Fotturar i idylliske Balestrand

10. – 13. september 2020

Fotefar Temareiser har i over 20 år arrangert turar til utlandet. I fleire år har vi hatt planer om å gi reiseopplevingar her i landet, og vi er glade for at vi no kan presentere dei første kortreiste turane våre.

Patricia Schulz i USA har skreve ei bok med tittelen: Tusen stader du må sjå før du døyr. Ho har tildelt vesle Noreg berre åtte attraksjonar, og blant dei finn vi ærverdige Kviknes Hotel i vakre Balestrand ved mektige Sognefjorden. Bygda og hotellet ved fjorden har i snart 150 åra hatt ei magnetisk kraft.

Ein kan velje mellom guida gåturar langs sjøkanten i Balestrand med dei historiske bygningane eller vandreturar med guide på gode stiar i fantastisk flott natur, blant anna ein spektakulær tur til fjellpartiet Keipen 1417 moh. Du har også sjansen til å delta i motbakkeløpet Balestrand Opp og elles er det mogeleg å oppleve Balestrand og Sognefjorden frå ribbåt. Tettstaden har museum, galleri og fleire gode restaurantar, og vi skal hyggje oss med utsøkt mat og drikke på Kviknes Hotel og på Ciderhuset. Historikaren Rasmus Sunde er representant og vert frå Fotefar under opphaldet.

Pris frå:
4 995,-
Dagar:4
Inkludert:
3 overnattingar på Kvikne Hotel
3 buffetfrukostar på Kviknes Hotel
3 buffetmiddagar på Kviknes Hotel
Guida vandreturar på ulike nivå i innbydande turløyper
Kåseri om hotellet av hotelldirektør Sigurd Kvikne
Underhaldning, musikkinnslag og dans

Ikkje inkludert:
Reisa til og frå Balestrand
Omvising, smaksprøver og lunsj på Ciderhuset
Tur på Sognefjorden i rib-båt
Drikke til maten

Minimum tal deltakarar: 15
Maksimum tal deltakarar: 40
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Torsdag 10. september
Transport på eiga hand til Balestrand. Dei som reiser frå eller om Bergen kan ta ekspressbåten derifrå om morgonen kl. 08.00 og vere framme kl. 11.55. Dette er ei flott sjøreise, der ein får med seg både kysten og fjorden innover. Elles kan ein komme med privatbilar, og frå ca. kl. 12.00 får ein høve til å sjekke inn på romma. Deltakarar frå Austlandet kan reise med tog frå Oslo om morgonen til Myrdal og vidare med den berømte Flåmsbana til Flåm og derifrå kl. 15.30 med ekspressbåt til Balestrand og framme kl. 16.50. Elles går det ekspressbussar både frå Oslo og Lillehammer, og i tillegg er det flyplass i Sogndal. Fotefar hjelper til med bestilling av reiser.

Sidan deltakarane kjem fram til ulike tider, blir det lunsj på eiga hand. Berre i sentrum finst det seks restaurantar og kafear som serverer lunsj. Vi slappar av og hyggjer oss, blir kjende med Kviknes Hotel og den vakre tettstaden med det yrande folkelivet. Fleire vil venteleg  nytte ettermiddagen til ein trimtur. Vi vil foreslå to alternativ med guide:

Alternativ I:  Den lettaste turen på knapt 4 km går på ein lite trafikkert veg langs sjøkanten med dei historiske bygningane. Guiden vil fortelje om korleis Balestrand vaks fram som turiststad. Med nokre stopp undervegs – som i Den engelske kyrkja - vil denne gåturen ta ca. 1 ½  time.

Alternativ II: Kreklingen natursti. Dette er ei fin, kupert rundløype på ca. 6 kilometer i lia over Balestrand. Høgaste topp er på 250 moh og vil gi deg ei fin utsikt over bygda og fjorden. Dette er ein tur på mellom to og tre timar, alt etter tempo og kva rute guiden vel.

Kl. 18.00 samlast gruppa i eit eige lokale der vi helsar på kvarandre og får informasjon om heile opplegget. Deretter går vi til den flotte spisesalen på Kviknes og får servert den vidgjetne buffetmiddagen der. Hotellet er også kjent for eit rikt utval av gode vinar. Etter middagen møttest vi i Villa Breim der vi har eit lokale berre for gruppa. Hotelldirektør Sigurd Kvikne vil fortelje om den unike historia til hotellet. Elles får vi musikalske innslag.
(M)

Fredag 11. september  
Etter ein god frukost legg vi opp to vandreturar denne dagen. Den lettaste er å gå den såkalla Pilgrimsleia på 4,5 km langs Sognefjorden frå Kallestad til Kvamsøy, der det står ei mellomalderkyrkje. Vandringa følgjer ein småkupert sti som til dels går på den gamle bygdevegen og gir turen ein historisk sus. I Kvamsøy er det mogeleg å besøkje kunstnaren Magni Jensen sin verkstad og gjerne kjøpe noko av dei utsøkte tinga ho produserer av vedfyrt keramikk. Transport tilbake til Kviknes, men dei sprekaste vil kanskje gå same stien tilbake.

Den lange og tunge turen denne dagen går frå sjøen i Esebotn til Keipen som ligg 1417 moh, og er ein fantastisk tur. Dette fjellpartiet har blitt kalla «Sognefjorden sitt svar på Preikestolen». Utsikta er ubeskriveleg vakker med utsikt ned til fjorden og rundt om på dei mektige fjellformasjonane. Det er ei heilt spektakulær oppleving å stå på toppen ved kanten av stupet. Stor dugnadsinnsats frå lokale krefter med hjelp av sherpaer har lagt til rette for ein framifrå god sti med til dels steintrapper. Heile turen opp og ned att er på 14 km, men ein må rekne med å bruke rundt 7-8 timar med guide, og då får du vite meir om Esebotn og den vakre dalen opp mot høgfjellet.

For dei som om føremiddagen går Pilgrimsleia, foreslår vi lunsj med tillegg i prisen på Ciderhuset, som ligg ein liten spasertur frå Kviknes Hotel. Denne verksemda er omkransa av tre tusen frukttre. I kjellaren lagar eigarane fleire typar cider, som dei har vunne prisar for. Elles produserer dei ulike sortar fruktbrennevin, som også er til sals på Vinmonopolet. Eigarane vil ta oss med rundt om i produksjonslokala og fortelje om bedrifta, og vi får smaksprøver både av cider og fruktbrennevin. Lunsjen blir servert i restauranten Glashuset som har ei vid og vakker utsikt over landskapet og Sognefjorden. Maten er laga av lokale og til dels av økologiske råvarer. Prisen på dette spennande opplegget er kr. 540, som kan bestillast ved påmelding av turen.

Denne dagen tilrår vi elles besøk på Norsk Reiselivsmuseum, Det gyldne hus galleri og Sognefjord Akvarium.

Om kvelden samlast gruppa på nytt i spisesalen på Kviknes for buffetmiddag. Denne kvelden har vi også eit lokale berre for gruppa vår. Her blir det kunstnarlege innslag.
(F, M)

Laurdag 12. september
Denne dagen blir motbakkeløpet Balestrand Opp arrangert, og gruppa frå Fotefar tek på ulike måtar del i denne aktiviteten. Løpet startar heilt nede ved fjorden i hotellhagen på Kviknes og går til fjelltoppen Raudmelen 972 moh. Traseen er godt opparbeidd og er mykje nytta av lokalbefolkninga og av turistar. Løpet passar både for deg som vil nå toppen på kortast mogeleg tid, og for deg som vil ta turen opp i rolegare tempo saman med mange andre glade turgåarar.

Frå stien vil vi få ei storslegen utsikt over Sognefjorden, Esefjorden, Fjærlandsfjorden og dei mektige fjellpartia som omkransar fjorden. På klåre dagar kan ein sjå toppane i Horrungane i Jotunheimen. Tilreisande som har delteke i løpet, uttrykkjer at Balestrand Opp er det flottaste motbakkeløpet i heile landet. Du kan velje om du ønskjer å delta i konkurranse- eller mosjonsklassen, men Fotefar legg også opp til ein tur til toppen med guide for dei som ønskjer det. Det er ei nokså tung løype, så fleire vil kanskje berre gå ein del av stien som opp til Orrabenken, Klugshaug eller Buråsi. Sjå meir om løpet på www.balestrandopp.no

Om kvelden samlast vi på nytt i spisesalen på Kviknes til den store og velsmakande buffetmiddagen. Etterpå går vi til eit eige lokale for gruppa der vi hyggjer oss med ei forfrisking, musikalsk innslag og litt dans til slutt.
(F, M)

Søndag 13. september
Denne morgonen gir vi oss ekstra god tid med den store buffetfrukosten. Vi legg også denne dagen opp til spaser- eller vandreturar, og det er mogeleg å velje blant dei oppsette vandrealternativa alt etter avreisetidspunkt.

Eit alternativ denne føremiddagen er å oppleve Balestrand og Sognefjorden på sjøen på ein ribbåt. Turistar frå heile verda kjem til Balestrand for blant anna å vere med på denne attraksjonen, som tek 90 min. og kostar kr. 800. Vi hjelper med bestilling av dette ved interesse.

Om ettermiddagen kan det vere fint å slappe av, kanskje besøkje nokre av attraksjonane i bygda, eller berre sjå på det yrande folkelivet i sentrum eller i det vi kallar landsbyen Balestrand.

Utsjekking frå hotellet og avreise til ulike tider. Dei som skal til Austlandet, kan reise med snøggbåten kl. 12.00 til Flåm, og så med tog vidare til Oslo. Ein kan elles ta bussar austover om ettermiddagen. Ekspressbåten til Bergen går kl. 16.55 og er framme kl. 20.45.
(F)

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
10/9Fotturar i idylliske BalestrandMeir enn 84 995,-Bestill