknøyane, Shetland og Hebridane
16. - 23. juni 2020

Velkommen med på ein spennande tur i vikingane sine fotefar frå Hardangerfjorden, til Sognefjorden, og til øyane vest i havet. Dette blir ein heilt spesiell tur der vi følgjer fotefara til vikingane frå fjordane på Vestlandet over Nordsjøen i vesterled. Det blir sett opp buss frå Årdal via Aurland og Gaupne via Sogndal, Hella, Vik og til Eidfjord der vi går på cruiseskipet Magellan. Vi seglar ut Hardangerfjorden og nordover til Sognefjorden, der første stopp blir Vik i Sogn. Skipet stoppar også i Flåm og Bergen før vi legg ut på ope hav mot Lerwick på Shetland, Kirkwall på Orknøyane og idylliske Portree og Tobermory på Hebridane. Det er ikkje ein tur som vanlegvis blir arrangert av cruiseselskapet, så dette er ein eineståande sjanse til å oppleve denne reiseruta!
Historikar Johs. B. Thue blir med på turen og held daglege foredrag om bord på båten.

Pris frå:
19 950,-
Dagar:8
Buss frå Årdal via Lærdal og Aurland til Eidfjord.
Buss frå Gaupne via Sogndal og Vikafjellet til Eidfjord
Flyreisa Edinburgh-Oslo
6 overnattingar på cruiseskipet Magellan i innvendig lugar (utvendig lugar mot tillegg)
Busstransport i Skottland (jfr. programmet)
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset ekskl. drikkevarer
Buss Oslo-Sogn på heimreisa
Historikar Johs B. Thue sine førelesingar på skipet
Rasmus Sunde er reiseleiar frå Fotefar
Representant frå Sogn Avis er med på cruiset

Ikkje inkludert:
Tillegg for enkeltrom frå kr 6.217,-
Tips £7 per person per dag
Måltid utover det som inngår i programmet
Ekskursjonar
Drikke
Minimum tal deltakarar er 40 personar
Maksimum tal deltakarar er 86 personar.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar i programmet

Dag 1 - Tysdag 16. juni
To bussar om morgonen – ein frå Årdal via Aurland til Eidfjord og ein frå Gaupne via Sogndal og Vik til Eidfjord. Undervegs blir det lunsj på Vangen Cafe på Voss for begge bussane. Ombordstiging på cruiseskipet Magellan, som har vore mange gonger i fjordane våre, og som fleire sikkert har sett gjennom stoveglaset. No kan vi bli med på innsida av eit av desse cruiseskipa vi kjenner så godt og ta del i den opplevinga. Magellan er eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som kan tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving, og dei andre passasjerane vil i stor grad vere engelske. Avgang med skipet frå Eidsfjord kl. 18.00, og skipet tek oss ut Hardangerfjorden denne lyse sommarkvelden. (L,M)

Dag 2 - Onsdag 17. juni
I løpet av natta har vi segla nord til Sognefjorden og medan vi et frukost kjem vi inn til Vik og får ein teknisk stopp der. (Ikkje mogeleg å gå i land.) Vi fortset inn Sognefjorden forbi Feios, Leikanger og Fresvik og nyt ein god lunsj om bord. Vi får også eit foredrag av Johs B. Thue undervegs. Det blir ein ettermiddag i land i Flåm før vi møtest i spisesalen på skipet for ein god trerettars middag. Om kvelden startar vi på seglinga mot Bergen og til Vesterhavsøyane. (F,L,M)

Dag 3 - Torsdag 18. juni
Tidleg om morgonen seglar vi sørover frå Sognesjøen og under frukosten kjem vi inn til Bergen. Etter frukost har vi heile dagen i land i Bergen om vi vil. Det er også mogeleg å vere om bord i skipet viss ein heller kan tenkje seg det. Det er heilpensjon på cruiset, så lunsjen om bord er inkludert. Viss det er fint ver, kan symjebassenget om bord vere eit godt alternativ. Magellan er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

Vi lettar anker frå Bergen kl. 18.00 og set kursen mot øyane i vesterled. Foredrag av Johs. B. Thue om Bergen og byen sin kontakt med øyane i vesterled. Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste denne vegen. Svenskane drog i austerled over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie.

På byrjinga av 800-talet segla vestlendingar, som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, vidare sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire småriker i Irland.

Dag 4 - Fredag 19. juni
Neste morgon kjem vi til Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei grøne markene rundt. Her har ein heil dag i land. Foredrag av Johs B. Thue enten om bord i skipet eller på land.

Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest til fellesmiddag på restauranten om bord. Vi har ein eigen seksjon for gruppa vår i restauranten kvar dag. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.

Dag 5 – Laurdag 20. juni
Mens vi et frukost seglar vi inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

Kl. 08.00 legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til tidleg kveld i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli på ei ekstra utflukt (mot tillegg) til dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.
Foredrag av Johs B. Thue enten om bord i skipet eller på land.

Vi mønstrar på igjen om kvelden, og etter middag set skipet kursen mot sørvest i retning Hebridane. (F,L,M)

Dag 6 – Søndag 21. juni
Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet sørover mellom Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til Norðreyjar eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder utlendingane sine øyar, og viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.

Landskapet blir meir gjestmildt dess lengre sør vi kjem, og når vi er ferdige med frukosten, har vi ankra opp i pittoreske Portree, hovudstaden på Isle of Skye i dei indre Hebridane. Den vesle byen med berre ca. 2000 innbyggjarar ligg fint til mellom klipper i ei naturleg hamn på austsida av øya. Det blir god tid til å rusle rundt på eiga hand i den idylliske landsbyen.

Det første dokumenterte åtaket frå norske vikingar på Skye var i år 794. Frå slutten av 800-talet kom mange norske innflyttarar, og dei gifte seg ofte med lokale skotske kvinner. Men norrønt språk var likevel truleg dominerande. Då ein norsk høvding vart drepen i 1098, invaderte Magnus Berrføtt øya. Det skotske kongedømet prøvde stadig å trenge inn og dominere dei norrøne områda ytst mot Atlanterhavet, noko dei først makta i 1266 etter at kong Håkon Håkonsson døydde.

Det er også mogeleg å vere med på ekskursjonar arrangerte av cruiseselskapet innover på øya (ikkje inkludert). Vi er attende i båten i god tid før avgang klokka 22.00. (F,L,M)

Dag 7 - Måndag 22. juni
I løpet av natta har vi segla heilt sør i dei indre Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull med berre 1000 innbyggjarar. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory Whisky Distillery som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna.

Etter ein avslappande dag på Isle of Mull vert det avreise med skipet kl. 16.00. Foredrag av Johs B. Thue før middag. Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.

Dag 8 - Tysdag 23. juni
Om natta seglar vi sørover langs Isle of Mull og passerer øyane Jura og Islay. Når vi vaknar om morgonen, er vi i den delen av Skottland som liknar mest på dei norske fjordane. Vi seglar inn mellom byen Ayr på fastlandet og Isle of Arran mot hamnebyen Greenock. Framme i hamna ventar bussen på oss, som så skal ta oss på tvers av Skottland til Edinburgh. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar frå fjordane heime i Norge til øyane vest i havet. På bussturen vil Johs. B. Thue samle trådane frå foredraga sine og oppsummere den felles historia vi deler med vennene våre på andre sida av Nordsjøen.  

Avreise med fly frå Edinburgh til Oslo, der vi landar tidleg ettermiddag. Buss tilbake til Sogndal, og vidare ut til Hella.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
16/6Cruise i Hardangerfjorden, Sognefjorden, Orknøyane, Shetland og HebridaneMeir enn 819 950,-Bestill