Vandretur på Shetland

1.-9. august 2020

Opplev det grøne, gjestfrie og spektakulære landskapet i dette øysamfunnet, der vikingane har vandra før oss. Vi besøkjer blant anna dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss minnesmerke knytt til Shetlandsgjengen under krigen, øya Unst, som er det nordlegaste punktet i Storbritannia og den vakre kyststrekninga rundt Eshaness. Vi legg opp til relativt korte vandreturar (om lag 2 timar) i lett terreng dei fleste dagane, med sjanse til ekstraturar for dei sprekaste..  - 

Pris frå:
16 950,-
Dagar:9
Inkludert i reisa:
Fly frå Bergen til Aberdeen, via Stavanger
Retur med direktefly til Bergen
Ferje frå Aberdeen til Lerwick t/r
Busstransport på heile turen som vist i programmet
8 frukostar
8 middagar
2 overnattingar på båt
1 overnatting på eit godt hotell i Sumburgh
4 overnattingar på eit godt hotell i Hillswick
Utflukter og guiding på Shetland
Inngangsbillettar Jarlshof og dei andre attraksjonane i programmet
Turar med lokal vandreguide
1 reiseleiar frå Fotefar er med på heile turen

Ikkje inkludert:
Tilknyting til andre byar i Norge
Enkeltromstillegg kr 3.950
Måltid utover det som står i programmet
Tips
Drikke

Minimum tal deltakarar er 18 personar
Maksimum tal deltakarar er 35 personar
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Laurdag 1. august - Avreise
Fly frå Bergen via Stavanger til Aberdeen om formiddagen. Vi startar besøket i byen med ein lunsj på eiga hand. Deretter blir det vandring rundt om i sentrum av Aberdeen som er Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Den er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er også universitets- og oljebyen i Skottland, og har elles fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og det populære kunstgalleriet har gratis inngang.

Vi har ettermiddagen til eigen disposisjon til bussen vår køyrer oss til ferjekaien. Der sjekkar vi inn på lugarane våre på den store ferja som skal ta oss til Shetland. Om bord er det lugarar i ulike kategoriar, restaurantar og butikkar. Vi får utlevert middag- og frukostbillettar og går samla til middag i restauranten. Om kvelden kan vi nyte ein vakker solnedgang om veret er fint.
(M)

Søndag 2. august - St. Ninian’s Isle, Jarlshof og Sumburgh
Når vi vaknar denne morgonen, køyrer ferja inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har ca. 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Ferja er framme tidleg neste morgon. På veg inn gjennom skjergarden et vi ein god skotsk frukost før vi går i land, der bussen ventar på oss.

Gjennom dei neste dagane skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokter mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ei stor flåte, og rundt år 875 kom skipa hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland. Framleis er spora etter vikingane mange på Shetland, og dette skal vi utforske både til fots og med buss dei neste dagane.

Frå ferjekaien i Lerwick køyrer bussen oss gjennom eit vakkert og skiftande landskap sørover. På vegen dit stoppar vi ved St. Ninian’s Isle, ei lita øy som er knytt til Mainland med ein sandbanke, ein såkalla tombolo. Øya er spesielt kjend for sølvskatten som vart funnen her i 1958. Her går vi ein rundtur på om lag 2 timar i eit ope, grønt landskap ved langstrekte sandstrender. Vi får også med oss Croft House Museum, ein godt bevart husmannsplass, før vi dreg vidare.

Vi sjekkar inn på historiske hotellet Sumburgh Hotel. Her skal vi bu i ei natt. Etter lunsj går vi den korte vegen til den prehistoriske busetnaden Jarlshof. I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein stor busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var om lag 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard. Vi gir oss god tid inne på området, og i besøkssenteret som har utstilt fleire av gjenstandane som er funne rundt om i ruinane.

Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
(F, M)

Måndag 3. august – Mousa
Denne dagen skal vi forlate Mainland, som er hovudøya på Shetland, og ta ein ferjetur til den vesle øya Mousa. Etter frukost og utsjekking på hotellet tek bussen oss til Leebitten i Sandwick. Derifrå tek vi ferja til Mousa, der det ikkje lenger bur folk.

Mousa (Mosøy) og Mousa Broch (Mosøyborga) er nemnde både i Egilssoga og Orknøyingsoga. I Egilssoga står det om Bjørn Brynjolvsson frå Aurland som ville gifte seg med Tora Ladhand, systera til Tore Roaldsson i Fjordane. Verken bror hennar eller far til Bjørn ville late han gifte seg med henne, og han tok henne difor med seg og rømde frå Noreg. Dei kom ut for uroleg sjø og fekk skipet skadd ved øya Mousa, men fekk berga skipet i land. Der flytte dei inn i borga (Mousa Broch).

Om hausten kom det eit skip frå Orknøyane. Folka på skipet fortalde at kong Harald hadde sendt bod om at Bjørn skulle drepast. Bjørn og Tora gifte seg på Shetland og overvintra i Mousa Broch. Så snart våren kom og det var råd å segle, for dei nordover. Dei kom til Island og gjekk i land i Borgarfjord, der dei fekk bu på garden til Skallagrim. Med tida vart det forlik mellom Bjørn og Tore, og Bjørn og huslyden hans kunne reise heim att til Sogn.

Vi har 2-3 timar på øya, så vi har god tid til å vandre rundt og sjå oss om. Tårnet der Bjørn og Tora overnatta står enno, og vandreturen vår på øya går sjølvsagt innom dette tårnet.

Det blir båt tilbake til Leebitten og buss nordvestover til Hillswick. Der skal vi bu resten av turen på St. Magnus Bay Hotel. Der kan ein kjøpe seg ein sein lunsj, og etterpå kan ein slappe av, eller ta seg ein rusletur rundt i Hillswick eller langs stranda.

Fellesmiddag på hotellet.
(F, M)

Tysdag 4. august – Unst
Heile denne dagen er sett av til utflukt til Unst, som er den nordlegaste av øyane som utgjer Shetland. For å komme dit skal vi ta to ferjer, så vi tek ein tidleg frukost før vi reiser. Bussen tek oss heilt til nordenden av Unst der det blir ein vandretur på om lag 3 timar til det nordlegaste punktet i Storbritannia.

Hotellet tilbyr oss å kjøpe med oss matpakkar frå frukostbuffeen, og denne dagen er det ikkje mange kafear undervegs, så her må ein ha med seg matpakke. Reiseleiar informerer om andre dagar det er naudsynt med matpakke.

Fellesmiddag på hotellet.
(F, M)

Onsdag 5. august – Fridag
Fridag til å utforske Shetland på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiar på ein aktivitet som blir bestemt nærare avreise.

Fellesmiddag på hotellet på kvelden.
(F, M)

Torsdag 6. august – Thingwall og Scalloway
Etter ein god frukost er vi klare for dagens vandretur. Bussen tek oss først til Thingwall Valley, som ligg i hjarta av Shetland. Her slo mange vikingar og nordmenn seg ned. På vandreturen startar vi ved Thingwall Church og etter kvart passerer vi også sjølve tingstaden, Law Taing Holm. Turen går i svak unnabakke i lett turterreng ned den grøne dalen. Vi endar opp i bygda Scalloway som var hovudbasen for Shetlandsgjengen. Her finn vi også Scalloway castle frå 1600-talet. Vi gir oss tid her og stoppar ved monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten. Vi får også med oss Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.

Som dei fleste kjenner til, vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert hausten 1940 for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.

Lunsj på eiga hand i Scalloway, men reiseleiarane viser ein god restaurant.

Buss tilbake til Hillswick om ettermiddagen og fellesmiddag på hotellet.
(F, M)

Fredag 7. august – Eshaness
Denne dagen køyrer vi vestover til Eshaness. Her skal vi gå ein 2-timars tur med utgangspunkt i Eshaness fyr. Dette er ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland med høge klipper og imponerande steinformasjonar danna av havet som står hardt på her. Etter turen tek bussen oss tilbake til hotellet vårt.

Etter lunsj er det mogeleg å bli med reiseleiar på ein aktivitet som blir bestemt nærare avreise.

Fellesmiddag på hotellet om kvelden.
(F, M)

Laurdag 8. august - Lerwick
Etter frukost køyrer bussen vår oss til  Lerwick. Vi startar med ei kort guiding i sentrumsgatene og endar opp på Shetland Museum and Archives, som tek for seg heile historia til Shetland frå den geologiske danninga fram til i dag. Lunsj på ein av dei mange koselege kafeane og tid etterpå til å utforske byen på eiga hand. Det er triveleg å vandre langs gatene og i hamneområdet, og her kan ein også finne gater der scener frå påskekrimen «Shetland» vart innspelte. Byen er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så det er også anledning til litt shopping. Den lokale ølsorten Valhalla og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.

Buss til ferjekaien utpå ettermiddagen og ferja til Aberdeen. Fellesmiddag om bord i båten.
(F, M)

Søndag 9.august - Heimreise
Vi kjem fram til Aberdeen med båten tidleg om morgonen. Det blir guida busstur rundt om i byen før det blir lunsj på eiga hand, men reiseleiarane føreslår at vi et fish’n chips på ein god restaurant. Det blir også tid på eiga hand og litt shopping før bussen køyrer oss til flyplassen.

Direktefly til Bergen der vi er framme på kvelden.
(F)

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
1/8BergenVandretur på ShetlandFullbooka, venteliste16 950,-Book på venteliste