Eventyrlege Tanzania og paradisøya Zanzibar

19.-29. JUNI  2020

Tanzania er som eit eventyr! Landet som ligg i Aust-Afrika, har nokre av dei vakraste nasjonalparkane i heile verda med eit mangfaldig dyreliv. Strendene er kritkvite, sjøen turkisblå og menneska venlege og gjestfrie. Maria Storevik frå Stryn og Kathrin Isdal frå Stord er reiseleiarar frå Fotefar. Dei har budd i Tanzania og kjenner til landet og kulturen. På safarien vil vi reise med eigna safaribilar, der det er plass til 6 personar. Sjåføren, som snakkar engelsk, fungerer og som guide og har særs god kunnskap om landet, menneska, naturen og dyrelivet.

Hotella er ei oppleving i seg sjølv. Det er alltid spanande å stå opp tidleg om morgonen for å køyre ut på nye eventyr. Om kvelden er det kjekt å samlast for å prate om korleis dagen på safari har vore. Vi sparer tid ved å fly frå Serengeti til Zanzibar. Slik får du sett landskapet frå lufta, og er utkvilt når du landar på paradisøya Zanzibar.

Etter eventyrlege safariopplevingar ventar kritkvite strender på Zanzibar. Hotellet ligg rett på stranda. På Zanzibar kan du nyte livet i ditt eige tempo. Viss du vil, kan du bli med på kryddertur, utforske historiske Stonetown, bli med på landsbytur, eller du kan rusle langs den kritkvite pudderstranda. For den aktive er det mogleg å bli med på snorkletur i ein tradisjonell Dhow ut til eit korallrev, der du kan symje med fiskar som du elles berre ser i eit akvarium.

Alternativet til alle aktivitetane er rett og slett å gjere ingenting – nyte livet ved bassengbaren eller på ei solseng ved det turkisblå Indiske havet. Før middagen om kvelden kan du la tankane få fri flyt og få med deg den raudglødande sola som går ned i havet. Magisk er det rette ordet!

Mange har nok drøymt om ein tur til Tanzania frå ein var liten, og no har du sjansen til at draumen går i oppfylling. For andre gir turen fantastiske opplevingar og svar på draumar du ikkje visste, før du kom til Tanzania og Zanzibar.

 

Pris frå:
49 950,-
Dagar:11
To norske reiseleiarar frå Fotefar som har budd i Tanzania og kjenner landet, menneska og kulturen.
Lokale guidar.
Fly frå Noreg til Kilimanjaro Airport og retur frå Dar Es Salaam.
All transport i følgje programmet.
5 netter i Tanzania med Fullpensjon (F, L, M)
4 netter i Zanzibar med Halvpensjon (F, M).
1,5 liter drikkevatn kvar dag pr person.
Alle inngangsbillettar som vist til i programmet.

Safari
Lokale engelsktalande sjåførar/guidar.
Tur med 4 hjulstrekkar og 1,5 l gratis vatn pr. dag på køyreturane.
Rundtur ved kaffiplantasjen Karatu.
Underhaldning i form av dans og/eller musikk om kveldane.
Ngorongoro-krateret.
Serengeti nasjonalpark.
Fly innanlands.

Zanzibar
Guida rusletur i landsbyen.
Underhaldning på kveldane.

Ikkje inkludert:
Ballongsafari (mot tillegg kr 5 950).
Besøkje ein krydderfarm på Zanzibar (mot tillegg kr 520).
Tur til Stonetown med besøk på historiske landemerker (mot tillegg kr 650).
Snorkling/båttur på ein afrikansk Dhow (mot tillegg kr 1090).
Lunsj på Zanzibar.
Drikke til maten.
Tips på rommet og til sjåførar.
Visum kostnad.
Minimum tal deltakarar: 15.
Maksimum tal deltakarar: 30.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

19. juni
Avreise frå Bergen og Oslo om ettermiddagen med mellomlandingar. Utreise frå andre byar er tilgjengeleg på førespurnad.

20. juni
Om formiddagen landar vi på Kilimanjaro Airport i Arusha. Der ventar bussen vår på oss, og vi køyrer vidare gjennom små landsbyar i vakker natur. På bussturen vil reiseleiarane Kathrin og Maria orientere om turopplegget, og vi stoppar for lunsj undervegs.

I Karatu skal vi bu på ein kaffiplantasje. Det blir først ei omvising før vi får med oss innhaustinga av kaffibønner, som skjer i juni kvart år. Etter ei kort førestilling av lokale aktørar, blir det buffetmiddag og avslapping rundt bålet. (L, M)

21. juni
Kanskje ein dukkert i bassenget freistar før eller etter frukost, eller de vil handle litt i suvenirbutikken? Vi pakkar inn i bilane og set nasa mot dyrelivet i Ngorongoro-krateret. Før vi køyrer opp kraterveggen, får vi ei omvising ved inngangen til nasjonalparken. Vi stoppar på utsiktspunktet og ser utover det mektige krateret, før vi reiser vidare til den eksotiske overnattingsstaden vår som ligg på kanten av krateret. Etter lunsj er kanskje ein dukkert og forfriskingar ved bassenget akkurat det rette denne ettermiddagen, eller er det heller kikkert og ein prat med dyreinteresserte medreisande som freistar? (F, L, M)

22. juni
Du vil få med deg den vakre soloppgangen på veg ned i det inaktive Ngorongorokrateret, der ein finn omlag 30 000 dyr. Vi vil ta oss god tid til å sjå oss om og vil stoppe fleire stadar nede i krateret. Reisa går så til Serengeti sine langstrakte sletter. Juni er ein særs god månad å vere på safari i den nordlege delen av Tanzania, og er vi heldige, får vi sjå «The Big Five», løve, leopard, nashorn, elefant eller bøffel. Det er gode sjansar til å observere ulike fugleartar, bavianar, gepardar, hyenar, sjiraffar, sebraar, antiloper, impalaer med meir. Lyset. Luktene. Lydane. Denne dagen er eitt av høgdepunkta på turen. Innsjekking på hotellet i Serengeti er nydeleg etter ein litt lengre dag i bil. Også her er bassenget klart, og middagen et vi saman i restauranten. (F, L, M)

23. juni
Viss du vil, kan du denne dagen få oppleve soloppgangen over Serengeti frå ein varmluftsballong (mot tillegg). Det å sveve over slettene ein tidleg morgon og sjå dei eksotiske dyra frå lufta er heilt magisk og vil gi deg minner du aldri vil gløyme. Frukost på ei slette midt inne i parken er inkludert i opplevinga.

For dei som ikkje kan tenkje seg dette, er morgonsafari med bil eit alternativ. Om morgonen er det større sjanse for å sjå aktive dyr, og vi vil bruke god tid før vi returnerer til frukost på hotellet. Dagen brukar ein til avslapping, før det er mogeleg med ny safari på ettermiddagen. Felles middag på hotellet. (F, L, M)

24. juni
Vi vaknar opp til den siste dagen i Serengeti og pakkar koffertane. Etter frukost på hotellet får vi ein morgonsafari på vegen mot flyplassen i Serengeti. Flyet vårt tek oss så til paradisøya Zanzibar. Vel framme på øya, blir vi køyrde nordover til småbyen Nungwi. Hotellet vårt ligg på stranda, og etter innsjekking møtest vi til buffetmiddag. (F, M)

25.  – 28. juni
Vi bur nord på øya Zanzibar. Området er relativt roleg og trygt, og det er fleire stader ein kan finne seg lunsj. Reiseleiarane hjelper til dersom ein vil snorkle, ha ei utflukt på krydderplantasje eller dersom Stonetown freistar (mot tillegg). Vi kjem til å snorkle på dag 7, reise på krydderplantasje på dag 8 og dra til Stonetown på dag 9. Dersom de vil gjere det i ei anna rekkefølgje, eller heller vil ta det roleg på hotellet, er dette sjølvsagt ikkje noko problem. (F, M)

28. juni
Vi nyt siste dagen i paradis, før vi blir køyrde til flyplassen. No vender vi nasa mot Dar-es-Salaam. Om kvelden sjekkar inn på flyet, som med mellomlandingar tek oss heim til Noreg. (F)

29. juni
Flyet er framme i Noreg om morgonen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
19/6Bergen (19. juni)Eventyrlege Tanzania og paradisøya ZanzibarMeir enn 849 950,-Bestill
19/6Oslo (19.06)Eventyrlege Tanzania og paradisøya Zanzibar849 950,-Bestill