Fotturar i idylliske Balestrand

7. – 10. mai  2020

Med base på ærverdige Kviknes Hotel

Fotefar Temareiser har i over 20 år arrangert turar til utlandet. I fleire år har vi hatt planer om å gi reiseopplevingar her i landet, og vi er glade for at vi no kan presentere den første kortreiste turen vår.

Patricia Schulz i USA har skreve ei bok med tittelen: Tusen stader du må sjå før du døyr. Ho har tildelt vesle Norge berre åtte attraksjonar, og blant dei finn vi ærverdige Kviknes Hotel i vakre Balestrand ved mektige Sognefjorden. Bygda og hotellet ved fjorden har i snart 150 åra hatt ei magnetisk kraft.

Ein kan velje mellom guida gåturar langs sjøkanten i Balestrand med dei historiske bygningane eller vandreturar med guide på gode stiar i fantastisk flott natur. Du kan også få oppleve Balestrand og Sognefjorden frå ribbåt. Tettstaden har museum, galleri og fleire gode restaurantar, og vi skal hyggje oss med utsøkt mat og drikke på Kviknes Hotel og på Ciderhuset. Historikaren Rasmus Sunde er representant og vert frå Fotefar under opphaldet.

Status:
Fullt

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Torsdag 7. mai
Transport på eiga hand til Balestrand. Dei som reiser frå eller om Bergen kan ta ekspressbåten derifrå om morgonen kl. 08.00 og vere framme kl. 11.55. Dette er ei flott sjøreise, der ein får med seg både kysten og fjorden innover. Elles kan ein komme med privatbilar, og frå ca. kl. 12.00 får ein høve til å sjekke inn på romma. Deltakarar frå Austlandet kan reise med tog frå Oslo om morgonen til Myrdal og vidare med den berømte Flåmsbana til Flåm og derifrå kl. 15.30 med ekspressbåt til Balestrand og framme kl. 16.50. Elles går det ekspressbussar både frå Oslo og Lillehammer, og i tillegg er det flyplass i Sogndal.

Sidan deltakarane kjem fram til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand. Berre i sentrum finst det seks restaurantar og kafear som serverer lunsj. Vi slappar av og hyggjer oss, blir kjende med Kviknes Hotel og den vakre tettstaden med det yrande folkelivet. Fleire vil venteleg  nytte ettermiddagen til ein trimtur. Vi vil foreslå to alternativ med guide:

Alternativ I:  Den lettaste turen på knapt 4 km går på ein lite trafikkert veg langs sjøkanten med dei historiske bygningane. Guiden vil fortelje om korleis Balestrand vaks fram som turiststad. Med nokre stopp undervegs – som i Den engelske kyrkja - vil denne gåturen ta ca. 1 ½  time.

Alternativ II: Kreklingen natursti. Dette er ei fin, kupert rundløype på ca. 6 kilometer. Høgaste topp er på 250 moh og vil gi deg ei fin utsikt over Balestrand. Dette er ein tur på mellom to og tre timar, alt etter tempo og kva rute guiden vel.

Kl. 18.00 samlast gruppa i eit eige lokale der vi helsar på kvarandre og får informasjon om heile opplegget. Deretter går vi til den flotte spisesalen på Kviknes og får servert den vidgjetne buffetmiddagen der. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar. Etter middagen møttest vi i Villa Breim der vi har eit lokale berre for gruppa. Hotelldirektør Sigurd Kvikne vil fortelje om den unike historia til hotellet. Elles får vi musikalske innslag.
(M)

Fredag 8. mai
Etter ein lang og god frukost legg vi opp til ein lengre tur som går opp i høgda til Balabu,  dagsturhytta til Balestrand. Frå ca. 450 moh får vi her ei storslegen utsikt over Sognefjorden omkransa av mektige fjellparti. Vi går vidare til Fjærestadstølen før vi svingar ned att til tettstaden. Dette er ein moderat tung tur med nokså bratt stigning i byrjinga opp lia til Orrabenken. I rolege tempo vil denne turen ta ca. 3 – 4  timar.

Denne dagen kan dei sprekaste utvide turen med å gå vidare frå Balabu med eigen guide til Raudmelen som ligg 972 moh. I byrjinga av mai ligg det nok ein del snø lengst oppe, men det kan gå fint å gå dit om veret er bra. Ein kan også gå med truger. I roleg tempo vil denne turen ta 4-5 timar. Ein treng ikkje vere med heilt til toppen, og fleire vil nok snu på utsiktsplassane Klugshaug eller Buråsi. 

Om ettermiddagen tilrår vi besøk på Norsk Reiselivsmuseum, Det gyldne hus galleri og Sognefjord Akvarium.

Om kvelden samlast gruppa på nytt i spisesalen på Kviknes for buffetmiddag. Denne kvelden har vi også eit lokale berre for gruppa vår. Historikaren Johs B. Thue vil fortelje om Fridtjovs sagaen og korleis denne romanen og kunstnarane som kom til bygda på 1800-talet i stor grad påverka turismen hit. Elles blir det kunstnarlege innslag.
(F, M)

Laurdag 9. mai
Vandreturen denne føremiddagen går langs den såkalla Pilgrimsleia på 4,5 km langs Sognefjorden frå Kallestad til Kvamsøy, der det står ei middelalderkyrkje. Vandringa følgjer ein småkupert sti som til dels går på den gamle bygdevegen og gir turen ein historisk sus. I Kvamsøy er det mogeleg å besøkje kunstnaren Magni Jensen sin verkstad og gjerne kjøpe noko av dei utsøkte tinga ho produserer av vedfyrt keramikk. Transport tilbake til Kviknes, men dei sprekaste vil kanskje gå same stien tilbake. Andre turar opp frå Balestrand kan også vere aktuelle.

Lunsj med tillegg i prisen på Ciderhuset, som ligg ein liten spasertur frå Kviknes Hotel. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar cider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver både av cider og fruktbrennevin.

Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset som har ei vid og vakker utsikt over landskapet med byrjande fruktblomstring. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Om ein vil vere med på dette, er prisen kr. 540, som kan bestillast ved påmelding av turen.

På ettermiddagen kan det vere fint å slappe av, kanskje besøkje nokre av attraksjonane i bygda, eller berre sjå på det yrande folkelivet i sentrum eller i det vi kallar landsbyen Balestrand.

Om kvelden samlast vi på nytt i spisesalen på Kviknes til den store og velsmakande buffetmiddagen. Etterpå går vi til eit eige lokale for gruppa der vi hyggjer oss med ei forfrisking, musikalsk innslag og litt dans til slutt.
(F, M)

Søndag 10. mai
Denne morgonen gir vi oss ekstra god tid med den store buffetfrukosten. Vi legg også denne dagen opp til spaser- eller vandreturar, og det er mogeleg å velje blant dei oppsette vandrealternativa alt etter avreisetidspunkt. Om ein på grunn av lange vandreturar ikkje har fått med seg besøk på Norsk Reiselivsmuseum, Det gylne hus galleri eller Sognefjord Akvarium tidlegare under opphaldet, kan ein ta dette att denne dagen.

Eit alternativ denne føremiddagen er å oppleve Balestrand og Sognefjorden på sjøen på ein ribbåt. Turistar frå heile verda kjem til Balestrand for blant anna å vere med på denne attraksjonen, som tek 90 min. og kostar kr. 800, og som kan bestillast ved påmelding til turen vår.

Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider. Lunsj på eiga hand. Dei som skal til Austlandet, kan reise med snøggbåten kl. 12.00 til Flåm, og så med tog vidare til Oslo. Ein kan elles ta bussar austover om ettermiddagen. Ekspressbåten til Bergen går kl. 16.55 og er framme kl. 20.45.
(F)

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag