Sicilia - I fotefara til normannarane

25. april - 2. mai 2020

Vikingar - Sicilianske herskarar - DNA - Mafia

Sturla Ellingvåg tek deg med inn i djupna på ei historie du aldri før har høyrt. Samtidig skal vi beundre Sicilia frå høgt opp mot toppen (ca. 3000 moh) av vulkanen Etna, nyte vin frå druer frå desse vulkanske omgjevnadene, vandre gatelangs i Palermos gater der inntrykka står i kø og kanskje unne oss eit bad i Middelhavet.

Sturla Ellingvåg har dei siste åra jobba med DNA- og historieforsking. Ved DNA-laben Geogenetics Centre i København har det i dei siste åra komme ut sensasjonell ny forsking. Dette, saman med forsking frå nokre få andre DNA-labar, gjer at historiebøkene våre må skrivast om. Sturla Ellingvåg er med på denne revolusjonen og gler seg til å dele denne nye kunnskapen med deltakarane på turen. 

På Sicilia er fotavtrykket etter vikingane som blei kalla normannarar enormt, og det finst ei kopling mellom vikingar og den sicilianske mafiaen. I 2018 fekk Sturla Ellingvåg opna ei grav til den mest berømte normannarfamilien i Sør-Europa, mykje takka vere Bettina, dottera til Thor Heyerdahl. Dette var veldig spanande, og DNA-resultatet ligg føre snart!

Pris frå:
17 950,-
Dagar:8
Prisen inkluderer:
Fly frå Oslo til Sicilia
Busstransport på heile turen som vist i programmet
Turistskatt
7 overnattingar ved enkle sentrumsnære hotell
7 frukostar
2 middagar
2 lunsjar
Utflukt Palermo og Monreale med engelsktalande guide
Utflukt til Corleone inkl. museumsbillettar og engelsktalande guide
Museumsbillettar i Corleone
Utflukt Cefalù
Utflukt til Etna inkl. billettar og guide
1 vinsmaking og omvisning i vinkjellar
Førelesningar med Sturla Ellingvåg
Bente Christin Eriksen frå Fotefar Temareiser som reiseleiar


Prisen inkluderer ikkje:
Drikke utover lunsj på vingård
Enkeltromstillegg kr. 2900,-
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

Laurdag 25. april  - Reisa til Palermo
Avgang frå Oslo om føremiddagen med flybyte i München og framme i Catania utpå ettermiddagen og buss til Palermo. Der sjekkar vi inn på hotellet utpå kvelden. Hotellet er eit enkelt, men sentrumsnært hotell. Fleire vil kanskje vere med reiseleiarane på ein liten tur på byen.

Sundag 26. april  - Opphald i Palermo
Vi startar dagen etter frukost med ein guida tur i Palermo, og vi går straks ut i den gamle bydelen. Det blir ein tur med mykje historie, som syner eit arkitektonisk mangfald frå fleire kulturar og erobrarar. Den moderne Palermo viser seg også som ein by prega av fleire stilartar. Vi skal få oppleve storbyen, høyre historia, beundre arkitekturen og få høve til å nyte ein typisk siciliansk lunsj.

Etter å ha blitt litt kjent i Palermos gater får vi noko tid på eiga hand, før vi møtest på hotellet til den første førelesninga med Sturla Ellingvåg.

Om kvelden skal vi ut i gatene for å ete ein god middag.
(F, M)

Måndag 27. april – Utflukt til Monreale
Etter frukost startar vi denne dagen med ei førelesing av Sturla Ellingvåg, før vi reiser til Monreale for å oppleve blant anna den fantastisk utsmykka katedralen i Monreale.

Katedralen er ein av de mest besøkte bygningane på Sicilia og står i dag heilt intakt med heile si prakt. Den blei bygd av kong William II, etter ein konflikt med den mektige erkebiskopen av Palermo. Arbeidet starta i år 1174 og blei i løpet av nokre år ein av dei vakraste mellomalderbygningane i heile Italia. Bysantiske kunstnarar utforma den fantastiske mosaikken i katedralen saman med venetianarar og arabarar, og kunstverket skildrar både karakterar og episodar frå Bibelen.

Monreale byr elles på appelsinhagar, galleri med moderne kunst, grotter og fantastisk utsikt over Oreto-dalen. Vi tek oss god tid i byen, slik at dei som har lyst til å gå inn i klosteret eller rusle seg en tur rundt i Monreale, får høve til det.

På veg heim frå Monreale stoppar bussen ved Castello delle Ziza, som står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Dei som har lyst til å bli med Sturla Ellingvåg på ei lita omvising her, får høve til det. Ein kan kjøpe billettar på staden (ca. 6 EUR). Elles kan ein følgje bussen tilbake til hotellet.

Dei som er med på omvisinga får ein fin gåtur på ca. ein halv time tilbake til hotellet.  Middag på eiga hand, og reiseleiarane kjem med forslag på gode restaurantar.
(F)

Tysdag 28. april – Fritid
Denne dagen får vi  høve til å gå på eiga hand for å setje vårt eige preg på turen. På Sicilia er det mange ting som skjer, blant anna matmarknaden Ballerò og loppemarknaden Mercato della Pulci. Elles kan du oppleve Palermo frå ein sightseeingbuss, shoppe litt på dei kjende shoppinggatene Via Ruggero Settimo og Via Libert. Du har sjanse til å unne deg ein dagstur til dei eoliske øyane med hurtigbåt frå hamna i Palermo.

Middag på eiga hand.
(F)

Onsdag 29. april - Utflukt til Corleone
Mafiaen har dominert på Sicilia sidan 1800-tallet. Dei er berykta for kriminell aktivitet, og ikkje minst angrep mot medlemer av den italienske påtalemakta. Corleone, med sine 12 000 innbyggere, har i mange år levd i skuggen av det som var fødestaden til den tidlegare mafiabossen, Salvatore Riina. Tittelkarakteren i filmen «Gudfaren» fekk også same namn som byen.

Denne dagen reiser vi til Corleone for å besøkje anti-mafia-museet. Vi får også besøke katedralen i byen, nyte god mat og ei fantastisk utsikt frå trappegangen ved munkeklosteret. På vegen til Corleone tek Sturla Ellingvåg oss med inn i historia om røtene til mafiaen.

Middag på eiga hand.
(F, L)

Torsdag 30. april – Frå Palermo via Cefalù til Giardini Naxos
Etter frukost sjekkar vi ut og køyrer via Cefalù mot Giardini Naxos. Vi forflyttar oss heile dagen, men vi skal ha ein god stopp i Cefalu for å besøkje katedralen der, vandre litt i smale historiske gater, ete lunsj og kanskje ta oss eit bad, før vi reiser til Giardini Naxos.

Sturla Ellingvåg føreles for oss på bussen om normannarkatedralen i Cefalù.

Middag på eiga hand.
(F)

Fredag 1. mai – Vulkanen Etna og besøk på vingard
Eurpoas største vulkan dominerer med store krater og ei høgde på rundt 3330 moh. Etna har ført til ei rik jord der ein produserer vin, ost, honning og frukt. Guiden vår vil gje oss eit historisk innblikk i denne fantastiske og aktive vulkanen på toppen av vår tur. Vi skal beundre den flotte utsikta på veg opp til besøkssenteret, reise vidare med gondolar, nyte utsikta frå terrengbussar, før vi går til toppen på eit av dei viktigaste kratera på Etna. Her får vi kjenne på dei enorme kreftene som er like under skoa våre. Varmen frå vulkanen kjenner vi godt ved å legge handflata på bakken. Dette er ei oppleving du seint vil gløyme.

Reisa held fram med gode opplevingar med å kjenne på kva Etna kan bidra med via vingarden som ligg berre nokre få minutt unna. På vingarden skal vi nyte eit godt måltid med god drikke. Vi får også vinsmaking og omvising, før vi returnerer til hotellet vårt.

Vi møtest til felles avslutningsmiddag om kvelden.
(F, L, M)

Laurdag 2. mai  - Heimreise
Etter ein tidleg frukost sjekkar vi ut av hotellet og tek bussen mot flyplassen i Catania. Fly til Oslo med mellomlanding i Frankfurt.
(F)

 

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
25/4OsloSicilia - I fotefara til normannaraneMeir enn 817 950,-Bestill