Roma med Simen Ekern

4. – 8. oktober 2020

Alle vegar fører til Roma, og Fotefar vil ta deg med dit for å oppleve både gamal og ny historie. Byen var i fleire hundreår Europas navle, og er i dag ein moderne storby med ei nær fortid og ei samtid som både er blodig, kaotisk og forførande.                                  

Forfattar og journalist Simen Ekern er spesialist på Roma og Italia, og han vil gjennom daglege foredrag ta oss gjennom historia til byen og landet. I tillegg vil han med vandring i gatene fortelje om den dramatiske byhistoria frå Mussolini til etterkrigstidas kriminalmysterium, politiske intrigar og maktkampar. Vi får innblikk i Silvio Berlusconis eventyrlege vekst og fall til nye populistiske utfordrarar i kriseramma Italia. Elles vil den røynde norske guiden Kirsten Jakobsen ta seg av historiske Roma på vandreturane.

Keisarar, kunstnarar, pilegrimar og vandrarar har komme til Roma til alle tider for å oppleve denne makelause byen. Simen Ekern si forteljarglede og formidlingsevne vil gjere opphaldet i «Den evige stad» minnerik både for dei som har vore i Roma før, og for dei som reiser dit for første gong. Vi legg opp til daglege kåseri, og i tillegg får vi med oss dei største attraksjonane i og rundt byen, inkludert ein rundtur i områda Frascati og Nemi og eit lunsjbesøk på ein vingard.

Du får også tid til å senke tempoet, vandre i gatene og ta ein caffè latte eller eit glas vin på ein kafé, kikke på folkelivet og berre nyte atmosfæren. Det blir høve til å vere med på ein klassisk konsert/opera med middag.

Pris frå:
16 950,-
Dagar:5
Inkludert:
Flyreisa t/r Oslo
4 foredrag med Italiaeksperten Simen Ekern
Guida tur i Vatikanmuseet og Peterkirka
Guida tur i område rundt Pantheon, Spansketrappa og Trevifontena
Guida tur i område rundt Colosseum, Forum Romanum, Kapitolhøgda
Utflukt til vingard og Lago di Nemi
Busstransport på heile turen
4 overnattingar på hotell i Roma
4 frukostar
2 middagar
2 lunsjar
Vinsmaking
Bente Christin Eriksen er reiseleiar frå Fotefar

Ikkje inkludert:
Tips
Drikke
Måltid utanfor programmet
Aktivitetar merka «mot tillegg» i programmet

Maksimum antall deltakarar: 40
Minimum antall deltakarar: 20
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

4. oktober - Frå Norge til Roma, guida tur og felles middag
Avreise frå Gardermoen på morgonen og framme i Roma på føremiddagen. Buss til hotellet vårt som ligg midt i sentrum, like ved Piazza Cavour.

Om ettermiddagen blir det guida tur i området rundt Pantheon, Trevifontena og den berømte Spansketrappa. I desse kvartala vanka dei norske forfattarane Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Sigrid Undset og Olaf Bull. Vi får høyre om kor mykje Roma hadde å seie som inspirasjon for forfattarane våre. Ibsen skreiv deler både av Brand og Peer Gynt her. Bjørnson fullførte fleire av dei litterære verka sine med bakgrunn i mellomalderhistoria til Norge og Undset skreiv samtidsromanen Jenny nettopp i dette området av Roma. Vi ruslar rundt og finn minneplater der dei norske kunstnarane budde under opphalda i kunstnarbyen. Sjølvsagt må vi ta ein kaffi eller eit glas vin på populære Antico Caffè Greco, som var stamkafeen for dei skandinaviske kunstnarane. Her har dei æra nobelprisvinnaren Sigrid Undset med eit stort måleri.

Vi avsluttar dagen med ein felles middag på ein svært triveleg restaurant i Roma.
(F, M)

5. oktober - Foredrag med Simen Ekern: Guds by og besøk i Vatikanmuseet og Peterskirka
Etter frukost blir det foredrag med Simen Ekern der han snakkar om Roma som Guds by. Deretter tek guiden vår, Kirsten Jakobsen, oss med til Vatikanmuseet med dei pavelege kunstsamlingane. Høgdepunktet der er nok Det sixtinske kapell med dei fantastiske freskane til Michelangelo og dei andre kjende kunstnarane som blant anna Botticelli og Perugino. Frå museet går vi direkte til den verdsberømte Peterskyrkja, og Kirsten fortel oss om historia og kunsten til katedralen. Etter ca. 3 ½ time sluttar vi av guidinga på Petersplassen og opplever magien der. Deretter går vi til ein koseleg restaurant for å ete lunsj.

Om kvelden legg vi opp til ein gåtur til Piazza Navona for å oppleve denne fantastiske plassen på kveldstid. Middag på eiga hand, men dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren på ein koseleg uterestaurant.
(F, L)

6. oktober - Guida tur med Simen Ekern med emnet Italia under Den kalde krigen  og frivillig klassisk konsert/opera.
Etter frokost startar vi med ein guida vandretur i Romas gater med Simen Ekern. På denne gåturen vil han særleg snakke om historia til Roma i etterkrigstida. Dette er ei mørk, blodig og underleg forteljing om maktkamp og intrigar. Vi får høyre om terroristgruppa Raude Brigader, om den legendariske politikaren Aldo Moro som enda livet sitt i bagasjerommet på ein bil, og om Giulio Andreotti, mannen som både blei kalla ”mørkets fyrste” og ”Guden Giulio” på grunn av kontakt både med Italias underverden og med pavar og kardinalar.

Om kvelden er det mogeleg (mot tillegg) til å vere med på ein klassisk konsert/opera med middag i forkant og ein aperitivo og mingling med artistane i etterkant.
(F)

7. oktober - Foredraget Roma under fascismen guida tur og besøk på vingard
Vi startar dagen med Simen Ekern og kåseriet hans om Mussolini og fascismen. Deretter får vi ein guida føremiddag med Kirsten Jakobsen. Først skal vi oppleve dei aller største attraksjonane i og rundt Roma - både frå bussen og på vandring - som Piazza Venezia, Kapitolhøgda, Via Fori Imperiali, Forum Romanum og Colosseum, før vi reiser vidare til ein vingard.

På veg tilbake til hotellet, køyrer vi via Lago di Nemi, ein kratersjø i Lazio som kanskje er mest kjent for dei to Nemiskipa som blei avdekka der i 1932. Kanskje får vi eit glimt av feriestaden til paven når vi passerer Castel Gandolfo. Denne sommarresidensen er eit ekstraterritorialt område som er ein del av Vatikanstaten.

Vi avsluttar dagen på ein koselig restaurant i Roma.
(F, L, M)

8. oktober - Foredraget Fra Berlusconi til Salvini og heimreise til Norge
Etter ein god frukost får vi det siste foredraget av Ekern om nyare italiensk politikk fram til dagens aktuelle politiske situasjon.

Deretter tek bussen vår oss til flyplassen utanfor Roma. Flyet går på føremiddagen, og vi er framme i Oslo utpå ettermiddagen.

Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
(F) Frukost
(L) Lunsj
(M) Middag

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
4/10OsloRoma med Simen EkernMeir enn 816 950,-Bestill