Eventyrlege Island med Sylfest Lomheim

8. – 13. august  2020

Språk – historie - litteratur – historie – natur

På denne turen står språk, historie, natur, kultur og folkeliv i fokus. Vi bur i Reykjavik og blir kjende med denne moderne byen som blir rekna som verdas minste metropol. Vi besøkjer nasjonalparken Thingvellir, det imponerande fossefallet Gullfoss, dei eventyrlege sprutande kjeldene ved Geysir og det gamle bispesetet Skalholt. Vi skal også nordover til Borgarfjordur, der høvdingen og den kjende sagaskalden Egil Skallagrimsson budde. Vi får sjølvsagt med oss eit besøk på Reykholt. Det var garden til Snorre Sturlason som blant anna skreiv Heimskringla. På turen opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya, men også store og velstelte gardar. Det er også ei stor oppleving å bade i dei varme kjeldene i populære Blå Lagune.

Språkvitaren Sylfest Lomheim er kåsør og guide på heile turen.

Pris frå:
18 950,-
Dagar:6
Inkludert i reisa:
Fly Bergen/Oslo - Keflavik t/r (tilknyting frå andre byar på førespurnad ved bestilling)
All busstransport og utflukter i følgje programmet
5 overnattingar og 5 frukostar på Icelandair Hotel Natura – 4 stjerner
4 middagar 2 lunsjar
Inngangsbillettar til museet på Borgarnes, Sagamuseet, Landnåmsmuseet 871 + /- og Snorrastofa på Reykholt
Spennande kåseri av Geir Waage om Snorre Sturlason og samtida hans
Møte med forfattaren Einar Mar Gudmundsson
Språkmannen og professoren Gunnstein Akselberg er kåsør og guide
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser

Ikkje inkludert i reisa:
Enkeltromstillegg, Kr. 2 950,-
Måltid som ikkje står i programmet
Drikke til maten
Billett til Den blå lagune

Minimum tal deltakarar er 20 personar
Maksimum tal deltakarar er 50 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Lørdag  8. august
Utreise med fly både frå Bergen og Oslo. Tilknyting frå andre byar ved førespurnad ved bestilling.

På veg frå flyplassen til Reykjavik får vi sjå den særeigne naturen Island har å by på. Vi køyrer direkte til hotellet vårt, Icelandair Hotel Natura, kor vi skal bu i fem netter. Det blir fellesmiddag på hotellet etter innsjekk. Då blir det servert ein 3-retters, etter kjøkkensjefen sitt val.
(M)

Søndag 9. august
Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Thingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til dei eventyrlege, sprutande, kjeldene ved Geysir og til det imponerande fossefallet Gullfoss. Her blir det også servert ein god lunsj.

Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skalholt som har ei spennande historie og ei vakker kyrkje. Til slutt køyrer vi innom jordbruksbyen Selfoss.

Tilbake på hotellet slappar vi av før vi om kvelden samlast til middag på hotellet.
(F, L, M)

Måndag 10. august
Denne morgonen besøkjer vi det vakre konserthuset Harpa. Derifrå går vi den korte vegen til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord og var den første landnåmsmannen på Island i år 874. Vi dreg vidare til den ruvande Hallgrimskyrkja. Er vi heldige, får vi kanskje med oss ein liten orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står det ein stor statue av Leif Eiriksson, oppdagaren av Amerika. Statuen er ei gåve frå USA i samband med 1000-års-jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding, er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange koselege restaurantane i sentrum.

Etter lunsj er det tid for avreise mot Den blå lagune, for dei som har bestilt dette på førehand.  Dette er ein populær turistattraksjon på Island, og det er ei stor oppleving å nyte det varme vatnet her.

Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med gode høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil kanskje berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet.

Om kvelden blir det avreise frå hotellet til Restaurant Reykjavik. Før middagen der (evt. ein anna dag) får vi møte den islandske forfattaren Einar Mar Gudmundsson. Han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen «Universets engler». Romanen «Sinnets gitter» kom i norsk utgåve i 2011. Dersom nokon kjøper med seg ein av bøkene hans, kan ein få ei signert helsing frå forfattaren.

På restauranten blir det servert ein stor islandsk buffétmiddag i eit eige rom berre for gruppa vår. Her kosar vi oss med god mat og underheld kvarandre med litt allsong og gode historier. Vi oppmodar deltakarane til å komme med ymse innslag.
(F, M)

Tysdag 11. august
Om morgonen startar vi på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes, som har eit svært bra museum om landnåmstida, og om skalden og høvdingen Egil Skallagrimson. Deretter køyrer vi til Borgarfjordur, besøkjer ei lita kyrkje og ser området der Egil Skallagrimson hadde garden sin. Vi dreg vidare i retning av Reykholt, og på Fossatun får vi servert lunsj med kjøtsuppe, brød, kaffi og kake.

På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin og skreiv Heimskringla, soga om dei norske kongane der. Her er det eit interessant museum – Snorrastofa – som gir oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held presten på Reykholt, Geir Waage, eit interessant kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar.

På denne dagsturen får vi sjå eit skiftande landskap med goda gardsbruk og vakker natur, med fjordar og fjell.

Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane gir råd om gode restauranter.
(F, L)

Onsdag 12. august
Etter frukost blir det buss frå hotellet til sentrum. Først skal vi stoppe ved Höfði-huset, der Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttest i oktober 1986. Dette møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga på den kalde krigen.

Neste stopp er Alltinget, museet The Settlement Exhibition 871 +/-2, Domkyrkja og Rådhuset. Etter lunsj på eiga hand går vi samla til Sagamuseet, som handlar om landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein god måte.

Resten av dagen til eigen disposisjon, men etter avtale kan dei historieinteresserte følgje reiseleiarane til Islands nasjonalmuseum.

Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet.
(F, M)

Torsdag 13. august
Etter ein tidleg frukost køyrer bussen oss til hotellet frå flyplassen. Direktefly til Oslo, med fly vidare til Bergen.
(F)

 

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
8/8Bergen Eventyrlege Island med Sylfest Lomheim118 950,-Bestill
8/8OsloEventyrlege Island med Gunnstein AkselbergFullbooka, venteliste18 950,-Book på venteliste