Peru - i fotefara til Inkaene

26. september - 07. oktober 2020

Ein klassisk rundtur i Peru er ei eventyrleg reise gjennom natur, kultur, historie og tid. Du vil bli fascinert av mektig natur og storleg imponert av byggverk som har overlevd hundrevis av år.Den store draumen for mange er nok å få besøkje dei verdskjende stadene som Peru kan by på, og som står på verdsarvlista til UNESCO. Du får oppleve den høgtliggjande og store Titicacasjøen, bu tre netter i Cusco, som var hovudstaden til inkaene, og reise gjennom og stoppe i den heilage dalen deira. Toppen på rundturen er nok besøket i den bortgøymde og tapte byen til inkaene, nemleg berømte Machu Picchu. Vi får også med oss eit spennande opphald i storbyen Lima.

Pris frå:
39 950,-
Dagar:12
Flyreise:
Oslo – Lima t/r utreise frå andre byar på førespurnad ved bestilling.
Lima – Arequipa og retur Cusco – Lima.
All busstransport, guiding og fellesutflukter som vist i turprogrammet.
Dugande lokale guidar som snakkar engelsk.
Reiseleiar frå Fotefar.
Inngangsbillettar til alle museum i programmet.
10 overnattingar på gode hotell.
10 frukostar.
6 lunsjar.
2 middagar.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Laurdag 26. september. Frå Noreg til Peru
To norske reiseleiarar frå Fotefar er med på heile turen.
Avreise frå Oslo med mogleg tilknyting frå andre byar, og framme på flyplassen i Lima same dagen. Der blir vi møtt av ein engelsktalande guide, og ein buss køyrer oss til hotellet vårt som ligg i bydelen Miraflores. Turen frå flyplassen til hotellet tek om lag 40 minutt. Undervegs vil guiden informere om opphaldet vårt i Peru og fortelje om det vi ser på veg inn til hotellet.
Middag på hotellet om kvelden. (M)

Søndag 27. september. Rundtur i Lima.
Vi nyttar føremiddagen til ein guida busstur rundt i det sentrale Lima. Her ser vi først på den flotte arkitekturen frå kolonitida. I same delen av byen ligg det vakre presidentpalasset i tillegg til Perus eldste katedral og San Fransisco kyrkja som er berømte for katakombane sine.
Etter ein god lunsj på Larcomar med vakker utsikt over Stillehavet, besøkjer vi Museo Larco Herrera. Der blir vi ved hjelp av ei eineståande kunstsamling frå mangfaldige indianarkulturar tekne med på ei reise gjennom 3000 år av historia til Peru. Museet har ei av dei største samlingane av precolumbiansk kunst.

I museet får vi sjå vakre tekstilar fra paracaskulturen, keramikk fra chimu-, nazca-. og pachacamakulturane og elles mangt anna frå stordomstida til inkafolket. Det som gjerne vekkjer aller størst beundring er alt det vakre som er laga av ler og skinn og særleg gullgjenstandane som stammar frå både inkaane og sivilisasjonane endå tidlegare.
Ettermiddagen og kvelden er til fri disposisjon. I bydelen Miraflores er det mange gode restauranter, barar og butikkar. Dei som ønskjer det, kan ete middag saman med reiseleiarane. (F, L)

Måndag 28. september. Fly frå Lima til Arequipa
Etter ein god frukost er det avreise med buss til flyplass i Lima. Det blir ein kort flytur til  elegante Arequipa, ein by frå kolonitida som er kjend under tilnamnet «Den kvite byen».
Etter innsjekkinga på hotellet vårt, tek guiden oss med på ein rundtur i byen som nesten berre er bygd opp av kvit vulkansk stein. Arequipa, som ligg på knapt 2400 m.o.h., er omkransa av dei høge, snødekte vulkanane Misti (5822 m), Chachani (6057 m) og Pichu-Pichu (5669 m), og desse gir byen ein heilt spesiell atmosfære.
Etter eit besøk på det vakre torget, går vi til den største attraksjonen i byen, nemleg Santa Catalina-klosteret, der meir enn 400 nonner ein gong heldt til. Til slutt viser guiden oss Yanahuara-plassen, der vi kan ta foto av dei vulkanske og særeigne omgivnadene til byen. Middag på eiga hand, og guiden viser oss gode restaurantar. (F)

Tysdag 29. september. Arequipa til Puno ved Titicacasjøen.
Etter frukost på hotellet blir vi henta tidleg om morgonen med buss for å halde fram reisa til byen Puno. Turen går gjennom eit ope og dramatisk høgplatå med namn Altiplano, og som strekkjer seg opp mot høgder på 4000 m.o.h. Langs vegen passerer vi små landsbyar, og vi får nok sjå lokalbefolkninga som vandrar med lamaer og alpakkaer over dei store slettene. Når vi passerer naturreservatet Aguada Blanca, kan vi kanskje også få auga på Vikunjaen, som er lamaen sin ville slektning. Lunsj undervegs.
Bussen køyrer oss så den siste etappen denne dagen til Puno. Denne spennande byen ligg ved bredda av Titicacasjøens på om lag  4000 m.o.h. Titicacasjøen er verdas høgstliggjande farbare innsjø. Vi sjekkar inn på hotellet vårt og et middag der eller ute på restaurantar i nærleiken. (F, L)

Onsdag 30. september. Heil dag på Titicacasjøen
Dette er dagen for ein eventyrleg heildagstur på innsjø­en med båt. Først besøkjer vi Uros-folket, som bur på øyar som er bygde opp av siv. Her har dei levd i lange tider ved å kombinere jakt og fiske. Deretter går turen vidare med båt til Taquile-øya, der vi nyttar tida saman med lokalbefolkninga for å få eit innblikk i levemåten og kulturen deira. Her blir vi servert lunsj. Til slutt tek guiden oss med på ein kort gåtur, der vi får ei flott utsikt over Titicacasjøen. Om ettermiddagen blir vi henta med båt og tekne tilbake til Puno og hotellet vårt. Middag på eiga hand. (F, L)

Torsdag 1. oktober. Frå Puno til Cusco
Dette er ein lang, men opplevingsrik dag. Vi kryssar først Altiplano-området, og undervegs er det nokre stopp ved vakre monument og elles for å beundre utsikta frå La Raya, som er det høgste punktet på turen. Når vi kjem fram til byen Raqchi, besøkjer vi ruinane av tempelet Virachocha, kanskje den aller største heilagdomen til inkaene.

Endemål denne dagen er Cusco, som var hovedstaden i Inkariket. I dag er dette ein blomstrande og multikulturell by. Vi sjekkar inn på det gode hotellet vårt, og guiden vil gi ei kort orientering om byen og kva vi får oppleve dei neste dagane. Kvelden til eigen disposisjon, og vi anbefaler å utforske byen og dei gode restaurantane saman med reiseleiarane. (F, L)

Fredag  2. oktober. Inkahovudstaden Cusco
Etter frukost møter vi den lokale guiden på hotellet, og han tek oss med på ein rundtur i byen og omgivnaden rundt. Vi besøkjer katedralen Santo Domingo på det store torget og Korichancha, det storslegne Soltempelet, som er bygd i stein, heilt utan mørtel.
Turen går så vidare til Sacsayhuaman, som er eit imponerende og ruvande byggverk av stein der den største steinblokka veg meir enn 125 tonn. Det ligg vakkert til med utsikt over Cusco. Deretter køyrer bussen oss til dei godt verna inkastadane Quenco, Puka Pukara og Tambo Machay.

Til slutt går turen tilbake til hotellet, og då er det tid for lunsj på eiga hand. Ettermiddagen og kvelden er til fri disposisjon der vi kan slappe av og kikke rundt i Cusco i vårt eige tempo. Middag på eiga hand eller saman med reiseleiarane på ein av dei gode restaurantane i byen. (F)

Laurdag  3. oktober. Inkaene sin heilage dal
Denne dagen går turen til inkaene sin heilage dal. På vegen besøkjer vi Pisac, som er kjend for sine berømte indianarmarknader. Her er det mogleg å kjøpe alt frå peruanske ullgensarar og tekstilar til måleri, musikkinstrument og smykke.
Etter lunsj går turen til Ollantaytambo. Dette er ein sjarmerande landsby ved hjarta av dalen og blir sett på som ein museumsby, då innbyggjarane her held fast ved gamle tradisjonar og skikkar som har gått i arv gjennom generasjonar. Her får vi sjå festninga i byen laga av granitt, som inneheld tempel, bad og imponerande militære installasjonar. Deretter tek vi toget frå Ollantaytambo til Aguas Calientes der vi sjekkar inn på hotellet vårt og går ut for å ete middag. (F, L)

Søndag  4. oktober. Machu Picchu
Dette er nok dagen dei aller fleste har sett mest fram til på turen til Peru. Vi startar tidleg om morgonen med buss frå Aguas Calientes til Inti Punku eller Solporten. Det er ei fantastisk oppleving å stå der og få det første glimtet av Machu Picchu. Her vil vi verkeleg suge inn atmosfæren av mystikk og eventyr, og føle at vi er på eineståande historisk grunn. Landskapet er storslege, og ruinane ligg på ein fjelltopp omkransa av tåkeskog, 2380 m.o.h.

Machu Picchu består av smale terrassar som ligg oppover fjellsida, og byen er inndelt i område med gravplassar, fengsel, bustadfelt, tempel og jordbruk. Guiden vil ta oss med på ein rundtur og fortelje om den utrulege historia til Machu Picchu, kor viktig byen var, kor mykje religionen hadde å seie for folka og om den fantastiske inka-arkitekturen. Vi får også tid til å gå litt omkring på området på eiga hand og ta foto.

Etter besøket køyrer bussen oss tilbake til Aguas Calientes, og derifrå tek vi toget til Cusco og overnattar på hotellet vårt der. (F)

Måndag  5. oktober. Frå Cuzco til Lima
Etter ein god frukost køyrer vi til flyplassen og reiser så tilbake til Lima, der vi har  ettermiddagen på eiga hand til sjå oss om i byen. Tida kan vi bruke til å handle, besøkje museum, kose oss og berre slappe av. Dei to reiseleiarane frå Fotefar vil vere med og hjelpe til med å finne fram. Om kvelden avslutningsmiddag på hotellet. (F, M)

Tysdag  6. oktober. Lima med marknad, ceviche og heimreise
Guiden møter oss på hotellet, og bussen køyrer oss til den lokale marknaden. Der vil fokuset vere på dagens fangst av fisk. Her har vi sjansen til å sjå det enorme utvalet havet utanfor Peru kan tilby. Etter marknaden går turen videre til eit besøk hjå den berømte kokken, Luis Cordero, for å lage den beste cevichen i Lima. Dette er ein tradisjonell rett i Peru der hovudingrediensen er fisk. Vi får komme inn på kjøkkenet til kokken, lære meir om historia bak denne kjende retten, og elles få sjå korleis vår eigen ceviche vert laga til. Dette er kjempespennande!
Denne dagen køyrer bussen oss til flyplassen, og vi startar på heimreisa. (F, L)

Onsdag  7. oktober. Tilbake i heimlandet
Vi er framme i Oslo denne dagen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
26/9OsloPERU - I FOTEFARA TIL INKAENEMeir enn 839 950,-Bestill