New York & Washington med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

2.  – 10. oktober

Historie – politikk – kultur

Bli med til verdsmetropolen New York og vakre Washington i valåret 2020. Vi startar reisa vår i kulturbyen New York, The Big Apple, byen som aldri søv. Her får vi oppleve alle dei store attraksjonane på Manhattan inkludert Ellis Island, Fridomsgudinna og Ground Zero. Vi tek pulsen på innbyggjarane i New York på undergrunnsbana, i gater, parkar, galleri og museum. Vi vandrar over Brooklyn bridge, og Eva Bratholm viser oss sitt Brooklyn. I tillegg blir det jazzkveld i bohemske Greenwich Village og sjanse til å få med seg eit show på verdskjende Broadway eller Metropolitan-operaen.

I hovudstaden, Washington D.C., er vi midt i verdas politiske sentrum, og her opplever vi Det kvite hus, Kongressen, John F. Kennedy si grav, Lincoln-monumentet, Vietnam- og Korea minnesmerket, museum og mykje anna. Vi vandrar rundt ein av USA sine grønaste byer og sankar nye kunnskapar på dei verdskjente musea.

På reisa har du med deg Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen som fagguidar. Begge har våre korrespondent for NRK i Washington og har skreve fleire bøker om USA. Saman deler dei sin store historiske, kulturelle og politiske kunnskap om områda vi er i, vi får morosame historier og interessante anekdotar om stort og smått krydra med det siste nytt innan presidentvalet.

Pris frå:
34 950,-
Dagar:9
Flyreise Oslo – New York med SAS, retur frå Washington
Eller flyreise Bergen, via Oslo – New York med SAS, retur frå Washington
Busstransport som sett opp i programmet
Metrokort i New York
Metrokort i Washington
7 overnattingar på sentrumsnære hotell i byane
3 frukostar i Washington
4 lunsjar/middagar
7 kåseri av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen
Guiding på Manhattan, der vi får sjå mange kjende bygningar og monument
Guida tur i Central Park og i Highline park
Guida tur i Brooklyn og gåtur over Brooklyn Bridge
Billettar til ferja til Ellis Island og til innvandringsmuseet der
Billettar til jazzkonsert i Greenwich Village
Jazzguide i Greenwich Village
Omvising på Ground Zero
Omvising i Philadelphia
Omvising utanfor Det kvite hus og Capitol-bygninga
Inngang til Arlington-kyrkjegarden i Washington
Inngang til museum i Washington
Omvising på National Mall i Washington med kjende monument
Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er guidar på heile turen
Reiseleiarar frå Fotefar Temareiser

Ikkje inkludert:
Tips
Drikke
Måltid og aktivitetar som ikkje er inkludert i programmet
Billettar til Broadway og Metropolitan
Tilknytingsfly andre byar i Norge på førespurnad
Enkeltromstilleg på 9900
Søknad om innreise til USA. ESTA

Minimum 20 påmelde
Maksimum 45 påmelde
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 2. oktober
Fredags morgon startar ferda vestover. Vi  flyg frå Oslo og Bergen (tilknyting frå andre byar mot tillegg), og er framme på Newark flyplass i New York tidleg ettermiddag (lokal tid). Allereie på bussturen inn til Manhattan ser vi New York sin imponerande og verdskjende horisont. Vi bur på eit godt hotell i sentrum av New York like ved Ground Zero. Frå her kjem vi oss enkelt rundt til alle dei viktige attraksjonane. Om kvelden blir det velkomstmøte på hotellet med den fyrste oppdateringa om valet frå Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen før vi går til fellesmiddag.
(M)

Laurdag 3. oktober
Etter ei god natts søvn blir det spanande å vakne opp i Trump sin fødeby og få dagens oppdatering på valet av korrespondentane våre. Med kunnskapen deira friskt i minne er vi klare for guida busstur på Manhattan. Vi stoppar for å strekke på beina i High-Line park, bygd opp på ei godslinje over gatenivå, og i Central Park. Vi køyrer i kjente byområde som Wall Street, Chinatown og Greenwich Village. I Harlem et vi ein sein lunsj før vi tek bussen tilbake til hotellet. På vegen køyrer vi forbi Times Square.

Tilbake på hotellet er det tid for avslapping eller meir utforsking. I kveld kan ein bli med reiseleiarane på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet eller ete middag på eiga hand.
(L)

Søndag 4. oktober
Skal vi tru demokratane, er Trump i ferd med å øydelegge verdsnasjonen USA. Skal han få fire nye år eller vil demokratane gå sigrande ut? Vi startar dagen med ny oppdatering frå valet med Eva og Joar. Etter dagens foredrag går vi til 9/11 Memorial (Ground Zero), og Eva fortel om denne fryktelege hendinga som fekk så store konsekvensar over heile verda. Etterpå fortset vi til Battery Park yst på enden av Manhattan, og derifrå tek vi ferja til Ellis Island. På veg ut til øya passerer vi den majestetiske Fridomsgudinna, og de vil få gode forhald for fotografering. Denne øya var innfallsporten til mange av nordmennene som utvandra til Amerika.

Resten av dagen står til eigen disposisjon. Vi kan anbefale fleire flotte kunstmuseum og galleri, for eksempel American Native History Museum, og gode moglegheiter til å gjere ein god handel.

Om kvelden legg vi opp til at dei som ønskjer det, kan få med seg eit show på verdskjende Broadway, anten operaførestilling på storslegne Metropolitan Opera eller konsertbillettar til legendariske Carnegie Hall. Billettar til arrangementa må ein bestille sjølv, eller ta kontakt med oss for hjelp. Oversikt over arrangement, online billettbestilling og kva arrangement reiseleiarane vil velje, vert sendt ut om lag to månader før avreise.

Måndag 5. oktober
Før vi tek turen til Brooklyn Bridge , blir det eit nytt foredrag av Eva om Brooklyn. Gåturen er ca. 2,5 km, og dei som vil, kan ta metro eller drosje. Frå brua får vi fantastisk utsikt mot Manhattan, så her kan ein ta gode foto. Når vi er komne over brua, får vi ein guida tur i Eva Bratholms Brooklyn, der vi vekslar mellom metro og vandring i dei koselege gatene med «brownstone»-hus i denne bydelen. Her kan vi sjå huset Eva sjølv budde i då ho arbeidde der. Vi et ein stor og kraftig lunsj i Brooklyn Heights, før vi tek metroen heim til hotellet. Dei som vil, kan gå tilbake. Eva Bratholm har skrive bok om Brooklyn, så dette kan vere fin litteratur før reisa.

Denne kvelden blir det tur til Greenwich Village der vi oppleve ekte New York jazz. Vi reiser med metro frå hotellet og møter jazzguiden vår, Gordon, som tek oss med til ein av dei små og eksotiske jazzklubbane i denne berømte bydelen. Der får vi høyre lokal jazz og smake nokre av byens kjende forfriskingar. Det blir ein flott kveld med mange inntrykk.
(L)

Tysdag 6. oktober
Denne morgonen er det på tide å reise vidare til Washington med buss. På reisa sørover i landet nærar vi oss etterkvart hovudsetet til Trump. Joar vil gje oss dei siste detaljane om valet, og vi vil kjenne korleis spenninga stig.

På vegen køyrer vi innom Philadelphia, ein perfekt stoppestad på vår politiske reise. Denne byen er patriotismens fødestad. Det var her dei skreiv under på Uavhengigheitserklæringa i 1776 og Grunnloven i 1783. Vi får ei omvising i byen medan Eva og Joar auser av sine kunnskapar. Etter dette er det tid til å ete lunsj, og ein tek ein pause frå politikk og besøkje trappane der ‘Rocky Balboa’ trena eller kanskje Bruce Springsteen sine gater i Philadelphia (Streets og Philadelphia).

Framme i Washington sjekkar vi inn på vårt sentrumsnære hotell, berre eit steinkast unna dramatikken i Det kvite hus. De får kvelden for dykk sjølve og kan velje om de vil vere med reiseleiarane på restaurant eller ete middag på eiga hand.

Onsdag 7. oktober
Etter frukost og siste nytt om valet av Eva og Joar, blir det sightseeing med dei i Washington. Vi startar med vandretur i National Mall området med blant anna Capitol, Lincoln Monumentet, Korea-monumentet og Vietnam-monumentet. Om ettermiddagen tek vi ein pause og lunsj (ikkje inkludert) før vi fortset byvandringa. Vi besøkjer Arlington æreskyrkjegard med gravplassen til John F. Kennedy, og vi får elles med oss Jefferson Memorial, Det kvite hus og Kongressen. Om kvelden vert det middag på eiga hand, medan dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein god restaurant.
(F)

Torsdag 8. oktober
Vi møtest til frukost i vår eigen frukostsal. Medan vi blir sitjande, fortel Eva og Joar om korleis politikken vert mindre viktig di nærmare vi kjem valdagen. Dette presidentvalet blir ei rein folkeavstemming om Donald Trump.

I dag besøkjer vi det imponerande nasjonale museumskomplekset The Smithsonian Museums. Her er eit titals nasjonale museum samla på eit relativt lite område. Dette området er så stort og innhaldsrikt at det er vanskeleg å nå over alt. Vi deler oss difor i fleire grupper utifrå kva ein ønskjer å sjå. Vi kan anbefale American History Museum, Air & Space Museum med romskip og fly, American Art Museum og American Native Museum med indianarane si historie. Vi et lunsj på eiga hand i museumskafeane, og dei som ynskjer det, kan fortsetje museumsrunda. Ein kan også ta ein rusletur i sentrum av hovudstaden som mange tykkjer er den grønaste og vakraste byen i USA. Om fleire ynskjer det, kan reiseleiar bli med til bydelen Georgetown. Her finn de fine handlegater og ein flott promenade langs elva Potomac. Denne kvelden samlast vi til avsluttingsmiddag etter ein tur full av intrykk.
(F, M)

Fredag 9. oktober
Siste dagen nyt vi frukosten og høyrer på siste kåseri frå Eva og Joar. Er vi kome nærmare ei avgjerd på det historiske valet eller er vi meir forvirra enn nokon gong?

Vi får tid til ein rusletur og lunsj på eiga hand før bussen tek oss frå hotellet til flyplassen. Fleire vil kanskje nytte dei siste timane til litt shopping eller å vandre rundt i parkane i nærleiken av hotellet. Reiseleiarane kan i så fall vise kor det er gode handlegater. Avreise frå Washington flyplass på sein ettermiddag.
(F)

Laurdag 10. oktober
På grunn av tidsforskjellen på seks timar er vi ikkje heime i Norge før morgonen etter avreise, med mellomlanding i København.


Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
2/10BergenNew York & Washington med Eva Bratholm og Joar Hoel LarsenMeir enn 836 450,-Bestill
2/10OsloNew York & Washington med Eva Bratholm og Joar Hoel LarsenMeir enn 834 950,-Bestill