Lesartur Sunnhordland - Eventyrlege Tanzania og paradisøya Zanzibar

19.-29. JUNI  2020

Tanzania er som eit eventyr! Landet som ligg i Aust-Afrika, har nokre av dei vakraste nasjonalparkane i heile verda med eit mangfaldig dyreliv. Strendene er kritkvite, sjøen turkisblå og menneska venlege og gjestfrie. Maria Storevik frå Stryn og Kathrin Isdal frå Stord er reiseleiarar frå Fotefar. Dei har budd i Tanzania og kjenner til landet og kulturen. På safarien vil vi reise med eigna safaribilar, der det er plass til 6 personar. Sjåføren, som snakkar engelsk, fungerer og som guide og har særs god kunnskap om landet, menneska, naturen og dyrelivet.

Hotella er ei oppleving i seg sjølv. Det er alltid spanande å stå opp tidleg om morgonen for å køyre ut på nye eventyr. Om kvelden er det kjekt å samlast for å prate om korleis dagen på safari har vore. Vi sparer tid ved å fly frå Serengeti til Zanzibar. Slik får du sett landskapet frå lufta, og er utkvilt når du landar på paradisøya Zanzibar.

Etter eventyrlege safariopplevingar ventar kritkvite strender på Zanzibar. Hotellet ligg rett på stranda. På Zanzibar kan du nyte livet i ditt eige tempo. Viss du vil, kan du bli med på kryddertur, utforske historiske Stonetown, bli med på landsbytur, eller du kan rusle langs den kritkvite pudderstranda. For den aktive er det mogleg å bli med på snorkletur i ein tradisjonell Dhow ut til eit korallrev, der du kan symje med fiskar som du elles berre ser i eit akvarium.

Alternativet til alle aktivitetane er rett og slett å gjere ingenting – nyte livet ved bassengbaren eller på ei solseng ved det turkisblå Indiske havet. Før middagen om kvelden kan du la tankane få fri flyt og få med deg den raudglødande sola som går ned i havet. Magisk er det rette ordet!

Mange har nok drøymt om ein tur til Tanzania frå ein var liten, og no har du sjansen til at draumen går i oppfylling. For andre gir turen fantastiske opplevingar og svar på draumar du ikkje visste, før du kom til Tanzania og Zanzibar.

Pris frå:
48 950,-
Dagar:11
Inkludert:
Transport t/r Stord-Flesland
To norske reiseleiarar frå Fotefar som har budd i Tanzania og kjenner landet, menneska og kulturen
Lokale guidar
Fly frå Noreg til Kilimanjaro Airport og retur frå Dar Es Salaam
All transport
Fullpensjon i Tanzania
Halvpensjon i Zanzibar
1,5 liter drikkevatn kvar dag pr. person
Alle inngangsbillettar i programmet

Safari
Lokale engelsktalande sjåførar/guidar
Vindaugsplass i ein 4-hjulstrekkar og 1,5 l gratis vatn pr. dag på køyreturane
5 netter på kaffiplantasje/safari inkl. heilpensjon (F, L, M)
Karatu: kaffiplantasje, rundtur og innføring i korleis kaffi vert produsert
Underhaldning i form av dans og/eller musikk om kveldane
Ngorongoro-krateret
Serengeti nasjonalpark
Fly innanlands

Zanzibar
Transport flyplass – hotell t/r
Flott hotell på stranda med halvpensjon (F, M)
Guida rusletur i landsbyen
Underhaldning om kveldane

Ikkje inkludert:
Ballongsafari (mot tillegg) kr 5950
Besøkje ein krydderfarm på Zanzibar (mot tillegg) kr 520
Tur til Stonetown med besøk på historiske landemerker (mot tillegg 650)
Snorkling/båttur på ein afrikansk Dhow (mot tillegg) kr 1090
Lunsj på Zanzibar – kjekt å velja fritt kvar ein vil eta lunsj
Drikke til maten
Tips på rommet og til sjåførar
Visum
Bestill reise

Dagsprogram

19. juni
Avreise frå Stord midt på dagen. Fri reise Stord-Flesland t/r for abonnentar av Sunnhordland. Fly frå Bergen med mellomlandingar.

20. juni
Om morgonen landar me på Kilimanjaro Airport i Arusha. Der ventar busen vår på oss, og vi køyrer vidare gjennom små landsbyar i vakker natur. På bussturen vil reiseleiarane Kathrin og Maria orientera om turopplegget, og me stoppar for lunsj undervegs.

I Karatu skal me bu på ein kaffiplantasje. Det blir først ei omvising før me får med oss innhaustinga av kaffibønner, som skjer i juni kvart år. Etter ei kort førestilling av lokale aktørar, blir det buffetmiddag og avslapping rundt bålet.
(L, M)

21. juni
Kanskje ein dukkert i bassenget freistar før frukost, eller de kanskje vil handla litt i suvenirbutikken? Me pakkar inn i bilane og set nasa mot dyrelivet i Ngorongoro-krateret. Før me køyrer opp kraterveggen, får me ei omvising ved inngangen til nasjonalparken. Me stoppar på utsiktspunktet og ser utover det mektige krateret, før me reiser vidare til den eksotiske overnattingsstaden vår som ligg på kanten av krateret. Etter lunsj er kanskje ein dukkert og forfriskingar ved bassenget akkurat det rette denne ettermiddagen, eller er det heller kikkert og ein prat med dyreinteresserte medreisande som freistar?
(F, L, M)

22. juni
Du vil få med deg den vakre soloppgangen på veg ned i det inaktive Ngorongoro-krateret, der det finst omlag 30 000 dyr. Me vil ta oss god tid til å sjå oss om og vil stoppe fleire stadar nede i krateret. Reisa går så til Serengeti sine langstrakte sletter. Juni er ein særs god månad å vera på safari i den nordlege delen av Tanzania, og er me heldige, får me sjå «The Big Five», løve, leopard, nashorn, elefant eller bøffel. Det er gode sjansar til å observera ulike fugleartar, bavianar, gepardar, hyenar, sjiraffar, sebraar, antiloper, impalaer med meir. Lyset. Luktene. Lydane. Denne dagen er eitt av høgdepunkta på turen. Det blir godt å sjekka inn på hotellet i Serengeti etter ein litt lang dag i bil. Også her er bassenget klart, og middagen et vi saman i restauranten. 
(F, L, M)

23. juni
Viss du vil, kan du denne dagen få oppleva soloppgangen over Serengeti frå ein varmluftsballong (mot tillegg). Det å sveva over slettene ein tidleg morgon og sjå dei eksotiske dyra frå lufta er heilt magisk, og vil gi deg minner du aldri vil gløyma. Frukost på ei slette midt inne i parken er inkludert i opplevinga.

For dei som ikkje kan tenkja seg dette, er morgonsafari med bil eit alternativ. Om morgonen er det større sjanse for å sjå aktive dyr, og me vil bruka god tid før me returnerer til frukost på hotellet. Dagen brukar ein til avslapping, før det er mogeleg med ny safari på ettermiddagen. Felles middag på hotellet.
(F, L, M)

24. juni
Me vaknar opp til den siste dagen i Serengeti og pakkar koffertane. Etter frukost på hotellet får me ein morgonsafari på vegen mot flyplassen i Serengeti. Flyet vårt tek oss så til paradisøya Zanzibar. Vel framme på øya, blir me køyrde nordover til småbyen Nungwi. Hotellet vårt ligg på stranda, og etter innsjekkinga møtest me til buffetmiddag.
(F, M)

25.  – 28. juni
Me bur nord på øya Zanzibar. Området er relativt roleg, og det er fleire stader ein kan finna seg lunsj. Reiseleiarane hjelper til dersom ein vil snorkla, ha ei utflukt på krydderplantasje eller dersom Stonetown freistar (mot tillegg). Me kjem til å snorkla på dag 7, reisa på krydderplantasje på dag 8 og dra til Stonetown på dag 9. Dersom de vil gjera det i ei anna rekkefølgje eller heller vil ta det roleg på hotellet, er dette sjølvsagt ikkje noko problem.
(F, M)

28. juni
Me nyt siste dagen i paradis, før me blir køyrde til flyplassen. No vender me nasa mot Dar-es-Salaam. Om kvelden sjekkar me inn på flyet som tek oss heim til Noreg.
(F)

29. juni
Me er tilbake på Flesland om morgonen, og bussen køyrer oss til Stord.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
19/6Bergen (19. juni)Lesartur Sunnhordland - Eventyrlege Tanzania og paradisøya ZanzibarMeir enn 848 950,-Bestill