Kiev og Odessa med Hans-Wilhelm Steinfeld

10.-17. oktober 2020

Bli med til eit land som vi har høyrt mykje om, men som ikkje så mange har besøkt enno. Vi reiser til Ukraina sine to vakraste byar, storslegne Kiev med sine breie avenyar og idylliske Odessa ved Svartehavskysten, og på togturen mellom byane får vi sjå den ukrainske landsbygda, Europas kornkammer.

Vi er så heldige å få med oss Hans-Wilhelm Steinfeld som kjentmann på turen. Han har store kunnskapar om Ukraina frå tida si som korrespondent for NRK, og har vore tett på mange av endringane i landet sidan kommunisttida. Kvar dag på turen vil Steinfeld halde eit kåseri på hotellet der han auser av kunnskapane sine om historie og politikk. I tillegg viser han oss både dei største attraksjonane og meir ukjende sider ved dei to byane, til fots og med buss.

Pris frå:
26 950,-
Dagar:8
Inkludert i prisen:
Flyreisa Oslo/Bergen–Kiev med retur Odessa–Oslo/Bergen
Busstransport og guiding på heile rundturen
Togreisa frå Kiev til Odessa
4 overnattingar med frukost på sentralt 4-stjerners hotell i Kiev
3 overnattingar med frukost på sentralt 4-stjerners hotell i Odessa
5 lunsjar som vist i programmet
5 middagar som vist i programmet
Inngangsbillett til alle fellesattraksjonar og museum i følgje programmet.
Dagstur til Tsjernobyl
Hans-Wilhelm Steinfeld er med på heile turen som guide og held daglege kåseri
Reiseleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen
I tillegg nyttar vi lokale guidar

Ikkje inkludert i prisen:
Tilknyting frå andre byar
Enkeltromstillegg 3950,-

Minimum tal deltakarar: 15
Maksimum tal deltakarar: 40
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Laurdag 10. oktober
Avreise frå Oslo med Turkish Airlines, via Istanbul til Kiev. Her møter vi vår ukrainske guide, som blir med oss på heile turen som ekstra reiseleiar. Buss inn til hotellet vårt i sentrum av Kiev.

Fellesmiddag på hotellrestauranten etter innsjekking.
(M)

Søndag 11. oktober
Etter ein tidleg frukost møtest vi og går samla til konferanserommet for det første foredraget til Hans-Wilhelm Steinfeld. Tema denne dagen er «Ukraina – Landet på randen», som omhandlar ukrainsk historie frå tidleg mellomalder til revolusjonen i 1917. Deretter blir det ein guida busstur rundt i Kiev, der vi får med oss ulike bydelar og periodar i byen si 1500 år lange historie. Vi skal innom Den gylne porten, St. Sofia-katedralen og Andriiskyi Uzviv, kjent som «Montmartre av Kiev». Felleslunsj på ein restaurant i byen. Etterpå får vi med oss den berømte St. Voldomyr-katedralen og Huleklosteret (Kyiv Pecherskaya Lavra).

Om kvelden møtest vi i hotellresepsjonen og tek bussen nokre få minutt til fellesmiddag på ein restaurant, som ligg fint til i eit parkområde ved universitetet. Her er det tradisjonell ukrainsk mat på menyen, og kanskje får vi oppleve ukrainsk folkemusikk. Buss tilbake til hotellet etter middagen.
(F, L, M)

Måndag 12. oktober
Vi startar dagen med ein tidleg frukost før det blir dagstur til Tsjernobyl. Bussturen dit tek 2-3 timar, og vi får sjå den ukrainske landsbygda på veg fram og tilbake, og Hans- Wilhelm held foredraget «Tsjernobyl» på bussturen.

Det er no over 30 år sidan reaktor 4 i atomkraftverket i Tsjernobyl gjekk i lufta den 26. april i 1986. Det vart oppretta ei tryggleikssona på 30 kilometer omkring ulukka, der berre autorisert personell slapp inn. Sjølv om det enno finst nokre restriksjonar, er området no rekna som sikkert, og det er opna for turisme. Dei første hotella inne på området er også bygde ferdig. Lokalguiden vår fortel oss kva som skjedde i dagane etter ulukka og under evakueringa, og viser oss sentrale bygningar i den folketomme byen. Vi et felleslunsj i den statlege kantina for arbeidarane på området. Hans-Wilhelm fortel korleis Sovjet-regimet handterte Tsjernobyl og korleis Vesten reagerte,  og på kva måte ulykka påverka energipolitikken i åra etterpå.

Buss tilbake igjen til hotellet i Kiev. Fellesmiddag på hotellet vårt i Kiev.
(F, L, M)

Tysdag 13. oktober
Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld foredrag. Dagens tema er: «Kollektiviseringen».

Vi besøkjer den norske ambassaden og får ei innføring om Ukraina og norsk-ukrainske relasjonar i dag. Ambassaden ligg i nabohuset til hotellet, så det er ikkje lange vegen å gå. Deretter blir det ein guida tur med utgangspunkt i den nyare historia frå Sovjet-tida til sjølvstende. Felleslunsj på restauranten Chicken Kiev. Etter lunsj vert det ein tur på hovudgata i Kiev, Khreschatyk, som strekkjer seg 1,2 km frå European Square forbi Maidan plassen til Bessarabka, der ein finn Besarbsky-marknaden.

Fellesmiddag på hotellrestauranten på kvelden.
(F, L, M)

Onsdag 14. oktober
Vi startar dagen med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld. Tema: «Hatet i Europa» – som omhandlar historia til austjødane. Vi hentar så bagasjen vår og sjekkar ut, før vi skal ut på ein guida tur med temaet: «Det jødiske Kiev». Felleslunsj i den jødiske bydelen..

Bussen tek oss frå lunsjplassen til togstasjonen, der vi tek tog vidare til Odessa. Det er mogeleg å kjøpe seg enkel mat på toget. Toget er framme i Odessa seint på kvelden, og bussen køyrer oss til hotellet for innsjekking.
(F, L)

Torsdag 15. oktober
Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld det daglege kåseriet sitt. Dagens tema er: «Den store fedrelandskrigen». Deretter blir det ein guida busstur rundt til dei største attraksjonane i vakre Odessa. Felleslunsj i byen, retur til hotellet etter lunsj.

Ettermiddagen til fri disposisjon. Det er mange spennande butikkar i gamlebyen, så kanskje nokon vil handle litt. Den ukrainske valutaen, hryvnia, vart devaluert for ikkje så lenge sidan, så prisane er gode for oss nordmenn.
Middag på eiga hand.
(F, L)

Fredag 16. oktober
Etter frukost startar vi dagen med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld. Tittelen på foredraget i dag er: «Ukraina i russisk grep».

Det neste på programmet er ein guida tur i gamlebyen. Odessa har alltid vore ein smeltedigel av ulike folkeslag og eit knutepunkt mellom handelen på Svartehavet og opp elvane gjennom Russland og Ukraina. Blant folkeslaga som har herska over byen finn vi både dei gamle grekarane, tatarane, ottomanarar, litauarar og russarar. I tillegg har byen hatt ei stor jødisk busetjing. Denne spennande historia og mykje meir får vi høyre meir om på rusleturen vår i gamlebyen. Det blir også tid til å sjå katakombane. Buss tilbake til hotellet. Lunsj på eiga hand i gamlebyen.

Vi reiser samla frå hotellet om ettermiddagen for avslutningsmiddag på ein restaurant i sentrum.
(M)

Laurdag 17. oktober
Vi har tidleg utsjekking frå hotellet og bussen vår tek oss til flyplassen i Odessa. Fly til Oslo med Turkish Airlines via Istanbul til Oslo.
(F)

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
10/10OsloUkraina med Hans-Wilhelm SteinfeldMeir enn 826 950,-Bestill