Sardinia - Øya utanfor tid og historie

11.- 17. oktober 2020

I midten av Middelhavet finst det ei øy, der menneska er få, men vennlege, der landskapet er vilt og ukjent, floraen unik og der tradisjonane er gamle og gode.

Vi skal bli kjende med landskapet, menneska, kulturen og tradisjonane. Vi skal leve med sardarane i deira historie og få med oss nokre av tankane deira om framtida.

Det er ikkje berre vinden som kjem over havet, for sardarane har også vorte invaderte av både fønikarar, kartagarar, romarar, arabarar, vandalarar, bysantinarar og spanjolar. På mange vis har dei innfødde til alle tider kjempa mot framande makter. Sardinia er eit veldig spennande øysamfunn, som absolutt er verdt eit besøk.

Pris frå:
18 950,-
Dagar:7
Inkludert:
Flyreisa t/r Oslo
Busstransport på heile turen
4 overnattingar på hotell i Posada
2 overnattingar på hotell i Santu Lussurgiu
Busstransport på heile turen
6 frukostar
5 lunsjar
4 middagar
Byvandring i Posada
Pastalaging hjå Maria Caderina
Båttur til Cala Luna
Mueso di S`Abba Frisca
Folkorekveld i Dorgalì
Utflukter med mattradisjonar
Byvandring i Orosei
Museumsbesøk i Galtellì
Byvandring i Nuoro
Utflukt til Barumini og Su Nuraxi
Utflukt til vingard og vinsmaking
Bente Christin Eriksen er reiseleiar frå Fotefar
Skandinavisktalanda reiseleiar frå Sardinia

Ikkje inkludert:
Tips
Drikke
Måltid utanfor programmet

Maksimum antall deltakarar: 30
Minimum antall deltakarar: 20
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

11. oktober søndag
Vi reiser frå Gardermoen kl. 11.35 og er framme på Sardinia kl. 16.25

Bussen med den sardiske reiseleiaren hentar og køyrer oss til hotellet vårt for dei neste dagane i Posada. Maria Caderina og familien hennar tar vel imot oss, og etter ei lang reise kan vi slappe av ved bassengkanten, rusle ein tur rundt på området eller ta oss ei kvil på rommet, før vi møtest til velkomstmiddag på hotellet.

Visste du forresten at sardarane har eit eige språk?
(M)

12. oktober måndag
Pasta er ein italiensk tradisjon frå langt tilbake, og sardarane har sjølvsagt sin eigen vri. I dag skal dei dele nokre av løyndommane sine med oss, og vi skal få sjå gamle tradisjonar få spele seg ut på pastabordet. Kanskje du vil vere med å lære?

Etter pastaleksjonen skal vi besøkje byen Posada, som er ein liten by i den nordaustlege delen av Sardinia. Det er ein eldgamal landsby som står på eit kalksteinfjell, og bak byen ligg ruinane av eit slott, som vi også skal besøkje. På motsett side ligg havet og eit fantastisk flott landskap som vil imponere. Reiseleiarane anbefaler gode restaurantar for både lunsj og middag.

Visste du at sardarane har eit eige flagg?
(F)

13. oktober tyrsdag
Denne dagen startar vi på båttur til Cala Luna med vakker azurblå sjø. Vi får ete lunsj på stranda og får tid til eit lite bad før vi reiser vidare til eit heilt spesielt etnografisk museum. På nettopp dette museum finn vi det mest komplette etnografiske museum på heile Sardinia. I tillegg er det eit parkmuseum, og vi finn både dyr og typisk flora for øya. Vi er då i nasjonalparkområdet, Gennargentu Nasjonalpark. Har du aldri sett eit korktre tidlegare, vil du få sjå det her.

God mat, dans og musikk står elles på programmet (folklorekveld). Denne kvelden skal vi kose oss med autentiske songar (står på UNESCO si verdsarvliste) ein sjeldan høyrer, og bli med på ein sardisk kulturkveld.

Felles avreise tilbake til hotellet.
(F, L, M)

14. oktober onsdag
Tradisjonar og kultur står sterkt på Sardinia, og vi skal i dag få møte nokre lokale damer som skal ta oss med på ei reise innan matkultur. Pane Carasau er eit tradisjonelt flatbrød og ein bakar det i bakaromnar der både kunnskap, varme, instinkt og tempo er avgjerande for eit godt resultat. .

Sardarane er glad i søte saker, og dei lagar også ein S`Aranzada, som er ei mandelkake ein sel i dei fleste butikkar. I hageportalen på museet samlar vi oss rundt grytene for å sjå korleis dei framleis lagar denne kaka, få hjelpe til dersom vi har lyst og sjølvsagt få smake når den er ferdig.

Vi et ein felles lunsj med lokale produkt i portalrommet, før vi reiser vidare til Orosei. Er både tid og temperatur på vår side, får vi kanskje smake på ein spesialitet som heter Casu Marzu.

Til slutt rundar vi av i Orosei med ein rundtur i det historiske sentrum som blant anna har mange kyrkjer, freskar frå 1400-tallet og hadde den første romerske busetnaden i det 2. hundreået e.kr. Reiseleiarane anbefaler gode restaurantar for middag før felles heimreise til hotellet.

Visste du at Sardinia er ein autonom region i Italia?
(F, L)

15. oktober torsdag
Vi startar dagen i Nuoro med besøk på lokale attraksjonar. Sardarane har samla ville urter frå tida då den nuragiske sivilisasjonen fann stad, men kva for tradisjonar har sardarane teke med seg vidare?

Sardinia er ein av fem stader i verda som er såkalla «blue zone», og Nuoro har den største delen av mannlege hundreåringar.

Er det kortreist lokal mat, Sardinias egen drue, Cannonau og hardt arbeid som er oppskrifta på eit langt liv, eller ligg det i genane?

Vi tek ein stopp hos kunnskapsrike sardarar før vi reiser vidare tvers over til vestsida av Sardinia, til Santa Lussurgiu.

Det er store variasjonar i landskapet på Sardinia, noko vi vil sjå på reisa vår over øya. I Santa Lussurgiu kan vi rusle oss ein tur rundt i den trivelege byen og ta eit nærare blikk på byen og attraksjonane før vi møtest til ein felles middag på hotellet denne kvelden.

Veit du kvifor det blei planta ut eukalyptus på Sardinia?
(F, L, M)

16. oktober fredag
Dei første kjende busetnadene på Sardinia var for over 3000 år sidan. Su Nuraxi er ein nuragisk arkeologisk stad i Barumini. Su Nuraxi i Barumini står oppført på UNESCO si verdsarvliste og blir sett på av dei lærde som det mest imponerande uttrykket frå den nuragiske sivilisasjonen. Ein meiner elles at her finst det mest komplette byggverket frå den tida. Vi skal besøkje Su Nuraxi i Barumini og sjølve få sjå denne arkeologiske staden med eigne auge.

Etter besøket i Barumini skal vi vidare til ein vingard som heilt bevisst har valt kva for fotavtrykk dei vel å setje. Sardinia si eiga drue, Cannonau, får god pleie ved at dei har fokus på integrasjon mellom menneske og dyr, avgrense menneskeleg inngripen på planten. Bøndene har vidare fjerna syntetiske kjemiske tilførsler, og dei legg vinn på overvaking av jorda til beste for økosystema. Det betyr også at alle dyra på garden har kvar sin funksjon. Vi besøkjer vingarden for ei omvising, vinsmaking og lunsj.

Om kvelden blir det avslutningsmiddag på hotellet.
(F, M, L)

17. oktober lørdag
Etter frukost sjekkar vi ut av hotellet, og bussen køyrer oss til flyplassen. Flyet har avgang kl. 17.05 og er i Norge kl. 21.45.
(F)

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
11/10OsloSardinia - Øya utanfor tid og historieMeir enn 818 950,-Bestill