Med Torgrim Titlestad til Shetland, Orknøyane og Nord-Skottland

23. - 31. august 2020

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert, Torgrim Titlestad. Han er ein glimrande førelesar og vil gje oss eit historisk innblikk i vikingtida, stadene vi besøkjer og om landnåmet og dei norske spora på øyane. Historikaren Rasmus Sunde frå Fotefar er med som reiseleiar.

Vi startar med direktefly ut på ettermiddagen både frå Oslo og Bergen til Aberdeen. Velkomstmiddag og «bli-kjent-kveld» på hotellet. Neste formiddag blir det guida tur rundt om i den spennande byen. Om kvelden tek vi ferja til Lerwick på Shetland og kjem dit tidleg neste morgon. På Shetland besøkjer vi blant anna dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og elles Scalloway museum som har ei eiga avdeling om Shetlandsfarten under krigen. Etter to dagar på Shetland seglar vi vidare til Kirkwall på Orknøyane. Her får vi med oss den imponerande St. Magnus-katedralen og verdskjende steinalderminna Scara Brae. Vi tek ferja tilbake til det skotske fastlandet, og bussen vår køyrer oss til den vakre byen Inverness og til slutt tilbake til Aberdeen.

Pris frå:
18 450,-
Dagar:9
Direktefly Bergen – Aberdeen t/r
Direktefly Oslo – Aberdeen med retur via Stavanger
Busstransport på heile turen som vist i programmet
8 frukostar
6 middagar
3 lunsjar
1 kaffi/te og kjeks
1 overnatting på ferje i innvendige 2-manns lugarar, ekstra kostnad for utvendig lugar
7 overnattingar på hotell i Aberdeen, Lerwick, Kirkwall og Inverness
Utflukter og guiding på Shetland og Orknøyane i følgje turprogrammet
Sightseeing og guiding i Aberdeen og i Inverness
Ved bruk av engelsktalande guidar – omsetjing til norsk
Inngangsbillettar til:
Jarlshof, Scalloway Museum, Scalloway Castle, Croft House Museum
Skara Brae, Earls Castle, Skaill House, Kiribister Farm Museum
Daglege førelesingar av professor Torgrim Titlestad
Rasmus Sunde og Inga-Britt Morken frå Fotefar Temareiser er reiseleiarar

Ikkje inkludert i prisen:
Enkeltromstillegg kr 3 850,-
Ekstra for utvending lugar kr 395,-

Minimum tal personar på turen: 20
Maksimum tal personar på turen: 35

Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Søndag 23. august
Ut på ettermiddagen avreise med direktefly både frå Bergen og Oslo til Aberdeen. Tilknyting frå andre byar på førespurnad. På flyplassen ventar bussen vår på gruppa og køyrer oss til hotellet. Etter innsjekkinga og litt avslapping, blir det middag og «bli-kjent-kveld» på hotellet.
(M)

Måndag   24. august
Etter frukost får vi den første førelesinga av Torgrim Titlestad på hotellet. Han startar på såga om Harald Hårfagre og rikssamlinga i Noreg.

Deretter blir det guida busstur og litt vandring rundt om i Aberdeen. På denne bussturen får du sett store deler av Skottland sin tredje største universitetsby med ca. 200 000 innbyggjarar. Den er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er også oljebyen i Skottland, og har elles fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og det populære kunstgalleriet har gratis inngang.

Vi avsluttar den guida turen med ein fantastisk fish’n chips, og har ettermiddagen til eigen disposisjon, til bussen vår køyrer oss til ferjekaien. Der sjekkar vi inn på lugarane våre på den store ferja som skal ta oss til Shetland. Om bord er det lugarar i ulike kategoriar, restaurantar og butikkar. Vi får utlevert middag- og frukostbillettar og går samla til middag i restauranten. Om kvelden kan vi nyte ein vakker solnedgang om veret er fint.
(F, L, M)

Tysdag 25. august
Når vi vaknar denne morgonen, køyrer ferja inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har ca. 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Ferja er framme tidleg neste morgon. På veg inn gjennom skjergarden et vi ein god skotsk frukost før vi går i land, der bussen ventar på oss.

Vi køyrer gjennom eit vakkert og skiftande landskap medan professor Titlestad fortel om vikingtida og dei gamle norske områda i vest. Undervegs stoppar vi på ein fantastisk utsiktsplass før vi kjem fram til ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof. I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein gamal busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og fleire av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokter mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåta hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst, og kongen annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Etter besøket på Jarlshof får vi servert kaffi eller te med kjeks attåt på det historiske hotellet Sumburgh. Vi får også med oss Croft House Museum, ein godt bevart husmannsplass, før vi dreg vidare til Scalloway. På denne bussturen fortel Titlestad om norsk motstandskamp under krigen. Vel framme i den vesle byen er det først tid for lunsj. Deretter stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet på sjøen i motstandskampen mot tyskarane. Så skal vi gje oss god tid på Scalloway museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten under andre verdskrig. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.

Etter museumsbesøket kikkar vi på Scalloway Castle før bussen køyrer oss tilbake til Lerwick. Der sjekkar vi inn på hotellet vårt, slappar av eller ruslar gjerne litt rundt i byen før middagen på hotellet. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også høve til litt shopping. Den lokale ølsorten Valhalla og ginen Shetland Reel er også verdt å prøve.
(F, L, M + kaffi/te og kjeks)

Onsdag 26. august
Kåseri av Titlestad på konferanserommet på hotellet etter frukost. Om føremiddagen legg vi opp til eit besøk på det innhaldsrike og spennande Shetland Museum. Etter lunsj på eiga hand vil ein lokal guide vise oss og fortelje om Lerwick. Det er elles fascinerande å vandre langs gatene og i hamneområdet.

Seint om ettermiddagen tek vi ferja frå Lerwick til Kirkwall på Orknøyane. Middag på eiga hand om bord, og om kvelden køyrer ferja inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.

Vi er framme i Kirkwall seint på kvelden. Bussen køyrer oss til hotellet vårt, der vi sjekkar inn og skal bu i tre netter.
(F)

Torsdag 27. august
Etter ein god frukost får vi dagens kåseri av Titlestad på hotellet. Etterpå møter vi den lokale guiden som tek oss med på ei vandring gjennom Kirkwall med dei smale, koselege gatene og dei karakteristiske grå steinhusa. Vi skal sjå St. Magnus-katedralen, slottet til jarlen og bispebygninga der kong Håkon Håkonson døydde like før jul i 1263.

Den ruvande katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen og er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Etter guidinga blir det lunsj på eiga hand, og ettermiddagen er til eigen disposisjon i denne særeigne byen.

Middag på restauranten på hotellet før vi går til «Wrigley and The Reel» som ligg like ved St. Magnus-katedralen. Dette er ein heilt spesiell konsertstad med topp tradisjonell musikk frå Orknøyane. Den har nettopp vorte nominert til beste konsertstad for tradisjonsmusikk i heile Skottland. Den vert driven av musikarsøstrene Jennifer og Hazel Wrigley. Dette er også ein skule for tradisjonsmusikken på desse øyane, og den er såleis viktig for bevaringa av denne musikken.
(F, M)

Fredag 28. august
Etter frukost og kåseri av Titlestad tek den lokale guiden oss med på ein heildags busstur. Rundt om på Orknøyane ser vi blant anna dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle. Busetjinga på Scara Brae består av åtte steinhus som var i bruk mellom 3180 og 2500 f.Kr. Husa er bygde i ei klynge, og på det meste budde det 50 til 100 personar her.

Sidan Scara Brae er så godt bevart, har samlinga vorte omtala som «Skottlands Pompei». Som Jarlshof på Shetland var det stormar som bles vekk sand og jordsmonn og avdekka bygningane, først i 1850 og så i 1924. Nettopp fordi husa har vore gravlagde i sand, har dei halde seg svært intakte. Elles får vi med oss Ring of Brodgar, Skaill House, Brough of Birsay og Kiribister Farm Museum på bussturen i det vakre landskapet denne dagen. Vi stoppar for ein god lunsj på Smithfield Hotel.

Buss tilbake til Kirkwall. Om kvelden er det middag på eiga hand, og reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.
(F, L)

Laurdag 29. august
Vi vaknar, et frukost og går til førelesing med Titlestad. Etterpå er det tid å forlate dei små øysamfunna og setje kursen mot fastlandet. Bussen vår tek oss først på tvers av hovudøya, Mainland, til bygda Stromness. Der tar vi ferje over til Scrabster heilt nord på det skotske fastlandet. Ferjeturen tek ca. 1 ½ time, og då kan det vere tid for ein kaffikopp og litt å bite i. Denne turen med utsikt til grøne øyar og imponerande klipper, vert av mange sett på som den vakraste delen av Skottland. Det er også her Atlanterhavet møter Nordsjøen.

Bussen køyrer så sørover på det skotske høglandet, og Titlestad fortel undervegs. Ved kysten vil ein sjå mange stadnamn med norrøne røter, medan vi i innlandet ser namn med gælisk opphav.

På turen sørover stoppar vi for lunsj på eiga hand før vi køyrer direkte til Inverness. Vel framme der sjekkar vi inn på hotellet vårt. Vi får nokre timar på eiga hand før vi samlast til middag på hotellet.
(F, M)

Søndag 30. august
Etter frukost og kåseri av Titlestad tilbyr vi eit frivillig opplegg med båttur på verdskjende Loch Ness. Reiseleiarane vil fortelje legenda om sjøormen Nessie som skriv seg heilt tilbake til 500-talet. Loch Ness er Skottland sin nest største innsjø og den klart djupaste med 226 meter. Det er nettopp tankane om kva som kan skjule seg i det store djupet som seiest å vere opphavet til teoriane og mytane om sjøuhyret. Langs innsjøen ligg ruinane etter eit av dei største slotta i Skottland, Urquhart Castle. Slottet vart bygd på 1200-talet og har spelt ein sentral rolle i skotsk historie opp gjennom hundreåra.

Etter ein spennande føremiddag på innsjøen og på slottet, blir det høve til å kjøpe seg lunsj før bussen køyrer tilbake til hotellet i Inverness. Ein lokal guide vil då ta med heile gruppa på ein vandretur i byen. Om kvelden er det avslutningsmiddag på hotellet.
(F, M)

Måndag 31. august
Denne føremiddagen nyttar vi på eiga hand i Inverness til litt shopping eller å rusle rundt og kikke på folkelivet. På formiddagen køyrer bussen oss til Aberdeen, og vi får med oss ein fin køyretur i eit flott landskap. Undervegs vil Titlestad halde det siste kåseriet på turen. Her vil han gje ei oppsummering av det han har snakka om og vise det nære sambandet mellom Norge og øyane i vest.

I Aberdeen køyrer bussen direkte til flyplassen der det er avreise til Oslo via Stavanger og direkte fly til Bergen.
(F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/8BergenMed Torgrim Titlestad til Shetland, Orknøyane og Nord-SkottlandMeir enn 818 450,-Bestill
23/8OsloMed Torgrim Titlestad til Shetland, Orknøyane og Nord-SkottlandMeir enn 818 450,-Bestill